Distré damer og krøll

No skal eg ikkje masa om helge som fyk og tid som går frykteleg..så hysj! Men det har vore helg.

Denne helga kom yngste heim. Da vi er på tur til besteforeldra vil ho gjerne køyra. Ho har vorte flink attom rattet.

Vi finn ut at vi treng pleie da vi var heime att, slik som ansiktsmaske og andre slike pleiegreier.

Så kjenner eg plutseleg på at eg vil vekk med hår. Hår oppå hovudet. Yngste hjelper meg.

Her slit vi ikkje frisørstolane ned for å seia det slik.

 

I gårkveld får eg ein telefon frå yngste. Ho er framme ved døra si i Trondheim.

“Mamma”, seier ho, nøkkelen til bilen ligg i lomma mi”.

“Ekstranøkkelen” seier eg kjekt, samtidig som det dukkar opp ein mistanke.

Det blir starten på ein leiteaksjon, gjennom alle lommar og sekker. For ekstranøkkelen ligg ikkje på plassen sin. Og ei sterk kjensle av at den ligg i bilen. Håpet om at bildøra ikkje vart låst blir knusa da eg tek turen ned til bilen.

Og eg som skulle tidleg på jobb i dag, det er mykje som skal gjerast. Men etter å ha kava utover kvelden, vart eg einig med meg sjølv at dagen fekk verta heime i dag.

Kanskje var det meininga.

Det var da eg hamna i eit akutt jålehjørne. Fann nokre rosa krullesaker fra gamle dagar. Dei vart snarra opp i det håret.

Nokre timar etter var det også vorte krøllar på utsida av hovudet. Dei inni synest ikkje så godt.

Så slik vart dagen i dag.

I kveld, etter mørket var komen, gjekk ei dame og ein hund att og fram på ein busshaldeplass. Bussen stoppa og dama fekk henta ut ein pakke.

Det var utruleg godt å pakka opp innhaldet. Ein slik liten dings er viktig.

I morgon tidleg skal den brukast, og eg kjem nok til å nyta å vri den om. Da skal eg krusa innover mot sentrum, og håpet er stort og breit om at det sit ein supereffektiv skapning attom rattet.

Da vil nok krøllane vorte glatta ut i ein streng topp.

 

26 kommentarer

Siste innlegg