Dagar betre enn fantasien

 

Nokre dagar er det. Betre enn fantasien. Vi på nordvestlandet er så heldige. Veit ikkje om eg har opplevd noko slik før.

 

Dag etter dag med varme vindar, sol, shorts- og bikinivêr når september snart bikkar oktober. Det er berre å nyta.

I går flagra vi nedover mot bilen da vi kom over desse flagrande vesna. Det var fullt av dei.

Vi skulle veg å vitja besteforeldra. Dei vil framom dei, ungane, når dei er heime.

På returen ville yngste vi skulle stoppa, ho såg eit overkøyrd ekorn da vi for dit. Det låg der da vi kom attende også. Ho fekk det ut av vegbanen, det var visst nok ikkje noko fint syn.

 

Eg vart meir oppteke av solnedgongen.

Og over at sola spegla seg i biltaket.

“Skal vi køyra opp på fjellet for å sjå solnedgongen der” spurte eg.

Og det syntest ho som fekk køyra var heilt ok.

Men vi tok ikkje høgde for fjellet, verken på bredda eller høgda. Sola var gøymt attom det. Men fargane var fine.

foto:Ingrun

I dag hadde eg fri. Einaste haken ved dagen var at vatnet vart borte. Vi skulle uansett veg å sjekka det etter frukosten.

Yngste sprang og hoppa.

Det viste seg vi måtte lengre.… og fekk meir arbeid med det, dvs. yngste. Det er forskrekkeleg å skjøna at dette får eg ikkje med kroppen min .

Attende får vi auga på fullt av blåklokker i ei skråning. No -.

Eg vert hengande litt attom….

foto:Ingrun

Dei to andre, den firbeinte og tobeinte er godt i tet.

Nede igjen heng ei skikkeleg raudt eple på epletreet.

Etter yngste har fått arbeidd med ei innlevering et vi middag på terrassen.

Så tek ho som har vore heime nokre dagar avskjed med kompisen. Han som både har fått pelsstell og negleklipp. Turen attende til det som er hovudheimen nærmar seg.

Og i morgon er ein ny dag. Himmelen lover ein ny vakker dag også i morgon.

12 kommentarer

Siste innlegg