Ettermiddag

Det er torsdag. Eg har ikkje så store bestillingar.

 

Det er stille i huset. Berre eg heime. Sola glitrar gjennom bjørkene utanføre stoveglaset. Det har vore ein variert himmel, både med sol og med skyer.

Eg har hatt nokre kaffigjestar. Eg har hatt nokre telefonsamtaler. Vaska klede.

Ein dag for pusling. Eg likar pusledagar.

Det er eigentleg frykteleg mykje eg kan gå i gong med. Men kanskje ikkje dette er dagen for det.

Det lir litt langt på dag også.

Sola får bare glitre gjennom bladverket og kleda får tørke.

Eg skal unne meg freden og roa.

Berre vera her og no.

 

 

Halvveges i ferien

To veker over. To veker att. Av ferien.

Korleis har eg feriert dei siste åra?

 

Dette er den raraste ferien på lang tid, kanskje nokon gong. Eg trur året 2013 var prega av at mykje skjedde på ein krevjande måte. Så det året var ikkje dei store sprella. Året før var eg på Kreta.

Året etter tok eg med meg yngste på tur for å møte mellomste som hadde vore ute og reist på eiga hand i tre månader.  

Eg var mykje redd for henne. I tillegg hadde heile ettervinteren vore prega av vasslekkasje og renovering.

Turen gjekk til Los Angeles. Der jenta dukka opp etter ei spanande ventetid. Ho hadde feilrekna tida, og i og med ho hadde vorte fråstole telefonen halvveges på turen var det ikkje berre å ringe. Men ho kom.

Vi fekk nokre fine dagar. Der vi bevega oss rundt. Budde fleire dagar ved Venedig Beach.

Opplevde 4.juli.

Åt sushi Down Town og vitja Hollywood.

Turen gjekk attende til Noreg med mellomste på eit fly eit par timar framom oss. Plutseleg starta tårene å spruta. Nok ein reaksjon på lang tids spenning. Og å ha alle tre ungane rundt seg attende på norsk jord var frykteleg godt.

Året 2015 vart det norsk ferie og Vestlandet. Svært artig og oppleve ein landsdel eg ikkje hadde vitja før. Ferien er prega av å være forelska. Noko som var skikkeleg herleg. Sjølv om det ikkje gjekk vegen.

I fjor ferierte eg i Oslo. Og sjølv om eg var nokså prega fysisk av at noko ikkje var bra, så greidde eg å bevega meg rundt mykje, mykje meir enn kva eg hadde trudd.

I år må eg berre ta tida med ro. Og det er nok lurt, om enn litt kjedeleg. Eg får ta det att. Men eg kjenner det er godt å ikkje ha nokon andre krav enn å kjenne kroppen min sin reaksjon av det eg sprøyter inn i den.

I kveld skal eg ta mitt tredje stikk.

 

 

Opp på tur

 

Heilt ille er ingenting. Og ein liten tur vart det denne sommaren også. Ein liten og riktig så fin tur der eg aldri har vore før.

 

Vi har snakka om det nokre gong at eg skulle kome bort på hytta som eine søstera og mannen nettopp har kjøpt. Nettopp og nettopp….det viste seg at det var ni år sidan. 

Kva er det eigentleg med tida…?

Det tok meg tre timar å køyra dit, så langt var det ikkje. Og eg er svært glad i køyring med lydbok på. Men det er slik at nokre gong passar ting ikkje. Men denne gongen passa det svært bra og dra oppover.

 

Riktig fin var den og riktig fint var det der den låg. Mellom to strender. Utan innlagt vatn og straum. Som i ein grøn tunnel. Rundt omkring var strigla hytter med all komfort. Der ein tek med seg livet ein lever dagleg. Berre å skru på ein brytar-.

Denne var ei lita perle utan alt dette. Ein stad til å kvila ut i.

Eg kosa meg frå først stund.

Søster mi er glad å leika med fargar.

Mannen er glad i ting han finn.

Til saman var hytta ein liten oase av små raritetar og idyll.

Her låg eg.

Det var ikkje slik strålande sol, men ein del sol og herleg temperatur.

Vi held til ein del på den eine stranda. Eine dagen var det både frukost og lunsj her.

Her er det bilete frå ei vandring i nærområdet.

Mykje spesiell berg- og steinartar.

Dette er visst nok minne etter krigens dagar. Trebrua utover valgte vi å væra uprøvd. Den såg ikkje trygg ut.

Det å gå seg bort i fotografering er så godt.

Men eg må seia at det var riktig godt få med seg desse dagane, sjå og oppleva nye ting.

Kva er viktigaste med ferie for deg?

 

Nedtur

 

I ferien skal ein finne på mange morosame ting å sjå attende på tenkjer eg.

Men så må eg revurdera og akseptera, noko som ikkje er like enkelt.

For det første er ferien min sein. Men det har den vore begge dei siste to åra.

Ho som kan passe hunden om eg skal bort, reiser sjølv snart bort. Eg har ein nokså stor restskatt som eg har bestemt meg for å ta på strak arm.

Så berre dette forkludrar det å finne på så store sprell.

 

Men eg har nærområdet og eg har mykje eg kan finna på i heimen har eg tenkt.

Det er berre det at eg har ein faktor til. Eg har nettopp starta med medisinering som eg skreiv om her. Den var greitt og starta med i ferien, slik at eg kunne ha ro i rundt korleis kroppen min reagerte.

Etter første injeksjon gjekk det heilt fantastisk. Berre småkvalm, men alle vondter forsvann. Opplevde meg dansande ved kjøkkenbenken etter musikk. Det var lenge sidan det.

Og energien helt seg fram til eit par dagar før neste innsett. Ein fantastisk oppleving av å kunne gjera og fungera.

Var spent på måndagskvelden. Tok det mot natta, slika eg kunne sova meg bort frå kvalmen og svimmelheita eg opplevde sist gong. Håpa på ein ny fin opptur.

Men denne gongen vart det ikkje slik. Planane om plenklipping i går forsvann i frostrier og søvn. I natt har eg sove i mest 10 timar. Eg er ikkje i form denne gongen.

Så slik sett er det bra eg ikkje skal mykje og mest ikkje noko i denne ferien. Bra eg ikkje har nokon planer, eller at eg la vekk dei eg hadde.

Det er ørlite grann stussleg.

Men fornufta mi ser det ikkje kan være på nokon annan måte denne gongen.

Så eg får berre nyta dei forskjellege himlane frå min eigen terrasse.

Valsøya og fortid

 

I dag har bilen vore mil-slukar, ein tur ut på hjul med den glade gjengen ein har.

 

Etter ei svært roleg helg med bøttevis meg regn, var det dagen for litt meir aktivitet. Eg hadde lova foreldra mine nokre turar gjennom ferien min.

I dag var det ein dagen for tur, kaldt i lufta – men med flekkar av sol. Ein heilt ideell dag for biltur.

Vegen gjekk til ein nabokommune, men for å koma dit måtte vi både inn og ut over fylkesgrenser. Målet var Valsøya i Halsa kommune. Der har dei ein restaurant vi har vore på nokre gong før, og som har god mat. Staden heter Valsøytunet. Verdt ei vitjing vil eg påstå.

Vi vart einige om å køyra oss ein lengre tur etter maten.

Mormor mi hadde ei syster som vart buande med familie ikkje så langt unna. Så vi køyrde framom der og forsette bilturen i ein fantastisk idyll. I og med at vegane var fryktleg smale, vart det ikkje teke bilete under køyreturen.

Men vil dela nokre bilete frå der tanta til mor budde, der mor var på vitjing mang ein gong i barndom og ungdom.

Tanta til mor, syster til mormor mi, er borte for rundt eit kvart hundreår sidan. Eg trur neste generasjon omtrentleg er det også. Dagens eigar pussar opp. Det som ein gong var ein stad for livsgrunnlag er i dag for feriar. Etter dagens standard.

Men eg deler litt av den gamle tida.

 

Utskjeringane over inngangspartiet.

Eit gamalt fjøs som skogen mest gøymer.

Dette biletet synes eg vart litt hemmeleg. Det gamle huset, det gamle treet og det kvite håret som vitnar om alderdom.

Både mor og far kosa seg skikkeleg, slik menneske gjer når dei ikkje er så mobile som dei ein gong var.

Det gamle rosentreet, som lukta som roser skal.

Og så den fantastiske utsikta.

 

Heime igjen. Også med fin utsikt til fjorden som min heim står ved.

Da kan natta få koma.

 

Vil tru dagen din også har vore fin -.

 

Testing av kamera og slikt

 

I går var det handledag med mor på programmet. Og eg fekk testa kameraet på mobilen.

 

Handleturen skal eg ikkje dvela mykje ved. Anna enn at matbutikk midt på ein fredag er til å køyra seg fast i alle dei andre korgene som er på vandring mellom hyllene. Spesielt når dei stopper opp i smale passasjer for å snakke med andre dei møter. Korgene altså……. Nei da, førarane av dei.

Eg tok store rundar, så fekk litt trening med utannamanøvering der det hadde proppa seg til.

 

Men heime hos mor og far fekk eg fotolyst.

Først var det krukkene med blomster.

Den gule buskmuren.

Mor sto der og blomstra også.

Krukke på bord.

Hagegongen.

Og ikkje minst utsikta.

Far i stolen sin.

Etter middag og kaffi ville han ta seg ein tur ut. Eg venta til han var attende. Så da eg endeleg køyrde heim var klokka såpass mange at sola var gått ned. Sjøen var dørgande stille og djup i fargane. Da eg kom til brua som knytar øya eg voks opp med til eit par andre øyar før fastlandet måtte eg……..

UT………

…….. for å ta bilete……..

Stoppa ved ein rasteplass.

Her ligg eit gamalt naust litt slik døkt i ei skumring så vidt hadde starta.

Måtte attende på brua.

Det å mest henge i lufta for å ta bilete er luftig med litt sug i magen. Tenk om eg mista mobilen….at den spratt i ein boge opp i lufta og ned i djupet…..

Men det gjekk bra.

Ei lita grend, her ser eg huset som mormora mi budde i ein gong på tidleg nittenhundretal. Der søyleaspene står. Til høgre ligg barneskulen eg gjekk på.

Og her ser vi innover dit ho busette seg med morfar, enno er vi på tidleg nittenhundretal……trur det var 1919 dei gifta seg.

Mjosundet.

Og der alle dei seks borna busette seg med sin familie. Og eg fekk veksa opp med alle syskenborna på seksti og syttitalet.

 

Og her er utsikta andre vegen ut mot havet.

 

Etterpå gjekk turen heim til meg sjølv. For eg bur i dag der far kom frå. På garden han vaks opp på, og som eg kjøpte etter eg flytta attende hit.

 

Så tok eg ei lang natt. For eg har ein laurdag utan noko plan. Anna enn ro, rydding og nyting. Og så har eg lyst ut for å ta fleire bilete….men i dag er dagen for dei store regnskyll.

 

Korleis er dagen din i dag?

 

 

Å kjøpe, har kjøpt

For tida må eg passa på økonomien, for herr Restskatt kom på vitjing og eg må betjene han.

 

Men så har eg ferie, og noko må ein få og noko anna må ein absolutt få.

Da eg var i Trondheim gjekk turen innom Ikea.

Eg trong ljos. Og eg trong nye dørmatter.

Det vart både bordlampe, arbeidsljos, te-ljos og serviettar. Eg fann og ei slik plate til å leggje under skohylla. Eigentleg hadde eg eit ynskje om ny skohylle, men det får venta litt.

Bilete teke frå Ikea sin nettside.

 

Vi åt frukosten der. Det var nokså stille og roleg der så tidleg på dagen.

 

Etterpå dro vi ned til byen. Da sto noko viktig på tapeten. Noko av det viktigaste verktøyet vi har i dag.

Mobilen!

Både mellomste og eg måtte ha nye.

Min gamle iPhone 4S var ikkje laga til alle appene eg brukar. Så da skjermen knustest var tida komen.

Det vart ein iPhone7.

Google

 

Første bilete vart teke på Solsiden. Av ein intetanende forbipasserande.

Da eg kom heim til jentene, tok eg bilete av dei mest fotograferte på denne bloggen.

Og eg trur det stemte, at desse bileta er mykje betre enn dei gamle.

Stor skjerm har den også.

 

Så med betre ljos i stova og ny mobil, må eg seia at situasjonen ikkje er så verst.

 

Er mobilen viktig for deg?

 

METEX

 

Så er eg i gong. Med det eg kanskje må halda på med resten av livet, seier dei.

 

 

Eg er i gong med behandling av det som dei fann ut feilar meg; revmatoid artritt.

 

Det har vore mange vitjingar til lege. Våren for over to år sidan starta alt å bli verre. Etter det har det berre gått vegen til dårlegare.

 

Sist torsdag greidde eg ikkje løfta ei bok av vanleg tyngde med venstrehanda. Ein vert nokså oppgjeve av slikt, at kroppen sviktar meir og meir. Og så klart vert ein svært lei av smertene som følgjer med.

 

Det er mange som har det langt, langt verre – så klar over det.

 

Men kan eg greie å fungera rimeleg greitt er det eit stort ynskje.

Eg henta medisinane.

Metex.

Den skal ta ned mitt eige immunforsvar slik at eg ikkje går til angrep på meg sjølv.

 

Dette skal ta ein gong i veka. Det inneheld ein liten dose cellegift. Noko som eg syntest virka særleg ille. Hadde ein reaksjon på dette, starta å gråte. Skjønte eg hadde ein psykisk reaksjon på det eg skulle i gong med, så da fann eg ut det berre var å køyra i gong. Ikkje noko å venta med….psyken min er grei å snakka med den.

Etter eg sette pennen vart eg svimmel, fjern og småkvalm. Men vert det ikkje verre skal dette gå godt slik. Det sto ein del om bivirkningar.

Frykteleg mange som går på dette og får hjelp. Som greier fungera.

 

I dag er det tre dagar sidan eg starta.

Dei sa det kunne ta opp mot fleire månadar før eg kjende nokon effekt.

I dag kjenner eg meg energisk, eg fyk opp og ned frå stolane. Heng klede, løftar ting og vaskar unna. Tenk om eg allereie er betre…….

 

Eg trur det eg.

 

 

Feiring

 

Ein dag ramla det inn ein ny gruppechat. Kjæresten til eldstemann hadde lyst til å overraske.

 

Ho bad oss saman på ein nyopna restaurant som serverte taco og kokken var frå Mexico; Taqueros Taco & Tequila. Kan absolutt anbefale den, den ligg i Mellomveien i Trondheim.

Han som fylte år hadde inga aning om dette. Så han vart både overraska og glad.

“Men kor kjem du i frå” spurte han meg.

Før det gjekk opp for han kva dette var.

Maten smaka. Nette, små porsjoner. Eg for min del vart fint mett.

Etterpå gjekk vi heim til dei. Eg har skrevet om Svartlamon før, ei verd for seg sjølv.

Det blomstra både utanom og innafor stakittgjerda.

Her kjem yngste i prat med ei triveleg dame som fortel kva ho bruka og gjødsla med, og at kapers kjem frå blomkarse.

Dette er eit område der bebuarane plantar grønsaker.

Her er det nye hus som vert bygd, men alt materialet er gjenbruk.

Det er mykje idyll.

Vi drakk kaffi og åt kake, og så song vi fødselsdagssongen som seg hør og bør.

Og her kjem nokre bilete frå heimturen.

 

Danse med katt

Fritid, eva, reiser, impuls, eventyr

…… F-E-R-I-E!!!!!! Jaaaaa!

 

Da er den i gong. Med min ferie på tampen av sommaren. Heile fire veker.

Det kjennes som ei eve.

Det regna da eg kom heim. Men kva hadde det å seia?

I glede tok eg meg ein dans med sjefskatta.

Men å sette seg ned på terrassen var for vått og rått.

Eg såg utover og drøymde om ting eg kunne gjera. Heime.

 

Dagen fekk nokre arbeidstimar; på museum og innom kontoret.

 

No til slutt har eg henta yngste i sentrum. Ho var med både på eit oppdrag og fekk treft venner og falt av rullebrettet sitt. Mellomste som hadde feira bryllaup i Oslo, hadde ikkje kome seg heim. Problem med mobil og mista bankkort. Og i morgon fyller min eldste 26 år.

Ein er i verda om ein har ferie. Og ute står seks korger bringebær som eg henta no. Det blir vel bringebærsyltetøy.

Trur eg.

Men no skal eg ta meg av mi slitne, småskadde. Finne fram mat.

 

Og så spekulerer eg på om eg greier å skriva blogg kvardag i ferien.

God natt, både frå meg og mi dansande katt!