Våt dag

 

Drypp, drypp i det evinnelege. Eg klagar ikkje. Men de er vått.

 

Det regnar. Utan tanke eller teikn på å skru igjen. Bilhjula nede på vegen er regnvåte i lyden. Ein ny dag har stått opp. For meg svært tidleg. Klokka hadde eg sett på ni, skal være i varmebassenget klokka ti. Men kokka fem forsvann søvnen. Eg prøva, men etter at tida gjekk ga eg opp. Det var berre godt å koma seg opp. Eg koka meg havregrynsgraut. Lenge sidan eg har funne på det.

 

Det er stille i huset, både boff og yngste søv.

 

Fann nettopp ut at det var ikkje i morgon sikringsboksen skal skiftast. Det er godt å finna ut slik når ein føler veka er for programmert. Eg skal både til Kristiansund og Trondheim. Eg har invitert til dugnad og skal feire ein fødselsdag i løpet av denne veka.

Etter helga køyrer eg rundt med eit keybord. Arrangementet var godt besøkt. Her er ho som song.

(Her skulle eg lasta opp ein video frå helga. Etter at eg ikkje har klart det gjennom ein heil dag, har eg gjeve opp. Morgoninnlegget mitt vert posta i kveld. Utan video).

 

Om ein time skal eg ut i regnet, med veska pakka for det enno våtare elementet.

Det skal bli fint å koma heim att, til denne fridagen.

Kjenner eg er trøyt av ein tidlegmorgon.

Med regn som bøtter ned over dagen.

 

(Og så gjekk som sagt dagen :)).

 

 

 

6 kommentarer
    1. Håper du får litt sol og varme snart :)) Havregrøt er bra uansett vær da.. Er det dattera de som er på scenen der ?.. eller var hun bak keybordet… Ønsker deg en god natt og fin morgendag <3<3

    2. Havregrøt er en god start på dagen, kanskje spesielt når man ikke har fått sove så lenge som man vil/trenger. Jeg håper virkelig du får litt sol snart 🙂
      Ha en flott dag i dag 🙂

    3. annebe: Vi fikk det; sol og varme. Herlig, til tross for at jeg ikke kunne stoppe opp å nyte det.
      Nei, det er ikke datter mi, prøvde å laste opp et opptak, men fikk det ikke til. Hun har vært med på Voice og hun er en nabo. Hun er flink. <3

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg