Laurdag med sol i håret

Ein slik laurdag er eg inne. Når den endeleg kjem. Ute skular arbeidet på meg. Det gjer det inne også.

Eg vakna tidleg til laurdag å væra. Reiv av sengekleda samtidig som eg sto opp. På tide å skifta var tanken. Fekk hengt ut dyna til lufting.

Det er stress i magen kjenner eg. Det og det må eg rekka tenker eg. Eg har helga for meg sjølv, og kan tenkje så mykje eg vil. Eg har prøvd å sortert i tankane, kva eg må og kva som er unødvendig.

Noko av det eg er å rekka butikk både for mat og anna. Eg må kjøpa slikt som kan brukast som billettar. For i morgon skal eit arrangement gå av stabelen. På arrangement anar ein ikkje kor mykje folk som kjem, så innkjøp av verken mat eller billettar har nokon sjølvsagt mengde (kan væra frå 30 til 300 personar som kjem).

No kom eg på at eg må hugsa å kjøpe pølser. Det heldt eg på å gløyma. Det er nok her det meste av stresset mitt sit.

Så kløpping av plen, fjelltur og slikt vert liksom skvisa utover og bort i tankane. Eg har baka ei sjokoladekake. Har berre igjen det som skal oppå.

No har eg tre søndagar igjen før ferie.

Eg gler meg. Det skal bli godt.

Sjølv om ferien er lite planlagt. Men har ein del ting som og skal. Begge jentene står utan bustad til hausten, så det må på plass og kan nok verta ein ferieaktivitet. Så har eg ei veke som eg håpar jentene og eg kan få plassert, ei veke utan nett, mobil innlagt vatn og straum……ei veke på setra. Men for å væra ei heil veke må vi ha brukbart vêr.

Så slik tenkjer eg i dag. Når sola endeleg skin på ein laurdag og graset er meterhøgt. Omtrentleg.

8 kommentarer
    1. Du betre, dette såg stressande ut. Viss alt det graset som viste på bildet, er din plen, syns eg synd på deg. Min plen er pitteliten og nesten berre mose, difor blir ikkje den eit stress. Folk har for store plenar, det har eg alltid meint. Lukka til med helga, vonar at stressnivået ditt når eit lavare niva.

    2. Du har alt for mye MÅ og SKAL i livet ditt. På tide å roe ned, senke skuldrene og tenke at det du ikke får gjort i dag kan sikkert være ugjort 😉

    3. Noen dager er slik og noen dager er sånn. Jeg håper ting faller på plass og at det kommer flere soldager hvor du kan være ute istedenfor inne 🙂

    4. Oldemorbloggen: Ikkje riktig alt det du ser på bilete, noko er jorde…….men har meir “plen” som ikkje visest på bilete. Og eg har ALT for mykje eg har lagt opp til ei plenlignande sak…..men heilt greit at det forvandlar seg til ei slåtteng….akkurat det er nok det eg stresser minst med :).

    5. Inger: Nå tror jeg at jeg kan roe litt ned, når bare dagen i dag var over. I dag måtte det nødvendigvis være en del må’er. Nå har jeg to dager FRI som jeg bare skal vifte med tærne :)))))).

    6. helgemamma: Kom heldigvis ut i soal i går også, fikk slått en del gress. Det var tanken på dagen i dag som stressa meg så opp i går, redd for å glemme og ikke få til det jeg måtte i dag. Men det gikk bra. Men flere soldager er absolutt et STORT ønske :))).

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg