Dagar med sol på

 

Akkurat no skjer det. Akkurat NO er det. Det som mange av oss ventar på resten av året.

 

Dei gode, varme, vakre dagane som kallast sommar. Som er å springe barføtt i graset og jordbær på strå.

Som er til å nyta !

Henta jentene på setra i går, som hadde hatt ein fin dag – men også hatt eit møte med dei menneskelege variasjonane og var litt frustrert over det. For da eg kom opp fekk eg vite at dei ikkje hadde hjelpt til der dei skulle. Noko overraska vart eg, for dei brukar å ta ansvar.

Sjølv kunne dei fortelja at dei hadde spurt med gjevne mellomrom om dei skulle ta over, men fekk kvar gong beskjed om å berre gå for dei som sto likte det så godt.

Vi får kalla det ein kommunikasjonssvikt-.

 

Mellomste som kom heim frå Trondheim for å hjelpe til med dette, reiste attende til sin kjære.

Oppe ved huset sette eg meg på terrassen berre for å sjååå. Eg sat det og tok inn korleis himmelen skifta karakter da tora rulla og lynet blinka over himmelen.







Ein gamal mobiltelefon er ikkje god nok til å ta godt bilete av ein slik situasjonen, men eg tok bilete likevel.

 

I dag hadde eg nokre få timar med arbeid. Det var kaldare inne enn ute. Før eg for heimafrå såg eg det var 24 gradar i skuggen.

Etterpå skulle vi til ein stad å eta. Den har ikkje vore opent for publikum. Eg har vore der ein gong før, og vart svært fasinert.

Dei har bygd opp sakte, men sikkert eit område der dei dyrkar bær økologisk. Dei har bygd produksjonslokale og ein liten restaurant. Dette har dei gjort så samstemt og gjennomtenkt at det er ein fryd. Ungane har flytta attende med partnarar og som er med på dette. Sjølv har dei overlet garden til ungfolket og bygd seg eit nytt hus ved sia av. Dei har lagt opp terrassar av stein der frukttre og bærbuskar er planta på platåa.

 

Eg kjøpte meg fritert fisk med chips, og eg må berre seia det er den beste eg nokon gong har smaka. Til dessert tok eg økologiske bær med vaniljesaus. Nydelig var det.

 

Sommaren er der for å nyta det beste ein kan.

 

 

10 kommentarer
    1. Bra dere har hatt litt sol også.. ellers er det liksom ikke sommer.. men flotte bilder av en mer “dramatisk”himmel også..:))
      Ja har man tilbudt å hjelpe får en ikke gjort så mye mer enn det..
      Koselige sommerbilder av jenter og hund.. og maten du spiste hørtes veeeeldig godt ut :)) God helg og klem til deg <3

    2. Den siste setningen din, Sommeren er til for å nytes… Så sant så sant :o)) Jeg føler nesten at det er da kroppen og hode våkner ordentlig til liv. Det er ikke alltid så lett å få fine bilder med mobilkamera, men jeg syntes da dine ble gode :o))

    3. annebe: Nå har vi vært veldig heldig med været en stund, fantastisk godt.
      Maten vi spiste var fantastisk.
      Håper du har hatt en god helg, mi har vært fin og egentlig for hektisk. <3

    4. Vera Lynn: Sommervarmen er spesielt godt for kropper som ikke er på parti.
      Så artig å høre at du ikke syns bildene var helt fæle…må visst anskaffe meg ny mobil, da blir de kanskje bedre:).

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg