Sommaren som vart haust

 

Lette dagar med sol og forelsking møter hausten. Det kalde og våte som ingen ende vil ta -.

 

Ho berre sto der. Regnet sila ned. Regndråpane følgde hårstråa som ein bekk. Det draup stritt ned i ansiktet frå den lange panneluggen. Regndråpane blanda seg meg tårane. Tida hadde forsvunne. Ho visste ikkje kor lenge ho hadde stått slik.

 

For to månader sidan var sommaren enno her. Britt Hege hadde teke bussen til stranda. 

Aleine.

Ho la handkleet litt keitete utover. Følte alle dei andre folka såg på ho. At ho var der utan nokon andre. Uvant, men også godt.

Ho hadde lagt seg fort ned og starta å lesa i boka ho tok med. “Hele livet på en dag” av Alyson Richman. Ho var snart oppslukt av krafta og kjenslene i boka.

Etter ei god stund løfta ho augo opp frå boksidene.

Ser utover den glitrande sjøen. Enn å kunne ha slike kjensler for eit anna menneske tenkjer ho.

Opp frå sjøen kjem ein mann, ein fantastisk flott mann. Vatnet som droplar seg over dei brune musklane, dei breie skuldrene, det ljose, våte håret som han stryk bakover med venstrehanda.

Britt Hege vert sett heilt ut. Dette var noko av det vakraste ho hadde sett.

 

På bussen heim ser ho han køyrer forbi i ein gul sportsbil. Han har med seg ein annan mann, dei snakkar saman og denne guden av ein mann ler med kvite tenner av noko den andre seier.

 

På fredag har ho avtalt å gå ut med Mette og Kathrine. Det er ein varm augustkveld og dei tømmer ei flaske kvitvin før dei er på tur til sentrum. Først set dei seg på ein uterestaurant.

Dei må ta selfie av seg, eit bilde av tre brune, smilande jenter blir lagt ut på Instagram.

Sedvanlege Tommy møter opp, og som elles flørter han iherdig med Kathrine. Når skal han forstå ho ikkje er interessert?

Da dei skal gå vidare kjem Knut Anders. Han vil ha dei med seg til ein brun pub like ved der dei hadde tenkt seg. I staden prøver dei å overtale han til å verta med på King Arthur, ein skikkelig bra stad.

“Eg har avtalt å møte ein slektning frå Stavanger der” seier han.

 

Det viser seg det er fullt på King Arthur og at dei ikkje kjem inn.

“Da går vi på puben” seier Mette, ho er nok meir oppteke av Knut Anders enn ho sjølv veit.

Så dei bestemmer seg for å gå på den brune puben Den Siste Sjørøver.

Det kringlar slepent blues frå nokre musikarar i eit hjørne. Stemninga er laidback, men likevel full av lyd.

Musikken, stemmene frå dei i lokalet…..

Ved bardisken står det fullt av menneskjer. Men dei får auga på Knut Anders, og banar seg veg fram dit han står saman med to til.

Ein med ljost hår snur seg og kikar rett på Britt Hege, og ho får eit lite sjokk. Det er Guden frå stranda.

Ho registrerer at han ser mykje på henne når han snakkar.  Og ikkje hadde ho lagt merke til at Stavangersk er så fin ei dialekt før.

Han skal starta å studere her i byen seier han, og det får fram ein intens kjensle hos Britt Hege.

Neste dag må ho tidleg opp, derfor må ho bryta opp før det vert alt for seint. Likevel dryger ho enno ei stund etter ho har sagt at ho må gå.

Det er fælt å gå i frå noko så vakkert.  Men da ho endeleg greier å lausriva seg kjem han etter henne.

Frank heiter han. Frank Devle. 

Han tek ho lett i armen å seier “kan eg få treffa deg att?”

Så stryk han henne lett over kinnet og gjev henne ein papirlapp.

Ho mest sjanglar ut av puben, dette var det mest fantastiske som hadde hendt henne på det ho kunne huske.

På lappen står det; ring meg, eit mobilnummer og  – Frank.

 

Kor lenge skulle ho venta -, ho let det gå eit døgn før ho trykkjer inn namnet hans med skjelvande fingre og bankande hjarta. Ho la han inn på telefonen med ein gong ho kom heim.

Heilt tørr i munnen ringer ho. Tunga kjennes stor og tjukk.

Det ringer ein gong, det ringer to gongar…..så høyrer ho eit lite klikk……men så ringer det likevel ein gong til. Ho vurderar om ho skal leggja på, da ho høyrer han svare……ho stotrar namnet sitt.

– Eller, det kjennes som ho stotrar. At ei tunge kan bli så tørr.

“Heeyy” seier han med trykk “såå kjekt”.

Dei snakkar ikkje så lenge, men avtalar å møtast. Mest ei veke fram i tid. Han er i gong med å installere seg seier han. Har det litt travelt.

 

Det er torsdagskveld og månaden har bikka september. Ho sit på bussen, skal møta han. Det kriblar frå topp til tå. Ho er både kvalm og kaldsveiter. Det iler til i magen i eitt sett. Prøver å puste, prøver å roa seg ned. Enn å ha ein så kraftig reaksjon, ho kjenner da ikkje fyren………Mannen.

Så står dei overfor kvarandre. Ho gløder, men ho kjenner andletet er stivt.

Han tek ho i begge hendene, ser ho inn i augo og seier at det var fint ho kunne kome.

Dei startar å gå bortover vegen attmed elva. Godt å kunne gå, snakka og gå. Vart meir avslappa kjende ho.

Han skal starta på statsvitskap fortel han.

Ho har ein pause seier ho, er litt usikker på kva ho skal verta, kva ho skal satsa på. Han seier at han synest det er lurt.

Da dei kjem fram til ei skogkrull stoppar han opp, løfte haka hennar med pekefingeren sin og seier: “du er søt”.

 

Etterpå, da ho sit på bussen heim, brenn ho. Gong på gong går ho gjennom spaserturen saman med han. Ho kjenner ho lever. Lever sterkt.

 

Dei hadde avtalt å gå på kino.

Dei møtest ein eller to gong i veka framover.

Han snakkar mest, han stryk ho over armen, han puffar bort i ho, knyt kanskje skjerfet ho må til å bruka, litt tettare.

Ikkje før den fredagen.

 

Dei skulle ut å eta. Ho insisterte på at ho ville være med på å dela. Det ga han seg på med ein gong.

Han er litt stillare enn elles denne kvelden.

Etterpå blir han med opp til henne.

For første gong.

Ho kjenner med heile seg at ho ønskjer noko må skje -.

 

Det har vorte stille mellom dei.

Nusket, kattungen hennar, er den som får full fokus frå begge. Pusen er avledaren i ei spent stemning. Dei sit på golvet å leikar med den. Begge sit på golvet, dei leikar intenst med kattungen.

Kattungen er mjuk og søt og trygg…

“Eg må gå” seier han og reiser seg brått opp. Ho kjenner på at ho vert frykteleg skuffa.

Britt Hege reiser seg også opp og dei vert ståande rett overfor kvarandre.

Plutseleg legg han armane rundt henne, og ansiktet er der, munnen treffer hennar. Ho opnar munnen, gjev han tunga si. Endeleg, dei kyssar. Ho er borte frå denne verda. Han er fantastisk god å kyssa.

Så slepp han henne like brått som det starta og er ute av døra.

Borte.

Ho hikstar til, ho er borte frå tid og rom. Konturane hennar er utviska.

Endeleg har dei kyssa.

Er dei eigentleg kjærastar?

 

Det går nokre dagar før ho sender han ei melding.

“Kva skjer” spør ho.

Ho får svar attende om at det går bra, om dei kan møtest neste veke -.

Det stikk ein liten skuffelse i ho, at ho må venta så lenge.

Avtalen vert at dei skal møtast der dei møttest først. Ved elva.

 

Det har vorte kaldt, ho knyt skjerfet godt om halsen. Utanfor bussvindauga fyk det blad, dei dett frå trea, det bles og det regnar.

 

Ho møter han og dei går bortover stigen. I skinet frå lyktane ser ho kor regnet dett tett. Dei stoppar på vegen, like ved dei trea.

Det er så mykje ho må spørja om.

Dei står overfor kvarandre. Han ser på henne medan hendene heng ned langs sida. Ho kjenner kor ho gled seg til å kjenne armane rundt seg igjen, men ho får seg ikkje til å taka det første skrittet.

“Vi passar ikkje saman” seier han plutseleg.

“Du finn vel vegen attende til busstoppen, eg går no vidare utan deg.”

Og så går han.

 

Ho er i sjokk, skikkeleg i sjokk. Ho fekk ikkje sagt noko.

Ho sit fast i jorda ho står på. Musklane har stoppa å virka.

Og regnet siler.

Siler.

Ned over heile kroppen. Ho kjenner ikkje at ho vert våt. Ho kjenner berre denne intense smerta inni seg, som det finaste av alt vart øydelagt.

 

Britt Hege kom seg heim på eit eller anna viset. Sikkert med bussen.

 

Litt seinare greier ho å ringe folk, fortel kva som har skjedd. Ho får attende mykje sympati. Det er ei fattig trøst, men likevel ei trøst.

 

Ho ringer også Knut Anders. Må få vita meir. Kven er eigentleg Frank…….

 

“Frank……..” seier han og dveler litt..

“han får kanskje det meste for lett”, seier han etter ei stund.

“Men han får ikkje til det som foreldra vil.”

 

“Kva er det da?” spør Britt Hege.

 

“Jau, det er at han finn seg ei jente som passar inn i familien deira, med utsjåande, utdanning og kultivering” seier han lett ironisk.

“Og riktig danning”.

“Men det vil nok aldri skje”, seier han.

 

“For Frank bryr seg for mykje om gutar.”

 

 

8 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg