Sol over alle haugar

 

Den skein to gong på golvet. Sola. Den dukka først opp i den eine kløfta,

 

……og så i den neste. Den varte ikkje lenge, men den var der. Eg sat der med ein sein frukost som vart avslutta med seigmenn frå i går kveld. Eg måtte da ha nokre menn i livet mitt på ein dag som i går.

Så hadde eg funne fram eit nytt, gamalt handarbeid. Det vart liksom litt flatt, fargane var plukka ut etter eit stoff eg har liggande. Men i går skjøna eg kva som måtte til for å få fram blomsteren så den ikkje så ut som eit kors. Eg prøvde meg fram med å brodera rundt. Fann ut fargane som fungerte, så da er eg i gong att – da skal den verta ferdig til denne sommaren.

Medan eg fekk denne dosen med sol skjøna eg at eg måtte laga fastelavnsbollar, berlinarbollar og ut å gå tur.

Det vart liv i lemmer og lår. Så eg kasta meg over deigen, vog og rota saman.

Eg måtte ut.

Uuuut!

Eg måtte ut i sola. Sol ikkje gå din veg før eg er i dine strålar – bad eg inni meg. I enkel tekst betydde det; ikkje tur i skogen, ikkje ned til sjøen og ikkje langs vegen. Men langs vegen på andre sida, i fjellvegen. Eg var redd eg ikkje rakk det.

Men eg gjorde det.




Over fjorden med utsikt heim

Plutseleg sto eg der i sola. Vegen var vårleg og sølete, for den vegen på andre sida er ikkje asfalttert (etter turen la boffen frå seg sandungar på stovegolvet).

– Å lange ut i sola var ei nyting, gå i sola med sjøen glitrande nedanfor vegen.



Høyre sildringa, drypinga og fossinga av alt vatnet som rann.

Eg tenkte eg skulle gå i 40 minutt, for det var så lenge deigane skulle hevast. 





Tyttebær som har overvintra

Men tida i sola liksom tikka vekk. Da sola forsvann attom fjellet, først da snudde eg. Og turen tok i staden ein time.



Men deigen brydde seg nok ikkje så frykteleg om det. Eg fekk baka ut, steikt i omn og steikt i smult, samtidig som eg laga middag. Så bad eg opp syster mi på kaffi og bollar etter eg hadde ete frå meg middagen, og ho var lettbedt.

 

No står det att og trilla søpla ned til vegen, for i morgon er det tømming.

Elles er eg litt snufsete. Det blas nokså friskt i dag, og kanskje var eg litt for vårleg kledd. Så i kveld får eg pøsa innpå med litt C-vitamin igjen.

 

I morgon er det vinterferie i fylket mitt, og yngste kjem heim i morgon kveld. Det er koseleg. Så eg kjem til å ta litt ekstra fri den veka her, men ikkje i morgon.

 

Ha ei riktig fortreffelege veke. 

6 kommentarer
    1. Det enkle er ofte det beste… Små hverdagsskildringer, og noen stemningsfulle bilder fra dagens opplevelser. Korte setninger – uten unødige krumspring. En god leseopplevelse på morgenkvisten!

    2. Dette var kjekt å lesa og sjå. I første augneblink trudde eg du hadde blanda inn bilder frå ei anna tid, men jammen var det tytebær som hadde overvintra. Eg hadde tenkt å gjera som deg i dag, setje deig til boller, men tru du eg gjorde det? Nei, eg sette meg inn på syrommet og sydde ei ugle og dermed gjekk føremiddagen i det.

    3. Oldemorbloggen: He, he, ja, det er ikkje akkurat på den tida her ein forventar tyttebær i skogen :).
      Syntest det høyrdest meir fornuftig å produsere ugle. Tru det set seg mindre på sidebeina :)))).

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg