Noko av det eg likar


Når orda forsvinn er musikken god og ha. Gå inn i den på tvers og på langs.

 

I dag har eg snakka opp orda. Eg åt dei opp med hud og hår. Etterpå vart det så tomt at eg sovna. Godt hjelpt av ei for kort natt sist.

Eg chatta med yngste etterpå. Ho var og trøtt. – Etter ein prøve med for mange årstal.

“Eg legg meg tidleg i staden for å sova no” sa den fornuftige jenta.

Mora til denne jenta sovna i stolen etter ein lang tur ut i naturen og besøk i dag. Sov som det var den herlegaste seng ho låg i. Sov slik at augo mest ikkje greidde opnast.

Sov som i desperasjon.

Heilt ør.

Som i eit slags vakuum. – Fram til praten med ho som er ung.

Kanskje trøtt av livet, døden og kjærleiken -, som var tittelen på eit musikkprogram eg kom over ein gong på nittitallet…….eller var alkohol med i tittelen også.

Eg hugsar ikkje.

Lars Demian heite artisten og var svensk. Eg gjekk på leit etter musikk av han etterpå, for eg vart frelst, men fann ingenting. Eg vart fortalt om ei musikkforretning som selde svensk musikk. Dette var i Trondheim, eg budde der da. Og fekk nok ein aning hakeslepp da eg kom dit og oppdaga at det berre var danseband musikk som ble seld der. Eg har ikkje anlegg for å like den type musikk, og får eigentleg allergiske reaksjonar.

Her er Lars Demian i herleg samspel med David Tallroth.

Eg har nok en greie for svensk musikk. For nokre år sidan fann eg Den Svenske Björnstammen og vart heilt lykkeleg ……….når eg høyrde Svalkar vinden letta eg mest frå bakken.
 
EsKHlSmv2q8


Men eg har nok sansen for det rølpete. Screamin Jay Hawkins med Put a Spell on You er nok av det mest rølpete trur eg.
PwXai-sgM-s


Eg liker all slags musikk sa eg i ein samtale. Liker du den og den fekk eg spørsmål attende om……. så eg skjøna at eg lika mest all slags musikk.

 

Har du høyrd om nokon av desse artistane?

Og i så fall likar du musikken dei har?

12 kommentarer
    1. Har aldri høyrt om desse før, men festleg musikk med god takt. DAB radioen min er til reparasjon og då sette eg på platespelaren, der det låg fem cd i, som ha lagt lenge utan å blitt spelt. Merkeleg blanding, Kari og Ivar Medaas, Elvis Presley, ei med klassiskt musikk, ei med salmar og eit mannskor. Kjekt var det å høyre, etter gamalt.

    2. herlig samspill mellom de to i den øverste videoen. Hørte litt på de to andre klippene også…Jeg liker mye slags musikk, både klassisk, visesang, gla’jazz og litt mer heftige rytmer. Jeg liker godt f. eks Vamp og Staut. Jeg liker Katie Melua….ja, jeg kan nevne mye! 🙂

    3. De to første kjente jeg ikke, men den siste har jeg spilt i yngre dager. Herlig med forskjellig musikk. Hvert til sitt bruk. Noen ganger må jeg ha en vis, andre ganger korpsmusikk, klassisk , rock eller country. Jeg liker nok mest all musikk jeg også. I dag har jeg spilt Herborg Kråkvig og litt Wamp! Ha en fin kveld:)

    4. Spennende musikk det her …de i midten har jeg hørt om på tv tror jeg..liker denne låten også :)) Den nederste låten kjenner jeg..men med en annen artist tror jeg..og den øverste har jeg aldri hørt eller hørt om :))
      Jeg liker mye forskjellig ..og gjerne Norsk og Svensk ….:)) Ha en fin kveld <3<3

    5. Oldemorbloggen: Eg høyrer også mykje på radioen…..ikkje DAB her enno. Cd’n set eg mest aldri på. Men er bruka avog til Spotify. Men du fann nokre skikkeleg gamle travarar på spelaren din. Musikk er viktig for dei mange av oss :). Eit liv utan musikk har vore trist.

    6. karidansen: Ja, de to først er bare herlige på samspill. Det er mye bra musikk. Av og til kan jeg dra inn i nettverdenen og leite etter nytt. De overraskende tonene. Katie Melua tror jeg har cd av. Vamp er helt grei, Staut er kanskje innen den samme sjangeren….får sjekke ved anledning. Det er i hvert fall mye bra musikk. Og bra er det :)))).

    7. natheless: Jeg skulle en gang være med på konsert med Sreami Jay Hawkins en gang på 80-tallet, men det ble ikke. Angrer litt den dag i dag. Variasjon av musikk er så fint. Ha en super fredag :))).

    8. annebe: Ja, Bjørnestammen har en delmusikk som blir spilt..den jeg la inn var “min” låt en periode av 2012. Pur a spell on you er det mange artister som har spilt inn. Men det er herlig at det finnes så mye musikk å glede seg over. Og ikke minst finne nye :). En riktig vakker dag til deg :))).

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg