Eg kjedar meg behageleg

Dagen går og humla suser. Ute ein stad. I den grøne, grå sommaren. Eg har fri og legg ikkje det på meg.

 

For eit betre liv må eg gjera slik og slik tekte eg i ein augeblink. Være på data toppen og lenge.

Men så slo eg av heile tenkerekka. Det trur eg var lurt.

Eg har fri og eg gjer det er vil. Og det eg ikkje vil er å ha tronge system å gå etter. Det er slik det er.

 

Og noko skjer i den sløve situasjonen eg har senka meg i. Plutseleg er i gong å vaska glas og spegel på badet. Vaskemaskina er i gong slik at det er mest ikkje lortete klede igjen. Vifta på kjøkenet har fått ei opprydding…… Så sjølv om eg er sløv, så er eg ikkje håplaust i det hjørnet. Det skjer ting, ikkje effektivt og taktfast, nei. Berre i det stille. Plutseleg er det litt betre, undervegs liksom.

 

Og så er eg på data igjen. Skifte design på bloggen, ikkje slik superbra…….men grei nok. Nytt profilbilete på face.

 

Eg koser meg i puslet mitt.

 

“Ut” seier eg til meg sjølv, med oppskrift i tankane.

Og her trur eg gjer ein feil, for eg ser for meg forskjellige måtar å være ute på.

Kanskje eg berre skal slutte med det. Kanskje eg berre skal tenkje at vegen går utanfor, og den er heilt grei å gå etter. Enkelt og greitt.

 

Eg vil ikkje eigas av plikter av noko slag. Det er sommar og eg er fri til å være meg sjølv.

 

6 kommentarer
    1. Dette var klok tale, slik skal det vera. Eg hadde ein liknande dag for noko sidan. Plutseleg hadde eg bona nokre golv, som har lagt på meg som ei mare, men som eg ikkje hadde “gidda” og gjort. Plutseleg gjorde eg det, utan planlegjing. Ettrpå kjende eg på lukka over å ha gjort det.

    2. Vart inspirert av innlegget ditt. Hadde eg vore heime no, trur eg eg hadde rydda litt kle 🙂 Så kjekt at du skriv nynorsk! Det gjer eg på bloggen min og 🙂

    3. Ja, det er deilig å “Ta det litt som det kjæm”. Før “måtte” jeg vaske en hel etasje i huset mitt hvis jeg først begynte. Nå kan jeg støvsuge i stua….og være fornøyd med det akkurat der og da….. Nå har jeg dessuten et villdyr i huset som gjør sitt til at det blir litt ekstra søplete. Jeg MÅ faktisk ikke sope opp jorda HVER gang hun har vært i blomsterpottene…. Jorda ligger jo bare der på gulvet…. Vi blir ikke sjuke av den…. Stilig “profilbilde” du har laget på bloggen din!:D

    4. Gardsfruen: Du skriv nynorsk du også….skal koma innom bloggen din. Eg hadde det i grunnskulen, men så la eg den bort….og fann ut etter nokre år at eg ikkje kunne skriva lengre. Så da plukka eg den fram og noko plukkfisk vert det…men pytt, pytt :).

    5. karidansen: Det er artig å leke med bilder syns jeg….blir så godt humør av å gi meg litt “leketid” :)).
      Du har tilhørt de som er effektive og får unna seg, det lille jeg hadde av det er helt gått over. Men jeg trives best når det er rimelig reint og ryddig. Men det er mase en kan finne ut “bare kan ligge”…så nokså fornøgd med det jeg har fått unna i dag. Jeg er nesten litt sjokkert over meg sjøl.
      Den lille sjarmøren din lager litt kaos nå, men den slutter etter hvert med det :).

    6. Oldemorbloggen: Kanskje ein skulle være flinkare til å ikkje tenkje så mykje….berre gjera???? Hm…..eg spør meg sjølv, men eg har ikkje svara enno….. :))).

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg