Ei helg er snart over. Sola skin enno gjennom vindauget mitt takka væra flyttinga av klokketida. Eg trur at det er enno er lenge til kveld, men veit at det ikkje stemmer. Kjenner kvelden har eit vemodig strøk. Jentene mine har reist etter helga. Ho midt i mellom vil det nok bli ei stund til kjem gåande opp vegen til huset, ei stund til legg seg i senga si, ei stund til……
Ei stund der eg er den som sit heime og ventar, ei stund der fantasien har fritt spelerom, ei stund der eg vil kjenne kva det er å væra så inn i hampen glad i nokon som eg ikkje når slik rett fram.
Så satt eg der. Modellen stilte seg opp. Tre minutt først, oppvarming. Fram med papir og tegneutstyr. Så var vi i gong. Tida fantes ikkje meir. Fokuset var på form, avstand, forkortingar, tyngdepunkt, lys og skygge.
På starten av dagen tok eg med meg kroppen min ut. Det kjentes at eg har gjort det litt i kraftigaste laget i det siste. Fikk meg ein ekstratur her om dagen da eg hadde klart å rota bort mobilen. Eg trudde det hadde skjedd i eit bratt lende, så eg gjekk opp att turen så langt eg rakk før mørket kom. Telefonen viste det seg eg hadde lagt på biltaket, så den fekk seg både ein luft seglas og ei overnatting ute. Dette overlevde den. Men kroppen min surmular etter dette om dagen.
Så da eg fikk kjasa den over dørstokken i dag, og håpa at den skulle bli blid når den kjende den friske lufta – så vart den ikkje det. Den sukka og stønna og bar seg som eit heilt trøskverk. Eg bruka den til å få inn ved, for endeleg er stokkane mine på tur til å bli det som heile tida har vore meining; ved. Og mitt tidlegare forsøk med vedarbeid druknar når det kjem verktøy med “musklar”.
Fornufta må fram. Med litt grov, hes stemme og knute i nakken ser ho på meg over brillekanten.
Det kalde blikket er kanskje ikkje så kaldt likevel, om ein ser godt etter. Det er nok eit snev av omsorg i det. Eller kanskje er det til og med mykje omsorg.
Ho er berre så fryktelig kjedeleg i dei grå kleda knappa godt opp i halsen. Ho held opp fingeren framom meg og seier “du veit”. Og eg må berre seie meg einig, eg veit. Eg tru eg veit. Og eg veit.
Enn å slite så kolossalt berre over inntrykk. Enn å være så glad i si eiga einsemd. Det går nok over. Det vil bli betre. Etter ei stund. Ei stund som ikkje er så lenge til…..
Eg som var så sosial. Eg som gråt mine modige tåre når besøket gjekk. Altså, da var eg berre nokre år, men eg husker kor frykteleg trist det var når dei som vitja barndomsheimen gjekk; tanter og onklar, besteforeldre og søskenbarn.
I fjor på denne tida var jeg i Östersund. Jeg fant ut jeg ville kopiere noe jeg så der. En bøtte full av ris pynta med fargerike stoffremser. Slik ville jeg også ha, tenkte jeg, og fant meg stoff i fine farger som jeg klipte opp. Jeg gikk ut i sola og knytta stoffremsene på riset. Følte at denne handlinga ute i sola nesten var rituell.