Når alt er vakkert

 

Sol ute, sol inne, sol i hjarta, sol i sinnet……

 

Det var ei regle frå barndomen. Hugsar ikkje kvar frå, kanskje var det frå minnebøkene si verd.

I dag er ein slik dag. Desse orda stemmer. Sola skin frå knalderblå himmel og snøen kastar ljoset rett i auga. Innom stoveglaset mitt ser det slik ut -.

Litt kaldt, men vil tru at om litt kan kaffikoppen nytast ute.

Eg tek fri i dag, men dei neste to må eg mest jobba. Det er heilt greitt, har nokre ting eg må få unna meg.

 

Dei to eldste var med heim på torsdag. Det var kanskje meir natt da vi køyrde over fjellet. For mellomste var ikkje ferdig på jobb før 23. Begge hadde pakka veskene, så da var det berre å setja bilen på retur når alle oppgåvene ein skulle, var løyst.

 

Eg hadde time på St.Olav, etterpå drog sonen og eg og bruka fire timar på Ikea!

Einaste ærendet var at eg hadde lyst på ny matte på badet og handkle i same farge. Men eg fann ut eg vil unne meg handkle i litt betre kvalitet enn kva dei har der.

Men vi kosa oss, rusla rundt, samla idear, snakka, åt, rusla vidare. Eg kjøpte litt, om enn ikkje så mykje. To pledd og to puter vart med heim. Eg har to skinnstolar eg må legge noko i, om ikkje limar dei deg fast i seg.

Palmehelga var berre så triveleg. Alt berre la seg til rette, slik som mat. Middagane vart av det slaget eg sjeldan lagar; lammesteik med fløytegratinerte potet, lettsalta torsk med stappe og eggsmør og til slutt hønsefrikase…….og så klar mykje grønsaker til alle rettane.

Dyr og ungane i konsentrert foreining.

Og vi, vi har som vanleg tapetsert tak og veggar med ord. Temaet var utvikling, kommunikasjon og korleis verta ein betre utgåve av seg sjølv. Og om den spanande reisa livet er.

 

Fekk baka aniskringle, også eit barndomsminne. I dag fann eg dette sørgelege synet.

Raptusludvig kom inn i gårkveld som ein mellomting mellom krypande ullteppe og prosjektil. Han hadde nok angrepet posen i nattens mumlende mørke, – som skal seiast til hans forsvar, ikkje var lagt på plass.

 

Elles har eg nokre vaskeplanar, golva ser bedande på meg…..”vi må vaskast” seier dei. Og akkurat det har dei frykteleg rett i.

 

No vil eg helda meg sjølv i selskap fram til laurdag, da kjem jentene heim etter nokre dagar med far og hans si slekt. Yngste fekk levert siste oppgåve inn i går kveld, og eg gledde meg med henne. At endeleg kunne også ho ta fri. Sonen vil bruka dei siste dagane i påska til musikk, laga og slikt-.

 

Og eg sprett rundt, tenk det!

Fekk telefon frå legen nettopp, og ho fortalde om verdiar så låge som eg ikkje har høyrd sidan eg var oppmerksam på slikt. Kjenner eg er jublande glad. Alt er så bra.

Det er ei glede.

 

Kos dykk alle der ute i nettverda som og bor i den verkelege verda. Eg sender kaskadar med solskin og glede.

 

 

8 kommentarer
    1. koselig innlegg da,kjekt att dine verdiar er gode,kjekt att du hygger deg med dei unge og deilig å kose seg med gode middager :=) kjedelig med gjærbaksten da,men sånn går det når en ikke har slike ting på plass før en legg seg hi hi ,ha en fortsatt fin påske

    2. Så herlig med sol ute og sol inne…. Det er sånn som gir glede og lyst sinn <3
      Veldig kjekt å høre at meldingen fra legen var god, og ikke minst at du får fornyet litt i hjemmet. Det er kjekt å rusle rundt på Ikea av og til, selv om man ikke handler noe.
      Alt i alt et positivt og godt innlegg 🙂 Vi går mot lysere tider både på den ene og den andre måten 🙂
      God Påske til deg <3

    3. fruensvilje.blogg .no: Har baka nye kringler nå :))). Har koselige dager og mat er viktig. Takk, fortsatt god påske til deg også <3.

    4. Eva: Det er en fantastisk herlig tid nå. Spesielt når vi også får så mye sol. Og ikke minst når jeg kan bevege meg slik jeg vil.
      Ikea er egentlig en strevsom plass, men veldig hyggelig å oppdage at en kunne sløse med tid og bare ha det fint :).
      Takk, og god påske til deg også Eva <3.

    5. frodith: Herlig tid, og bare fint med de arbeidsdagene. Så deilig og stille på jobben, så fikk unna litt arbeid. God påske Frodith :))).

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg