I ein kvit stol

Eg sit i stolen min, i omnen brenn det. Eg snufsar og et ost og kjeks.

 

Da eg kom heim i kveldinga gjekk eg rett til sengs. Og eg sovna med ein gong. Sist natta var eg oppe fleire gong og gurgla meg med saltvatten. Da eg skulle koma meg ut av huset i dag tidleg virka eg mest ikkje.

 

Men eg har gjennomført dagen. Foreldra mine fekk kontrollert augo. Eg var å henta yngste som var superglad for å ikkje ha vorte trekt ut til eksamen. Ho åt lunsj saman med oss. Samstundes fekk eg tatt med nokre av tinga frå hybelen hennar. Ho har funne ut at ho vil skifta hybel til hausten, så før juni må det tømmas der ho bor no.

 

Eg fann ikkje lesebrillene mine som vart knekt, men eg fann eit par vintersko som glidelåsen stoppa å virka på den eine skoen. Dei vart levert.

 

Så kjøpte eg meg eit par sko, for eg har lite sommarsko. Eg kjøpte meg og eit sett nattklede og sokkar. Så der overraska eg meg sjølv.

Vi tenkte å eta middag da vi var i byen, men faren min på 91 år syntes det vart for slitsamt. Dei ville at eg skulle eta med dei da vi kom dit, men da heldt ikkje eg lenger. Så eg kom meg heim, sovna, vakna og åt kjeks med ost. Så i dag droppa eg middagen.

 

Så dette kan ikkje kallast en god og sunn dag……….men slike som dette må ein nok berre ta med. Og så håper eg halsen er i orden til i morgon.

 

6 kommentarer
    1. Ingenting er så bra som å sovne med ein gong og sove natta igjennom. Då kan ein sjå lyst på neste dag. 91 år er ein bra alder, min far fekk berre 79 år. Rart å tenkje på at om tre år er eg like gamal som min eigen far.

    2. Fruemmel: Takk skal du ha. Er slapp i dag og sitter her å vurderer hvor mye jobb jeg skal gape over. Hva som er best.
      Ha en riktig fin dag.

    3. Oldemorbloggen: Du er veldig energisk og aktiv, så du bærer alderen din svært bra. Både du og han som du såg kviten i augo til her om dagen.
      Foreldra mine får dele alderdomen saman og er heldige, ikkje alle som får det.
      Alder er noko rart, og kan gje mangen tankar både slik og slik. Men å sova godt gjennom natta er nok eit godt utgongspunkt :))).

    4. dagen i dag ble som den ble og så får du forte deg og bli frisk :)) da kan du lage en sunn middag.Siden eg var utelåst fra heimen i ettermiddag ble det bare pølse og brød på oss i dag:)) orket ikke annet da mannen kom og fikk låst oss begge inn i huset

    5. fruensvilje: Takk, ja jeg prøver å forte meg med å bli frisk.
      Skjønner det måtte bli noe enkelt etter den ubehagelige opplevelsen. Men pølse og brød kan av og til gjøre jobben.
      En riktig fin kveld til deg.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg