hits

Mobil i haustmørket

 

Ei dramatisk forteljing frå det verkelege liv.


 

Hausten var komen.

Med regn.

Etter alle desse dagane med sol.

Slik litt irritert oppdagar eg at mobilen ikkje var med inn. - Etter ein tur til meir sentrale strøk. Sjølv om eg tenkte eg måtte ta den med ut av bilen. Men eg hadde tydelegvis gløymt det for det var så mange ting som skulle være med inn.

Eg gjorde unna det er skulle inne i heimen langt der ute på landet denne oktoberkvelden. Mørket hadde kome da eg gjekk ut for å henta inn att mobilen.

Eg tok med meg lommelykt.

Lyste ned på bakken da eg gjekk bortover. Marka var våt og brun.

Framme ved bilen oppdagar eg ein svart firkant i alt det brune. Og eg skjønar det med ein gong, det er mobilen.

Den låg UTE!

Ikkje tørt inni bilen....


 

Inne i den varme stua, langt der ute på landet, skrur eg den på. Gleda er stor da den lyser attende til meg.

 

Kvelden går, det ruskar i husveggane. Da eg tek fram telefonen litt seinare på kvelden kjenner eg at eg mest kvepp.

Mobilen er svart.

Både i sinn og skinn.

Prøver å lade den men den er like svart.

Radiatoren står på. Eg legg den resolutt oppå omnen. Da eg legg meg tek eg den av.......utan noko respons.

Svart-svar-svart!!!

 

Heile neste dag ligg den på radiatoren når eg er heime. Sjølv om den er glødande varm skjer ingenting. Den er like svart når kvelden kjem.

Eg skjønar det er inga anna råd enn å ta seg ein bytur neste dag.

Men så........like før eg legg meg om kvelden anar eg ladesymbol på displayet.

 

Så eg for ikkje til byen.

 

Telefonen vart lada opp, og den virke enno!

Heilt trygg er eg ikkje no når mørket atter ein gong senkar seg utanføre veggane.

Det er vel eit av dei viktigaste verktøya eg har, så den berre virke.

Og enno gjer den det.

Enno gjer den!

 

Ynskjer deg ein fin laurdagskveld  i haustmørke.

 

6 kommentarer

frodith

29.10.2016 kl.19:18

Uff ikke moro når mobilen konker eller blir borte eller sånt. Og ikke hvis det er MØRKT ute nei.. Du må få deg en back up, til krisetilfeller :)

BforB

06.11.2016 kl.22:32

frodith: Burde kanskje ha det.....takk for godt forslag.

fruensvilje.blogg .no

29.10.2016 kl.21:51

jg har lært att om mobilen blir våt må en ta ut batteriet og la det tørke godt ,skikkelig godt før en prøver å slå den på igjen ,krysser fingrane for att din overlever,noen telefoner er jo litt mer vanntette enn andre også

BforB

06.11.2016 kl.22:33

fruensvilje: Ennå er den i grei form, nå er det noen dager siden.

natheless

30.10.2016 kl.12:55

Så bra du fikk varmet liv i den igjen. Morsomt skrevet, med fine spennende bilder. Ha en vakker dag!

BforB

06.11.2016 kl.22:34

natheless: Takk :), en riktig lun og varm søndagskveld til deg :).

Skriv en ny kommentar