Måned: januar 2019

No og seinare

Da er vi passert midten av denne veka. Eg legg skuldrane ned gong på gong.

 

For det er ikkje den minste lurt å henga dei opp like under øyrene. Ikkje er det naudsynt heller. Gamle vanar er faktisk vonde å venna.

Eigentleg mistenker eg meg sjøl at eg synest det er artig å laga stress. Piska opp liksom.

-No skal det bli artig her…ohoiiii….vi stresser. Da kjennest det som ting riktig skjer da.

Så det er berre å ta eit djupt pust å roa ned.

Og eigentleg trur eg mest eg har gjort det.

 

I dag er det bibliotek.

I går hadde eg eit arrangement. Det kom ikkje så mange, men det gjekk greit. Folk syntest det var hyggeleg.

Førdagen var det jobb og så ei vitjing hos jubilanten. Han kosa seg riktig med alle helsingane han fekk, faren min. Det å verta hugsa på er godt.

I går fekk eg unna meg det som var det verste med at vi skal feira her på søndagen. Gongen som har utvikla seg til eit gedigent rotelagerrom. Eg fekk grovsortert, rydda vekk og kasta. Så no kan folk gå i gjennom det rommet også utan at eg raudnar.

Så no er det matplaner eg må få skikk på. Stolrekning og få oversikt over når folk kjem. Det vert fullt hus, men eg veit ikkje riktig kven som kjem når.

Ja, nokon er allereie komen.

Når kjem ungane mine i hus og når kjem kjæraster og slikt…. Senger og mat må ha ei plan før søndagen.

Skal det vera ein velkomstdrink-, for det er alltid koseleg….

Vi vert ikkje fleire enn 15 eller 16 stykker, men skal vi åpna for at fleire kan koma til kaffien etterpå……

Alle desse spørsmåla. Det er ikkje berre, berre når det går opp for ein at ein har ein far som har mest ein rund dag å kalla.

Og skal eg dra i bassenget i kveld….og akkurat det kjenner kjennest lurt ut no medan eg skriv. I morgon tek eg fri, ein full heimedag.

For no er vi snart over i ei ny veke, og den har heilt andre utfordringar.

 

Kva er dine største utfordringar den veka her?

 

 

95 år

Den 29 januar 1924 vart far min født. Eg legg inn eit innlegg eg skreiv for nokre år sidan.

 

Eg vil fortelja om far. Dette er ein riktig dag til slikt.

Han er født i 1924, som er nokre år sidan. Og sjølv om kroppen har vorte skrøpeleg etter alle desse år, så er hovudet friskt. Med både humor, refleksjonar og husk. Til og med augo verkar betre enn hos dei som har mykje kortare fartstid på denne jorda.

Han var født som fjerdemann. Noko som den eldste systera syntest var i overkant mange. Så ho tok resolutt dei yngre syskena med seg på eit forsøk om å skremme denne karen attende og bort. Det gjorde dei med å sota seg til. Som vi forstår hjelpte ikkje dette stuntet. Og syskenflokken, som etter kvart vart fem, vart ein samansveisa gjeng.

Farbor Jarle, far, faster Gudlaug, farbror Sverre og faster Bergljot

 

Far fekk veksa opp på ein gard der dei hadde mat og foreldre som var glade i borna sine. Men arbeide måtte dei. Og far var ikkje av dei som var redd for arbeid. Noko som førte til at han fekk positive reaksjonar på seg sjølv. Ein god start på eit liv.

Han fekk vera med på gjeting av kyr og geiter på Bakksetra. Mykje saman med søster si, Gudlaug, som var to år eldre. Desse dagane på setra var eit avbrekk han set pris på.

Når sommaren nærma seg, flytta dei først til eldhuset. Der folka nede på garden budde gjennom sommaren. Det vart både for enklare hushald og for det var skikken. Men dei sov inne i hovudhuset.   

Den 11. juni var seterdag. Da reiste dei som skulle ta den drifta innover. Turen opp til Bakksetra tok over ein time. Turen att og fram dit måtte stort sett takast dagleg. Noko av det som måtte ned var geitosten. Dei hadde margarinkassar som det var festa taug i slik at dei kunne hengast på eit bøltre. Kassane vart lasta opp med geitost på to kilo kvar. Fire i kvar kasse. Med to kassar vart det seksten kilo som vart frakta ned til bygda. Ein måtte og væra med på onnarbeidet på garden.

Men det var og leik med bading i elva og vatnet når vêret tillet det. Og ikkje minst fisking med lange bambusstenger.

Det vart laga gjetarlister, for gjetinga gjekk på omgang. Ein gong det var eit kaldt og ufyseleg vêr kom mor deira innover dit far og Gudlaug hadde søkt ly for regnet, med pledd for å verma ungane sine.

Inga født Åsgard, gift Bakk, farmor, og far si mor

Far var svært glad i mor si. Så minnet frå den vinteren da han vart liggande sjuk, og mora sto i døra og tok farvel, er eit svært sårt minne. Ho ville ikkje klemma guten sin fordi ho var redd ho kunne smitta han. Ho sto på farten for å reise bort for behandling av tuberkulose. Far var åtte år.

To år etter vart ho erklært frisk og skulle koma heim. Ho kom heim i ei kiste. Tuberkulosen tok ho att. Far sprang ned til sjøen for å møta båten og mor si i kista.

Og å følgja mora til grava som tiåring er ei hending som prega far.

Syskena fekk tidleg oppgåver for at alt skulle gå. Faren fortset drifta på garden saman med ungane og tenestefolk som var hyra inn.

Ein gong far var rundt fjortenårs alderen og var saman med nokre andre karar på notnaustet, fekk dei sjå sild inne på bukta. Far sprang for å varsku Olaonkel som bodde oppe i Bakkan. Han fekk vera med å ro ut for å stenge silda inn. Dette silstenget fekk og far vera med å dela lotten av. Han meiner å huske at det var ein stor sum. For noko av desse pengane kjøpte han seg konfirmasjonsdress. Ein dress på trettitalet tilsvara omtrentleg ei månadsløn. Men trøyt var han dagen etter på skulen, for mykje av natta gjekk med til arbeidet.

Da krigen braut ut var han dreng på Kuli utføre Smøla. Der arbeidde han i periodar over seks år. Han var med på å samla saman vrakgods medan bombeflya dundra like over havflata og hovuda fortel han.

Da far fylte 23 år døyde faren. Familien hadde ei svakheit og det var hjarta. Bestefaren døyde også like brått fordi hjarta ikkje ville meir.

Da gjorde far det faren ikkje ville han skulle, han fekk seg hyre på ein båt. I fleire år var arbeidsplassen hans havet. Grønlandsfiske deltok han i blant anna. Følgjer du linken her kan du lesa om det fisket.

Bilete frå tida på Kystskipperskulen

Han fekk spara seg saman nok pengar til at han på slutten av tjueåra tok skippereksamen. Det var da han møtte mor. Dei likte kvarandre så godt at dei fann nokså fort ut at dei ville dela livet saman.

Eit val som førte far ut i nytt farvatn. For mor vaks opp med eit båtbyggjeri som leveveg, og far hennar hadde idear å setja ut i livet. Noko som resulterte av bygging av ein båt for å visa at ideen heldt vatn. Ein båt som far vart førar av fram til at ryggen slo seg vrang på starten av seksti talet. Noko som etter kvart førte far sin arbeidsdag attende til landjorda. Han hadde hovud for tal, som det heiter, og resten av det yrkesaktive livet fekk han leve saman med- og ha ansvaret for tala i familiefirmaet han var gifta inn i. 

Båten morfar bygde slik den såg ut dei siste åra den fekk lov å flyta på sjøen

Far er ikkje av dei som er født med mest tolmod. Han sette i gong med det han såg for seg, to hus fekk han bygd opp og grunnmuren til ei dokkestove. Og det kunne ta litt tid før siste spikaren var slege i, for pirkete er ikkje far.

På slutten av sekstitalet var det vorte ferje til Ertvågsøya, noko som resulterte i sertifikat og bil.

Og sommarferiar på hjul. Sommarens høgdepunkt.

Med opplevingar og ein far full av påfunn. Slik som den gongen han stoppa og rygga attende til nokre haikarar, som glad kom småspringande med sekkane sine bort til bilen. Og far rulla ned vindauga, med mor i forsetet og tre dotere sitjande i baksetet, og så sa han: “vi har diverre ikkje plass”.

I sin eigen form for humor kunne han gjere ei som snart var tenåring nokså flau.

Frå 50 års dagen til mor

Seinare vart mor og far i leine etter kvart som vi tre jentene flytta ut. Da var det ei tid med turar i skog og mark. I fjellet og på sjøen. Og så kom barnebarn og dei fekk mange å vitja. Og så kjøpte han seg gard. Heimgarden. For han hadde så lyst til å hjelpe til at tinga gjekk slik dei var tenkt. Var tanken.

På vitjing på Moe, her med einaste gutongen av dei seks  barnebarna, han med Kanutten i hendene

Barnebarna var nokså små enno da fingrane til far starta å svikta. Når vi var på vitjing hjelpte dei til å knappa dei små knappane på skjorta. Etter kvart fekk han meir og meir problem med motorikken. Glas velta lett ved måltida. Så starta kjensla under føtene å svikta. Han hadde fått noko som heiter nevropati.

Det har etter kvart vore mykje fall. To ting har vist seg; han kan å detta og han har sterke bein. Men ein del plastring etter kuttskadar og tørking av blod er det. Det som ein kan beundra er humøret han beheld i dette. Det held sjølv om hendene og føtene sviktar.

Han har vore vant til å vera eit fritt menneskje og klara seg sjølv. Så da sertifikatet vart inndrege da han var 89 år opplevde han det som ei kraftig inngripande. Han vart ikkje så glad i legar og samfunnet etter dette, for han følte at det å verta eldre ikkje var tolerert. Og at mulegheita til å koma seg i butikken vart så avhengig av andre. Dette vil han gjerne diskutera framleis.

Elles stavar han seg gjennom dagen sin. Han har ting og ordna i, gamle papir og ved som skal bærast opp. PC er det lenge sidan han skaffa seg. Nettbanken brukar han, men det er ikkje altid motorikken og kid-nummer samarbeider. Tv er og noko å bruka tid på med klave på hovudet. Hørselen har ikkje tålt åra.

Atlaset liker han godt å reisa i, kart har alltid interessert han, og verdsrommet.

I dag er lesinga redusert til avis og boka “Kvardag, kamp og kreativitet” av Per Eilert Orten om noko av Aure si historia. Dei siste bøkene han pløgde gjennom var 70 bøker av serien Sønnavind. Han oppdaga at han fekk hovudpine av lesinga. (No i 2019 er det stort sett aviser han les).

Da han gifta seg hadde han namnet klart om dei fekk ei jente. Han hadde lese bøkene til Olav Gullvåg om ein person full av gode eigenskaper som heite Ingvild. Og slik vart det, jenta fekk nament ho hadde fått tildelt før ho var påtenkt.

“Er det greitt eg legg ut dette på blogg” spør eg.

“Ja, om du kan lova ingen les-” seier far min.

Og det lova eg så klart. 

 

Dette skreiv eg til ein farsdag for nokre år sidan. Men det høve også til 95 års dagen. På søndag skal vi feira han. Da kjem dei seks barnebarna og det eine oldebarnet. Og så klart er vi, dei tre døtrene der. Vi har lange intervall mellom generasjonane for åra går så fort, har det vist seg. 

 

Vinter

Blåe minusen langt inn i framtida. Så langt auga kan sjå. 

 

Langtidsvarselet viser blått, blått, blått. Frå ein til åtte minus. Det er eigentleg greit vintervêr. 

Måndager er oftast fridag for meg. Eg sit her med kaffekoppen omtrentleg i handa. 

Planlegg. 

Tid er noko overraskande. Plutseleg er det som var lenge til allerede i morgon. Eg må gjera det slik og slik, tenkjer eg. Dette å skal kombinera alle krava lagar kaotiske draumar. Eg er sliten av natta når eg vaknar. 

Men eg har mykje å sjå fram mot. Og det er dit eg må sjå. Mot dei første solstrålingen som snart treff huset mitt. Og det som følger. 

Våren. 

Det som vart planta i haust. Ein heil rosenhekk i kjærleik blandt anna. 

Ein må strekkje seg mot ljoset. Og så må vinteren nytast. Den også. 

Eg trur eg be med meg sonen ut til middag i dag før har reiser. Så får eg handla det eg må ha på apoteket samstundes. Og så utset eg røntgen føråt arrangementet på onsdag. Det vert for mykje, både bytur og arrangent på same dag. 

Det kjennes godt å sortera og vera tydeleg. Ikkje minst for seg sjølv. For da veit ein. 

Fuglar og tankar

 

Laurdagen skin blankt mot meg. Blå himmel og kvit sol. 

 

Fuglane kjem som ping, pong ballar og landar nokre sekund. Før dei fyk bort. 

Inne på bordet blomstrer det vårleg.

Ute er det minus sju. Og noko av det første eg må gjera i dag, er å henta ved. Elles er dagen åpen. Eldstemann kom heim i går. Glad og fornøgd. Før han kom sa han at han måtte få tid til å kose med dyra før vi åt. Og dei firbeinte både mol og logra med halen, etter kva som var naturleg. 

 

Litt tidlegare kunne eg stenge døra på kontoret, berre for å stadfesta at eg rakk det eg måtte.

Men eg har stress i kroppen.

For til veka skal eg ha to arrangement. Eit på jobb og eit privat. Redd for at eg ikkje har det eg må ha av kapasitet.

Akkurat da.

Det stresser meg. Derfor arbeider eg med hovudet mitt.

Tankane.

Rydding i hovudet må til. Rett som det er.

Men eg må også rydde i heimen. Det er spesielt gongen nede, for den er bruka til lagring. Og – neste helg kan eg ikkje be alle om å bruka inngangen eg brukar. Han som fylker 95 år må få bruka den inngangen som er enklast for han.

Så slik tenkjer eg ein blank laurdag. Medan fuglane pulserer til og frå fuglematen. 

 

Korleis dag har du det i dag?

Leggje lista riktig, ikkje eit snekkarinnlegg

 

Kanskje er det kuldesjokk som gjer det. For det er litt traurig. 

Så her må nok sortering til.

For det er noko som tynger. Eg må nok sjå og leita, for det er noko.

Eg fauk på det nye året med ein vilje til å få alt på stell. For berre å oppdaga eit krunsja andlet i spegelen.

“Du ser ikkje glad ut”, sa mor mi i dag. Da eg køyrde henne til tannlegen i går.

Eg veit ikkje om det er jobb, privatlivet mitt, eller alt.

Eg prøver berre å få ALT til. Og resultatet er noko som kan utvikla seg til kaos. Så sjølv om månen kastar ljos over oppgangen min når eg kjem heim i kveldinga.

– Og eg meldte meg på yoga som skulle utførast på ein stol….

Så er det noko ikkje bra. Eg har ikkje tiltak til å rydde heime. Eg får ikkje lagt meg i rett tid. Og eg har lyst til å eta alt som er usunt. Trist om eg skulle eta på meg alle kiloa eg har fått bort.

 

Så noko må eg gjera. For å få meg på sporet. Bort frå vinter og framover mot vår.

Der eg rekk det som er realistisk. Og at kontrollen har meir fridom, slik at eg rekk meir….  

 

Eg må berre finna den riktig tråden for å starta og nøste fram den sprudlande gleda. For slik kan vi ikkje ha det.

I dag har eg ikkje vore flink med å væra flink. Det kjennest som det hjelpe.

Det handlar ofte om å finne det riktige hakket og  leggja lista der.

 

Håper du har ein fin, fin dag :))?

 

Protest, snø og raud måne

 

Ei ny helg har vorte ei gamal helg og historie. Eg har baska meg i gjennom den.

 

Ei kvit helg utan ei einaste ski på beina, men med spade i handa.

– Og fakkel! 

For den starta fredagsettermiddagen. Helga-.

Etter arbeid tok eg beina fatt eit stykke og fekk ein fakkel i handa. I lang rekke snirkla vi oss opp til Aure rehabiliteringsheim, som står i fare for å leggast ned atter ein gong. Ein stad mange har fått hjelp etter operasjonar, slag og eit varmtvassbasseng som er til hjelp for mange for ein lettare kvardag.

Så dette ville eg være med på protestera i mot.

Det var reumatisme-, parkinson- og ms-foreninga som hadde gått i saman for å få til denne demonstrasjonen. Og mange hadde møtt opp. 

 

Laurdagen vakna eg til ein nedsnødd dag. Eg bruka mest 1,5 time på å grave opp veg frå inngangsdøra, bort til vedbua og ned til der bilen brukar stå.

Og så hadde eg gløymt av dei små fjørballane som helst skal overleva i snøriket. Fekk endeleg att husken og hengte ut mat.

Ellers gjekk eg i gong ned å koka noko som heiter sunndalsgraut som kokast blant anna av fløte, og det hadde eg nok av i kjøleskåpet. Noko av grauten fraus eg ned og noko tok tok eg med til foreldra mine på søndag.

Dei hadde steikt vaflar, for det må være til ein slik graut.

– Så etter snømakking på søndag ba eg med meg søster mi til å være med på vitjing.

Foreldra våre bor øvst i ein bratt veg. Det viste seg umogleg å koma opp med bilen min.

Først sprang eg opp med det vi tok med oss og fekk gått over med snøskufla i oppkjørselen. Ned for å hjelpa søster mi opp. Ho har ms og dårleg til beins.

Kjente eg kvidde meg for returen. Men etter tre turar opp og ned var vi på veg. Da hadde eg bruka snøbrøyteskuffa for å få ho med ned, og det funka som berre det.

 

Ellers har eg hatt mange telefonar, blant anna til den andre søster mi. Vi snakka om planlegging av far sin 95 års dag om nokre veker. 

Og så har eg strikka ferdig eit skjerf, det siste i eit sett som starta ned pulsvantar.

Eg lika så godt garnet at eg kjøpte meir, til ein genser. Da det var såpass mykje garn att da den var ferdig, vart det også til skjerf. Som det vart ferdig i gårkveld.

Så no skal eg i gong med nytt prosjekt.

I gårkveld la eg meg til ein trillerund fullmåne og ein natur bada i ljos. Eg vakna i sekstida i dag tidleg. Da eg kika ut var det skikkeleg mørkt og på himmelen fekk eg sjå ein nedtona brun, raud måne.

Supermåne.

(I mørke og avstanden var det vanskeleg å få den med på bilete, så heilt eledig bilete).

I og med eg har fri i dag, gjekk eg å la meg etterpå og sov godt og lenge. Men no er eg godt i gong med måndagen.

 

Har du baska med snøen i det siste?

 

Mi blogghistorie

Kvifor startar ein blogg, kva er grunnen til det…slike spørsmål kan ein spørja seg sjølv om. Og det kan andre stille spørsmål om også.
 
 
Det er naturleg og tenkje på dette om dagen, no når framtida mi som bloggar må revurderast og ha ei ordentleg gjennomgåing.

Det var ein grunn til at eg starta, eg hadde eit ynskje å finne fram i meg sjølv. Litt opa dagbok der eg kunne få kommentar. Og også for å finna vegen min vidare.
Her er første bloggen eg postar den 21. april 2010, for snart ni år sidan. Denne la eg ned etter nokre kommentar utanfrå, men ungane mine bad meg om ikkje sletta den. Så den ligg enno inne i systemet.

Det var både helsa mi, energien min og arbeidet mitt som ga meg utfordringar. Mykje av dette visste eg ikkje korleis eg skulle gå fram med og finna ut av. Så etter eg slutta å skriva på den første bloggen, oppretta eg ein anonym blogg. For å kunne skriva meir fritt. Den vart oppdaga av kjente, så den vart også lagt ned.
 
Etter dette oppretta eg ein blogg på eit anna forum, der eg tenkte litt meir rundt tanken med å kopla den opp mot noko som kunne verta næring. Den ligg her, men vore inaktiv i nokre år.
 
I alle fall gjekk eg attende til blogg.no.
16. januar i 2014, altså for nøyaktig fem år i dag, starta eg BforB eller bforb, litt usikker på korleis den skal skrivast-. I starten var den meir ein link inn mot den allereie eksisterande bloggen.
 
Her er først innlegget.

Undervegs fann eg ut at eg ville skifta til nynorsk, fordi eg var så usikker på bruken av målføret. Så eg ville øva på målforma.
Eg er klar over at både språkforma og korleis eg brukar språket kan gjera den utilnærmeleg, spesielt dette at eg ofte antyder og legg opp til at folk må lesa mellom linjene.

Men attende til blogghistoria mi. Gjennom desse ni åra med blogging har det eg leita etter vorte avdekka. Kvifor eg var så nede for teljing. Noko hadde med livet å gjera, for det var ikkje heilt plant og fordringane sto i kø ut frå min kapasitet. Det viste seg at helsa var ein konkret grunn. I mange år vart ingenting funne som hadde samanheng med slik eg hadde det. Spekulerte på om det kunne væra psykisk alle vondtane eg sleit med. Eg ville berre finna ut grunnen for å gå i gong med arbeidet som måtte til med det som ikkje var som det skulle.
 
Først i fjor vart det funne ut. Dette som kroppen min starta å bala med for over tjue år sidan.
Eg synest helse er frykteleg keisamt tema, for det er så mykje anna eg heller vil være oppteke av, så endeleg fekk eg eit kunnskapen for å jobbe med det konkret. Og så må eg så klart ta høgde for realitetane.

Så slik er eg kanskje kome til endes.
Med blogging.
Eg veit ikkje.
 
Ser at fordi eg er så variabel med energi og tid, så vært innlegga-, det å kommentera- og svara på kommentarar-, rett som det er hengande. 
 
Eg får ein kjensle av og ha fått mange nye vener gjennom bloggen. Det er svært fint. Ein vert glad i desse menneska som ein vert kjent med og som gje av seg sjølv. I den verkelege verda har eg ikkje så mykje kapasitet til å pleia venskap.

Å bli heilt borte vert nok eit sakn.
Så slik vart den summeringa.
 
Eg veit noko, mykje veit eg ikkje og etter kvart passerer framtida notida og vert til fortid.
Da veit både du og eg.
 
 

Over fjella i sludd og søle

 

Tidleg opp for å venta. Slik starta dagen min. 

 

Og her sit eg. På eit venterom og ventar. Med ein summende radio og stemmar både fjernt og nært.

 Dagen starta beint ut ukristeleg tidleg.

Eg lova meg bort for nokre månader sidan. Eldste skulle ha eit enkelt inngrep.

I nasen.

«Eg kan køyra deg», sa eg.

Så i gårkveld la eg meg tidleg. Sto opp gjorde eg klokka fire. Fire i natt!!

Litt over ein time etterpå var eg på veg. Plukka opp ein stressa son, og litt over åtte var vi på plass.

Så no ventar eg på at han er ferdig. Da skal vi attende. På vinterlege vegar av den krevjande sorten. Men eg må få meir vindusspylervæske på bilen. Heldigvis er det ljost på veg attende.

Og eg gleder meg til eg er heime att. 

 

Glede

 

-Når ein kryp ut av den tronge tunnelen og kan strekkje seg i ljoset..slik har eg det no.

 

For no er eg ferdig.

For denne gong.

Og kanskje vert det aldri trong tunnel meir. For slikt kan ein vona.

Det starta som eit snev for eit par dagar sidan. Som å få til litt meir.

 

I går var vi framom foreldra mine yngste og eg. Vi hadde handla for dei på butikken. Ho sprang framom meg opp trappa. Eg etter-.

Det var da eg skjønte det. At eg var bedtre.

 

Eg sprang i trappa!!!

 

Tida med å slita var over.

Eg kan reisa meg opp frå stolen utan problem, eg slepp og sleppa meg ned i ein stol. Eg kan bruka musklane utan at det er vondt.

I dag tok eg solhelsinga. For første gong sidan slutten av november.

 

Og eg er så glad!!!

 

Over at funksjonane er attende. Så no vonar eg at ikkje all slags problem råkar igjen. Med andre reaksjonar fordi eg tek mykje for at kroppen ikkje skal angripe seg sjølv. Slikt som kan skje når imunapparatet er tatt ned.

 

Her er eit bilete, det til venstre er teke i månadskifte november, desember. Det til høgre frå i dag.

Og når ein er attende til å få til ting lettare, etter og ha jobba hardt for å henga med…da er glede enorm.

Så denne helga har vore av dei som gjer ein skikkeleg glad <3. 

 

 

Ein kveld

 

Ro og fred og talgljos. Middag og TV

 

Det er fredag.

Det er så godt.

Dagen har vore god.

Kanskje litt meir av at alt er bra. På ein balansert måte.

Nokre timar jobb, i fred og ro. Utførte og kryssa ut.

Innom butikkar. Vinmonopolet og ei flaske kvitvin. Handling av mat. Første gong på nyåret. Det synest eg er bra.

Heim å lage middag.

Dekke bord.

Da yngste kom ned bussen var alt ferdig, dekt på, tent opp i omnen, talgljosa tent på.

Vi har ein fredeleg kveld.

Snakkar litt, ser på TV, kommenterar.

Det er helg.