Så gjekk ljoset

 

Ja, ikkje heilt. Men lampa var nokså neddimma ei stund. – Eller solformørking som er det meir riktige å kalla situasjon.

 

Og det var spesielt ljoset som vart.

Morgonen kom med blå himmel og flommande sol, så skjøna at eg ville kunne få med meg månen som mest ville skjule heile sola så mykje som den ikkje ha gjort sidan 1954.

Eg skulle eigentleg sette meg i bilen, men forandra planane og koka kaffi og baud opp søster mi opp på terrassen. Så medan sola skein vart det lagt eit filter over naturen. Akkurat som ei lampe som vart nedskrudd. Akkurat som synet held på å forsvinna. Eg såg på sola gjennom ein cd. Da tredde solsigden fram.

 

Kanskje det virka på humøret mitt. Eg har vore litt skarp i dag, for eigentleg er eg FRYKTELEG lei av tull og tøys! Så inni hampen. Eg er absolutt ikkje i humør til tida eg lever i. Til det velregulerte, av reglane, av synsing og avgrensing.

 

Og så er eg ein tanke sliten.

 

Gledde meg til å sige ned i ein stol da eg kom heim i kveld. For i kveld ville eg sjå tv.

Eg ville sjå og høyra Voice.

Eg som for oftast let apparatet stå mørkt ville sjå akkurat dette programmet i kveld. Såg eg ikkje rakk heim til det starta, var litt hard på gassen. Skunda meg inn, opp trapp og inn på stova. Fekk tak i fjernkontrollen og skrudde på. I travelheita hadde eg kome bort i noko på fjernkotrollen – så opp i høgrehjørne kom det fram ein kvit firkant. Det viste seg at kanalveljaren ikkje kunne brukast med denne firkanten på. Tv’n sto på Nrk1……og der HERJA Ivar Dyrhaug. Med sine overenergiske hopp og irriterande glis.

Eg heldt på å få FNATT, og kom med meir ein eitt utbrot. Stakkars hund, han såg rimeleg forskrekka ut.

Har du sett ein forskrekka hund?

Eg skrudde av og på, drog ut leidningar, ut med kort og eg kjende lysta til å pelma noko i veggen vart større og større. Og på skjermen var ein inn-zooma Ivar Dyrhaug.

 

Eg kunna brodert ut denne historia med både korssting og hardangersaum til ein duk som har passa på eit riktig langt langbord. Men eg stoppar her.

 

Eg fekk til slutt alt til, veit ikkje korleis, da var førsteavdeling omtrentleg ferdig. Og så oppdaga eg at den eg ville sjå ikkje var på i kveld. Så slik vart det.

 

Trur det er på sin plass med litt søvn. I morgon er det Trondheim.

 

6 kommentarer
    1. fruensvilje: God morgen til deg også, burde egentlig vært på vei nå – men må ha en liten frokost før jeg drar. Og det hjalp litt med søvn, men kanskje litt oppgitt over at det er for mange planer for tida. Ha en riktig nydelig dag :)).

    2. Eg humra og lo, dette med å kome bort i ein knapp ein ikkje veit kvar er, på Tv, er kjende tonar. Ein trykkjer på alt som er i rein panikk og villskap, den eine kanalen står der som spikra. På Altibox, som eg har, har eg funne det ut til slutt, at eg må gå til velje alle kanaler. eller noko slikt, og då ordnar det seg. Her var det overskya i går under solformørkinga, men likevel blei det noko mørkt og skummelt som la seg over landskapet. Nesten litt nifst, syns eg.

    3. Ha- ha – brodere ut historien med korssting og Hardangersaum! Jeg synes du broderte riktig så bra som du gjorde. Så for meg hele scenarioet med kjærringa som skjelte, smelte og strevde og irriterte seg over gliset til Ivar Dyrhaug. Og så ble det “Stor Ståhei for ingenting. Lenge leve galgenhumoren! 😀

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg