Ei helg i flyt

 

Helga er over. Ei fantastisk helg. Ei helg ein kunne flyte i gjennom og følgje eigne innfall.

 

No er ikkje mine innfall så krevjande. Eg er nokså grei slik.

Men det å skulle verta oppvarta ei helg, innfridde.

 

Fredag morgon sette eg meg inn i bilen, einaste minuset var at eg hadde for lita tid. Men eg rakk hurtigbåten som skulle ta oss med til ei øy i havet. Og frå da av starta nytinga. Og sjølv om havet gjorde seg usynleg i snøkave var det å flyga over sjøflata som ei draum.

Vi gjekk på land på Hitra og rett inn på ein buss som skulle køyra oss til Frøya. Trillekoffertar vart plassert og så var vi i fart.

Utanføre var veret kvitt med påskegult ljossetting. Eg hadde musikk på øyra.

Frøya hotell var nydeleg. Veldig hyggeleg betjening og svært god mat.

Etter kaffi og kaker da vi kom, vart det lunsj. Tjukk, kremete fiskesuppe med crispy grønsaker i, gulrotbrød med urtesmør til. Og kaker, desserter og kaffi etterpå.

 

Etter dette måtte eg ut i gråværet.

Eg avgjorde fort at det var ikkje denne helga eg skulle ha streng diett. Denne helga skulle eg berre nyta det er fekk.

Turen vart såpass lang at natta etterpå ga krampar i føtene, måtte opp å dusja dei i varmen fleire gong denne første natta. Men kva er å forventa etter den lange perioden eg har hatt med inaktivitet.

 

Om kvelden var vi oppe i ein restaurant med utsikt utover havet. Snøkavet var fortsatt der, men ein fekk det spesielle ljoset før mørket kom.

Forrett var roastbiff av hjort, hovudretten lagvis torsk og laks på ei  seng av potetstappe og desserten varm sjokoladefondant med vaniljeis til.

 

Vi var 25 som reiste. Dei aller fleste mykje eldre enn meg. Men det å snakke med folk har ikkje noko med alder å gjera. Eg vert så fasinert av folk. Og eg vart kjend med nye folk.

 

Laurdag hadde eg massasje på programmet. Det å berre overgi seg sjølv til nokon og berre kunne ta imot –. Eg låg å tenkte på kor fantastisk gåve dette var. Kunne få dette.

Har eg vore katt hadde starta å mala…purr, purr – liksom.

 

Seinare vart eg med nokre i trenings rommet og etterpå hadde vi ei lang tid i boblebadet.

Vi åt hjortkarbonadar til lunsj og om kvelden var det tapas buffet.

 

Og da var vi framme ved turens utfordring. For det skulle væra fest.

Eg pynta meg og gjorde det beste av det som var grunnlaget.

 

Folk strøyma til. Faktisk i alle aldre. Menn med knekk i knea og som gjekk rett fram skeivt, medan dei drog opp buksa. Alkoholen gjekk i årane. Damer som hadde stæsja seg opp og minna litt om påfuglar.

Musikken var ein gamal slager; Gluntan!

 

Eg heldt ut litt. Men dette er eg så avvent at eg starta mest å få spasmar. Og dansebandmusikken er frykteleg å få innover øyregangane.

 

Så eg fann ut at eg kunne gå på rommet mitt, litt.

Og der vart eg.

 

Eg såg på den godt vaksne dama, sminka opp. Men preg av og ha kollidert med åra.

Så eg fjerna alt. Sminke, kleda og tok på nattkleda. Slo på tv’n og tok fram strikkinga.

Snakk om……

Men det gjekk ikkje lang tid før eg avslutta heile dagen, og med musikken av Gluntan i det fjerne, sovna eg.

Eg tenkte at eg skjøna nok ikkje kva eg kanskje gjekk glipp av og mitt eige beste, single dama. Her var havet fullt av fisk…kanskje, og eg var plassert midt i smørauga. Og Frøyværingen hadde god økonomi fekk eg vite. Men er ein dum, så er ein dum. Og det var fantastisk godt å sove.

 

Siste dag vart sløv. Men det var greitt. Det var godt å berre ta den roleg. Eg fekk snakka med nokon som eg ikkje hadde snakka med sidan eg var ung og som mista sonen sin, som eg var god ven med. Er så glad for at eg fekk det. Fekk møtt dei etter alle desse åra.

 

Sola var komen fram og returen hadde mykje nydeleg å sjå på.

Natur, natur-.

Eg kjende det skulle verta godt å koma heim da eg pakka saman helga.

Så var vi framme ved hurtigbåtterminalen.

Der sto denne utstillinga. Litt Neptun og litt havfrue. Eg syntest den var så fin.

Eit fint punktum på ei svært god og fin helg.

Eg kan tenkje meg attende til sommaren. Eller ein annan sommar.

Mykje eg kunne tenkt meg å sett meir på. Blant anna Halten fyr.

 

Nærmiljøet kan visa seg å væra verdt eit besøk.

 

 

12 kommentarer
    1. Slett ikke dumt med en tur i nærmiljøet, og bare det å kunne slappe av, få maten servert og gå tur. Høres ut som en perfekt tur. Fikk meg til å minnes et par hotell jeg har besøkt alene. Musikk i bakgrunnen, frihet til å velge hva man vil og gleden over alt. Fine minner fikk du, og lyst til å ta en tur til en annen gang. Så bra! Nyt kvelden og minnene.

    2. Virket som en fabelaktig helg. Godt med slike avbrekk. Og det boblebadet. Tror jeg hadde brukt mye tid der…..:)
      Flirer litt av de med knekk i knea. Jeg hadde garantert gjort det samme som deg….Tror jeg…:)

    3. natheless: Ja, denne helga var nytelse. Inn i mellom bør en unne seg slikt. Og ikke minst praten med nye mennesker i andre livsløp.

    4. maiken: Det ble bare ett besøk i boblebadet, men godt var det. Mindre knekk i knærne hadde kanskje frista til å holdt ut lengre :))).

    5. fruensvilje.blogg .no: Helga var kjempefin, og takk, hyggelig sagt. Strikking, søvn og tv…..tegn på at en har blitt skikkelig voksen antakelig :)))).

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg