Mobil i haustmørket

 

Ei dramatisk forteljing frå det verkelege liv.


 

Hausten var komen.

Med regn.

Etter alle desse dagane med sol.

Slik litt irritert oppdagar eg at mobilen ikkje var med inn. – Etter ein tur til meir sentrale strøk. Sjølv om eg tenkte eg måtte ta den med ut av bilen. Men eg hadde tydelegvis gløymt det for det var så mange ting som skulle være med inn.

Eg gjorde unna det er skulle inne i heimen langt der ute på landet denne oktoberkvelden. Mørket hadde kome da eg gjekk ut for å henta inn att mobilen.

Eg tok med meg lommelykt.

Lyste ned på bakken da eg gjekk bortover. Marka var våt og brun.

Framme ved bilen oppdagar eg ein svart firkant i alt det brune. Og eg skjønar det med ein gong, det er mobilen.

Den låg UTE!

Ikkje tørt inni bilen….


 

Inne i den varme stua, langt der ute på landet, skrur eg den på. Gleda er stor da den lyser attende til meg.

 

Kvelden går, det ruskar i husveggane. Da eg tek fram telefonen litt seinare på kvelden kjenner eg at eg mest kvepp.

Mobilen er svart.

Både i sinn og skinn.

Prøver å lade den men den er like svart.

Radiatoren står på. Eg legg den resolutt oppå omnen. Da eg legg meg tek eg den av…….utan noko respons.

Svart-svar-svart!!!

 

Heile neste dag ligg den på radiatoren når eg er heime. Sjølv om den er glødande varm skjer ingenting. Den er like svart når kvelden kjem.

Eg skjønar det er inga anna råd enn å ta seg ein bytur neste dag.

Men så……..like før eg legg meg om kvelden anar eg ladesymbol på displayet.

 

Så eg for ikkje til byen.

 

Telefonen vart lada opp, og den virke enno!

Heilt trygg er eg ikkje no når mørket atter ein gong senkar seg utanføre veggane.

Det er vel eit av dei viktigaste verktøya eg har, så den berre virke.

Og enno gjer den det.

Enno gjer den!

 

Ynskjer deg ein fin laurdagskveld  i haustmørke.

 

Ei helsing

 

I dag vil eg helsa frå helsa. Fordi eg er glad, fordi eg trur og tenkjer alt kan verta annleis enn kva eg har trudd.

 

Dette innlegget er meint til deg som synest kroppen ikkje er heilt på parti. Er du i strålande form kan dette verta nokså uinteressant og da kan du lesa ein annan blogg :).

Eg har skreve om psykomotorisk behandling før. I dag har eg hatt time. Faktisk den tøffaste hittil. Den slo meg temmeleg bra ut, og det gjev meg kjempetru – fordi det skjer så mykje av så lite. Men det som skjer er tydeleg så grunnleggjande.

 

Eit par dagar har eg gått greitt i trapper!

 

I dag gjekk fokuset fra føter oppover til rygg og nakke.

“Kva er du redd?” spør psykomotorikaren.

 

Men eg er ikkje redd.

Eg bøyer hovudet i ein strekk.

 

“Kvifor held du pusten da?” seier han.

Eg veit ikkje at eg heldt pusten, eg veit ikkje at eg strammar musklane automatisk over alt. Fordi eg har gjort det så lenge og trur det skal være slik.

Det eg veit er at dette er noko alle gjer, mobiliserer på ulike vis. Det er alltid noko kroppen kan reagere på som set seg i muskulaturen.  

Blir det nok får vi desse diffuse sjukdomane og alle desse plagane.

For vi vert kravd, vi skal prestere, vi skal rekke og stå i så mykje. Og helst vil vi være flinke og alt som er bra. Slik styrer vi på.

Dag ut og dag inn, år etter år.

 

Eg blir bedt om å strekkje ut musklane, så slappe av samstundes med at eg og slepp pusten ut.

 

Men det er vanskeleg å finne fram i seg sjølv, kjenne kor musklane er. Og så starta tårane og renne….

Slik utan vidare.

Eg vert heilt overrumpla. For eg har da ingenting å gråta over. Så eg prøver å kontrollera dei, få dei til å slutte. Eg vil ikkje har noko av dette. Og så sluttar eg å pusta.

Igjen.

 

Men tårane kom av at muskulaturen var så spent i dette området, så da eg slepte fekk kjenslene fri flyt.

Alt ein bit i seg, alt som ikkje har vore godt, i årevis, det set seg fast.

 

Plutseleg forstår eg noko.

– Kva all den kontrollen fører til…..

Eg skjønar at dette er ein automatisk reaksjon av alt ein skal takla, alle gongane ein tek seg saman og går på, sorg, sinne, stress er med på og feilstille oss .

Men vi reagerer så klart ikkje på same vis på det same.

 

Men for min del ser eg plutseleg håpet, eit skinande håp -.

 

Så eg seier det enkelt…..har du mykje du slit med i kroppen…..finn deg ein psykomotoriker.

 

Eg er litt frelst eg no. For eg trur.

Men eg må så klart gjera mitt. Gjera leksa, heimeøvingane.

 

Så eg vil helsa frå helsa, kanskje fleire kan få hjelp.

 

Derfor ville eg dela gleda med dykk <3.

 

 

 

Det som den gong ER –

 

Den gamle turbuksa gjekk ikkje på…..nei, vel…..så berre ligg inni skåpet da di dumme bukse. For eg trur det var den største kvielsen. Kva for klede…..

……skulle eg ha på meg i dag?

For tur uti havgapet på ein dag i slutten av oktober er ikkje heilt det same som tur i juli.

Men etter turen i dag var eg sigerherre over det meste.

 

Vi skulle veg å sjå på ting i eit gamalt naust. For naustet skulle kanskje rivast. Kan hende var det noko som burde takast vare på -.

Eigedomen var seld til noko som kunne sette i gong med storveges renovering.


 

Eg fann meg klede og eg greidde både kome meg i- og ut av båten, klatre berg og stige. Eg var heilt i den sjuande himmel over kor bra det gjekk med alt eg kvidde meg til.

Og det som gjorde denne turen spesiell var at eg var her på denne staden som lita jente. Eine morbroren (bror til mor) tok meg med ein gong han var her på vitjing. Det budde ein gamal mann i dette huset ut mot havet. Eg hugsar eplehagen, ei dør oppe på veggen utan trapp og inne eit langt bord med mange ting, slik som briller…..eller kanskje var det lorgnett…..gamalt fotoapparat, papir, klokker og bøker.

Rotete og interessant.

Nedanfor huset var det strand med kvit sand. Eller eigentleg hugsa eg to små strender med kvit sand. Og huset hugsa eg som langt og kvitt.

Mannen, som eg seinare fekk vite var halvt syskenborn med morfar min, lærte meg å bøte not da eg var i starten av tenåra. Den kunsten hugsar eg ikkje lengre.

 

Denne staden fekk eg sjå att i dag. Det er rart å få konfrontert minna frå barndommen og notida. Den stemmer ikkje heilt. Huset var ikkje langt, men bredt. Fjellskrenten attom huset er ikkje med i minnet. Men ein vakker stad var dette med vaksne augo også. Ein fantastisk vakker stad.

Heldig er dei eigarane av dette paradiset. Berre dei ikkje øydelegg med strøm, vatn og veg fram.

 

Vi for attende med nokre få ting. Eit par av tinga var merka med namnet til han som gifta seg med halvsøster til oldefaren min. Den gongen da.

Dei skal være med på å fortelja om fortida til framtida.

 

Denne turen trur eg og får vera med i minnet vidare. For vakker var den, med sjøsprøyten i ansiktet, ørnar som svinga seg i ringar oppi lufta som store, svarte sotflak. Og ute i leia gjekk store fraktbåtar.

For tida er ikkje som den var og har aldri vore det.

 

 

Lovbrot

 

 

Eg vil påstå eg er eit ærleg menneske. Noko som fører til at eg held meg innan loven. Stort sett.

Det er likevel eit område eg har hatt problem med.

Eit einaste eit.

Det handlar om gasspedalen og tida.

Men etter som kroppen fortel meg at evig ungdom ikkje finnest, driv eg å avprogrammerar meg. Eg har ikkje som mål å bruka kvart eit minutt til noko. Så køyrestilen er forandra. Og som eg har sagt, det er for dumt med si første fartsbot når ein nærmar seg 60.

Dagen starta i symjebassenget. Eg fall i stavar der i vatnet. Det er ikkje sikkert nokon veit kva som skjer da……men eg forsvann, stira ned i vatnet, i ljoset og opp-nedverda. Eg tenkte ikkje -, eg berre var der i det varme vatnet, det er så godt å let augo kvila i vassflat.

Etter timen var ferdig henta eg mor til tannlegetimen. Det tek ein liten time å køyra dit tannlegen er.

Det viser seg at i dag legg tida seg litt på tverke. Da vi sit i bilen er det ikkje god tid.

Så eg tek fram gamle kunstar.

Får ein bil framom meg som køyrer dyktig sedat. Den er sikkert redd for om det er glatt tenkjer eg. Da vi er ute av ein sving, blinkar den seg til sides slik at eg får passera. Framom meg har eg ei rett strekning, så eg set opp farten. Været er vakkert, sola skin og haustlauvet heilt gult. 

Eg er på veg opp mot ein bakketopp, da eg kikar rett inn i ei linse.

Eg trur eg bannast -.

– Kor fort var det?

– Mista eg sertifikatet?

Eg svinga inn til den viftande politimannen og rulla ned vindauget.

Utruleg nok var eg verken skjelven eller forvirra. Berre irritert og utruleg strukturert. Det einaste er at eg prøver å vise fram bankkortet mitt i staden for sertifikatet.

Han fortel at eg fekk ikkje nokon prikk, men at eg hadde køyrd ti kilometer for fort og måtte betala eit tusen og seks hundre kroner.

Eg forklarar at vi har det travelt fordi vi skal rekke ein tannlegetime.

“Har du tannpine” spør politimannen.

–  Som både var kjekk og triveleg, men nok litt i yngste laget for denne dama, som i tilegg påsto at  ho snart hadde køyrd i seksti år utan noko bot.

Det lo mor mi godt av. For da hadde eg køyrd bil frå før eg var født.

 

Så no har eg klart det. Eg har FÅTT bot. Sjølv om ein må betala for å få den….

Men eg klarte det før eg vart seksti.

 

Og ei bot er nok, er det ikkje?

 

 

To igjen

Like før midnatt sit eg her. Sjansen er rimeleg stor at eg gjer det om to månader også. I mellom må fleire ting på plass.

 

Eg har tenkt fleire enn ein gong at dette er da eg skulle starta. Med å vaska, baka og gjera det ein gjerne vil få til. Om eg starta no rakk eg kanskje det meste. Enno er det ikkje for seint. Men i kveld vert det ikkje.

For i kveld er dagen ferdig og natta skrapar på døra. “Eg vil inn” seier ho, og slik vert det.

Straks.

Men ei lita stund vil eg sitja her å høyra på at elden knitrar i omnen. At kropp og sinn møtest i fredeleg sameksistens. For eg er heime i eige selskap etter ein dag borte.

I morgon kan eg starta planlegginga. I morgon, i morgon, men ikkje i dag…..

Eg har hatt ein fin dag. Sjølv om køyring med sommardekk ikkje gje dei gode kjenslene. – Når ein ser gradestokken dukkar ned i det blå. Da var det berre å ta verda skikkeleg roleg og sleppa forbi alt attom.

Men nokre planar har kvelden vorte bruka til.

Slik og slik og fordeling -.

Til helga skal vi feira mor og far. Den 3. november har ekteskapet vart i 60 år. Det bør feirast. Så vi tek dei med oss til Trondheim der alle, både vi borna og det neste leddet, vil være med å feira dei.

“Eg skulle vore innom butikken for klede”, sa mor mi.

“Har du ikkje noko da” sa eg -, jau, ho hadde det. Men ein ny overdel ville ho gjerne finna. Og det synest eg mest ho må få, sjølv om eg synest ho har mykje klede. Det er liksom eit lite ynskje på ein så stor dag. Så får leggja det inn i morgondagen. 

Dagen skal både duppast i bassenget og køyrast hit og dit.

Men no dett augo straks att, så natti natt, eg håpar du har hatt ein vedunderleg dag.

 

 

Dagar med samtalar

Snar ei veke har eg fått delt kvardagen med nokon. Det er ikkje noko nytt. Men lenge sidan eg har hatt så mykje tid med min eigen son.

 

Han kom heim på tysdag. Fordi vi skulle på seminaret om tang og tare. Det var litt usikkert kor lenge han vart. I kveld er det siste kvelden i denne omgong.

Oppover åra har han vore her. Den første tida var han her anna kvar helg. Fordi han vart ikkje med på flyttelasset den gong det rulla hit vi bur. Han skulle i gong med vidaregåande, og det finnest ikkje her. Slik var det naturleg at han flytta saman med faren.

Etter som åra har gått har besøka av han vore når søstrene var heime og etter kvart med kameratar og kjærastar. Så flytta han til Oslo for fire år sidan, og da vart det høgtider og feriar heime. Men han var aldri her aleine.

På seinsommaren flytta han til Trøndelag att.

No har eg hatt gleda av å ha han heime utan andre. Han er om dagen……dvs. natta, oppslukt av musikk. Han mekkar musikk på pc’n. Han er ivrig.

Eg kal få dela noko han har laga, men ikkje enno.

Sonen min følgjer ikkje den gjengse sti. Han har gjeve meg bekymringar.

Men eg er og stolt. Over det menneske han er.

Saman med han må eg tenke. Eg vert utfordra.

Vi har snakka saman desse dagane. Det gjer godt å snakka. Han er reflektert, han set seg inn i ting. Eg blir også utfordra i tankgongen min.

I kveld tok vi oss ein køyretur over fjellet. Vi stoppa for å sjå på ljoset før vi trilla attende til hus og middag.

No sit vi begge med data. Han med musikken og eg med orda.

Det er søndagskveld og oktobermørket omsluttar oss. Men inne er det lyst og varmt.

 

 

Framtid i sjøkanten

Sjøen strekkjer seg oppover land før den vert dregen attende. Det er den evig pulsen. Tidevatnet.

 

I denne rørsla finn vi mykje. Mykje liv og mykje puls. Og kanskje mykje av framtida. Ein spanande tanke som slo nokre røter her om dagen. Kan dette vera noko å sjå på?

Eg har ei strandlinje, men eg eig ikkje utover sjøen – berre til marbakken. Men å tenkje seg tankar om framtida er lett. Så da eg fann eit seminar inviterte eg med meg sonen og vi reiste i veg for å bruka dagen på temaet.

Interessa var tydeleg svært stor. Det var mange frammøtte. Dei fleste var i samanheng med jobb, det var mange næringar alt frå dei som har hatt fokus på oljen til utdanningssystemet. Det var frå forskarmiljø og det var nokre får private, slike som sonen og meg.

Det vart ein interessant dag. Kvar finnest dei beste vekstplassane, kva for algetypar det er hovudfokus på, kva som finnest av næringsstoffar til korleis kan ein produsera. Og kva for område kunne dei brukast; mat, helse, dyrefor og gjødsel  innfallsvinklane var mange.

Vi reiste heim med hovuda så fulle av inntrykk at vi måtte venta med å gå vidare på ideen om dette kunne være noko.

Det er mange spørsmål som må svarast på. Er dette noko for oss……

Eg ser at det er mykje som må til, og sannsynleg er sjansen liten for produksjonen for vår del. Vi bor i en fjord, vi har ikkje så mykje strandlinje, arealplana for kommunen er under godkjenning i desse dagar. Og ikkje minst, kva krev det av investering?

Men tanken om livet i fjæra er stor og spanande som ei ny og berekraftig næring.

Kanskje…….

 

 

Halvveges

 

Halvveges i hausten er denne helga også over. Den har gått fort og den har vore fin.

 

For dagane går fort. Så enkelt er det. Fredagskvelden dura eg over fjellet i kombinasjon av å handle og hente mellomste.

Ljoset om dagen er så heilstøypt fint. Ein skulle berre ha sett seg ned for å sjå på alt ljoset. Men slik er det ikkje så klart………….det går ikkje.

Laurdagen gjekk som dagar gjer. Fort.

Vi hadde begge våre ærend. Eg køyrde og handla og slikt. Og ho gjorde det ho skulle.

 

I dag var vi einig om å be middagsgjestar. Eg hadde både bein og kjøtt, og med all grønsaker som finnest no -, passa det godt med ei kjøttsuppe. Desserten vart panna cotta. Karamelliserte sukkeret før eg slo fløyten i. Hadde i tillegg i vaniljefrø og lime.

Eg hadde baka ei gulrotkake til kaffien, ei eg fann hos Myloveforcakes. Den vart søt nok, men absolutt god.

 

Men så måtte mellomste dra med bussen attende. Da er det vanleg prosedyre å følgje ned til vegen.

Og ljoset………..

Ja, ljoset var heilt fantastisk.

No er eg for meg sjølv att. Snart er det natt. Og i morgoen er ein ny dag.

 

Har du hatt ei fin helg?

 

 

Ny vinkel

 

Det finnest dagar da ein skjønar. – At ein skjønar noko på ein ny måte. Som om spottane på scena skiftar vinkel.

Som når sola skin mot eit fjell og får fram formane etter kor ho står på himmelen.

I livet er det også slik. Plutseleg skjønar ein, noko ein kanskje alt har skjønt, men på eit nytt vis. Som om spottane er stilt annleis, som om ljoskjegla har skifta vinkel.

Og der ein står opplyst annleis enn tidlegare, skjønar ein kanskje at det var ikkje noko å frykte, ein får kanskje noko nytt å arbeide med, ein kan forhalla seg på nytt åt noko. På ein ny måte.

Når gamle tankar forsvinn og nye dukkar opp kan det være frigjerande. Det kan gje mulegheiter på ein ny måte.

Berre for det at tankane fekk ny ljossetting.  

Og der ser ein nye dører ein kan opne for å fortsetja reisa si.

Fortsetja livsreisa.

 

Kanskje med større fridom -.

 

 

Enkelt ein tysdag utan store fakter og med selfie

Dagen loffa inn i solnedgong og mørke. Berre for det den fekk lov -.

 

For da eg vakna i dag var verda skral. Eg forsto eigentleg ikkje att fram på den. For eg var innstilt på det eg skulle. Men så forsto eg plutseleg at eg trong det ikkje. Eg trong ingenting. Så eg drog dyna over nasen og tenkte at neste tysdag var det trening i bassenget igjen. Det er godt å være i bassenget, men i dag trong eg det ikkje. Det eg trong aller mest var å ikkje skulle noko. Anna enn ta meg ein tur i skogen i sola.

Slik vart det. Etter kaffi på terrassen tok eg turen til skogen. Og eg fann akkurat det eg ville finna.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Etterpå vart det soppestuing til middagen.

 

Medan dagen hadde gått kom sola framom fjella ein gong til. Den fekk naturen til å verta glødande. Eg måtte ut for å fanga ljoset før det forsvann.





 

– Og til slutt fekk eg lyst til å fange meg sjølv.

På bilete.

Men noko så håplaust som å mime glad og lykkeleg inn i ein spegel skal ein leita lenge etter.

Eg dele. Trur vi alle har prøva det. Eller mest alle i alle fall -.

Og til tross for miming, eg er både glad………og av og til slumpar eg til å være lykkeleg også. Om det ikkje kjem så godt til syne på ein selfie.

 

Slumpar du til å ta bilete av deg sjølv?

Synest du at du får det godt til?