Pizza i sol og pizza i regn

 

Det kan høyrast ut som eg et mykje pizza, men kan ikkje seia det eigentleg. Dette er berre ei lita gjenforteljing som går i ring på ein måte.

 

Med pizza framom og attom.

For i sol og vind på søndagen spurte eg jentene, som var med heim etter turen til Trondheim:

“Skal vi gå ut å eta?”

Ingenting om pizza her.

Vi var einige om å ta med besteforeldra også.  Det sa dei ikkje noko på. Så vi køyrde ut i sol og vind og sette oss ute på den lokale puben.

Med utsikt rett i sjøen.

Og så gjekk vi for pizza alle, utanom mellomste, som bestilte pasta carbonara .

Der i sol og vind.

 

I dag regner det. Kaldt og surt. Da eg gjekk gjennom graset vart eg skikkeleg våt.

“Kva skal vi ha til middag” spurte eg før eg drog i dag tidleg.

 

I ettermiddag skal mellomste reise, sjølv om friveka har att nokre dagar. Men ho skal noko i morgon.

Heldigvis har eg yngste att.

 

Vi vart alle tre einig om pizza.

Vårpizza, sjølv om sommaren er i gong.

 

Den er vegetabilsk. Og god. Men må bruke koriander i staden for basilikum. For i dag hadde dei ikkje fersk basilikum på butikken. Men det gjer nok same nytta.


Og det gjorde det!!

 

 

18 kommentarer

Siste innlegg