Fridag i februar

 

Våt, kvit og ufyseleg legg dagen fri framom meg. Fin dag og væra inne i.


Om dagane no er eg inne i meg sjølv. Eg har liksom nok med å være der. Har ikkje så mange ord å dela. Men dagane har vorte lysare og lengre. Eg eig ein større kjensle av meistring. Det er godt.

Eg eig og ei bekymring. Det er ikkje bra.

Eg gje meg plass til å væra der eg er. Med det som er bra og det som ikkje er bra. Og så mykje meir er ikkje å seia.

Eg har tenkt eg skal skrive om bruken av ord og utsegn, om syndrom og det “normale” og det som fell utanfor. Av og til har eg lange avhandlingar i hovudet mitt om dette eg vil skriva……men så går det slik halvveges i gløymeboka. Dei gode orda eg tenkjer er ikkje der når eg skal produsera ei historie eller ei sak. Og da ender eg opp med å skriva om mine kjensler akkurat der og da. Og når eg har skreve om dette temaet mange nok gong er det ikkje fleire ord att, dei er bruka opp.

Og så vert det berre stille frå meg i bloggverda.

Men eg er her og kjemper min kamp med livet. Slik vi alle gjer.

 

I helga er yngste heime. Ho har mykje skulestoff å gjera. Eg skal bake fastelavnsbollar, for i helga er det fastelavn.

 

Kos er viktig inn i mellom.

 

 

10 kommentarer
    1. Slik har eg det ofte og, kjem på ein strålande ide til bruk i bloggen, men så kverv den vekk i mørke natta, viss ikkje eg får skrive den ned med det same.
      Ei dame, professor var ho, som var gjest hos Skavland på fredag, sa eg det var heilt naturleg å ha litt angst, og då er det sikkert like naturleg å ha bekymringar, så me får slå oss til ro med det og tenkje at dette er slik det skal vera her i livet. Ha ei fin helg, med naturleg bekymring. 🙂

    2. Ikke alle tider av året er like greie. Jeg gleder meg til mer lys og lengre dager. Våren gjør noe med oss alle. Ønsker deg en fin helg med fastelavensboller og datteren på besøk. Klem fra meg 🙂

    3. Oldemorbloggen: Det er noe med det, kunne skriva det ned med det same……best tenker eg i bilen, så ein diktafon…. :))).
      Nokre av bekymringane slepp ein ikkje unna, men heldigvis er det fristunder.
      Vonar du har ei fin og god helg :).

    4. natheless: Det kjennes skikkelig godt at lyset er på tur tilbake. En ting er at tida på året kan væra et problem og så har en alle disse en er glad i og som ikke alltid følger en lett vei.
      Men både bollene og riset er på plass, så søndagen og yngste er en berikelse :))).
      Klemmer tilbake :).

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg