Romjul

 

Ein skulle vore fire år i romjul’n……..eigentleg. Det trur eg har vore heilt greitt.

 

Men så er eg berre ei svært vaksen dame. Det held på å mørknar femte juledag. På omnen brenn det i eit smårotete hus.

Det vart jul. Alle gjestane kom. Frå julegrauten på julekveld dagen til middagen første juledag var vi ni ved bordet. Da reiste fire.


Andre juledag reiste alle og så fekk eg eit døgn for meg sjølv. Dagen etter kom mine tre håpefulle heim igjen. I dag skulle vi få to gjester til, men vær og helse gjorde at det ikkje vart. I morgon reiser sannsynleg to og vi er to attende.

Jula 2015.

Den vart av det krevjande slaget. Slik som det kan verta når ein ikkje er heilt frisk og må til med sterke tablettar fordi kroppen har ein betennelse. Men folka trur eg treivst, og det var så julete som det skal være.

Det virke berre som eg ikkje har bruka opp all uflaksen det året her, slik at det måtte sendast inn i dagane no på slutten. For det har vore ei heil rad.

Og heilt på slutten no, midt i desse juledagane ser vi boffen lagar brun stripe på golvet. Og verre vart det. Han eksploderte i magasjau. I dag virka han betre, og har fått kome inn til oss igjen. Einaste plassen han kunne væra var ute og på badet.

Da middagen var mest ferdig i går gjekk ljoset på delar av kjøkenet. Og så viste det seg at automatsikringa ikkje kunne leggast inn. Så kjøleskåp og frysar var utan straum. Vi prøvde å legge den inn att utover kvelden utan å lykkast.

I dag var eg tidleg oppe for å ringe elektrikar. Gjekk ned ein siste gong for å prøva. Og så vart sikringa ståande i riktig posisjon og straumen var på plass. Og når det virke som magesjauen til vår store, hårete firbeinte som er redd vatne, er mykje bra igjen.

Det er da ein kjenner på den store gleda over at alt er som det skal. Omtrentleg. Men noko vask må til av både veggar, golv og hund.

Eg er likevel litt øra av alt. Og no skal vi ta ein køyretur for å prøva å få skilta av bilen min. Skruane er fastrøsta, men har kjøpt noko som skal løyse røsten opp. Einaste er at den står med fronten heit inn til ein vegg og er tom for batteri………så det kan verta eit problem. Men for oftast finnest det løysning på problem.

For eg trur problema er oppbruka no.

12 kommentarer
    1. Uff, slitsomt når alt blir sånn, men godt å høre det begynner å ordne seg 🙂 Alt blir ikke som man har tenkt alltid nei 😮 god bedring 🙂

    2. Ja, nå får vi håpe du går inn i det nye året med bedre tider! Nei, ikke alt blir som man tenker alltid. Ønsker deg en vakker aften, og så håper vi nyåret kommer med glede til deg 🙂 Romjulsklem fra meg 🙂

    3. Sukk, dette var mykje på ein gong for deg, du stakkars menneskje. Når straumen ikkje funkar, då blir det problem. Når eg les slikt, som du skriv om hunden, då er eg glad eg ikkje har hund, har aldri hatt det heller, men forstår at det er godt selskap i hund. Eg har og hatt eit problem i jula, kjøleskåpet rauk, eller rettare sagt termostaten og han som skal fikse, kjem ikkje før 4. januar, men det er jo berre blåbær mot ei ulempene du har hatt. Ha ei fortsatt god jul og så får me håpe at du har brukt opp problemkvoten din for ei stund.

    4. Ja, du har hatt uflaks , det er det ingen tvil om. Heldigvis ikke uopprettelige, og svært alvorlige ting, men “kjett” nok når en har lite å gå på fra før av. Men du har en sammensveiset familie og folk rundt deg som er glade for at du er til! Ønsker deg alt godt for 2016, og gleder meg til nye innlegg fra deg! 😀

    5. Oldemorbloggen: Husdyr kan verta ei skikkeleg utfordring, heldigvis er boffen betre….ja bort i mot bra no :).
      Frykteleg med kjøleskåp som svikte, og spesielt no når det gjerne er mykje mat i det.
      Vi får tru vi begge har bruka opp problemkvoten for laaang tid :).

    6. karidansen: Takk, gleder meg til dine innlegg også :).Noe av de tinga som skjedd kan nok dessverre ha konsekvenser som kan være fatale….men håper det ikke går slik. Men strømmen og syk hund er blitt bra, har tatt tak i problematikk game biler. Og i morgenkveld er det nyttårskveld, og får håpe vi har et fantastisk år foran oss :).

    7. Hei håper ting går bedre…og ønske deg et godt nyttår med mye glede og gode dager <3 og at uflaks og sykdom ikke følge deg videre...klem fra meg og takk for det gamle <3

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg