I kveld

Vi er framme ved første vårmånad. Noko så inn i hampen godt. Godt langt inn i dei inste avkrokar av sjela.

 

 

Så sit eg her. Det er søndagskveld og helga er over. I kveld må søpla trillast ned til vegen. Og i morgon er det bytur. Mor skal på kontroll, og eg er sjåfør. På soverommet nede står ein bag pakka, så slapp yngste ha med seg den på bussen full av sengklede, handklede og slikt.

 

No er begge jentene dratt, eg køyrde dei til kvar sin buss for og ha mest mogleg tid saman med dei. Ja, eg måtte køyre etter den eine bussen eit stykke for marginane vart for små.

Like før vi for var sola kome framom nok eit fjell, og soldagen har auka myke. Husveggen vart bada i sola.





Fargane var så fine, så måtte ta nokre bilete. Og mellomste sprang barføtt ut for å sjå etter snøklokkene. Dei var komne langt, men dei blømar ikkje enno.

Attende frå bilturen var mørke kome, berre litt ljos attom skyane.

 

Dette blir ei travlare veke enn vanleg, men får tru alt går greitt. Neste helg skal vi feira ho som fyller 18 år.


Berre ein bitte liten..

 

tur inn her. Fordi eg har ingenting å meddele, eller eigentleg har eg det og….

 

fordi bilen står igjen utafor døra. Den er godkjent, endeleg! Den har vindaugeviskarar som virke. Den har hjul med eksakt riktig trykk. Og eg treng ikkje verken være redd for politi eller køyra meir buss.

“Køyrer du buss ofte du kan det løna seg å kjøpa eit verdikort, for om ikkje vert det dyrt for deg” sa bussjåføren til meg i dag. Eg takka han for at han sa i frå om det, men at dette nok var siste gongen i denne omgong.

 

Eg har teke skulebussen to morgonar. Det er eigentleg ei fasinerande reise og ei føling av å væra flue på veggen. For det første virka alle barna svært veltilpass og harmonisk. Det er svært godt å registrera.

 

“Eg trur Magnus er forelska i deg”, sa ein gut til jenta som sat på andre sida av midtgongen. Dei mimra attende og ho hadde nett fortalt at han Magnus bruka å ta kråkefot på henne før. Nei, det trudde ikkje jenta,  “eg er berre til plage” sa ho. Dei var i alderen ti, tolv år.

“Kom og sett deg her Anders”, sa ein større gut til ein mindre. Den vesle guten sette seg i setet attom den større guten. Da det var gjort snudde den store guten seg og sa “hei” til den vesle guten, og han svara “hei” attende. Det var den samtalen. Men eg tenkte at det var nok ein god start på dagen for ein liten gut og verta slik inkludert av ein større.

 

Men i morgon kan eg ta bilen og legga distansen attom meg akkompagnert av lydboka eg er i gong med; Mors gaver av Cecilie Enger.



Sjåfør på laurdag

 

Innpakka i pledd sit eg her. Det er inn i hampen kaldt.

 

Løna for å væra snill er ikkje alltid så god. Eg sit her på ein iskald hybel og ventar.  Ventar på at tida skal gå. Akkurat det siste lika eg. For oftast spring tida frå meg, så at det er eg som ventar på den er ein god oppleving. Men ikkje at det er så kaldt.

 

Men eg held nok ut. Eg har ein varm kaffikopp ei armlengd unna. Kjøpte meg og berlinarbollar, berlinarbollar med vaniljefyll. Og akkurat det er kjempegodt.

 

I familien min har folk det med å verta godt vaksen. Eine morbroren min var 93 da han nettopp døyde. I dag var både han og mange fleire bedt i 95 års dag. Dama som feirar sit i rullestol og har gjort det sidan ho var ung. I dag bedte ho inn til selskap, og det er ho sjølv som har ordna opp. Feiringa var i byen, og faren min er ikkje i slik form at han kan ta buss. Så eg sa nokså snart at eg kunne køyra. Eg synest det er så fint dei får møtast. Livet er ikkje lengre enn at slikt må ein finna rom til. Plutseleg går folk ut døra til den neste dimensjonen. Og da er det ingen vits å angra det ein ikkje rakk. Så i dag er eg sjåfør. Foreldra mine og mor sin bror med kone, dei er i alderen 82 til 91. Dama er søskenbarn til mor og broren. Så der fekk eg forklart det…….vi kan ha det med å væra  nokså detaljer. I alle fall nokre av oss. Av og til.

 

Eg hadde ikkje så mange ærend, kjøpte inn litt mat. Til tida etter berlinarbollane. Den tida må berre koma no. Men eg kunne sette meg inn på hybelen til yngste. Så her sit eg. Klaprande kaldt er det altså, alt av varme var avskrudd. Trur eg skal let det stå på ein liten lunk når eg går. I morgonkveld kjem yngsteberta attende frå ei veke vinterferie. Denne helga er ho og vitjar syster si i Trondheim. Dei tenkte seg på Urørt på Samfunnet i går kveld. Så dei er i andre enden av skalaen, med ungdom og livet som byr. Dei skulle møte eine syskenbarnet sitt  og dele helga under same tak. Og i dag var dei alle tre bedt til syter mi. Familie er viktig synest vi.

 

No ser eg at tida snart likevel har gått. Eg skriv no med valne fingrar. Det skal bli godt å setja seg i bilen, plukka opp dei som har feira, køyra ombord i ferga, koma seg over på andre sida. Køyre dei to ektepara heim, dei bor berre nokre hus frå kvarandre. Trur ikkje eg legg inn noko besøk hos foreldra mine i kveld, men berre køyrer heim åt meg sjølv. Får tent opp i omnen og krype saman framom den med kanskje ein wokrett på tallerkenen. Og ha ein liten bit laurdagskveld før natta kan taka over.

 

 

 

Fredag den 13.

 

Det er denne dagen i dag ja. Eg bryr meg ikkje så mykje.

 

“Det er ledig fredag den 13..” sa dama på tannlegekontoret. Så eg noterte timen og skal sette meg i bilen om under ein time. Det er ein halv time og køyra. Eg er nok ikkje så overtruisk slik av meg. Reknar med at denne dagen er like grei som andre dagar.

 

I går derimot, syntes eg det var ekkelt å køyra. I skuggeparti låg eit tynt islag, så bilen vart ustødig. Da må ein berre bruka tida. Men dagen i går var vakker, fekk slik må-ta-bilete kikk medan eg køyrde.

 

I dag er dagen grå.

 

Når eg er heime igjen har eg slike planar ein frå gamalt av bruka å ha på fredagar. Og som dei mest ihuga framleis har. Men kanskje skal eg kjøpa meg ein bukett av noko som ein premie for at eg forhåpentlegvis føler meg slik greitt flink utpå ettermiddagen.

 

Brukar du å vaska i huset ditt kvar fredag?

 

Er du forsiktig på fredag den 13.?

 

Ha ein riktig fin og god dag uansett.

 

YES, eg kan

 

Snart er midnattstimen her. Så eg må snart sette strek for denne måndagen. Straks.

 

Men eg er svolta. Kan eg ta meg ei brødskive så seint. Å yes, eg kan…..men kan eg sette infintivmerket framom eit engelsk ord som ikkje ein gong er eit verb. -Det kan eg nok sikkert ikkje, men i kveld kan eg det også.

 

I dag har eg køyrd fort i vinden som ruska i bilen, ei føling av krefter og kraft. Eg har handla ein liter kefir til minstesyster, eg har båre ved for foreldre og hjelpa min vaksne far inne på facebook sin veden. Fekk og middag der, altså ikkje på facebook, men hos foreldra mine.

Eg har vore leksehjelp til mi hybelbuande yngste med hjelp av telefon og snapchat…….kva er det som ikkje går i dag liksom.

Og no, som ein god borgar skulle eg teke av sengteppe av senga, teke tøflane forsiktig av og set dei fint frå meg halveges stikkande fram under senga. Men ikkje denne dama, ikkje er senga oppreidd og ikkje har eg tøflar. Men brødskive har eg lyst på. Så kan eg skriva å framom yes, så kan eg iallfall ta meg ei brødskive.

 

Eigentleg

 

Eigentleg skulle eg ha lagt meg no. Eigentleg skulle eg ha gjort noko anna.

 

Tru eg skal finne fram c-vitaminene igjen. Eit lite c-sjokk. For eg er ikkje i humør, skrapa for humor. Eg synest mest litt synd på meg sjølv.

 

Ute bles det, og det regnar. Omnen held på å sloknar om eg ikkje får lagt inn ei vedskie. Men skal eg legge meg kan den berre slokne.

 

Helga er over med all vinden som har herja utanfor husnovene. Her gjekk det nok greitt. Men eg har ikkje sjekka naustet og det gamle fjøset.

 

I kveld er eg ikkje klar for ei ny veke, har berre lyst til å draga teppet over nasen og sova ein to, tre veker.

 

Eg har fortent ein liten fruktsalat på tampen av helga. Så no har eg laga meg det.

 

Men eg satsar på ei god veke likevel, for både deg og meg og oss alle.

 

Å gjera

 

Jippi, eg skimtar i den meir flinke sida mi. Det siste døgnet har eg gjort ting. Ting utanom det som er naudsynt.

 

Så akkurat no har eg det litt godt inni meg. Plana var å gjera enno litt meir, men eg er tung i kroppen. For den vil ikkje noko. Den er litt håplaus.

 

Men likevel, eg har fått den med meg litt.

 

I går vart det ikkje noko ball…….den trilla vekk. Plana var ikkje for far, han syntest det var for mykje snø og vêr og slikt. Og når ein er 91 må ein få lov til å synest det. Så i staden trilla vesle syster mi og eg innover til dei og der fekk vi servert potetkake. Det er også godt. Før vi køyrde til dei rota eg i gjennom  korga med handarbeid, og opp tok eg ei strikking som har kvilt lenge. Den vart med, og eg fekk sauma inn alle trådane både på bolen og ermene. Og så fekk eg plukka opp til halsen.

 

For ikkje alt for lenge sidan fekk eg og avslutta eit jakkeprosjekt med hjelp av mor. Det tok eg og med. Knapphola vart alt for store, og knappane eg har i vil eg ha i. Så fekk eg sauma dei inn i går, så no dett ikkje kneppinga opp og jakken kan brukast.

 

I dag kledde eg på meg og fekk starta på ei plan. Eg har styra mykje med ved i periodar.

Og så er det eit la som står ute, og det står under eit tak – slik at det dryp ned i det. Inne i vedboda er det ikkje plass til noko meir.



Så fann eg ut at eg kanskje kan stabla inne under trappa. Da vil veden tørka. Så hadde ei lita økt med å trilla inn ved. Synest ikkje det har noko å seia om det ligg ved her under trappa.

I morgon er det meldt skikkeleg med vind, så plana er å koma meg tidleg opp for å reisa inn til butikken. Skal handla til foreldra mine, men må koma meg heim til vinden er meldt vil auka.

 

Kvitt med blomar på

 

I kveld er eg trøtt og det er akkurat det eg skal være når det er kveld.

 

For lang dag, men eg fikk unna meg mykje. Slik er fint. No er det avslapping i stolen medan vaskemaskina vaskar seg ferdig. Det er tomt for truser i skuffa, så da var det berre å gjera som er har gjort. I morgon skal eg opp gørrtidleg for å legge ut på landevegen. Innover i landet bærer det etter kvart. Trur dagen vil verta triveleg. Vil treffe damer det er lenge sidan eg har møtt. Eg køyer ei intensiv veke, men etter morgon er det mest helg.

 

I dag var eg hos legen. Fann ut at det var likast og fortsetta i same sjukemeldingsprosent. Tenkte at eg kunne auke ut, men nok ikkje så lurt enno. Blir for fort for klar.


 Da eg kom heim skifta eg vatn på blomar og skar stilkar. Eg er så glad i blomar. Spesielt gjer dei godt den tida vi er i no. Vil gjerne dei skal vara kjempelenge. Det hjelper og stella dei.

 

Og så har vi fått snø. Så det er kvitt og glatt. Og i dag……..det synet skulle eg gjerne ha vist deg. Men eg hadde ikkje tid til å stoppe opp. Da eg kom rundt ein sving stikk eit nes ut i sjøen. Det var så klart kvitt av snøen. Sjøen var for så vidt kvitgrå også. Men akkurat framom det kvite neste var sjøen ljosblå og det kvite neset spegla seg i den. Og det var ljosblå himmelen over. Det var så vakkert at det var mest som det sokk inni meg.

Blomar og snø.

Det er vakkert.

 

HEIM!

 

I ro og mak etter ein lang dag. Før ljoset slokkes for natt og drøymar.

 

Eld i omnen og ein stor kopp te. Nett vridd nøkkelen om i mi eiga dør. Ei lita stund i stolen med data i fanget må eg unne meg. Det er så utruleg godt med litt tid for seg sjølv på slutten av ein dag.

 

Desse dagane. Dei går så fort, så fort. Ja, veit det betyr at vi snart er komen fram til våren. Men det betyr også at den snart er over. Huff, dette vart kanskje litt drygt. Bomper over temaet.

 

Det har vore helg. Det er måndag. Det har snødd. Gradene ligg rundt 0 og eg pakkar i meg c-vitamin. For sjuk vil eg ikkje verta, sjølv om kroppen er litt ruskete. Eg har vore hos foreldra mine. Med rester av maten etter helga. Så da vart det middag på meg og. I helga feira vi fødselsdagen til far, med halvparten av barnebarna til stades. Dei to i Oslo og den eine i Bergen var ikkje med. Trur nok alle hadde nokre fine timar saman.  

 

Vi hadde det her hos meg. Det betydde i praksis at det vart gjort ei grundig rydding. Dotrene mine og eg var einig at det var bra vi hadde det her og fekk ein gjennomgong av heimen. Så å kome heim til ein rein og ryddig heim er godt.


 

Høyrde på radioen ein dag at folk som er for ryddig, for detaljert, vil ha problem med akkurat og ha det ryddig. Der har du meg. Mellomste søster kommenterte i helga korleis eg reagerte med misnøye når koppar var set feil inn i skåp. Det var heilt riktig, og er……eg likar ikkje at folk set ting på feil stad. Eg strever etter system over alt. Men eg har gjeve opp. I alle fall i mange år var eg nøydt til å oversjå systema. Men eg nyt det når det er tilnærma.  

 

Det ser kanskje ikkje slik ut hos meg, men eg trivest best når det er eit system. Sjølv om eg ikkje anar kor lesebrillene mine er for tida :).

 

No skal eg straks pusse  tenner og byssan lalle. Men først ein liten dose c-vitamin.

 

Riktig god natt.

 

Dagar og år

 

Så gjekk denne dagen sin veg også. Sjølv om kvelden ikkje er ung laga eg meg ein kopp kaffi.

 

Ikkje lurt, nei ikkje lurt å drikke kaffi etter halv elleve om kvelden. Men veit du, akkurat det gjer eg-. Eg drikk kaffi og et eit feitande kakestykke. Deileg!!

 

Eg har ikkje gjort noko i dag. Men eg har hatt eit hyggeleg besøk. Vi snakka om slikt vi synest er viktig. Om levd liv og framtid. Eg vart spurt om og være med på eit kurs, så skal sjekke opp det etter eg har posta innlegget. Men eg veit nok eg ikkje må leggja opp til for mykje. Det er så lite som skal til for at ikkje er noko til.

I helga skal vi feira far, han fyller 91 år i morgon. Vi tek feiringa på søndag her hos meg. Og blir 10 rundt bordet. Så i morgon må eg være litt flinkare enn i dag. Og seinare dreg eg innom forelda mine, vi må feira litt på sjølve dagen også. Det er og sannsynleg at ei av jentene mine kjem heim i morgon kveld. Faren min ynskjer seg gamalost, men vi må da vel finne på noko meir. Men heilt enkelt er det ikkje å finna på noko.

Frå feiringa i fjor da far runda 90 år