T T T

 

Ting Tar Tid. Og det synest eg ikkje noko om. Men eg må nok akkurat det.

 

For i dag må eg skriva om det igjen. Dette. Dette eg er i. Men det er ein prosess. Og alt er betre seier eg til meg sjølv. Det er berre ikkje bra enno. Eg tar for fort uriktige val etter gamalt mønster og eg blir for sliten. Rett og slett.

No har eg hatt eit par dagar der eg har gått inn i det gamle skvise. Strekt både på meg og tida. Ein spesialitet. Og så vert eg frykteleg sint for at eg gjer dette igjen.

Men kven skal eg væra sint på?

Mannen som køyrer under fartsgrensa, dotter mi som vil sove, foreldra mine som ventar meg, søster som kjem når eg har bruka opp tida mi sjølv til å leita etter ting eg ikkje har lagt på plass, eller folk som spør om eg vil være med på ting???

Tingeling………

Akkurat……

Plingeling; Det er nok meg det. Eg som må setja grensane. Og ikkje minst forstå tid.

Så når eg ikkje greidde noko på fredag var det eit signal om å stoppa opp. For på fredag var det brot på kommunikasjon mellom hender og hjerne. Det meste datt ned, og ikkje greidde eg ha ei logisk tankerekke.

Men no har eg gjennomført.

Eg var nok ikkje heilt der at eg kunne sprudle og snakka under middagen på fredag, men det er underhaldande å sjå og høyra på folk. Og maten var greit nok god, sjølv om eg såg fram mot å koma meg vidare.

Konserten vart ei lita utfordring, stappa inn mellom benker og menneskjer og lukte. Vurdert å gå til pausen, men greidde å nyta litt like før.

Men for meg var det ein utfordring ein konsert med så ulike sjangrar. Ein tenor med stemmeprakt og operasviskere, og en rufsete, rockeartist med eigentleg alt for lite av sitt eige materiale, men med nokre gamle evergreens frå rockeverden.

Følte meg som ein variant av “Husker du” i dagens drakt.

Og kanskje var det slik…….

Når eg såg på den gråsprengte mengda av publikummarar som gjorde sitt yttarste for å ikkje sjå så gråsprengt ut. Så var vi nok akkurat det heile gjengen.

Men eg forsto ikkje greia med å skrapa saman ein tenor og ein rockeartist. Kvar for seg har det vore fenomenale konsertopplevingar. Kanskje ein må væra Kristiansundar for å forstå, og det er eg ikkje.

Etter alt dette sprang eg fort oppover gata til dottera mi. Pub fekk vera pub. Sjølv om det var år og dag for mitt vedkomande kjende eg at dette var i alle fall ikkje kvelden.

 

I går gjekk og på andre sine forventningar, eller det eg trur andre forventar. Og du store verda kor sliten ein vert av slikt. Ikkje greier ein og ha kapasitet til å glede seg over å dele tid og mat saman. Ein lengtar berre etter og ha tida si for eg sjølv.

 

No er det nok tenkjer eg vi seier. Eg har desse fridagane framom meg. Som skal brukast og nytast.

Tur og foto må eg få til. For det er viktig.

Eg må hugsa øvingane mine, for dei er og viktige for at ting som tek tid ikkje tek lengre tid enn det nødvendige.

Og elles har eg det bra…….for det er på rett veg, sjølv om det vart ein episode av gamle synder no.

No har eg skreve det frå meg med ettertankens kloke ljos skinane over tastaturet. Den som bør skina framover i tid og ikkje berre attende.

Ha ein super søndag, og hugs på deg sjølv. Du er viktig!

14 kommentarer
    1. Dette ser ut som godt gamaldags stressopplegg. Du fer frå det eine til det andre, konsertar og all ting. Det du skulle gjort, var å stikke tærne nedi bølgjene frå det fine bildet ditt. Så skulle du tatt med deg ei brunostniste, det er raskt å lage til og godt, gått deg ein lang tur i skogen heilt for deg sjøl, og kanskje teke nokre fine bilder. Viss det var sundag, kunne du nytt ønskjekonserten, det er konsert god nok. Forresten, var det ikkje du som ikkje hadde DAB-radio? Ja, ja, då får du ønskje deg ein til jul. Lukka til og ha ein fin sundag vidare.. :-))

    2. Oldemorbloggen: Det har nok vore det no…stressopplegg…….men eg skal ta meg kraftig saman. I dag er det sundag, og kanskje rekk eg den konserten :). Men litt farsdag vitjing først, og så har eg så lyst til å skriva om han….så kanskje eg ikkje kjem meg heim i tide – for skal eg skriva om nokon må eg snakka med nokon.
      Ha ein riktig fin dag du og :).

    3. Så utrolig bra skrevet…men du er BEVISST de du gjør eller ikke gjør= hvile. og det er nøkkelen tenker jeg. Å være seg bevisst…Håper du får en fin neste uke!

    4. Ja, du er viktig, så pass på deg selv. Ting tar tid, det skal være sikkert, men du fikser jo dette bedre og bedre etter hvert. Ha en herlig aften.

    5. Kjenner meg igjen i mye..særlig det der med at jeg tror andre forventer så mye av meg..men kanskje er det meg selv som mest lager de forventningene…
      Er slite for tida jeg også…og syns det er dumt at jeg ikke fikk det opplegget på “kurbadet”som jeg søkte om…slike steder er det mye lettere å ta vare på seg selv litt :))
      Kos deg som mest du kan med tur og foto 🙂 Klem <3<3

    6. Ettertankens kloke lys……Ja, det får vi oppleve noen ganger, gitt! Hvis jeg kunne ha levd livet i reprise, så hadde jeg nok tatt en del andre valg, men så hadde jeg jo også gått glipp av mye av det jeg har i dag – blant annet tre flotte unger! Grensesetting og endring av mønstre er definitivt ikke gjort over natta – MEN det behøver ikke alltid å ta så lang tid heller, når vi først blir ordentlig klar over hva vi har drevet/driver med!!! 😀

    7. maiken: Takk. Får håpe det med bevissthet, men det går framover – heldigvis :)))- Har hatt en fryktelig hvilende dag i dag. Deilig :)))). Ønsker deg en superfin uke.

    8. annebe: Vi er nok flinke til å lage forventningene sjøl ja.
      I forhold til deg har jeg nok ingenting og klage over. Må litt likevel.
      Men skal du ikke ta en ny runde for å få opphold på “kurbad”? Det har vært bra for deg. Har du prøvd psykomotoriker nå i senere tid? Husker du skrev du hadde prøvd det….mener jeg :).
      Klem <3

    9. frodith: Den MÅ’en på jobb kjenner jeg altfor godt til. Jeg brukte opp alt der, var ikke noe igjen. Så nå er det leiting etter grensene og balansen både her og der :). Lykke til du også:))).

    10. karidansen: Jeg har funnet ut at livet mitt er akkurat slik det skulle være, med alle feile valg. Akkurat for ungene…… :)))).
      Tror kanskje en alltid må arbeide med seg sjøl, og så greier en tinga litt og litt bedre. Egentlig ganskespennende prosjekt syns jeg. Men noe av dette er greit en får orden på raskt :). Riktig god natt til deg.

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg