Ein og to er tre

Sola skin innover golvet i lange banar og på fatet ligg ein gjeng flekkete bananar. Sola rullar enno over fjella, men eg trur ho blir litt oppskrapa under magen. I natt har mister frost vore på vitjing, det låg att vitnemål i skuggane.

Og eg har ferie og hadde ei nokså god plan om strand og sommarklede og slikt. Fordi eg trudde eg kunne ha godt av det. Men så spekulerte eg på at eg kanskje ikkje ville ha godt av det likevel. Sanden og stranda med ei bok har nok fungert fenomenalt. Men så var det den haugen med papir eg berre må igjennom og som ikkje kunne venta, – kan ikkje venta lengre enn til i morgon. Den er så frykteleg vanskeleg å koma til denne dungen. Det er frykteleg dumt, men slik er det. Så ferien min vart eit opphald framom ein papirdunge. Men i morgon er eg fri. I morgon må eg væra fri og ferdig med dungen. Men sola skin og det er godt. Det vert lettare da.

Eg er nokså flink til å plaga meg sjølv. Det skal eg slutta med.

I går greidde eg ikkje finne unnskyldningar for å ikkje køyre vekk eit lass søppel. Eg streva med å få hengaren på, den sto så kjelkete til og var så tung. Eg sukka, stønna og pesa og hadde så klart lyst å berre gå i frå det. Men eg tenkte på kor godt det ville verta etterpå, når det var gjort. Uansett kor sur mannen som er sjef over søppelet ville bli når eg kom, over mine ryggeeigenskapar. Eg har vore i disputt med han før.

Eg innrømmer det tvert, eg er ikkje flink til å rygge med hengar. Og det liker ikkje han som bestemmer over plassen, han syntes ikkje eg hadde noko der å gjera med ein hengar da. Så da vert turen dit eit enno større tiltak enn berre å slite med å fylla hengaren full og få den på bilen.

Sist eg var der bestemte meg for å få til rygginga, og da gjekk det faktisk. I går fekk eg sola rett i augo da eg skulle rygge meg attover, så eg kom ikkje dit eg skulle. Det kom og ein bil til som kunne rygge, og eg syntest han tok på seg eit oppgjeve ansikt, mannen, ikke bilen, – men eigentleg drit eg i menn som tek på seg forskjellege ansikt  når dei sit bak eit ratt.

Det er noko med menn og ratt. Sist eg var i Trondheim var eg utsett for eit par av desse mennene som tek på seg dette spesielle oppgjeve ansiktet. Den eine fløyta til og med, og eg må seia eg ikkje skjøna kvifor. Det er ikkje så enkelt når det er vegarbeid og du ikkje kan køyra dit du skal.

Den andre reaksjonen var ein mann som rista sakte fram og attende på hovudet, slik frå side til side.. Som ei slags øgle. Det eg gjorde var så forferdeleg at han måtte riste sakte att og fram på hovudet for å understreka kor ille min opptreden var. For han trudde sikkert at da ville eg verta så mykje betre når han rista på hovudet som i sakte kino. Kor dum går det an å bli tenkte eg. No var det ikkje så ille det eg gjorde, eg heldt på å køyre inn på ein veg, men stoppa da eg såg bilen til denne mannen kom. Men eg køyrde litt for langt fram, men ingen fare for noko samanstøyt .

No er det slik at i motsetning til rygging med hengar, så veit eg at eg er ein nokså bra bilkøyrar. Så eigentleg er menn som skal understreka med ansiktsuttrykk kva dei synest om mi bilkøyring komisk, og det er bra – for dei har kunne ført til at eg har vorte usikker. Det har ingen hatt noko bruk for. Ein tanke for menn med for mykje ansikt bak eit ratt.

 

Men i går var mannen som er sjef over søppelplassen heilt eineståande, mest som ein kunne kalle han for blid. Da eg sa eg skulle eigentleg ha stått der, for det var mest av slikt søppel eg hadde, sette han seg utan å kny inn i bilen for å rygge den på riktig stad. Men eg såg også han hadde problem med å rygge med sola i augo.  

Og til slutt, etter og ha køyrd enno fleire lass med hengaren vil eg og verta flink. Men eg har ikkje teke meg tid til å øve.

 

Vi menneskjer har så lett for å tru for mykje at vi veit. Vi veit eigentleg så frykteleg lite. Vi veit det vi har erfart og lært. Men alle har vi så alt for lite kunnskap til å vite alt. Og mang ein gong er det slik at dess mindre vi veit desto meir trur vi at vi veit. Heile tida vert vi utsett for påverking av at vi skal ta til oss ei særskilt haldning. For eksempel kan ein sjå på presentasjonen av nyheite frå NRK og TV2, dei kan ofte ha ei vinkling som avvik frå kvarandre. Dei vil ha oss til å tenkje på forskjellege måtar.

Så har vi fått eit program på NRK som kallast Folkeopplysningen, der dei legg legevitskapen til grunn. Dei klaskar i bordet forskingsresultat på eit slikt vis at vi skjønar kor dum vi har vore fordi vi har trudd på slikt som kiropraktorar og kinesiologi, for her er vi narra fortel dei oss.

Eg tenker det er mest utruleg at ein i 2014 kan senda eit slikt program, der ein latterleggjær andre profesjonar under naturvitskapen si fane. Men som sjåar kan du ikkje etterprøva dette, for du har ikkje kunnskapen, det vert ei sak du brukar  følelsane på. Og det er dei vi brukar, etter vi har vorte påverka i den eine eller andre retninga.  

Tru på naturvitskap eller Gud.

Og alt, heile tida vert vi bombardert med argument for at vi skal meine det eller slikt.

Takke meg til menn med ristande hovud, dei er for oftast enkle og ukompliserte. Du veit kva dei vil ha.

 

Sola lagar lange skuggar. Men den er her enno. Eg skulla ha vore ute for å lytta på den, for kva den ville seia om saka. Men den tie klokleg stille. Eg har tenkt at når eg er kome dit at eg ikkje treng å seie meir, da har eg nådd målet. Da er eg vorte klok. Når alle kan halde på med sitt og eg kan berre bruka øyra. At munnen min ikkje treng å uttale eit ord. Men eg er inga sol. Eg er berre meg, med alt for mange ord som eg må tømma meg for. Og det er for så vidt greitt det.
For meg.

Nyt sola.

BforBakk

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg