hits

Når det ikkje går heilt på skinner...

 

Opp og ned som ein skinnfell er det eit ordtak som heiter. Det kan være konklusjonen av den veka her.

 

For eg skulle alt, og gøyv på veka med alt eg hadde.

Men da fredagen kom måtte eg ta fram ekstra energien og meir enn det. Eg vil gjerne fortelja om dagen, for det er aldri langt mellom tragedie og komedie. No hadde fredagen ingen av delane, berre eit snev.

 

Far skulle til optikar, der vart eg beordra til å væra med inn av herr optikar. Der sette han i gong å ta åt meg fordi far ikkje hadde møtt på siste time. Kva eg sa høyrde han ikkje på, han berre helt på det han sa. Far trudde han nok ikkje var tilregneleg.

Men undersøkinga var gjort, det var det viktigaste.

 

Eg hadde planlagt dagen, kvar eg kunne finne rullestol osv. Far har ikkje balanse, nevropati heiter det han har. For eg skulle hatt ein sjekk på augo mine. Fekk plassert mor og far ved eit kaffibord, før eg fauk dit eg skulle. Berre for å få vite at optikaren var sjuk og at dei hadde sendt ei melding som dei ikkje hadde fått sendt. Viste det seg.

Resten av dagen gikk greitt, men da vi køyrer i land frå ferga viser det seg vegane mest var uframkommeleg. Så det var berre å ta det riktig roleg. Nokre stadar var det brøyt. Vi bruka laaaaang tid, men tilslutt kunne vi køyra av der foreldra mine bor.

Eg tenkte med gru -.

Det er bratt opp til dei. Og sjølv om vi møter ein svært behjelpeleg brøytar, så kjem vi oss ikkje opp.

Far blir stabla ut, eg tek han i arma, sjølv har han krykker - og attom går mor å skubbar på. Eg var redd for at ho kunne detta også. Ho fortalte etterpå om føtene til far, som sto både på kryss og tvers.

Etterpå kom eg meg ned for å henta varene i bilen. Eg greidde også å manøvrere bilen ned att, utan at den starta å skli.

Har erfaringar frå den vegen der.

 

Heime hos meg sjølv var det heller ikkje mogleg å koma seg opp. Før eg går ut av bilen får eg melding frå ho ned i kjellaren, at katta hadde dratt inn mus.

Eg sendte ei melding om at det var nok no.

Døra står open inn i vindfangen og framom mi dør var det stabla fullt av tunge sofaputer.

 

Men eg er snart ved målët, gle meg til å tenne opp i omnen. Mus har eg ikkje kapasitet for.

Oppe oppdagar eg spy, og ikkje vanleg spy, men hundemat blanda med noko fryktleg seigt. På teppet også. Eg får skrapa opp etter beste evne. Dreg ut teppet, men da har eg ikkje krefter til å gå ned å hente sko. Går ut i sokkelesten. Dei er av ull.

 

Så kan eg endeleg sette meg på do, men rullen med toalettpapir står igjen i stua......og da eg skal ta opp ein rull.......viser det seg at det er tomt! Vi har vore fleire i huset ei stund, da er det ikkje like enkelt og ha oversikt over slikt.

Da hadde eg berre igjen å ta sprøyta, tek den fredagskvelden........den er berre så ekkel å ta, skikkeleg bra avslutning på dagen.

 

Slik kom eg til endes av fredagen.

 

I går var eg sjuk. Hosta og pøsa på med c-vitamin.

Ikkje super i dag heller. Veit ikkje om eg tør besøkja faren min, som fyller 94 år i morgon. Eg vil ikkje smitte han.

 

Men eg satsar på at alt er så mykje betre når ein ny dag står opp.

 

Dette var avslutninga på mi veke, som eg elles er rett så fornøgd med.

Bruka sikkert berre noko opp for at alt blir så bra at, framover.

 

God natt!

 

 

6 kommentarer

Eva

29.01.2018 kl.09:14

Høres ut som at alt som kan gå galt, går galt. Men håper jo at resten av uken var mindre trøblete :)

Jeg har katt jeg også, og ja, det har skjedd en gang at han tok inn en mus. Jeg var snar om å få den ut igjen, og katten var meget fornærmet for dette. Tror ikke han helt har skjønt konseptet ;)

Håper du blir i form til å feire din far....Gratulerer så mye til han <3 Jammen ikke verst å nå så høy alder :D

Masse god bedring til deg, håper du friskner fort til <3

Klem

BforB

30.01.2018 kl.19:41

Eva: Ha, ha, det var nesten som en kunne si det...men det var en del som var bra gjennom denne fredagen også. Heldigvis!
Katta likte nok ikke det nei, her i huset bor fire katter. Det var katten til leieboeren som lagde oppstyret.
Det ble nok ikke noen feiring av far for min del, kan ikke smitte han med denne hoste. Men vi skal feire til lørdag. Og så har jeg tenkt å ta en feiring her også, for jentene mine vil så gjerne feire - men har ikke anledning førstkommende helg.
Takk for god-bedring hilsen, tror jeg er på bedring nå.
Klem <3

fruensvilje.blogg .no

29.01.2018 kl.17:12

jammen skal livet ha sine utfordringer,men verst synes eg det var att han optikeren skjende på deg for att din far ikke møtte til siste time,det kunne han spart seg for mener no eg.

Krysser fingrane for att du går på skinner inn i en ny uke uten dei store problemene :=) og god bedring ,håper du slipper å bli skikkelig syk

BforB

30.01.2018 kl.19:44

fruensvilje.blogg .no: Ja, han hadde godt kunne latt det være med å si det en gang, og ikke minst hørt på hva jeg sa. Men han var veldig overbevist om sin egen riktighet.
Snubla litt den uka her, men blir bedring igjen. Takk skal du ha. Klem<3

annebe

29.01.2018 kl.17:23

Det skal ikke værra enkelt gitt..hehe.. Merkelig optiker som lot deg få "skylda"..han hadde vel en dårlig dag..eller er en surpomp..
Ikke barebare med veier og dårlig føre særlig ikke når en har med seg folk som trenger hjelp.. Ønsker deg god bedring og at ting ikke blir så plundrete denne uka :) Gratulerer til faren din :)) Klem <3

BforB

30.01.2018 kl.19:47

annebe: Fikk vite at denne optikeren er noget prega av humørsvingninger. Ja, ja ;).
Fredagen ble den verste værdag hittil denne vinteren, men det gikk det også :).
Takker for gratulasjonen til far, han setter pris på å bli huska på. Klem <3

Skriv en ny kommentar