Verda attom orda

Den er mange bøker som har gjeve meg sterke opplevingar. Spesielt dei som det er mange år sidan eg las.

 

Den siste boka eg høyrde like før jul var fin. Ei bok som gjekk stille i dørene, sjølv om den inneheldt nok dramatikk. Den har ein oppfølgjar ser eg.

 

Det var oldemorbloggen som utfordra meg med å fortelja om bøker eg har lese og som sit igjen i hukommelsen.

 

Slik sett bør eg absolutt hugsa “De usynlige” av Roy Jacobsen. Handlinga går for seg på ei lite øy på Helgelandskysten. Ein liten familie, kulturen og deira kamp for å overleva. Om utvikling. Midt i dette står Ingrid som veks opp og må ta ansvar. Handlinga er lagt i tidsrommet 1915 til 1928. Ikkje minst er boka interessant fordi eg er avdelingsleiar i ei lite kystmuseum som har fokus på dette tidsrommet. Eg må få med meg fortsetjinga Hvitt hav også.



 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Eg har alltid vore glad i å lesa. Svenske Margit Söderholm med bøker frå det svenske bondesamfunnet  på slutten av 1800 talet, romantikken og dramatikken fasinerte ein tolvåring. Eg las så auga vart stort og vått.

 

 

Da eg var rundt 18 år las eg ein serie som sit att i minnet om Familien på Jalna. Historien gjekk over 16 bind og var skreve av forfatteren Mazo de la Roche. Det var krise om ikkje neste boka i serien var inne på biblioteket og eg måtte lesa andre bøker inn i mellom. Handlinga går over hundre år og er om ein rik familie. Eg hugsar hestane og steile menneskesinn. Og ei kjensle av sorg da eg hadde lest alle bøkene og historia var over.

 

Eg vart svært glad i bøkene John Irving skreiv; The Hotel New Hampshire og bjørnen, og dette at ein skulle gå forbi dei opne vindauga. Han produserte mange bøker slik som Garps bok og Siderhusreglene. Eg likte å lese om dette som var så annleis enn det “normale” livet eg levde i. At det var plass til alt som ikkje var slik eg hadde lært. Det å bryta sund oppfatta levereglar og sjå LIVET sjølv om reglane ikkje var følgd.

 

Isebella Allende vart eg og glad i, spesielt “Åndenes hus”. Lika at tyngdekrafta forsvann i forteljinga. Lidenskapen mellom linjane.

 

Og norske Herbjørg Wassmo, frå “Huset med den blide glassverandaen”, heile trilogien, vond og skrapa, men med eit språk som gjorde inntrykk. Eg trur eg har lese alle bøkene hennar. “Dina”, eg gråt da eg las om smultgryta. Svært sterke personar som herja gjennom boksidene.

 

Det er så mange bøker. Er det rart at eg synest biblioteket er ein godtebutikk. Sjølv om eg mista konsentrasjonen;  mykje som har kosta, men også mykje glede.

 

I dag slit eg med å lesa, men lydbøker gjev meg orda og handlinga. Og eg vil også greia å lesa som eg gjorde. Ein dag vil eg atter fossa gjennom bok etter bok.

 

18 kommentarer
    1. Så herlig som det var å gå til biblioteket. Jeg leste også alle bøkene til Margit Söderholm og noen av dem har jeg i hylla også. Da jeg knekte lesekoden i 12 årsalderen var jeg altetende og leste så mye jeg kunne av alle serier, så den Jalnafamilien har jeg fulgt også. I dag leser jeg ikke så mange romaner lenger, det er så mye annet som må gjøres hele tiden. Men jeg er fortsatt veldig glad i å lese. Dumt du strever litt med lesingen, men jammen er det mye fint som lydbøker. Ha en vakker kveld 🙂

    2. Jeg har også lest De usynlige og Hvitt hav og de er bare så gode de bøkene. Jeg liker Roy Jacobsens språk og fortellerstil. Til tider leser jeg en del, men akkurat nå må jeg innrømme at Nettflix får litt for mye oppmerksomhet til tider.
      Jeg har ikke besøkt deg før tror jeg. Om du vil besøke meg finner du meg på, ingridtunheim.no

    3. natheless: Du har gått litt samme leseløype som meg, artig :). Tror lesinga skal ta seg opp, når jeg får konsentrasjonen på plass igjen :).

    4. Ingrid Tunheim: Så trivelig at du besøkte meg. Var innom å skumleste på bloggen din i kveld. Kommer innom igjen :).
      Skal lese Hvitt hav også, blir neste tenker jeg :).

    5. Kjekt å sjå at du tok oppfordringa mi om leste bøker. Eg har lest dei to bøkene du nemner av Røy Jacobsen, og blei heilt fasinert av hans forteljarkunst. Dei to siste bøkene er har lest, eller rettare sagt høyrt, er Prosessen av Franz Kafta og Lillelord av Johan Borgen. Etter desse litt tungsindige bøkene, måtte eg ha noko lett og det blei Orkideens hemmelighet av Lucinda Riley, der det er både lordar og internasjonalt kjende pianistinder, nesten alle er rike og vakre og forelskelse oppstår.

    6. Så supert at du kan bruke lydbøker. For bøker er gull, rett og slett gull. Skal skrive om en bok som har gjort dypt inntrykk på meg , men blir ikke i natt…
      Allende er en av mine yndlingsforfattere, har vel nesten alle bøken hennes..
      Og Wassmo liker jeg også veldig godt.

    7. Oldemorbloggen: Vart fortalt at Prosessen handlar om jødeutrydding under krigen. Eg har berre lese halve.
      Ein må ha variasjon og balanse i det ein les :). Av og til er det greit med dei lette draumane :).

    8. Oldemorbloggen: Det var prosessen før det starta etter som eg forsto. Ein analyse i videregåande. Men det kan henda det var den læraren som tolka det slik. Men ein kan lesa boka på to avvikande måtar tenkjer eg.

    9. Den boka var så merkeleg, at det kan godt vera mange tolkingar av den. Me fekk i grunnen ikkje vite kva han var skulda for, berre at han vart arrestert, utan å sitje i arresten
      og til slutt drepen av ein dolk

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg