Siste reis

 

Ein gamal travar har fått kvila, bytta ut med yngre krefter.

 

Slik er det. Slik går det.

Eg har hatt – og teke mange avgjerde i det siste. For slik er det, når ein skal framover.

Og det er det eg må, framover og framover og av og til attende.

Det er slitsamt å ikkje kunne lita på eit av dei viktigaste verktøya ein har; bilen.  Nå ein bur slik eg gjer ein ha bil.

På tirsdag tok Subaru’en ut på siste reis.

Her står den å kvilar i sola medan eg gjer eit ærend.

 

Den vart parkert for at eg skulle ut på prøvekøyring. Det viste seg det var siste gong den vart parkert. Ei stund etter vart skilta teke av.

Den hadde gjort jobben sin.

Eg trur det var i 2006 foreldra mine kom dit eg da budde. Dei hadde funne ein bil. Faren min vart ein trufast Subaru tilhengar dei siste tre bilane han åtte, før alder, helse og myndigheiter fann ut tida som bilførar var over. Da var han 89 år og på ingen måte klar for ei slik avgjer.

Omtrentleg samstundes starta bilen min å krangla, Passaten vart parkert i garasjen til foreldra mine og eg lånte bilen deira. Praktisk om vinteren, dei bur i bratta og glatta, men eg kom meg opp for å hente dei easy peasy.

Bilen var ein drankar, den slurpa i seg bensin med god appetitt  – og eg vart tilrådd å helda meg åt Passaten da valets kvalar sleit som verst i meg rundt sist nyttår.

Da eg tok med meg nøkkelen for å vri den om i min bil, var bilen avgått ved døden. Gjenopplevingsforsøk var ikkje å tenkja på.

Samstundes var den siste EU-kontrollen på Subaru’en ein dyr affære, den meir humpa enn rulla etter den siste operasjonen. På slutten var det så ille at det ga meg overdriven spaning i livet.

Den hadde gjort jobben sin og meir enn det. Den siste tida følte eg at den gjekk på trass berre for å være snill.

 

Så no er denne dukka opp i livet mitt. Ein Toyota Avensis.

Eg synest den er vakker. Trener på å få til ein bra flyt, ikkje berre, berre å gå frå automatgir til manuelt. Den har styrke og fart og er utan ein einaste bulk.

Men det kjennest at dette har kosta meir enn pæng, så no skal det bli godt å rulla gjennom livet i fin flyt.

Takk til det gamle og velkomen til det nye.

 

 

10 kommentarer
    1. Det ser ut til at dette er ein stasbil. Du må ikkje gjera som eg, då eg skulle køyre inn den nye bilen vår, frå automat i den gamle til manuell i den nye. Eg rygga på ein bensinstasjon og bakruta singla. Reparasjonen kom på 24 tusen.

    2. gratulerer med ny bil,noen ganger må det til og tiden var inne for din del )) håpr du får masse glede av den nye og att den belønner deg med å være den praktbilen den ser ut for å være

    3. Oldemorbloggen: Oj, oj oj, det var litt av ei oppleving. Ingen god start på samlivet med ny bil. Eg ba selgaren kjøre oss til ein stor åpen plass. Der fekk eg øve meg på å kvela motoren nokre gong :))).

    4. karidansen: Takk for det :). Det er kjempe “kjett” :). Fantastisk med en som går, drar godt oppover bakkene osv. Men jeg har ørene på stilker for lyder, for det er andre lyder enn jeg er vant med, og denne er fra 2007….så håper jeg er HELDIG :).

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg