Musikk som fyller rommet

Eg har skrua opp lyden, for å være i lyden. Å møta to av dei beste på ein kveld gjer noko med ein.

 

Saman med eit glas vin.

Kvitvin til laksen.

Eg snakka med veninna mi. Vi har ikkje snakka saman på ei stund. Vi har fleire positive ting å fortelja kvarandre. Dela hyggeleg hendingar gjer hendingane rikare.

Økonomi som er betre, det å finna nokon, døden og livet, barn som har fått arbeid, slikt….

 

Vi har tidsfrist, for ho vil ha med seg konserten med Sivert Høyem på tv. Eg var ikkje klar over den, men den vil eg og ha med meg.

Da eg legg på er Skavland nett ferdig, og avslutningsvis er det ein av min ungdomsfavorittar som er på vitjing. Depeche Mode.

 

 

Vi har snakka om livet.

Om folk.

Vi har snakka om kjærleiken. Om å tørre og om ikkje å vite.

Snakka om folka ein snublar i. Om dei som krev og ikkje fører det som er godt meg seg. Om det å forsvara seg mot dei som ikkje er på parti.

 

Etter å ha sagt god natt stiller eg inn riktig kanal og druknar i Sivert Høyem medan eg tek meg ein munnfull vin.

Eg kjenner på djupa i livet. Ein god og heil kjensle.

 

X_WFYLxywyc

 

Etterpå.

Kvelden nærmar seg natta.  

Det er så godt å kjenne på at ein ikkje treng å ta stilling til dei som kostar meir enn dei gje. Dei kan ein fri seg frå. Slikt er det kolossal fridom i.

 

Nyt helga.

 

 

Ein dag, ein søndag i mars

Det er ikkje noko nytt under sola. Anna enn at den står opp ein time tidlegare i dag enn i går. Men i dette ruskeværet  vises verken sol eller himmel.

 

Blåsten og regnet lagar eit grått teppe. Eit vassflimmer ligg overnaturen. Som akkurat i dag er snøfri.

Den siste tida har snøen komme og gått mange gong.

Men det er uansett vår. Små gule, fortulla leirfivel dukkar opp frå jorda.

 

Eg gler meg til varmare og meir stabile temperaturar. For da trur eg at eg vert meir menneske att. Dei siste vekene er noko eg har kome meg i gjennom.

Derfor er det ikkje så mykje å skriva om.

 

I dag skal eg på middag. Det er foreldra som inviterar, og gjestene er oss tre systrene. Ikkje så ofte vi møtes slik med berre oss fem. Slik det var det i dei alle første åra, før kjærestar, ektemenn og barn.

Eit vakse besøk i barndommens struktur.

 

Men aller først skal eg ta dagen inn over meg med ein kopp kaffi.

 

 

Titt tei

Nokre dagar labbar langbeint og stive fram gjennom livet ditt, da er det berre å klora seg fast og gjera det ein trur. Ein får alltid dei meir sindige dagane også.

 

I dag er ein slik dag.

Sindig!

Eg fann ut slik herleg frigjerande at eg trong ikkje gjera noko. Da hadde eg laga eit program som eg skjøna eg kunne leggja til sides.

Eg hadde køyrd mellomste til bussen, eller parallelt med bussen eit stykke i tidlege morgontimar. Fann ut at eigentleg var eg så trøyt at eg mest var kvalm….og eg kunne eigentleg leggja meg, om eg sjølv ga meg lov.

 

Så herleg å berre breie dyna godt over seg og sovna.

 

Det har vore stramt program over lengre tid. Etter slikt må ein få henta seg inn.

 

I helga har eg att begge jentene heime. Vi har hatt ei kjempekoseleg helg. Eg opplever dei har det bra, sjølv om mykje er usikkert og val og framtid krev sitt.

Førre helg vart ho som fylte to ti-år feira. Dei feira i kollektivet sitt to dagar til ende, først med venner og så neste dag kom vi foreldra. Dei laga effektivt pizza og var i strålande humør.

Veka som kom var travel. Eg visste det. Møte, seminar, gjennomgang og mykje ein berre måtte ta. Det gjekk greitt sjølv om eg mest vart svimmel av alt. Kofferten er enno ikkje set på plass. Slike dagar og veker prøvar eg å unngå.

 

Men det var svært godt å ta ein dag fri. Ein dag i vind og vêr. Det regnar og snøen ligg som ein marmorering oppover jordene. På tur til å gje seg for denne gong trur eg. Den har vore nokså grei denne vinteren om den ikkje startar å vise klør no.

Eg er slik passeleg lei klør og kloring.

-Vil berre ha ljoset, gleda og latteren. Slik i lang tid framover.

 

 

Det gode som er godt

 

Det treff. Eit eller anna, midt i-. Det blinke, glitrar og dryp.

 

Det er sooooool over kvite jorde. Eg blir treft midt i  senteret for lukke. For no er det i gong. No er det i gong.

Dei første strålande i heimen. Ja da, ser  alt støvet. Men kjenner også kriblinga. For vi har nådd den lette  årstida. Våren er så vidt starta. Og sola – sola skiiiin.

 

Og så er det laurdag. Fantastiske  laurdag.

– Fri og frank.

– Blid og blank.

 

I tillegg er verda mi mykje mindre vondt. Av ein eller annan grunn. Og eg tek i mot.

Og eg har lyst til så mykje. Hente ved. Dra fram skrikande og strikande  Støvsugaren. I dag er alt mogleg. Sjølv om dagen ikkje varer evig.

 

Eg skal baka ei kake. Den vesle, lange jenta mi fyller år i morgon. Heile 20.

I kveld skal eg på kino, skal sjå La, la land.

I morgon blir det feiring av rund dag.

 

Og veka, veka som kjem er for full. Eg veit at det som rime på full er tull.

Men det er vel  ikkje det, og eg veit at neste helg vil eg ha funne ut at eg har vunne over den også.

Eg vert mest svimmel, over alt eg kan  NÅR eg kan.

 

Skikkeleg god helg over alt den finn vegen.

Til kvar krinkel og krok.

Som ord i ei riktig god bok.


Torsdagskveld på tur heim i vakkert kveldsljos.