Dei nære ting

Ein halv månad

Året har fått fart på seg. Plutseleg er halve april gått og vel så det. Det er ein isande kald vår. Eg oppheld meg i ei boble i trinnlaus fart.   For dagane berre går og går. Utan nokon star...

Ein dag, ein søndag i mars

Det er ikkje noko nytt under sola. Anna enn at den står opp ein time tidlegare i dag enn i går. Men i dette ruskeværet  vises verken sol eller himmel.   Blåsten og regnet lagar eit grå...

Titt tei

Nokre dagar labbar langbeint og stive fram gjennom livet ditt, da er det berre å klora seg fast og gjera det ein trur. Ein får alltid dei meir sindige dagane også.   I dag er ein slik dag. ...

Det gode som er godt

  Det treff. Eit eller anna, midt i-. Det blinke, glitrar og dryp.   Det er sooooool over kvite jorde. Eg blir treft midt i  senteret for lukke. For no er det i gong. No er det i ...

Vinterdagar gjennom veka

  Siste veka i siste vintermånaden kom det snø. Verda vart grafisk. Vegane vart glatte.   Eg har heldt meg på vegane. Eg har vært i tankane. I tankane mine. For tankane køyrer etter...

Ein sjuk søndag

  Det er sommar, det er sol og det er søndag er heilt feil....søndag er det riktig nok.   Ein våt, grå, dundrande, regnade, illeluktande søndag å vakna til. Eg er redd synet allereie f...

Pust er liv

  Det kjennes så lett. Berre sitja å tenkje og sjå.   Fire brødskiver er eigentleg to for mykje. Men det blir litt slik både frukost og lunsj. Det lir på dagen og eg har vore oppe leng...

Dei reiste

  Han skjøna det boffen. Han skjøna dei for. Han er ingen dum hund.   I helga har han fått fleire i flokken sin. Først berre såg han. På den nye. Augo gjekk. Kven var dette? På slut...

Fridag og fredag

  Enno ligg dagen der med mange timar. Dei har eg ei plan på å bruka godt.   Snart kjem sola over fjella, ikkje mange dagane igjen-. I dag kjem barna, alle tre og to kjærester. Den ein...

I svart og kvitt

Slik gjekk dagen. Litt slik fort, men utan stress. No er den over.   Minus og pluss, sjø og land. Litt glatt og litt vått. Fjøra ein vinterdag. Dit gjekk turen i dag. No er natta her....

I augneblinken

Å sitja her, i ro og fred utan ei plan men med tankane om alt ein kan.   I dag har eg fri. Det er så mykje eg har lyst til å putta inn i ein fridag. Skriva blogginnlegg. Rydde i heimen.........

Det tenkjer eg på

Eg må framom for å seia hei. Vart ein ufrivillig pause. Slikt kan skje.   Da eg starta med blogg var det for å leita etter energi. Eg forsto ikkje heilt kvifor ting var som det var. Etter kv...

Fredagen som vart søndag

  I springfart mellom alt og intet sit eg her både den eine og den andre dagen. Å himlande, hildrande du kor godt det er med ein fredagskveld slik dann og vann. Eg har henta ved uti slafset,...

Forventning, 3. utfordring

  Dagane går fortare enn kva bokstavane gjer. Dagane går fort i eit nytt år også. I kveld skal eg skriva om utfordring.   Det var fruensvilje som ga meg denne utfordringa. Forventni...

Svar på 1. utfordring i friluft

  På torsdag ba eg om å verta utfordra. Eg kom med ein påstand om at eg kunne snakke om kva det skulle være. Kan hende eg tok munnen min i overkant full, men har eg sagt dette, så har eg det-...

Meg VS eg

  Ljoset er sløkt ute og tent inne. Her sit eg og ventar på at eg lagar middag åt meg.   Den står og varmar seg, så slik er oppgåva enkel. Snart skal eg legga opp på tal...

Det som er grått

  Det er mildt i juleland. Frå himmelen drypp det og naturen er hylla inn i grått.   I går bar eg både ved og hengte opp.....ikkje fugleband, men meisebollar. I dag er det ingen fuglar...

Sorg eller forvirring

  Plutseleg tenkjer eg; kva i all verda. Kva har eg gjort.......   Eigentleg skulle eg ha vore jublande glad. I går var eg veg å henta meg bil. Lånebil. Eg har bil til bilen min er...

Ein kveld dekka opp til meg sjølv

  Mett er eg her eg sit. I ljoset frå teljosa på bordet.   Akkurat no sit eg med musikk på øyra. Den treff rett inn, inn til det indre av meg. Eg likar ta på meg headsettet og bo i mus...

Tenk det

Forvirra sit eg her. Forstå det den som kan at det går an..... I gårkveld var det eit forrykande vêr. Eg måtte berge inn boffen da haggelskot vart sendt mot jorda.....altså haggel som i snø... ...

Ein dag og eit innhald

Taxi, kontor, bibliotek, pause med matbit, basseng og heim att.....slik har rammeverket på dagen min vore.   Så no har eg fri mest ei veke. Eller, eg tek fri i seks dagar. Da er eg omtre...

Kanskje ikkje så ille

I kveld er eg fryktleg sliten. Så i kveld skal eg klara å leggje meg i det som heiter rett tid. Eg trur på det.   Det  tek på å ha så lite på stell. Der ein er avhengig av andre og må v...

Når det er vaska

I kveld er eg så glad fordi eg har reint kjøleskåp. Det er skikkeleg godt.   Vurderte om eg skulle ta bilete frå skåpet. Så glad var eg fordi eg har gjort det. Det har stått på lista mi ei s...

Mobil i haustmørket

  Ei dramatisk forteljing frå det verkelege liv.   Hausten var komen. Med regn. Etter alle desse dagane med sol. Slik litt irritert oppdagar eg at mobilen ikkje var med inn. - ...

Dagar med samtalar

Snar ei veke har eg fått delt kvardagen med nokon. Det er ikkje noko nytt. Men lenge sidan eg har hatt så mykje tid med min eigen son.   Han kom heim på tysdag. Fordi vi skulle på seminaret ...

Halvveges

  Halvveges i hausten er denne helga også over. Den har gått fort og den har vore fin.   For dagane går fort. Så enkelt er det. Fredagskvelden dura eg over fjellet i kombinasjon a...

Enkelt ein tysdag utan store fakter og med selfie

Dagen loffa inn i solnedgong og mørke. Berre for det den fekk lov -.   For da eg vakna i dag var verda skral. Eg forsto eigentleg ikkje att fram på den. For eg var innstilt på det eg skulle....

Himlane og fargane

  Hausten med alle dei fine himlane.  Alle dei fine fargane. Naturen er så roleg. På ein måte. Visst kan stormane rasa. Men denne veka har vore som eit vakkert fargeskrin. Det godt be...

Kroppen sin stemme

Sola  kjem på skrå i møte, no midt på dagen. Akkurat da kan den varme litt. Om morgonane er det eit anslag av rim. Ein morgon måtte eg fram med skrapa....   Eg tru sommarkleda kan pakka...

Ooops, ei veke passert

Så lakkar ei helg mot kveld og natt. Saman med ei heil veke. For det har ikkje strøyma bokstavar gjennom fingrane mine til tastaturet. Derfor - ingen blogg. Før no!   Mykje av grunnen e...

Slik er det

  Akkurat slik, og akkurat det er det ikkje noko å gjera med. Så da gjer eg alt anna som eg kan.   For laurdagen er stått opp og eg med den. Dagen er alvorsam, men sola dreg på smilet ...

Harmoni i handel og vandel

  For ein september.  For ein haust. I dag har dagen vore vakrare enn ein draum. Eg tok ikkje bilete da det var som vakrast, eg tenkte eg fekk gøyma det i minnet.   I dag sku...

Symjetak

Morgonen kom  men den lågmælte lyden på telefonen. Først håpa eg tida var stilt feil.   Det var den ikkje. Så det var berre å koma seg opp. Ute var det ubestemmeleg grått. Eg fann fram ...

Akkurat no

  Dagen strekte seg bort i kvelden før eg var heime. Eg trudde eg skulle være heime før. Huset låg der som eg forlèt det.   Eg har ei kjensle av fridom i ufriheita. Hausten verkar så e...

Etter ein lang dag

  Klokka ringte halv sju, no er den halvtolv på kvelden. Og det er hysterisk godt berre å sitja her å trykke bokstavar utover skjermen.   Etter morgonens vanlege prosedyrar var det nok...

Søndag med sol og regn

- er snart over. Ein fin dag i september. Ein slik dag ein vil gøyme i minnet.   Denne helga kom og gjekk også. Enno er det nokre få timar, men sola har gått med attom fjella. Eg sit her me...

På veg mot mørke

  Men attom, attom........finnest ljoset. Alltid.   Ein sving innom for å fortelja at det er ikkje noko nytt under sola. I mi verd. Dagane labbar mot haust. Ein venner seg til det og...

Ikkje noko spesielt

Det er berre ein dag på slutten av august og ferien er over. Det rengar og alt er slik det er og det er greitt.   Vurderte både å reise til Trondheim og køyra mykje rusk på søpla. Men det re...

Kaptein Vom

  Bomelom og alt godt til dagane som kom, kjem og for. Eit mindre sjarmerande innlegg....     Det er ikkje godt når kroppen på ein måte seier stopp. Når mykje av det ein ska...

Eg og meg og alt slikt

  Om det har vore stilt frå meg ei stund, så har eg tenkt mange innlegg....men dei visest ikkje dei.   Og eg tenkjer mange tankar om kva og korleis... På alle desse dagane som rasar i ...

Det er mykje som er bra

  Ein ny vakker dag i ferielandet Noreg. Med vakkert solglitter i sjøen.   I går hadde eg ein fridag, utan at den var plagsam fri. Eg hadde dagen med sjåføroppdrag. Køyring av yngste ...

Mitt viltvoksande rike

  Det summar i sommaren, det duftar og det spreie seg alt som veks. Nokre dagar er det ekstra godt å koma heim. Betre enn andre dagar. Berre verta sitjande i bilen å kjenne ein er heime. Hei...

Det grøne og det rosa

Så har enno ein dag trilla over himmelen. Ein dag utan dei store faktene.   I går starta dagen gul. Eg var innvendig sur og overhovud ikkje kul. Dagen enda grøn, som ei god løn. For dagen v...

Eit friminutt

Som den vêrpoeten eg er kan eg fortelja om lågt skydekke i driv sidt bortover fjellsida.   Heime igjen. Etter fleire dagar borte. Dette var logikk. Den logiske grunnen var flytting. Av y...

Blått og grønt og planer

Ny dag med sol på.........   Bladverket glitrar utanføre vindauge. Vinden snur og vender på blada i sola. Snart skal eg ut. Først skal eg berre sitja i sola, kjenne på varmen og ta ein kopp...

Eit rotehovud si dagbok

  Dette innlegget står i stor fare for å verke som eit klageinnlegg. Det er ikkje meininga.   For det er berre slik. Noko med realiteten og konsekvensane. Eg har skreve om det for ei ...

Siste reis

  Ein gamal travar har fått kvila, bytta ut med yngre krefter.   Slik er det. Slik går det. Eg har hatt - og teke mange avgjerde i det siste. For slik er det, når ein skal framover....

Søndag i sol

  Så er helga snart historie. Første helga i juni. For tida kan ingen springa i frå. Det er den som spring frå oss.   Sola har gjeve meg raud brystkasse. Sjølv om solfaktor 30 var funn...

Og ute skin sola

  Sola skin frå blå himmel. Det bles ein kald vind. Men det er nydelig. Det er så vakkert. Eg vakna etter ei for kort natt. Men eg fekk plastsekkene ned til vegen, plastsekker med plastavf...

Ut av det

  Når det ljosnar etter mørke kan ljoset verta skarpt. Så må ein mysa seg framover. Eg veit ikkje. Eg tenkjer på alt ein ikkje veit og alt ein trur. Trur ein veit. For det må nok være slik. ...

Sorg

  Ein farfar i livet skull´ alle ha syng Odd Nordstoga.   Eg hadde aldri nokon farfar i livet. - Ikkje farmor heller. Far mista faren sin tidleg i tjueåra. Da sa hjarta stopp. Hj...

Ei veke etter

  Å sjå på verda ute innanfrå er greitt det. Ei lita stund. Men det er greitt når det går over. Her sit eg......og kan ikkje anna gjera.......kan eg skriva. Og så skreiv eg det. Men eg...

Besøk ein laurdagsmorgon

I nokre verdar er grensene svært viktige. Dei usynlege grensene av lukt, mitt og ditt.   Lucas og Miranda kosar seg i sola   Sola sildra utover landskapet med stormande ljos og gled...

Dagar som går og går og går

  Eg veit ikkje att og fram på tida. Den er eit utydeleg begreip. Det einaste er at den går.   Det er lenge sidan eg har sitte her med data'n i fanget. For tida går så forskrekkeleg. E...

Fridag i februar

Våt, kvit og ufyseleg legg dagen fri framom meg. Fin dag og væra inne i. Om dagane no er eg inne i meg sjølv. Eg har liksom nok med å være der. Har ikkje så mange ord å dela. Men dagane har vort...

Heilt fantastisk

I dag vakna eg til ein fridag med skyfri himmel. Eg kjende det før eg sto opp. Før eg opna augo. Kroppen var ikkje så vond, kjakane var ikkje så stramme. Så bestemte eg meg.............ja, det var...

Snø og ved =

Strev og strev. Som også vil seie trening. Som eigentleg er bra.......... Og resultatet vert varme i omnen og varme i kroppen. I dagsloss eg med snø i fleire timar. Så da smakte det med hei...

Onsdag og mest helg

Nokre få timar i morgon og så helg. Vi er på fart inn i eit nytt år. Eg søv mykje, men kanskje det kjem av at året er så ungt. Det unge på kvile. I går var eg hos lege for å ta ein prøve eg ikkj...

Fjerde dag

Fire dagar i eit nytt år. Første dagen det ikkje var fritt. Kvardagen er attende. Det var kaldt og fleire blå minus. Svært tungt å koma i gong. Alt i meg prøvde å koma unna. Da eg atter var heim...

Framtid, framgong og god tru

Andre dag i eit heilt nytt år er snart historie. Det er laurdag og eg er sjefen i eigen heim. Ikkje at det er største problemet mitt, stort sett kan eg bestemme mykje om eg vil. Mange gong vel e...

Motbakke i snø og regn

Dagane er i fyk, og det er ikkje eg. Eg har parkert ein stad mellom sol og måne. For av og til er det ikkje meir å seia. Det meste er sagt og det meste er gjort. Og av til skjer det for mykje med ...

Ein heil dag til endes

Klokka ringte sju, til ein lang dag etter ei natt mest utan søvn. No er ikkje det å ikkje sova noko problem for meg, så å oppleve det er bra- for da set eg enno meir pris på at det ikkje er eit pro...

Eit lite hei

Prøve og sende frå meg nokre ord i kveld. For eg tumlar i rundt. I dag starta eg dagen med å velte ein kopp kaffi i golvteppet. Og så oppdaga eg at det var tomt for solsikkefrø som eg skulle ha ...

Utan punktum og komma

Er tida evig eller avgrensa? Korleis er tida........ Mi berre går. Chagall fra google Tida flyt gjennom årene mine. Og eg flyt gjennom tida. Som ein Chagall figur i flyt. Eg må feste meg i ti...

Dagen, snø og vegane

Det er på tide med eit blogginnlegg. For å fortelja at eg lever og at snøen er komen. Og at alt elles er ved det gamle. November ein tung og mørk månad. No vert den ljosare når snøen breiar seg ...

Framom ei ny veke

Det brenn i omnen. Det var rim på bilruta i dag. Eg må få skifta dekk. Den veka her har eit program eg kvi meg til. Mange møter som ikkje samarbeide med tida. No har eg vore hos psykomotorikeren...

Så godt og berre være

Eg er berre. Berre her og skal ingen ting. Og eg nyt. Den siste dagen min i avspaseringa mi, klarte eg det. Eg klarte å koma fram til å ikkje skulle noko. Så ute kan regnet berre fossa ned. ...

Eg er....

.....men ikkje så mykje meir. I dag funkar eg ikkje. For i dag har eg hatt time hos psykomotorikeren. Og etterpå var det den årlege kontrollen av tenner. Null hull og alt vel. Men kjente eg knyt...

Og så var oktober slutt

Framom ligg ein haug av dagar som høyrer til november. Desse to månadane eg rotar saman namnet på. Men det er så full haust som det kan verta. Ute bles det med kraft. Eg tenkte på alt som kunne ...

Den gode veg

Tru eg treng kart, kompass og bremser. Så var det søndagskveld. Og til tross for at vi fekk ein time ekstra merka eg det ikkje. Synest den gjekk like fort denne tida. I helga har eg både vore på ...

To knekkebrød og ein kopp te

Kor var det forb...holet. Eg sto der med nøkkelen i mørket. Det susa i mørket. Det var ein storm eller ein kuling......eller var det restane av slikt som laga lydane i lufta. I tillegg høyrde eg...

Ei plan utan plan

Så lenge, som er lenger enn langt........så langt og lenge, har eg ikkje vore i nærleiken av.........på aldrar av år. Eg vakna til dagen utkvilt. Dyra ga meg ein desperat velkomst, både dei inne o...

Midten

Det er på ein måte greitt å rekna, dele og kome fram til resultat som fortel noko. Om tid. Om glede. Og om det motsette. For når eg er ute og går, så veit eg at om eg går dit, tek det så lang ti...

Kvifor eg er heldig

Denne utfordringa var fanden i voldsk artig å få....... Så takk til Fruensvilje som utfordra. Kvifor eg er heldig...jau no skal eg fortelja.... Desse dagane som har vore som ein øving i å koma seg...

Eg låner

Det er så artig å sjå andre sine bilete. Så eg spurte like godt om å få låne. For nokre dagar sidan tok yngsteberta og eg oss ut i sol og vakker haust. Vi skulle på fotojakt. Yngste syntest ikkje ...

Irritabel eller sur

Sur, lei, kjei, tom.......og så bortetter. Kjært barn har mange namn er det sagt. Men kjært......... Irritasjon er ikkje eit kjært barn. Eg synest best om å ha det bra eg. I dag har eg vore på e...

Laurdag på fredag

Ikkje heilt i vater, men heng med slik havveges i svingane. I går hadde eg laurdag. Eg ringte til og med ein stad og beklaga meg for at eg forstyrra ein laurdagskveld. Barna lo godt da dei fekk...

Ei veke i vask

Eg vakna og tenkte; det er litt likar. Sjølv om det høljar ned og vinden river i alt den kan rive i, kjennes denne dagen litt betre. Litt betre enn på snart ei veke. Det verste tek ei veke, ten...

Månen kom ikkje

Morgon stund har gull i munn. Og kaffi hjelper absolutt på. Klokka var sett på ringing klokka fire. Eg vakna før. Søster mi var også oppe. Og vi kika, kika og kika. Eg var ute oppom huset og eg...

Sorga

Når ein tør ta livet i bruk må ein og tåla sorga. For den kan koma. Heilt ubedt. Sorga når noko er slutt er øredøyvande. Den er så trist og sørgjeleg at det går mest ikkje an å gråte. For alt so...

Ein av dei krevjande

Med ein kveld som ei mjuk handsaming etter ein dag med klør. Sit eg her. Som eit fillete teppe som har fått kvile. Drama i eit vassglas. Og ei forvirra dame som ikkje går ordentleg på føtene. So...

Ei heil veke til ende

Kva har eg gjort? Kva har eg gjort den veka her? Det veit eg ikkje, men det er haust. Vips.........slik går det. Plutselig er veka over. Og eg veit mest ikkje kva den har inneheldt. Men eg har f...

Ei veke til ende

Denne veka var lang. Så eg som klagar over at tida går for fort bør væra glad........ Søndagsformiddag. Det er godt, stille og grått. Seinare skal eg ut ein tur, og eg må gjera ein liten inn...

September

Gone. Både sommaren og ferien. Og slik som alltid-, er det eigentleg litt godt også. Så var det plutseleg over. Alt det ein ser fram til var med eit knips omgjort til eit minne. Dei frie dagane ...

I barndomens rike

Så kom kvelden. Dagen gjekk med mangt. No er eg ikkje til så mykje meir, men har igjen ein oppgåve.... Snart er dagen ved enden, men skal hente yngsteberta, som har slitt med vond hals lenge. Må...

Nord eller sør

Ute skin sola. Eg må taka ei avgjerd. Framtida ventar og eg skal inn i den. Eg ser ut av vindauge der sola auser strålane sine utover. Vindauga står ope. Og eg må ut i den verda. I dag og i morgon...

For mange år sidan og framover

Her sit eg og kan ikkje anna gjera. Eller........det kan eg nok, så klart....... Men ikkje der eg ville ha vore i dag. For 24 år sidan låg eg med ein liten gut i armane. Eit levande, lite barn, pa...

Med dagar i handa

Det luktar roser i stova. Det brenn talgljos og ein dag er over. Klokka har bikka midtnatt. Eg er på ein måte godt sliten. Føler eg har bruka meg på eit godt vis. Her eg sit i rosenduft frå rose...

Mirri

Så ser eg det og tenkjer.....kankje eg skal slå meg med. Og fordi eg er så vaksen så går eg til ei anna vaksen dame. Eg klappar laptop'en opp og går inn på bloggverdenen. Der møter det meg det e...

Snart, snart

Om å mest ikkje stunda opp. Der er eg no. Samtidig med murstein som ligg på augelokka. For eg er trøyt. Eg har lyst til å eta. Eg har lyst til å væra for meg sjølv. Eg er skikkeleg i fråssande, ...

Søndag i juli

På tampen av ei helg med ei heil, ny veke framom. Likevel er veka mest alt oppbruka. Slik er det. Men om denne veka vert travel, så er det like før ferien min snart....... Første ordentlege pust i...

Ein regntung dag

Kvar kjem det frå alt regnet? Når sola ikkje er framme? Er det ikkje sola som skin på sjøen som lagar fordamping? Som blir regn? Korleis kan regnet lagas utan damp? I dag (som var i går) vakna e...

Gleda i det einsame

I dag er eg berre enkelt og greitt skikkeleg introvert. Av og til er det skikkeleg godt. Ein morgon har gått over i dag. I ein grå dag. I dag har sola gått attom skyene, eller skyene gått framom...

Så var dagen over

Eg sit med føtene høgt, høgt og kjenner langt inn i det inste at YES, no var dagen over. For nokre dagar er slik at det er bra dei er over. Det prikker i føtene etter rimeleg aktiv i dag. Og eg ...

Laurdag, søndag og måndag.......slik i all enkelheit

Vi seglar i veg mot framtida........både eg og andre. I sol og regn. Med sommaren i ermet, der den leikar gøym og leit.......... No skal eg fortelja noko svært overraskande, og som eg kanskje ik...

I mellom sol og regn

Dagane har hastverk. Dei skal heile tida vidare. Og eg heng med som best eg kan i sol og skygge, i regn og kuskitlukt. Da eg vakna i dag regna det. Og eg kunne ikkje forstå kvifor eg ikkje tok i...

Velkomen helg

I kveld er eg ikkje til meir. Eg kom meg heim.........eg kom meg på land. Eg trur eg somnar på stranda eller i stolen......men eg kom fram. Når du sit på legekontoret ei veke før du skal føler d...

Hav og himmel hand i hand

Når sola skin og det er sommar vil eg gjerna væra over alt...... eigentleg. I dag skulle eg noko heilt anna enn kva som vart. Eg skulle på fjellet.....eller opp til ei seter i dag. Det var plana...

Mistanken er ein bitter malurt

Av og til opnar ein døra inn til dei hemelege rom. Der ein må trø varleg fordi det ein finn der kan raspa som ein sår hals, som ein piggtråhals på sitt verste. Når ein har opna døra er det for s...

Grøn laurdag

På tallerken min ligg ein haug spirer. Utanfor vindauge er det ei intens grøn verd. Det er laurdag og eg et frukost to timar etter mi eigentlege plan. Men det har ingen ting å seia. Det er laurd...

Tida og avstanden

Kven ventar over blånande blånar? Kva er det som skjer? Den som lever får sjå. Og leve har eg da tenkt og gjera. Her eg sit med eit hovud fult av gørr. Men fordi kan ein sveve på rosa skyer, om...

I ein kvit stol

Eg sit i stolen min, i omnen brenn det. Eg snufsar og et ost og kjeks. Da eg kom heim i kveldinga gjekk eg rett til sengs. Og eg sovna med ein gong. Sist natta var eg oppe fleire gong og gurgla ...

Hjula går rundt, rundt, rundt

I ein grøn, våt oase lever eg medan timane forandrar seg til døgn og nye dagar. For tida tek pulsen på travle dagar. Eg er heime og tida fyk i veg med meg. Desse dagane har vore så travle at blo...

Det sterke

Av og til er det for sterkt. Det er godt, skummelt og utruleg spanande. Det kan og væra frykteleg trist. Gjennom livet kan ein ha desse sterke kjenslene. Det går eit brus gjennom kroppen og ein ...

Regn, regn, regn

Så våt som denne dagen er, bør det snart veksa ut finnar. Eg har vore ut i bil. Eg har vore i eit møte. Eg har vore på vitjing. Det er triveleg å sjå dei som det er lenge sidan ein har sett...

Utslått

Nokre gamle minne kom deisande i går. Eg tru dei slo meg ut...... Yngste er heime i pinsa. Ho hadde rydda på romme sitt, og etterpå gått inn på ei bu for å sjå etter klatreutstyret sitt frå før ...

Over halve

Så er halve tida gått. Over det. Tredje veka er i gong av dei fire. Valldal presenterte ein grå dag i dag.Litt kaldt,og eg skulle gjerne unngått sandalane. "Du ser så sommarleg ut" sa sjukepleie...

Fekk besøk på soverommet

Eg vakna med ein touch energi. For i dag hadde eg lyst til fleire ting. Ohoiiii....... Butikk, tur, trening inne......ja, så og rydding i hytta..og vasking av klede. Skjønar..?? Etter frukost...

Orsak

Tid, tid og atter tid. Kor blir den av? Flaksar den av garde som ei forvilla kråke.......? Eg trudde når eg hadde all tid til eige bruk, da...... Men her er det ikkje slik, akkurat gått inn i mi...

Det vakre i gave

Det finnest så mange hyggelege menneskjer. Over alt. Også her eg er........ikkje minst her. Da eg kom hit for snart ei veke sidan møtte eg ei dame som eg hadde vorte kjend med her på blogg.no. V...

Når det berre stemmer

Ein og annan gong stemmer det. Det er godt og stemt og det vert vakker musikk. Og nokre gong gjennom livet har det stemt. Det har stemt så til dei gradar at eg har tenkt at no treng eg ikkje mei...

Eg orkar.......liksom ikkje........i kveld

Eg synest lauvet er brungult på trea. Våren vil ikkje heilt jubla. Sjølv om den mest gjer det. Berre ikkje akkurat no. Ein laurdag er snart over. Nest siste kvelden heime på ein månad. I dag tok...

"Kom mai du skjønne"

Så er vi her. Akkurat her. Der naturen er full av glede for det framom. Og vi med den. Siste vårmånaden er i gong. Den held på å kle seg i sommarhabitten. Det er ein fryd å sjå naturen, no -, nå...

Det snublande tilvære

Kva er det eg gjær så frykteleg feil, tenkjer eg. For noko må det være når alt skal snuble slik. Det gjorde han politimannen i dag også. Han gikk forbi bilen søster mi og eg satt i, og han ser i...

Fredag og aprilsnø

Vinteren vil ikkje heilt sleppe taket. Men sommaren lurar i sprekkene. Det er helg. Fredagen er straks over. Det er kaldt i min del av verden. I dag har eg sett både løvetann og snø. Både tidleg...

Ein storm i våren

Det bles ein vårstorm utanfor huset. Eg er glad, sliten, lei og takksam. For det går an. Eg kom heim etter ein alt for lang dag i dag. Både prikkete og rutete så sliten. Og så går eg inn på blog...

Mobil og helg

Først vaknar eg klokka sju, det er for tidleg. Klokka ti vaknar eg av ei melding. Da var det på tida og opne dagen. God morgon ein laurdag i april. Tenk så fint, både april og laurdag. Sjølv...

Dagen gjekk

Den gjekk berre forbi. Dagen. Helsa så vidt. Har du det bra sa den. Eg hadde ikkje tid til å svar på slikt. Det var for mykje å gjera. Hovudet var kopla litt ut. Liksom det berre sa tut-tut når ...

Melankoliens blå djup

Ein regntung dag er over. Igjen. April har fått bremser. Det er vått og vått og enno meir vått. Og så er det kaldt. Omnen er pakka full av ved og gjev ei frossen skjel varme. I kveld kryp eg ...

Utanom tid og rom

Spent er eg. Men eg må kanskje lengre inn i framtida for å være sikker. Tørre å være sikker etter alt som har vært. For over eit år sidan fekk eg vite at det fantes noko i huset vårt som ikkje s...

Ei tid for alt

Heime igjen. Brette seg langflat ut i sofaen. Kjenne, med kvar trevl i kroppen kor fantastisk det er. Sjølv om alt er mindre, meir uorden og større kaos, så er det godt. Godt og være heime. ...

I krekenes fotspor

Eit lettare skydekke ligg over dagen, og eg prøver og bøya å kreke........det blir fort krekar ut av det. Men det er vel noko heilt anna? Eller eit krek....kjem kanskje eit krek av å kreka.........

Hals og rygg og sol

Ein slik sjuk dag har passert. Og så var den sjukt vakker. Sola skin over ein bedrøveleg heim. Eller...... kanskje ikkje riktig bedrøveleg........men sterkt redusert er den. Halsbetennelseskrige...

Og dagen gjekk over himmelen

Liksom berre tom og trøyt. Eg vakna nok for tidleg. For i dag tidleg spratt eg opp av senga berre etter seks timar med søvn. Eg skulle køyra yngste til bussen som gjekk fem over halv sju. Tenk...

Sjuk og sjukare

Basselurkane er flytta til hus. Dei herjar med nasar, hals.... og rygg. Ei doven stemning ligg over heimen. Litt feberheit. Stikkande og sår for nokon. På retur for andre. Det hostast og harkast...

Ein liten pause

Sol, regn og vind. Fredagen er glitrande med dråpar på ruta. Og ljoset viser fram det ei flink husmor ikkje ville ha vist fram. Her i huset bor inga flink husmor, men eg treng å leika ei i dag....

Slik i all enkelheit

Kveld i stua, i stolen sit frua.......men eg er kanskje ikkje det? Men eg er meg sjølv uansett kva eg er. -Frue eller ikkje. Kanskje eg er ei furu eller furie? Akkurat no er eg mest mett og ...

I kveld

Vi er framme ved første vårmånad. Noko så inn i hampen godt. Godt langt inn i dei inste avkrokar av sjela. Så sit eg her. Det er søndagskveld og helga er over. I kveld må søpla trillast ned ti...

Berre ein bitte liten..

tur inn her. Fordi eg har ingenting å meddele, eller eigentleg har eg det og.... fordi bilen står igjen utafor døra. Den er godkjent, endeleg! Den har vindaugeviskarar som virke. Den har hjul me...

Sjåfør på laurdag

Innpakka i pledd sit eg her. Det er inn i hampen kaldt. Løna for å væra snill er ikkje alltid så god. Eg sit her på ein iskald hybel og ventar. Ventar på at tida skal gå. Akkurat det siste lika ...

Fredag den 13.

Det er denne dagen i dag ja. Eg bryr meg ikkje så mykje. "Det er ledig fredag den 13.." sa dama på tannlegekontoret. Så eg noterte timen og skal sette meg i bilen om under ein time. Det er ein h...

YES, eg kan

Snart er midnattstimen her. Så eg må snart sette strek for denne måndagen. Straks. Men eg er svolta. Kan eg ta meg ei brødskive så seint. Å yes, eg kan.....men kan eg sette infintivmerket framom...

Eigentleg

Eigentleg skulle eg ha lagt meg no. Eigentleg skulle eg ha gjort noko anna. Tru eg skal finne fram c-vitaminene igjen. Eit lite c-sjokk. For eg er ikkje i humør, skrapa for humor. Eg synest mest...

Å gjera

Jippi, eg skimtar i den meir flinke sida mi. Det siste døgnet har eg gjort ting. Ting utanom det som er naudsynt. Så akkurat no har egdet litt godt inni meg. Planavar å gjera enno litt meir, men...

Kvitt med blomar på

I kveld er eg trøtt og det er akkurat det eg skal være når det er kveld. For lang dag, men eg fikk unna meg mykje. Slik er fint. No er det avslapping i stolen medan vaskemaskina vaskar seg ferdi...

HEIM!

I ro og mak etter ein lang dag. Før ljoset slokkes for natt og drøymar. Eld i omnen og ein stor kopp te. Nett vridd nøkkelen om i mi eiga dør. Ei lita stund i stolen med data i fanget må eg unn...

Dagar og år

Så gjekk denne dagen sin veg også. Sjølv om kvelden ikkje er ung laga eg meg ein kopp kaffi. Ikkje lurt, nei ikkje lurt å drikke kaffi etter halv elleveom kvelden. Men veit du, akkurat det gjer ...

Eg og meg

Fredagskvelden på tapetet. Denne gode kvelden ein berre kan sige ned i sofaen og kosa seg. Mitt dansecrew har svinga seg over skjermen, eg har storledd med nytt på nytt, eg har sett på skravlin...

Dagane i eit nytt år

Inte vissta jag at det var sjølva livet...... Men eg gjer vel det, trur eg. Denne veka fauk fort forbi. Fredagen er fri og eg sit her med utruleg mange ugjorte oppgåver i rundt meg. Så slepp eg ...

Tida bles vekk

Når Nina fråder på Vestlandet går laurdagen fort over i mitt fylke. Kanskje den rett og slett blas vekk den også. Dagen kom og gjekk. Ja, det er nokre timar igjen før eg tenkjer dagen har vart l...

Dei fine menneska

Det finnest så mange fine møter. Både her på blogg og utanfor data'n. Eg er så glad for alle dei fine eg får lov til å møta. Fredag! Smak på ordet. Eg synest smaken er underbar. Sjølv om det er ...

Kaffe og kjeks

Ein pause i ein lang dag er ikkje å forakta. Torsdag i kvardagen sitt teikn er i farta. Da eg sto opp i dag var naturen gul og himmelen blå. Lyden eg vakna til førte til at eg tenkte på kleda....

Jula er over

Dagen har vore høg og blå. Utan ei einaste stjerne på. Og dagen er litt lengre, ørlite meir ljos. Eg er heime og det er berre kos. Fort går det ikkje med meg. Eg treng tiiiiiiid. Til alt. Og så...

Ein dag over ein dag nærare

På hjul fram mot jul, utan å nå enden av lista. Utan og ha fylt alle boksar, berre ha tømt seg tom. No har eg fylt meg med mat. Rakefisk med tilbehør. Det smakte godt, både maten og å sette seg ...

Orsak

Av og til skriv ein i lettare affekt. Det oppdagar ein i etterkant. Og å hamna inn i slikt for andre kan væra uønska. Derfor orsakar eg. Overfor deg som hamna oppi utblåsninga miav at eg var fry...

Korleis bruka tida

Her vil eg gje gode tips. Riktig gode tips. Eg har også sagt tidlegare at ein ikkje skal bruke ironi når ein skriv...... - Er du født med for mykje tid og har problem med korleis du skal bruka...

Snufs

Eg trur våren er komen midt i desember. Det renn. Mest som ei foss renn det. Ut av nasen. Det starta på butikken. Atsjooo! Gong på gong måtte eg nysa. Noko så frigjerande godt som ein nys. Dei k...

Eg er svolten

Når ein er svolten må ein eta. Da må eg finne mat for å eta. Og så må eg sette meg ned. Igjen! Eg trur eg kunna levd med minimale rørsler i dagar, veker, ja kanskje månadar. Og så klar og sli...

Ferie i november

Det er håp, det er håp i hengande snøre, seier vi. Og kvifor seier eg no det........ .........ja sei det, eigentleg er det ingen grunn. Men da eg gjekk over parkeringsplassen i dag på høge heler...

Grått og vått

Det er ein slik skikkeleg grå dag. Ein grå og ordentleg våt dag. Den kan ikkje verta meir grå dagen. "Eg må ta bilete, det er så fine fargar", seier ho eg køyrer til bussen. Så fiksar ho opp mob...

F for fredag

Innom i forbifarten. Her ståkar vi på kjøkenet, vi skal koooooose oss.... Er plana. Ho midt i kom heim i går kveld. Kva skal vi eta er det moderlege spørsmålet. Problemet er at eg skal ha streng...

Oppstart på dagen

Er det ikkje sakt at morgonstund har gull i munn? Eg veit ikkje eg om det eigentleg er slik. Har du det av og til slik at du har lyst til dra dyna godt over deg og sove vidare når du bør stå opp...

Tenner og besøk

Ein strålande måndag er over. En dag med solstrålar rett i auga når ein køyrer bil. Har vore ute og hengt klede. Kunne gå ut i korterma skjorte for å henge klede etter midten av november må ein ...

Tur i harmoni

Eg må ut, men kvar, tenkte eg. Eigentleg hadde eg lyst til å berre væra der eg var. Men eg skjønte at det ikkje ville væra noko lurt. Så eg spekulerte. Måletmed turen hadde eg alt bestemt, det v...

Fredag i farta

Denne dagen her har eg lyst til å bruka bra. Medan dagentravar travelt avgarde, sit eg i mitt eige kaffimodus. Fredag i stua og ein kopp kaffi må eg unne meg. Før. Før eg startar med slikt eg se...

Det må

Ikkje noko er gale forutan at det er bra for noko, er det sakt. Håper det stemmer. Eg har ikkje følgt med godt nok i timen. Eller, mykje går liksom rett vest, av slikt eg skal vite. Men som alt ...

Konsentrasjonstrøbbel

I dag går eg over i eit anna system. Eit system som gjer at inntekta mi reduserast. For eg er såkalla utbrent. Eg har vore delvis ute av arbeidslivet i eit år, da skjer det noko. Slikt er ikkje...

Dagane som går

Veker og helger passerer. Eg sit i den kvite stolen min og skriv. Av og til. Men meste av tida gjer eg andre ting eller ingen ting. Så er helga over. Før det vart heile veka også over. Tid. Tid ...

Effektivitet og damask

Nokre gong er ein for snar. Det skal være bra å være effektiv. I dag gjorde eg eit bra forsøk, og no skal eg fortelje korleis det gjekk pluss litt til. Og da vil eg starta for ei stund sidan. Da...

Gleda i alt

Timar kjem og timar går. Vi er med i dei heile tida. Vaken. Sovande. Vi er med på vårt vis. Så er vi framme ved ein ny laurdag. Det neste døgnet inneheld ein time ekstra. Denne timen som forsv...

Det gode

Jeg tror på det gode i mennesket. Det er mye større enndetvi ser. For alle prøver det beste de kan ut fra sine "verktøy", det tror jeg. Jeg tror på mennesket. Og jeg er heldigfordi jeg får lov til ...

Min lille kaotiske verden akkurat nå

Så knelte jeg der jeg mente jeg planta drømmen om snøklokker i høst. Snøklokkene som var det første tegnet i mitt barndoms rike, om hva som var i emning. Disse snøklokke løkene jeg har gjort gjen...
BforB

BforB

58, Kristiansund

Heilt enkelt er eg ei dame. Eg er oppteke av mykje og ein tanke oppbruka av alt eg ville. No leiter eg etter det store overskuddet, samtidig med at eg gler meg med mine nære. Er glade i tankar, og inn i mellom må eg ut med dei. Eg bor i ein liten kommune nord for Kristiansund, men fordi ikkje så mange bloggar der velger eg å føre opp byen som min heimplass.

Kategorier

Arkiv

hits