YES, eg kan

 

Snart er midnattstimen her. Så eg må snart sette strek for denne måndagen. Straks.

 

Men eg er svolta. Kan eg ta meg ei brødskive så seint. Å yes, eg kan…..men kan eg sette infintivmerket framom eit engelsk ord som ikkje ein gong er eit verb. -Det kan eg nok sikkert ikkje, men i kveld kan eg det også.

 

I dag har eg køyrd fort i vinden som ruska i bilen, ei føling av krefter og kraft. Eg har handla ein liter kefir til minstesyster, eg har båre ved for foreldre og hjelpa min vaksne far inne på facebook sin veden. Fekk og middag der, altså ikkje på facebook, men hos foreldra mine.

Eg har vore leksehjelp til mi hybelbuande yngste med hjelp av telefon og snapchat…….kva er det som ikkje går i dag liksom.

Og no, som ein god borgar skulle eg teke av sengteppe av senga, teke tøflane forsiktig av og set dei fint frå meg halveges stikkande fram under senga. Men ikkje denne dama, ikkje er senga oppreidd og ikkje har eg tøflar. Men brødskive har eg lyst på. Så kan eg skriva å framom yes, så kan eg iallfall ta meg ei brødskive.

 

Eigentleg

 

Eigentleg skulle eg ha lagt meg no. Eigentleg skulle eg ha gjort noko anna.

 

Tru eg skal finne fram c-vitaminene igjen. Eit lite c-sjokk. For eg er ikkje i humør, skrapa for humor. Eg synest mest litt synd på meg sjølv.

 

Ute bles det, og det regnar. Omnen held på å sloknar om eg ikkje får lagt inn ei vedskie. Men skal eg legge meg kan den berre slokne.

 

Helga er over med all vinden som har herja utanfor husnovene. Her gjekk det nok greitt. Men eg har ikkje sjekka naustet og det gamle fjøset.

 

I kveld er eg ikkje klar for ei ny veke, har berre lyst til å draga teppet over nasen og sova ein to, tre veker.

 

Eg har fortent ein liten fruktsalat på tampen av helga. Så no har eg laga meg det.

 

Men eg satsar på ei god veke likevel, for både deg og meg og oss alle.

 

Å gjera

 

Jippi, eg skimtar i den meir flinke sida mi. Det siste døgnet har eg gjort ting. Ting utanom det som er naudsynt.

 

Så akkurat no har eg det litt godt inni meg. Plana var å gjera enno litt meir, men eg er tung i kroppen. For den vil ikkje noko. Den er litt håplaus.

 

Men likevel, eg har fått den med meg litt.

 

I går vart det ikkje noko ball…….den trilla vekk. Plana var ikkje for far, han syntest det var for mykje snø og vêr og slikt. Og når ein er 91 må ein få lov til å synest det. Så i staden trilla vesle syster mi og eg innover til dei og der fekk vi servert potetkake. Det er også godt. Før vi køyrde til dei rota eg i gjennom  korga med handarbeid, og opp tok eg ei strikking som har kvilt lenge. Den vart med, og eg fekk sauma inn alle trådane både på bolen og ermene. Og så fekk eg plukka opp til halsen.

 

For ikkje alt for lenge sidan fekk eg og avslutta eit jakkeprosjekt med hjelp av mor. Det tok eg og med. Knapphola vart alt for store, og knappane eg har i vil eg ha i. Så fekk eg sauma dei inn i går, så no dett ikkje kneppinga opp og jakken kan brukast.

 

I dag kledde eg på meg og fekk starta på ei plan. Eg har styra mykje med ved i periodar.

Og så er det eit la som står ute, og det står under eit tak – slik at det dryp ned i det. Inne i vedboda er det ikkje plass til noko meir.



Så fann eg ut at eg kanskje kan stabla inne under trappa. Da vil veden tørka. Så hadde ei lita økt med å trilla inn ved. Synest ikkje det har noko å seia om det ligg ved her under trappa.

I morgon er det meldt skikkeleg med vind, så plana er å koma meg tidleg opp for å reisa inn til butikken. Skal handla til foreldra mine, men må koma meg heim til vinden er meldt vil auka.

 

Kvitt med blomar på

 

I kveld er eg trøtt og det er akkurat det eg skal være når det er kveld.

 

For lang dag, men eg fikk unna meg mykje. Slik er fint. No er det avslapping i stolen medan vaskemaskina vaskar seg ferdig. Det er tomt for truser i skuffa, så da var det berre å gjera som er har gjort. I morgon skal eg opp gørrtidleg for å legge ut på landevegen. Innover i landet bærer det etter kvart. Trur dagen vil verta triveleg. Vil treffe damer det er lenge sidan eg har møtt. Eg køyer ei intensiv veke, men etter morgon er det mest helg.

 

I dag var eg hos legen. Fann ut at det var likast og fortsetta i same sjukemeldingsprosent. Tenkte at eg kunne auke ut, men nok ikkje så lurt enno. Blir for fort for klar.


 Da eg kom heim skifta eg vatn på blomar og skar stilkar. Eg er så glad i blomar. Spesielt gjer dei godt den tida vi er i no. Vil gjerne dei skal vara kjempelenge. Det hjelper og stella dei.

 

Og så har vi fått snø. Så det er kvitt og glatt. Og i dag……..det synet skulle eg gjerne ha vist deg. Men eg hadde ikkje tid til å stoppe opp. Da eg kom rundt ein sving stikk eit nes ut i sjøen. Det var så klart kvitt av snøen. Sjøen var for så vidt kvitgrå også. Men akkurat framom det kvite neste var sjøen ljosblå og det kvite neset spegla seg i den. Og det var ljosblå himmelen over. Det var så vakkert at det var mest som det sokk inni meg.

Blomar og snø.

Det er vakkert.

 

HEIM!

 

I ro og mak etter ein lang dag. Før ljoset slokkes for natt og drøymar.

 

Eld i omnen og ein stor kopp te. Nett vridd nøkkelen om i mi eiga dør. Ei lita stund i stolen med data i fanget må eg unne meg. Det er så utruleg godt med litt tid for seg sjølv på slutten av ein dag.

 

Desse dagane. Dei går så fort, så fort. Ja, veit det betyr at vi snart er komen fram til våren. Men det betyr også at den snart er over. Huff, dette vart kanskje litt drygt. Bomper over temaet.

 

Det har vore helg. Det er måndag. Det har snødd. Gradene ligg rundt 0 og eg pakkar i meg c-vitamin. For sjuk vil eg ikkje verta, sjølv om kroppen er litt ruskete. Eg har vore hos foreldra mine. Med rester av maten etter helga. Så da vart det middag på meg og. I helga feira vi fødselsdagen til far, med halvparten av barnebarna til stades. Dei to i Oslo og den eine i Bergen var ikkje med. Trur nok alle hadde nokre fine timar saman.  

 

Vi hadde det her hos meg. Det betydde i praksis at det vart gjort ei grundig rydding. Dotrene mine og eg var einig at det var bra vi hadde det her og fekk ein gjennomgong av heimen. Så å kome heim til ein rein og ryddig heim er godt.


 

Høyrde på radioen ein dag at folk som er for ryddig, for detaljert, vil ha problem med akkurat og ha det ryddig. Der har du meg. Mellomste søster kommenterte i helga korleis eg reagerte med misnøye når koppar var set feil inn i skåp. Det var heilt riktig, og er……eg likar ikkje at folk set ting på feil stad. Eg strever etter system over alt. Men eg har gjeve opp. I alle fall i mange år var eg nøydt til å oversjå systema. Men eg nyt det når det er tilnærma.  

 

Det ser kanskje ikkje slik ut hos meg, men eg trivest best når det er eit system. Sjølv om eg ikkje anar kor lesebrillene mine er for tida :).

 

No skal eg straks pusse  tenner og byssan lalle. Men først ein liten dose c-vitamin.

 

Riktig god natt.

 

Dagar og år

 

Så gjekk denne dagen sin veg også. Sjølv om kvelden ikkje er ung laga eg meg ein kopp kaffi.

 

Ikkje lurt, nei ikkje lurt å drikke kaffi etter halv elleve om kvelden. Men veit du, akkurat det gjer eg-. Eg drikk kaffi og et eit feitande kakestykke. Deileg!!

 

Eg har ikkje gjort noko i dag. Men eg har hatt eit hyggeleg besøk. Vi snakka om slikt vi synest er viktig. Om levd liv og framtid. Eg vart spurt om og være med på eit kurs, så skal sjekke opp det etter eg har posta innlegget. Men eg veit nok eg ikkje må leggja opp til for mykje. Det er så lite som skal til for at ikkje er noko til.

I helga skal vi feira far, han fyller 91 år i morgon. Vi tek feiringa på søndag her hos meg. Og blir 10 rundt bordet. Så i morgon må eg være litt flinkare enn i dag. Og seinare dreg eg innom forelda mine, vi må feira litt på sjølve dagen også. Det er og sannsynleg at ei av jentene mine kjem heim i morgon kveld. Faren min ynskjer seg gamalost, men vi må da vel finne på noko meir. Men heilt enkelt er det ikkje å finna på noko.

Frå feiringa i fjor da far runda 90 år

 

Eg og meg

 

Fredagskvelden på tapetet. Denne gode kvelden ein berre kan sige ned i sofaen og kosa seg.

 

Mitt dansecrew har svinga seg over skjermen, eg har storledd med nytt på nytt, eg har sett på skravlinga på Skavland.  Eg har kverka ein juleøl. Lageret er snart tomt. Eg har ete ein fiskerett med rotstappe til. Og til slutt ein kopp kaffi, eit kakestykke og ein konjakk.

 

Litt tidlegare i kveld høyrde eg på eit program på radioen, om å være singel. Om folk likte det, eller ynskte seg inn i parforhold, var spørsmålet som vart stilt. Og kva som var positivt og kva var negativt-. Eg merka meg at psykologen som vart intervjua alltid hadde eit men i svara sine, som bikka mot at det og leva tosaman nok var det som eigentlege var riktig. Programledaren, som opplyste at ho var singel, lo i eitt sett, som for å overbevise at ho hadde det fantastisk. Ein litt merkeleg seanse heile greia.

 

Så korleis er det med meg? Det er mange år sidan eg skilde meg. Trur det næme seg ti år. Etter den tid har eg levd utan mann i husholdninga. Eg har hatt eit par forhold som eg valte bort fordi det vart for mykje eg ikkje treivs med. I det praktiske og økonomiske ser eg at det har vore fordel og væra to. Men det er så godt og ha råderett over tida si. Konsentrere seg om ungane når dei er heime. Hjelpe foreldre, møte dei eg har lyst når eg har lyst.

 

Høyrest dette trist ut? Eg vert ikkje yngre og meir attraktiv. Likevel greier eg ikkje føle noko stress, for ting må verta som dei vert. Tenkjer eg her eg sit i mitt eige selskap. Eit selskap er har det svært bra i.

Ein gong, tenkjer eg, kan det nok væra fint. Fint å være to, med den riktige. Sikkert rimeleg brei den tolkinga om kven som er riktig. Men eg veit kva eg ikkje orkar og ikkje vil. Og innan den tid trivest eg slik det er. Eg trur heller ikkje eg er unormal eller at det er unormalt og trivest i eige selskap. Uansett synest eg det er heilt greitt at eg gjer det.

 

Kos deg du og, uansett korleis du har det.

 

Dagane i eit nytt år

 

Inte vissta jag at det var sjølva livet…… Men eg gjer vel det, trur eg.

 

Denne veka fauk fort forbi. Fredagen er fri og eg sit her med utruleg mange ugjorte oppgåver i rundt meg. Så slepp eg å spekulera på kva eg skal gjera. Eller -? Det er kanskje akkurat det som blir problemet……..kvar skal eg starta………?

 

Eg har mest ikkje vore innom her, ikkje kommentert, ikkje lest og ikkje skreve. Etter ein lang dag på måndag dura eg opp til Trondheim. Hadde ein koseleg kveld med mellomste søster, mellomste dotter og tanteborn. Vi vart servert paella og heimlaga sitron- og lakris is etterpå. Det resulterte i innkjøp av lakrispulver dagen etter. Eg er ein lakrislikar.

 

Og det har vorte nokre innkjøp. Både i Trondheim og Kristiansund. I går gjekk turen dit. Eg har fornya garderoben. Det trongst. Like før eg ikkje hadde noko å ta på. Og det er faktisk inga overdriving. Eg hadde samla saman pengar over tid slikt eg har fått i gåver. Og no skal eg huskas på, så måtte skunda meg før det forsvann i det store sluket.

På onsdag fekk eg til og med lyst til å måla neglar i pur glede av innkjøpa.

Eg sminka meg og måtte ta bilete. Det visast ikkje, men eg ser heilt utruleg trøyt ut. Så eg syntest det var artig at eg trudde eg tok bilete av ei fresh dame. Bilete her er teke om morgonen før eg skulle ut i verda for slikt ein må.

 

Så må eg visa dette bilete her også. Skulle sende ein snapchat til jentene mine for å vise jakken eg hadde køpt. På Zizzi, ein butikk med klede for oss litt store. Dei hadde mykje brukbart. Så sender eg dette bilete…til ALLE på lista. Heldigvis har eg ikkje så mange på snapchat lisa mi. For å plutseleg få dette bilte seier ingenting. Ha, ha…..eg syntets det var så dumt at det vart morosamt.

Skjerfet eg har på fekk eg forresten til jul. Det er i fin tynn ull, stort og godt.

 

No må eg til med pleiing av heimen. Yngste dotter kjem snart heim, og for at vi skal ha ei triveleg helg må eg gjera ein innsats.

 

Ha en riktig god fredag.

 

Tida bles vekk

 

Når Nina fråder på Vestlandet går laurdagen fort over i mitt fylke. Kanskje den rett og slett blas vekk den også.

 

Dagen kom og gjekk. Ja, det er nokre timar igjen før eg tenkjer dagen har vart lenge nok. Men den har gått med tempo utan resultat. Eg vakna med stress i kroppen. Måtte opp. Måtte ut. Ekstremvær i vente var det sagt. Tenkte på alt som kunne finne på å blåse både hit og dit. Eg måtte ut. Ut å berga verda omtrentleg.

 

Det er så rart med det; når ein står loddrett er det ikkje så ille. Kaffi først tenkte eg. Veslesøster i kjellaren ropa noko nede i gongen så boffen spratt opp. Eg og. Mor hadde sagt, sa ho, at ho ikkje måtte kome på grunn av veret. Veden som skulle dit sto klare i vesker. Eg ba henne opp på ein kopp kaffi, eg klarte godt ein til……og det som hadde hasta, hasta ikkje så lengre. For eg hadde lest på nett at vinden var avblåst i ekstremvarianten i min del av verda.

 

Så vi drakk kaffi, og eg foreslo at vi begge kunne køyre og eg ville fint greie å kome meg opp alle bakkane til mor og far. Greitt med bil som har 4W. Så fann eg rømmegraut som låg i frysaren, tok meg ein runde rundt huset for å sjå om det var noko eg skulle sette bort. Tok ein dusj og så drog vi.

 

Heime hos foreldra våre fekk eg sjå eit spektakulært syn medan grauten vermdes. Sol på tur nedover fjella på fastlandet. No kan aldri foto på ein telefon yte rettferd for det synet som viste seg, men eg legg likevel ut bileta eg tok.



No er eg heime. Vinden har auka på, men eg trur ikkje det bli så frykteleg. Det har dei sagt på nyheitene. Og det trur eg, vi slepte fri denne gongen.

 

På tur heim tenkte eg meg innom butikken å kjøpe meg noko godt til kvelden. Men trur du ikkje eg hoppa over heile greia, for eg skal snart til med dette sunnare livsløpet. Straks. Og så fann eg ut at strengt teke var det ikkje naudsynt.

 

No ruskar vinden i hushjørna, men vi bor ikkje i Bergen. Det er eg glad for. Eg kjenner mange hyggeleg Nina’er, men denne Nina som herjar på Vestlandet no har eg ikkje ynskje om vitjing av.

 

Dei fine menneska

 

Det finnest så mange fine møter. Både her på blogg og utanfor data’n. Eg er så glad for alle dei fine eg får lov til å møta.

 

Fredag! Smak på ordet. Eg synest smaken er underbar. Sjølv om det er meldt storm. Heilt opp til orkan styrke. Og eg er nok litt redd. Redd for det gamle fjøset. Men eg håper inderleg det greier å stå i mot denne gongen også. Likevel, det er fredag. Det er helg.

 

Eg drikk kaffi ut av raude koppar i dag. Har nettopp hatt ei hyggeleg vitjing av ei dame som la lunsjpausen sin hit. Det er så fint å møta dei fine menneska med dei gode tankane.

 

Her på blogg.no har eg møtt mange som gjev meg stor glede. Eg har både ledd og grått framom skjermen. Folk som gjev av seg sjølv, som ein kjenner varmen frå gjennom dataskjermen. Som lever liva sine og deler det med andre. Som har sanka av livets visdom.

 

Vi er så mange menneske, det er så mange variasjonar av oss. Og det er langt frå alle vi vil føle fellesskap med. Men det er så viktig å vise kvarande respekt og toleranse. Sjølv om andre har heilt andre interesses og uttrykkjer seg heilt annleis enn ein sjølv gjer. Og kommunikasjonen gjennom nettet er så avgrensa, ikkje ser vi augo, ikkje ser vi kroppsspråk. Eg synes det er så viktig å hugse det.

 

“Ein må bruke forstanden den som har den” brukte mor å seia når ho prøvde å få slutt på ein krangel mellom oss sysken da vi var små. Nokså effektiv, for kven ville ikkje har forstand? Og av og til kan det være frykteleg lurt å bruke den type forstand. Ikkje leggje veg ein krangel for å “vinna”. Vi skjønte at det var kanskje ikkje det viktigaste likevel. Kanskje det ikkje var slik at den som fekk det siste ordet var “vinnaren”-. Etter som ein har vorte vaksen veit ein at det er ikkje alt ein treng å bry seg verken med eller om. Det er også fint å forstå.

 

Dei varme menneska med dei store hjarta, dei vil eg bry meg om. Både her på bloggen og ute blant tyngdekrafta, der ein ser både augo og kroppsspråk. Det er fint å tenke på ein fredagskveld før stormen kjem.

 

Takk til deg eg har fått lov å bli kjent med, og takk til alle som delar av seg sjølv her inne. Det finnest noko fint i alle.

 

Ha ein god og fin fredagskveld.