I dag går eg over i eit anna system. Eit system som gjer at inntekta mi reduserast. For eg er såkalla utbrent.
Eg har vore delvis ute av arbeidslivet i eit år, da skjer det noko. Slikt er ikkje så artig fordi det får økonomiske følgjer. Og utfordringar. Det er heller ikkje ideelt for den tida vi er på veg inn i. Jula. I dag kjem den siste ordinære lønna mi inn. Men slikt må berre gå. I tillegg er vi så heldige å leve i eit samfunn der sosialdemokratiet har hatt ein sterk rolle i mange år. Så alt kunne vore mykje verre.
Det som er verre er at eg synest framgongen har vore for dårleg. Å bli betre tek for lang tid. Men noko betring meiner eg det er. For når ein startar og ikkje greie oppgåvene sine, når ein startar å gløyme, skjuler ein. I alle fall eg. Så i staden prøvde eg enno hardare. Slik dreiv eg på lenge. Når eg endeleg tok dette på alvor, frigjorde det den energien eg hadde bruka til å gøyme at eg gløymde, så vart noko betre allereie der.
Men konsentrasjonen er så sørgjeleg dårleg. Det er lenge sidan eg ga opp og lesa bøker slik som før. Eg kjem meg i gjennom, men må for oftast bruka tid. Av og til har eg problem med å lesa teksting på tv, fordi tankane går så seint. Eg kan prøve å hugse på for eksempel eit tal, gå eit par skritt og talet er borte. Handarbeid, som eg tidlegare var glad i, orker eg i liten grad. Eg orkar å skriva, det gje meg glede når eg skriv på mine premisser. Det kan likevel henda eg slit for å finna orda når eg bloggar.
Plana mi er å bli bra. At hovudet ikkje skal bli så fort oppbruka. Når det ikkje vil virka blir det også vanskeleg å snakka. Kommunikasjon er no ein gong viktig, ikkje minst den verbale. Men plana mi er altså og bli bra fort. Sølv om eg veit ting tek tid, TTT. Det er berre ikkje så lett å skjøne korleis ein skal øve opp konsentrasjonen. Det er liksom ikkje berre å ta ein joggetur med hjernecellene. Eller bøye og tøye på dei.
Og for å ha det klart, dette er ikkje meint på nokon måte som ein klage. Men har nokon erfaring med dette og i tillegg gode erfaringar om kva som kan være til hjelp så vil eg være svært glad for slike innspel. For oppe i dette har eg beheldt eit slags burlesk humør. Både glede og humor er der. Og når tanken er at det finnest alltid ei løysing, så slepp eg unna svartsyn og depresjon tendensar. Gjett om eg er glad for det. Eg greier rimeleg bra både og ha empati og være delaktig i liva til andre. Eg er altså ikkje slukt opp av desse greiene mine.
Så mykje er bra, og det gjer meg glad. Og betre skal det bli, berre energien kjem på gli. For den SKAL det!