Ooops, ei veke passert

Så lakkar ei helg mot kveld og natt. Saman med ei heil veke. For det har ikkje strøyma bokstavar gjennom fingrane mine til tastaturet. Derfor – ingen blogg. Før no!

 

Mykje av grunnen er nok at kvardagen er travlare. To dagar i veka er eg i veg til behandling. Det opplev eg som mykje.

Denne helga har yngste vore heime. Vi har kvitra og skravla i veg.

I går var det handledag med mor mi. Som vanleg vart det avslutta heime hos dei, vi åt graut og etterpå vart det kaffi. Dei er så glade når dei får besøk. Og toppen er når det også kjem barnebarn. Vi synest også det koseleg så klart.

Yngste fekk inn nokre vedsekkar slik at dei får tent opp i omnen. Far kommenterte at varmen vart så mykje betre.

 

I dag fekk vi ein tur opp til brønnen. Vatnet hadde minka.

Vi måtte gå opp til dit vatnet blir ført inn i eit rør. Hadde ikkje yngste vore med hadde eg ikkje greidd å utretta noko. Vi fekk unna fleire steinar og bølgjeblekkplater. Det hadde samla seg blad rundt silen, om det var det som var grunnen til at vatnet hadde minka veit eg ikkje. Vi prøva det beste vi kunne. Det var siste vaktdagen i denne omgang, så no er stafettpinnen sendt vidare.

Da vi kom ned, klatra yngste opp på taket der ho gjekk over takrenna på eine sida av huset. Ho fann også at nokre taksteinane hadde sklidd, slik at det var opent hol inn i huset. Slik er ikkje bra. Det er forfall!

No har ho reist med bussen attende.

 

Sist søndag gjorde eg noko eg har tenkt i mange år. Eg tok med meg fiskestanga ned til sjøen. Heilt ny var den.

Enkelt var det ikkje.

Skog og fiskestong passar dårleg saman.

Eg fekk til slutt funne meg ein plass oppå eit berg nedmed sjøen. Redd var eg for å snubla, sena skulle ikkje hunden rota seg inn i og kroken måtte han ikkje trappa i seg….. Så det var å helda tunga midt i munnen.

Første kastet var skikkeleg mislukka, og sena spann utover.

Men til slutt fekk eg det til. Da eg kjende det rykka vart eg overraska…….for eg hadde ikkje ordna meg på at det skulle verta fisk.

Hunden vart heilt vill. At det kan koma noko levande opp frå sjøen hadde ikkje han opplevd før. Det vart eit styr!

Men til slutt hadde eg fått hengt fisken,  som var ein sei, høgt opp i eit tre.

Enno fekk eg fleire, ein glapp, ein var så liten at eg slapp han laus igjen. Til slutt fekk eg ein stor torsk på kroken. Da hadde eg mista sveiva på snella ut i sjøen. Eg måtte ta eit alvorsord med boffen, for han klynka, glefsa etter fisken og småbjeffa aldeles frykteleg.

Men til tross for sveiva, eg hadde hatt ein aldeles fantastisk dag i den varme lufta nede ved sjøen. Hadde mest ikkje lyst til å gå opp igjen. Da mørket kom måtte eg berre finna vegen heim.

Om kvelden vart det koka fersk fisk. Og eg følte meg som ein ekte fangstkvinne.

 

I kveld føler eg meg berre litt oppbruka…..men no er det straks ny veke.

 

 

6 kommentarer
    1. Så gøy du fikk fisk da 🙂 Jeg har aldri fisket før 😀 Eller en gang, med oter. Det ble mye tull og vas med trådene etterpå 😀

    2. God morgen .Dagene dine er innholdsrike og jeg håper dagene med behandling er til stor hjelp ) taket må du få fiksa fort og helst med det samme ) Fiskelykken var utrolige,skikkelig deilig med sprell fersk fisk til middag da,synd du miste sveiva,men håper du får skaffet deg en ny,for det er virkelig kjekt å fiske ))

    3. frodith: Du må prøve det mer :). Det var lenge siden jeg har prøvd, men elska det som barn. Ligge på magen på brygga å se fisken som snuste bort i agnet:).

    4. fruensvilje: Ja, taket må nok fikses. Behandlingen hjelper absolutt.
      Skal ned til sjøen for å se etter sveiva, men det må være fjære. Om ikke håper jeg den kan kjøpes til. Skal prøve fiskelykken mer :).

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg