Ei veke etter

 

Å sjå på verda ute innanfrå er greitt det. Ei lita stund. Men det er greitt når det går over.

Her sit eg……og kan ikkje anna gjera…….kan eg skriva.

Og så skreiv eg det.

Men eg kan nok gjera mykje anna. – Enn å sitja her.

“Du høyrest betre ut i stemmen” sa mor mi tidlegare i dag da vi snakka saman på telefonen.

Eg har vore heime heile denne veka. Eg har sove, eg har berre sitte der……..i stolen. Men hovudpine. Ikkje har eg orka tent opp i omnen. Har laga meg mat inn i mellom.

Eg ser fristar og møte flagrar forbi. Her eg sit.

I dag har eg bruka mobilen for å henta meg litt inn. I verda der ein berre må gjera.

Blomane frå påska hell på å visnar. Hybelkaninar samlar seg i hordar. Vonar det ikkje er for å gå til angrep.

På meg.

For det treng eg ikkje. Nok som det er.

Eg har sett vår og sommar i auga utan anna kjensle enn noko som kunne likna panikk…….eller apati………ikkje så likt kvarandre eigentleg. Men likevel………

Kan hende det har kome av det eg måtte gjennom denne veka. Eg vel å tru det.

Plutseleg kjende eg ein snev av glede og tiltak i sta, da eg fekk attende ei positiv melding. Riktig nok forsto eg ikkje ordlyden, men likevel……glad for dette stinge av glede. Det hjelpte nok på at akkurat da spela Raga rocers fritt liv på radioen. Det vekte opp nokre halvgamle gen frå ungdommen.

For eg vil da så mykje. Eigentleg.

Og det vil nok hjelpe å høyre til saman dei friske igjen. Dei som ikkje hostar, nyser, fnøser, frøser, fryser og berre er heilt alminneleg frisk.

Heilt greitt og rett fram.

 

 

18 kommentarer
    1. Så du er blant dei uheldige som har hatt denne sykja i påska. Eg kjenner mange som har delt skjebne med deg. Godt at du kjenner energien på veg tilbake. Eg sjøl har slept fri og er livredd for å bli råka av dette. Korleis går det med “åndene” i telefonen din?

    2. Oldemorbloggen: Fekk den faktisk da påska var over. Upassande, men det var nok min tur no….har sneke meg unna ei stund.

      “Åndene” – ja sei det…..eg sler av telefonen før klokka 23 om kvelden. Da eg hadde huset fullt i påska testa eg ut, men da gjekk det bra….ingen alarm som slo seg på da den ikkje skulle. Eg brukte den som vekkerklokke ei natt på hotell like før påske, da oppførte den seg også bra. Dvs. at det mest har vore betre om alarmen hadde gått på da også, for da hadde eg tenkt det ikkje hadde noko med huset mitt å gjera. Og slik går dagane….:))))

    3. Jeg har sluppet unna enda, men du er nok i godt,- eller heller dårlig, selskap med mange, selv om det er en fattig trøst.
      Men man blir bare så usedvanlig glad når man er helt frisk igjen… skal se du ser verden med helt andre øyne…

    4. Huff, har du slitt med en sånn syke du? 🙁 Det unnet jeg deg jammen ikke.
      Har selv sluppet unna i denne omgang. Men det varer nok ikke evig. Det ville nok være typisk å få noe sånt nå når vi har siste innspurt til konfirmasjon. Men jeg får si “bank i bordet” for at vi holder oss friske 🙂
      Masse god bedring fortsatt <3

    5. Kan ikke være for mange dager inne av gangen…da lengter man etter frisk luft i fjeset 🙂 Håper virkelig ikke hybelkaniner angriper folk …da ligger jeg tynt ann .hehe….
      Håper formen din er bedre..så får du kose deg med resten av helga 🙂 Klem<3

    6. Søtmonsen ): Tusen takk 🙂 🙂 :).
      Bakgrunnen er nok en av blogg.no ferdigstilte design…..men vurderer å mekke meg en mer vårlig en :).

    7. Eva: Har faktisk sluppet unna lenge jeg også, så det var vel bare min tur denne gangen :).
      Takk skal du ha….bedringen er absolutt på rett vei :))). <3

    8. annebe: He. he, jeg tror hybelkaniner er vennligsinnet….har ikke hørt om annet :))).
      Takk, formen har absolutt bedret seg – mange hakk.
      Riktig fin søndag :). Klem <3

    9. natheless: Takk for trøsteklemmen og sender en i full fart tilbake :). Er absolutt på bedring her….og solen SKINNER:), så dette blir bra det. Klem:)))

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg