Sorg

 

Ein farfar i livet skull´ alle ha syng Odd Nordstoga.

 

Eg hadde aldri nokon farfar i livet.

- Ikkje farmor heller.

Far mista faren sin tidleg i tjueåra. Da sa hjarta stopp.

Hjarta hadde vore for svakt. Men om hjartemuskelen ikkje var laga for eit langt liv, var kjenslene i dei sterke. Da farmor døde fjorten år før han, greidde han ta vare på dei fem borna dei hadde.

Farmor reiste bort da far var åtte. Etter to år med behandling for tuberkulose skulle ho koma heim. Og det gjorde ho.

I ei kiste.

Tæringa hadde blussa opp igjen.

Søskenflokken på fem vart ein samansveisa gjeng. Far fortalte om mange episodar frå dei var barn. På trettitalet hadde han vore med faren sin å planta epletre. Det var i ei lun helling dei vart set ned.

Da eg mange år seinare, gjennom tidas underfundige krumspring, sat som eigar av garden far vaks opp på, var gleda stor og sterk da eg fann eitt av epletrea oppe i skogkanten. Det var som eg nådde tak i farfar min. Vel var epla sure, og ikkje greidde eg å ta vare på det eg hadde funne slik eg ynskte - men ei glede og ein rikdom var treet.

Og ein vakker dag var eg sikker på at eg ville få attende av kreftene eg hadde mista av alt livet hadde gjeve meg til utfordring.

 

I dag vakna eg tidleg fordi dagen hadde slikt å gjera som eg måtte kome i gong med. Men aller først tok eg med meg boffen på ein tur oppover jordet til akkurat der epletreet sto.

Først såg eg det ikkje. Eg såg og såg utan å forstå.

Blikket mitt leita. Ville ikkje forstå kva det såg.

 

Nokon hadde tatt bort trea. Alle trea som sto der.

Eg prøvde å få epletreet til å koma fram.

Eg høyrde stemmen min sa "NEI, NEI, NEI!"

Det hjelpte berre ikkje. Det vart inga forandring av haugen av grein og kvist.

Nokon hadde teke seg til rette. Til rette på mi mark og hogd ned epletreet etter farfar.

Kjensla var frykteleg uverkeleg og vond.

Eg må venne meg til det sa tanken.

 

Etter dagen var ferdig. Etter det travle var over, kom tankane. Dei hogg til, som ei sorg, som eit tomrom. Treet var borte og kunne aldri verta reparert.

Kven er det som har teke seg fridomen til å ta seg til rette slik.......ja, eg spør, men ingen har svara meg enno.

Og til tross for haugar med svar vil eg aldri få treet attende.

Treet er hogd ned.

For alltid.

 

 

 

 

18 kommentarer

fruensvilje

06.04.2016 kl.22:28

det er helt utrolig å høre kor freidige enkelte personer kan være,å sage ned trær på annenmanns eiendomm er ikke greit.Det var trist med det epletreet,du får det ikke tilbake,men kanskje kan du og jentene dine skaffe et nytt og plante ned sammen til minne om det som engang var ?

BforB

13.05.2016 kl.10:31

fruensvilje: Ja, vi har snakka om å planta nytt.

annebe

06.04.2016 kl.22:37

Det var jo veldig leit da...både historien om besteforeldre og det at trærne var borte...fatter ikke at noen kan gjøre slikt...

Håper du klarer å ikke tenke for mye på det...Ønsker deg en fin morgendag :) Klem <3

BforB

13.05.2016 kl.10:33

annebe: Takk or gode ord fra deg....det er nok strømleverandøren som har svinga øksa i drøyeste laget.

The Råde Squad!

07.04.2016 kl.01:02

Fin blogg :)

Ta gjerne en titt innom min <3

http://thesquads.blogg.no/

BforB

13.05.2016 kl.10:33

The Råde Squad!: :)

Ingunn

07.04.2016 kl.03:59

Så fint skreve Ingvild, men så trist ei historie. Tenker at den som hogg der, kulle ha lese dette og kjent litt på kva han har gjort. Du får ikkje igjen det gamle treet uansett, men eg tenker 'og at det kan være ein fin ting å plante ett nytt tre på same staden. Ta med deg jentene og fortel dei om slekta si, og så planter de eit tre eller to der som nye generasjoner kan hausten av.

BforB

13.05.2016 kl.10:36

Ingunn: Takk Ingunn. Vi har snakka om å planta nytt. Og så venner ein seg til at slik er det, treet er borte.

Oldemorbloggen

07.04.2016 kl.08:43

At folk kan ta seg til rette slik, det går over mitt vit og langt inn i prestens, som me sa før i tida. Dette var ei sørgjeleg soge, og eg føler med deg.

BforB

13.05.2016 kl.10:37

Oldemorbloggen: Ja, det var frykteleg før ein vente seg på det, no ein månad etter er det slik det er.

Mariann Sæther Tokle

07.04.2016 kl.09:04

Mine barn sagde en gang ned et tre der det ikke skulle sages med en liten sånn sammenleggbar sag, et stort tre. kanskje det er noe sånt, barn som har vært i skogen og utforsket og ikke visst at de ikke hadde lov. Men trist er det når det er et tre som betyr mye for en uansett hvem som har gjort det. :) men heldigvis minnene har du beholdt :)

BforB

13.05.2016 kl.10:38

Mariann Sæther Tokle: Oj, du hadde handlingskraftige barn :). Minnene er alltid der :). Det er nok strømleverandøren som har brukt saga her.

ingrun

07.04.2016 kl.09:25

Enig med Fruensvilje og Ingunn - vi får plante ett nytt tre, mamma <3 Håper vi får fatta vedkommende som har gjort det, så an kan stå opp for hva som er gjort. Utrolig dårlig gjort.

BforB

13.05.2016 kl.10:46

ingrun: Vi gjer det jenta mi :) <3

Siv Svanem

07.04.2016 kl.09:34

Uff så trist alt sammen. Slike ting blir veldig viktig....

BforB

13.05.2016 kl.10:40

Siv Svanem: Var så glad i det treet.

Mona

07.04.2016 kl.12:16

En vakker og rørende fortelling, om kjærlighet og nærhet til å holde på det gamle. Men fy for en vond slutt :( Og så stygt gjort og sage ned på en annen manns eiendom :(

Jeg håper du finner ut hvem som har gjort det, og hvorfor <3

BforB

13.05.2016 kl.10:42

Fruemmel: Har nok funnet det ut, og tanken er å skrive en klage.....men så skjer det så mye nytt og det som var viktig blir sett til sides for nye hendelser :).

Skriv en ny kommentar

hits