Eldstemann, hausten, Ludvig og andre firbeinte

Så er det berre dyra og eg att. I kveld reiste eldstemann. Han er sjukemeldt i seks veker.

 

“Så eg kjem sikkert igjen” sa han. Og meinte medan han var sjukemeldt.

Det er ikkje så ofte han er her heilt aleine. Men han fekk og være med opp til brønnen for å sjå etter vatnet. Siste tur siste september. Så no er vakta heilt over.

Vi gjekk og forbi ein så utruleg vakker kalv. Er den ikkje fin?

 

Litt vittig dette; helga før denne var det yngste som var med, og enno ei helg attende var det mellomst som var med for å sjå etter vatnet.

 

Her er eldstemann og herr boff kome ned, dei valgte jordet og eg vegen.

“Vil du berre ha ein av dei heime i gongen”, spurte faren, som vi var framom før sonen tok bussen til byen. Nei, dette ordnar dei så klart sjølv…..dei kjem nå dei vil.

 

Herr boff vart forresten svært glad da bestekompisen kom att  1. november, etter at han har vore borte svæææært lenge. Dei helsa på kvarandre og hadde ingen problem med tida som hadde gått. Ludvig var sky, men tok i mot maten med god appetitt. Men han tør ikkje gå inn i huset enno.

På søndag tok sonen og eg turen opp til setra.

Gjekk turen langs elva, som buktar seg rundt setervolden.

Det rente fisk i ho, men eg såg ingen fisk – berre rennet i vassflata.

Det er så fint å ta denne turen.

Det hadde regna, så det hadde danna seg eit vatn nedaføre seterhusa.

 

I går var det ein vanleg arbeidsdag. Dagen i dag hadde eg fri.

Vi drakk kaffi på terrassen, min eldste og eg. Temperaturen viste igjen fram sommaren. Men i kveld regnar og bles det, vegane var mørke og sleipe på tur heim att. Og korgmøblane ute på terassen var gjennomvåte.

 

No skal eg strak finna senga, i morgon er det ein ny dag.

 

 

6 kommentarer
    1. koselig tid du og sønn fikk sammen,det er hyggelig når søsken møtes,men godt å få alene tid med hver og en også selv om barna er vaksne :))
      tror sommeren vi fikk et snev av reiste igjen nå,nå er det høst med vinter i nesebåra,ha en fin dag

    2. Så landlig og fint det var der.. Koselig med besøk av sønnen ..fin gutt ser det ut til.. Ja de må komme når det passer for hver enkelt.. :)) Vakre naturbilder også.. Ha en fin kveld <3

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg