Siste turen siste dagen

 

Eg vil visa nokre bilete frå den siste turen før eg reiste heim. På laurdagen gjekk ferda mest heilt inn til Folgefonna.

 

Og høgt vart det også. På det meste er 850 meter over havet. Det er bygd opp kraftanlegg innover fjella med eit vell av vegar. Ikkje alle førte fram. Vegane gjekk over demningar og innover i fjell. Mest som frydefullt sug i magen, gjekk vegen vidare og vidare. Brattare og brattare. Trur den siste stigninga var på 30%.

På vegen inn torde eg ikkje sjå anna enn rett fram. På turen attende var eg mykje meir vågal. Her kjem ein biletkavalkade frå turen.

Høgt opp ser ein litt av vegane.

Og da ein ikkje kom lengre låg isen å duppa i vatnet.


Det ser kaldt ut, men ikkje problem med bare armar.


Lengre ute er det folk som padlar. Ei oppleving må det væra……

…..men ikkje staden for bading.





I det området her var det mange som telta. Ellers var det fint ordna for å ta ein pause, desse sitjeplassane var skikkeleg fine…..til likt med informasjonen.



Alle desse turkisblåe vatna.

Demningane med stein.





Her var Bjørnabølsvatnet og Storvatnet som vart heva. Dette skjedde same år eg vart født; i 1958.

Så var turen over, og eg hadde berre ei natt å sova i før turen gjekk heim att til Nordmøre.

Eg hadde lagt ei svært fin veke attom meg der ytst i Hardangerfjorden. Ei veke som vil leggja seg i minna sitt arkiv. Glitrande, varm og spanande.



15 kommentarer
    1. Sitjeplassen med informasjon, ligg ikkje langt frå der ma’en og eg hadde basecamp, som me kalla det, i fjor. Lavoen vår stod der i ca tre månader og me reiste til og frå. Det var ei herleg tid, med nydeleg ver for det meste. I år hadde me og tenkt oss på same staden, men veret har ikkje vore på vår side, så til neste år, viss veret blir fint, veit me kor me skal.

    2. det der var en fantastisk reise,så nydelig natur og all den isen som ikke var smelta er jo helt utrolig 🙂 og så fine bilder av fruen også,jammen var du fin med utslått hår hi hi

    3. Oj oj, så flott, alt sammen. Du ser så ung og frisk ut på bildene dine. Skikkelig herlig altså <3 Og det bildet med deg og isen, det var nesten litt surrealistisk 😀 Knallfint. Kan se at du har hatt veldig godt av den turen <3 Det var rett og slett fristende å gjøre akkurat det samme 🙂
      Klem <3

    4. Oldemorbloggen: Å, så herleg det høyrdest ut. Såg det var fleire som låg i lavo no også, og det såg riktig fint ut :))). Og fjorsommeren var vêret svært bra dei fleste staden trur eg. Men synd du ikkje var der i år :))).

    5. Eva: Tusen takk, så hyggelig sagt. Senest i dag sa moren min at ung så jeg riktig nok ikke ut….he, he….det var ikke ment ille, sjøl om det kan høres ut slik når jeg skriver det :).
      Ja, det bildet fra isen kan virke ganske sprøtt, litt forhistorisk.
      En slik tur unner jeg alle :)))). Klem<3

    6. Ja, du har hatt en flott tur, det viser bildene dine! Herlighet for et vakkert vær også. Nå er det bare å kose seg med gode minner. Ha en herlig dag! 🙂

    7. natheless: Ja, jeg har mye fint å se tilbake på og jeg var knallheldig med været. Tror værgudene er blide på meg i år :)))).

    8. Ja, de turkisblå vatna er virkelig et flott syn. Litt av noen kontraster med det grønne og fortsatt ganske sommerlige – og så de kalde isklumpene i vannet. Du ser så brun og frisk ut på bildene. Bra du fikk deg en tur før ferien din er slutt! 😀

    9. karidansen: Du er også glad i turkisgrønne vatn – av og til blir fjorden jeg bor att med det også :))). Men det var veldig fint der veien gikk siste dagen før hjemreise. Faktisk har det vært noe sol, så litt farge ble det denne sommeren også – og jeg hadde en veldig fin tur :)).

    10. Thanks for any other magnificent post. Where else could anybody get that
      kind of information in such a perfect method of writing?
      I’ve a presentation subsequent week, and I’m on the look for such information.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg