Kos og kaos

Formiddagen er lang, sjøl om den er oppbruka. Eg sorterer. I tankar. 

 

Himmelen er blå, fjella skin kvite med sol på.

Eg vurderer solhelsing i dag. Om eg greier å gå ned på knea.

No får kroppen til å oppføre seg!

Kom på eg hadde gløymt å ta sprøyta for leddgikta. Kanskje derfor. Derfor fekk eg teke den i dag, nokre dagar på overtid. Kortisonbehandlinga startar eg nedtrapping på i dag.

Det er bra.

Eg kan ikkje fordra å putte alt dette inn i meg.

Men eg vil også fungera.

Skal skrive til legen om ståa i dag. Om sjukemeldinga skal forlengast. Trur eg vil prøva meg på jobb, så mykje som står og ventar.

Førjulstid.

Kos og kaos. Kaos og kos.

Grønkåldrikke, oppskrifter, vitaminpiller og baking.

Eg kjenner på at eg koser meg også.

I kaoset.

Jul, jobb, kropp og ingenting heilt på stell. Faktisk det meste att. Men det er mitt liv. Mitt uperfekte liv som er perfekt for meg.

Og det må seiast, eg har alle desse små tinga eg går opp i. Mitt reknestykke som skal gå opp, ha ein balanse. Utanfrå kan det sjå ut som dette ikkje var eit så godt oppsett. Innanfrå er det eit riktig bra.

Hurra for livet.

Det er ikkje eit glasert kakestykke med rosa fyll på. Livet er til å settta tennene i og fortære. Det er kos og kaos.

Ha ein nydeleg dag. 

 

12 kommentarer

Siste innlegg