Siste dagen

 

Da kan det henda sommaren er over. I dag er det grått, men temperaturen er fin for det. Likevel, når eg ser utover veka er temperaturen minkande.

 

Men slik måtte det vel gå. I dag er siste dag i september.

Eldstemann kom heim i går med den skadde handa si. I dag berre søv han. Laga egg med bønner og bacon til han. Det er nok vorte kaldt no. Men han får sova til han finn ut at det er nok søvn.

 

Og sjølv er eg i gong med det eg ikkje likar. Men eg innrømmer eg ikkje er verre etter atter eit stikk i gårkveld. Eg var faktisk like kvalm føråt, som etterpå. Trur namnet og kva det er, som gjer meg kvalm.

Men eg er eigentleg nokså fin i dag som sagt.

Eg fekk to friveker etter at fastlegen bad meg stoppa medisineringa. Revmatologen opprettheld det han først fann ut, da eg var attende no sist onsdag, at det er leddgikt eg har. Og han ville eg skal fortsetja med sprøytene, men han gjekk ned på dosen.

No skal eg prøva ut dette i sju veker, fyk leververdiane opp atter ein gong skal eg gå over på noko anna.

 

Det var eit styr dette.

Men det skal bli bra, må berre ta på dette arbeidet først, med å finna ut. Og helst ikkje mista humøret og tolmodet.

 

Kanskje eg skal ta med meg boffen for å sjå om ståa oppmed brønnen. Det er siste dag med vakt, no skal eg ikkje ha vaktansvaret før i mai. Tenk det……m – a – i………kjenn smaken av namnet………vår…….fuggelkvitter.

 

Nei, no må eg stoppa, vert sjuk av lengt til våren. Først skal hausten nytast, så vinter, jul og litt meir vinter. Oktober kan også væra fin.

 

Og der kom eldstemann opp.

 

Ha ein vakker haustdag.

 

 

Ein bytur

 

Dagar i Trondheim, triveleg møte med ungane og slikt.

 

Etter arbeidsdagen på tysdag gjekk vegen til Trondheim. Det sto fleire ting på programmet, både kontrolltime hos revmatalog og vitje sonen som har fått gipsa handa.

Eg overnatta hos syster mi og vi fekk oss ein lang gåtur ved sjøen om kvelden. Vi snakka om appa, mat og vekt. Og vi syntest det var dumt vi ikkje begge bodde i byen.

 

Mellomste hadde fri og kom utover for eta frukost saman med meg neste dag. Noko som var skikkeleg koseleg. Vi fekk heile dagen saman.

Ho var med meg til timen på sjukehuset.

Syster mi fortalte om ein park like ved sjukehuset som vi trur vi fann.

Og vi fann ein jungel.

Det er så artig å berre slå seg laus med foto.

Etterpå køyrde vi ned til sonen og kjærasten. Han ville kom utover til meg, men forma var ikkje heilt der enno etter operasjonen. Vi kjøpte med oss mat til ein sein lunsj saman med dei.

Var vittig, nokon syntest det var så kaldt og satt der med uggs, og eg satt det med bare føter i skoa. Overgangstid kan vi kalle det.

Til slutt kom yngste trillande også. Ho hadde jobba med ein dokumentar.

Sol og skygge.

Men til slutt måtte eg sette meg i bilen å ta vegen heim.

Her vart utsikta så vakker at eg stoppa for å ta bilete, fargane var så nydelleg. Det kjem berre ikkje fram at det er bratt nedover her.

Til slutt kunne eg stoppa bilen utanføre huset mitt.

 

Dagar betre enn fantasien

 

Nokre dagar er det. Betre enn fantasien. Vi på nordvestlandet er så heldige. Veit ikkje om eg har opplevd noko slik før.

 

Dag etter dag med varme vindar, sol, shorts- og bikinivêr når september snart bikkar oktober. Det er berre å nyta.

I går flagra vi nedover mot bilen da vi kom over desse flagrande vesna. Det var fullt av dei.

Vi skulle veg å vitja besteforeldra. Dei vil framom dei, ungane, når dei er heime.

På returen ville yngste vi skulle stoppa, ho såg eit overkøyrd ekorn da vi for dit. Det låg der da vi kom attende også. Ho fekk det ut av vegbanen, det var visst nok ikkje noko fint syn.

 

Eg vart meir oppteke av solnedgongen.

Og over at sola spegla seg i biltaket.

“Skal vi køyra opp på fjellet for å sjå solnedgongen der” spurte eg.

Og det syntest ho som fekk køyra var heilt ok.

Men vi tok ikkje høgde for fjellet, verken på bredda eller høgda. Sola var gøymt attom det. Men fargane var fine.

foto:Ingrun

I dag hadde eg fri. Einaste haken ved dagen var at vatnet vart borte. Vi skulle uansett veg å sjekka det etter frukosten.

Yngste sprang og hoppa.

Det viste seg vi måtte lengre.… og fekk meir arbeid med det, dvs. yngste. Det er forskrekkeleg å skjøna at dette får eg ikkje med kroppen min .

Attende får vi auga på fullt av blåklokker i ei skråning. No -.

Eg vert hengande litt attom….

foto:Ingrun

Dei to andre, den firbeinte og tobeinte er godt i tet.

Nede igjen heng ei skikkeleg raudt eple på epletreet.

Etter yngste har fått arbeidd med ei innlevering et vi middag på terrassen.

Så tek ho som har vore heime nokre dagar avskjed med kompisen. Han som både har fått pelsstell og negleklipp. Turen attende til det som er hovudheimen nærmar seg.

Og i morgon er ein ny dag. Himmelen lover ein ny vakker dag også i morgon.

Berrfot siste søndag i september

 

Siste veka i september, medan sola sopar tretoppane viser gradestokken sommarlege teikn.

 

For ei gåve å få.

Og ikkje minst ha.

Det å ta på seg shorts og gå ut i hagen.

Berrfot.

Om enn skuggane er lange midt på dagen.

Og plantar ber bod om andre tider.

Neste år vonar eg denne gje bomar, usikker om det er den kvite eller lilla syrinen.

Ha ein riktig vakker søndag.

Medan sola går ned

 

Dei siste strålane ein septemberkveld trefte meg da eg balanserte i mose og lyng.

 

Så godt det var å kome heim i dag. Men sola starta å bli sid i buken. Tydeleg det lir utpå. Klokka var ikkje passert seks, eller mer korrekt atten.

Eg fekk mekka meg noko mat, frossen kyllingfilet som eg tok ut av frysaren. Så eg forsto at denne middagen ikkje vart av dei snargjorte.

 

Men plana var klar, eg tredde på meg klede for tur. Og boffen vart frå seg av glede. Eg tenkte å komme i mål med desse skritta, teljaren har fortalt meg lenge kva eg IKKJE gjer.

Skogen tenkte eg, og la i veg oppover jordet.

Sola heldt på å forsvinna no.

Eg kosta på ein selfie i det gule ljoset. Just for fun, og for å sjå attende på når eg er ung igjen….

Kantarellane som eg skulle sjå etter på ein haug var det ikkje noko å sjå til.

Konsentrasjonen var stor på turen ned, eg hadde ikkje planer om å verta liggande igjen oppi skogen. Godt fornøgd med meg sjølv kunne eg kosa meg med middagen ei stund etterpå, medan eg rekna kaloriar.

 

I kveld kom eg ikkje i mål med å eta nok mat, men akkurat det trur eg går heilt greitt.

 

 

Nok er nok

 

Dette innlegget har eg skreve før. Eller omtrentleg. Temaet har vore lufta. Dette at nok er nok.

 

Men først kan eg seie litt om dei siste to nettene og dagen i dag. Eg har lagt attom meg ei kort natt og ei hostenatt som til slutt førte til vasking av golv. Da hadde eg spydd på ein jakke, ei veske, ein hund og på to golv. Natta i natt var berre kort.

Så eg spekulerte litt på om all kjøring i dag ville gå bra. Men den gjorde det. Fekk henta mor til tannlege….det tek meg ein og ein halvtime. Til saman tre timar bilkøyring.

Men vi tok oss ein tur på Kafe Koselig. Viktig å kosa seg.

Og så kjøpte eg meg neglelakk og leppestift. Har ei plan om å bli litt meir jålete.

For nok er nok!

På mange felt. Eg har tenkt det. Tenkt at eg må snu. At eg held på å gå opp snarvegen til alderdom. Med energitap, smertene i alle desse ledd, overvekt, tid som vert bruka i hovudsak på andre…..tida som er att til meg er bruka til jakta på sjukdomen.

Men eg vil da ikkje vera ein sjukdom……no bannes eg……fy fader……var det slik det skulle enda.

Og JA……det kan hende om eg ikkje tek meg saman.

Så no er eg attende til der eg har vore nokre gong før. Som inneheld fokus på rørsle og matinntak.

Eg fann ein app som eg lasta opp. Om inntak av mat. Funker den bra kan eg skriva om den.

I dag fekk eg meg berre ein liten tur rundt omkring i “hagen”. Plukka og klipte i vekstar. Kom ikkje opp på skrittnivået, men etter fire timar med søvn er det akseptabelt dit eg kom.

Og såg med forskrekking på kor vegen var øydelagt etter siste regnskyll.

Men i dag skein sola og det har vi fått lovnad om framover. Blå himmel er nam, nam.

For no har eg snudd og teke første skritt i riktig retning.

  • Wish me luck…

 

 

Vassvakt

Så er helga snart eit minne. Ljoset har forsvunne frå dagen og kvelden er her.

 

Eg er aleine i mi stue.

Det er godt det også.

 

“Er du einsam” spør mi mellomste ein gong i løpet av helga.

Eg må spørja henne attende om det virke slik.

Nei, ho synest ikkje det.

Og eg må seia som sant er at den kjennest ikkje slik heller.

 

Men vi er einige om at hadde eg hatt meir energi har det nok vore annleis. Og hadde eg hatt meir energi hadde eg nok gjort noko med det i så fall.

 

Eg trivest svært godt i mitt eige selskap. Men eg synest det er kjempekoseleg når ein av ungane kjem heim…..eller alle tre for den del.

 

I dag fekk vi ein liten tur. Vi var oppmed for å sjå om det var greitt med vatn i brønnen. Denne månaden er det eg som har vassvakt. Og har rusk og rask lagt seg for i sila må eg nok ha hjelp, derfor er det fint at nokon er med.

foto:Asbjørg

Heldigvis pulla vatnet over kanten.

Så vi kunne snu og ta vegn ned att.

Sjå ned på sin eigen heim.

Attende fekk eg hjelp til å grava ned ein busk. Så  laga vi oss middag. Mellomste spurte om at vi kunne invitere opp mostra. Ho takka ja for invitasjonen. Gammaldags søndagsmiddag med ørret, agurksalat og rømme til. Grønnsaker og potet. Til dessert hadde vi banansplitt med is.

Så vart det ein seanse med å seia ha det åt boffen, før turen gjekk ned til vegen og bussen.

No skal eg snart finna senga. Eine øra er tett, eg har hosta slik at eg er heilt sår i mellomgolvet. Eg satsar på ei betre natt til natta. Og så ynskjer meg ein effektiv dag på arbeid i morgon.

 

 

Berre heilt enklet laurdag

 

Ikkje noko spanande og ikkje noko spektakulært på noko vis. Berre helg midt i september.

 

Hausten held på å busette seg både inne og ute. Eg kjenner at eg aksepterar. Berre å legge vekk sommarkleda. Finne fram dei som er for dei kaldare dagane.

 

Har to målsetningar for den næraste tida, det eine er å rydda opp i kleda, eg har ein garderobe som inneheld utruleg mykje gamle klede som eigentleg ikkje er i bruk.

Den andre målsetninga er å kjøpa meir ullundertøy. Slik at eg har fleire skift.

 

Eg trudde nok sommaren varte for lenge i år. No går eg og “bjeffar” og boffen bjeffar att. Han skjønar seg ikkje på hoste. Like lite som han gjer det på latter. Set vi latterdøra på gap bjeffar boffen. Litt kjedeleg det der.

 

Det er laurdag. Ei vaskemaskin surrar heimekoseleg. Eg har alltid likt den lyden.

Nede i leilegheita hylar naboen sin hund. Det er ikkje ein like god lyd. Han likar ikkje at han vært overlet til seg sjølv. Heldigvis skjer det ikkje så ofte.

 

Mellomste mi kom heim i går. Ho skal jobbe nokre timar i dag, så eg køyrde henne inn til sentrum. Var framom besteforeldra på ei vitjing først. Noko alle set pris på.

 

Ute regnar det.

Eg snufsar og hostar.

 

Trur eg skal sortere i klede før eg skal inn til sentrum for å henta jenta mi om nokre timar.

Vi skal kosa oss med noko godt til kvelden. Og snakka om alt som opptek oss. Frå menneska til politikk. Kvifor og kva, og korleis alt heng i hop.

 

Har du planer du gle deg til i kveld?

 

 

Himmelen over vala

 

 

Himmelen er både mørk og den er blå. Litt dramatisk med skinande ljos.

 

Men eg skal ikkje skriva om val, det får media tak seg av. Eg stemte før helga.

 

Og denne helga har vore ei fantastisk gåve. Med sol og vakre fargar.

Både laurdag og søndag var utan ei plan. Eit par buskar fekk eg set i jorda. I front her ein raud spirea, den skal veksa nokre meter.

Eg har planta ned nokre buskar og tre oppover åra.

Og eg har ein plenklipper så virke. Endeleg! Eg svinga den på laurdag. Nok ein gong.

Tidlig i sommar kjøpt eg meg ein hyll, den mista ei grein som vart set i vatn. Den hadde rota seg og eg fekk planta den i ei krukke. Kanskje vert det eine treet to tre.

Eg drøymer om hyllblomstersaft. Men må nok veta nokre år.

 

Her er to syrinar eg planta for nokre år sidan. Dei veks ulikt. Eg tok på meir jord på den eine.

Oppom huset har eg utvida “plena” litt meir, men skal gå på med ny frisk neste sommar. Kanskje ikkje gå for like stor plen som før…

Inngongen er skjult i villbring. I denne oasen har det vore mange gode kaffistunder med symfoniar av eit utal av bier.

 

Søndagen hadde eg og boffen ein tur i kveldsola. Her er bilete teke på jorda overfor husa.

Det var eit dryss av bilete frå helga. Den var fin. Svært fin.

 

I kveld sit eg her etter nok ein varm dag. Temperaturar  opp mot tjue gradar og lunsj ute.

No er det valkveld. Eg høyrer på intervjua og talar.

Og ute høyrer eg spanande haustlydar, dyrelydar som skrik utaføre husa. Og ei og anna ugle.

 

Ha ei god natt.

 

 

Alt som er bra under sola

 

Sola skin utaføre vindauge. Eg vakna rimeleg tidleg og har ei heil helg blank og fin framom meg.

Ei veke med arbeid er unnagjort. Første veka etter ferie. Det er godt å koma attende å sjå glede hos folk. Og det var så klart godt for meg å sjå dei andre att også.

I går fekk eg også levert ei forhandsstemme, slik at eg kan ha sjanse til å være med på eit møte om måndagen om forma er i form.

For i går fekk eg dei første resultata etter eg starta med medisinen METEX. Eg vært mest uvel berre over å skriva namnet. For eg syntest verkeleg ikkje noko om å drive på og ha dette inn i kroppen. I går fekk eg kontrabeskjed. “Stopp behandlinga” sa legen.

Så no er eg ikkje nærare nokonting, men legen hadde ein spekulasjon. Og den har eg lese om no, og i tilfelle det er det vil den gå over, brenna ut. Det likte eg å lesa. For av ein eller annan grunn vert eg ikkje redd og utsett av å lesa om diagnostikk, for det aller meste har eg ikkje og handlar ikkje om meg.

Men seier ikkje meir om dette no, får berre avventa ny innkalling frå revmatolog.

Sonen min synest eg skal kjøpa noko som heiter Boswellia Serrata. Han susar rundt på nettet og leitar alternativt. Det synest eg er rørande.

 

Så slik hell ein på.

Men i dag er ein vakker dag. Rognbæra lyser raudt i sola. Temperaturen ligg på femten grader. Og eg skal nyta dagen.

Det vonar eg du kan med din også. Så eg ynskjer deg en nydeleg dag.