Fest er best når vi er mange

 

Nokre gong får ein seg både overrasking og gode opplevingar på ein og same gong.

 

Eg er for å henta mat til feiring av foreldra mine sin vaksne bryllaupsdag. Dei har bestilt mat frå det lokale firmaet Øyvilt. Må ile til med opplysning av all skryt i dette innlegget tek eg på mi kappe og det er oppriktig meint. Med så lesarar som eg har på ein vanleg dag, er det liten vits å bruka bloggen min til reklame.

Så når eg seier at hjortekjøtet i brun saus vi hadde tinga både var mørt og riktig godt, så var det det.

“Ser foreldra dine ikkje har meldt seg på eldrefesta” seier ho som har ansvaret for maten.

Eg vert fortalt og forklart, og eg seier eg skal høyra med dei. For festen er meint for å løfta og gleda dei som er komen slik til i alder der ikkje fullt så mykje skjer lengre.

Da eg seinare legg det fram for foreldra mine og fortel at dei kan ha med seg følgje seier dei ja. Dei hadde ikkje motteke nokon invitasjon får eg vita. Eg snakkar med fleire som ikkje hadde fått. For eg kunne ta med meg to til i bilen når eg først for.

Likevel blir det berre foreldra mine eg tek med meg.

Festa var i går.

Da vi køyrer seier mor at ho gler seg ikkje akkurat. Og eg seier som sant er, at eg har godt kunne tenkt meg kvelden heime i mitt eige selskap. Men eg håpar dei vil ha glede av det. Og mange gong blir ting likast når ein har minst forventningar seier eg snusfornuftig…….. og håpefull…

Da vi er framme er det fullt av bilar, og ei vakt stengjer vegen. Eg trur eg mest vart litt skarp, for eg tenkte eg skulle køyre foreldra mine fram til døra – slik at dei slapp å gå så langt. For far er skikkeleg dårleg til beins.

Frå no av går det slag i slag med positive opplevingar.

“Du kan parkera nedanfor, da er det berre å gå rett inn” seier vakta.

Så slepp foreldra mine gå trappane legg han til.

Enno er eg litt skarp og spør etter garderoben, må vi opp til der den er -. Som fortsett betyr trapper.

“Nei, det er ordna med garderobe i salen like innanfor døra” seier vakta.

Så eg får parkert, gjev far arma mi.

Vi vert losa fram da vi kjem innom dørene. Nye hjelparar står klare for å visa oss kor vi kan sitja.

 

Vi får plass like framom scena, og redselen om for høgt lydnivå vert gjort til skamme. 

Lyden er behageleg, og faren min som ikkje har øyra på parti, berre til pynt, ler godt av det han høyrer. Men så er vi så heldig her i kommunen at vi har eit firma i bygda som er fantastisk både på lyd og lys.

Så kjem konferansieren for kvelden opp.

Han tek med seg folka frå første stund. Han leikar seg med ord, humoren kjem fossande som frå eit overflødighorn. Så dreg han fram eit trekkspel og tar publikum med på ei reise frå etter krigen, barnetimen og ynskjekonserten og framover til 70-talet. Han briljerer med kunnskap, historier og musikk. Namnet på karen er Odd Arne Halaas. Eit namn å merka seg. Ein fyr som eg vil seia gjorde jobben sin svært, svært godt. Den store salen vart full av latter og varme.

Dei som hadde stått for programmet hadde ikkje gått i noko felle med å tenke gamalt og traurig.

Opp på scena kjem to Bjørnar; Bjørn Alterhaug……

…..saman med Bjørn Sjögren.

Sistnemnte stemte også opp ei sag.

Desse profesjonelle musikarane serverte musikk som trefte hjarte. Det gjekk frå klassisk til jazz.

Etter dei kom tre gutar som har spela lenge til tross for den unge alderen. Bankers heiter bandet, rockabillygutane har konsentrert seg om rock frå 50 og 60 talet.

“Eg kjende musikken kom opp gjennom golvet” sa mor. Ho som aldri likte rock fekk lyst til å dansa.

Valet av underhaldning var heilt fantastisk. Maten, kakene……..alt.

Det gjekk folk rundt i salen for å høyra om folk trong hjelp til å henta maten. Det einaste som vart litt dumt var at tallerkenane vart for lette og bestikket for smått og lett for dei som hadde mista førlegheita i fingrane.

Faren min greidde å tømme mesteparten av supa nedover seg da den eine handa la seg på kanten av supetallerken. Men da var folk på pletten for å hjelpe. Heldigvis er det ikkje alle eldre som mister kjenslene i hender og føter.

Da den gråhåra gjengen duva ut med stokkar og rullatorer og også mange greitt gåande, virka dei glade og oppløfta. Eg trur dei hadde hatt ein svært fin kveld. Heilt etter intensjonane hos både dei som arrangerte og dei som overlet ein godt slump pengar til eit minnefond som kommunen skulle disponera for å gje eit løft til dei eldre. To menneskjer, utan barn, som var glade i å kunne dela tid med andre.

Etter som eg høyrde hadde dei nok likt ein slik kveld om dei hadde levd.

 

Blomster og vakre ord avslutta kvelden. Timane hadde gått fort.

“Dette angra eg ikkje på”, sa mor på turen heim.

 

Og ho som var med som følgje og berre øvde seg på ein kveld i pensjonistanes rekkje ni år for tidleg, ho hadde også ein storveges kveld. Musikken slo ei stund ut sperringane i tårekanalane. Slik passe plagsamt i ein stor sal full av menneskje. Men det var ikkje sikkert eg var den einaste….

 

 

 

8 kommentarer
    1. Så koseligt att dere fikk oppleve en slik hyggelig kveld,og best av alt att noe slikt blir tilrettelagt for dei eldre,ja dei trenger litt hygge i hverdagen dei også

    2. Så koselig å lese. Ja, det er mange ganger sånn at det vi ikke gleder oss til, kan bli til det beste. Dette ble et finfint minne sikkert for deg og alle de andre 🙂

    3. Oldemorbloggen: Ja, ikkje sant – alle dei gongane ein riktig storgled seg for berre verta skuffa. Foreldra mine har alt bestemt seg at dei vil dit neste år også :).

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg