Midt i

 

Denne veka er heil og krevjande. Eg står i den, litt som i giv akt. 

 

Men heime somnar eg. Eg søv som i ein døs når baken treff ned i ein stol. Somnar, vaknar og somnar igjen. Kapasiteten til å blogge forsvinn i alt.

No held eg på og landar. Snart helg midt i veka. Men skal gjennom programmet mitt i morgon.

Dette høyrest kanskje noko dramatisk ut. Men det er ikkje det. Seier meir om kapasitet min eigentleg.

I går kom eg meg opp klokka seks og var på jobb klokka åtte. I dag kom eg meg på trening. Dette gjer meg stolt. Eg klarer det eg har tenkt.

Eg sa riktignok i dag at eg er ein utførar og at kjenslene mine er flate. Og at dette vil eg arbeide med for å få meir kontakt med kjenslene.

På ei anna side er det inga krise. Og eg er skikkeleg svolta etter einsemda.

Berre eg.

Berre tankane mine.

Berre ro.

Da kan eg høyra på radio eller sjå på TV, eg kan både le og gråta med  det eg tek inn der.

Og til sjuande og sist får eg lagt inn eit innlegg. Eit innlegg om at eg har det rett så bra, eigentleg, der eg seglar gjennom den første, heile veka i eit splitter, nytt år.

Men kor lenge er eit år nytt?

 

 

Om å nå fram så godt som

 

I dag er eg emosjonell. Kjenner eg har lyst til å gråta både for det eine og det andre.

 

Radioen står på og det er så mykje som treff.

Treff midt i hjarta.

Mennesker-.

Vi, oss, livet og slikt. Korleis vi er saman-. Korleis vi reagerer på kvarandre-.

Høyrde eit intervju med Leo Ajkic. Han var ein slentrende rebell eg tidleg fekk sansen for, da han dukka opp i media. Uredd, ærleg og med respekt – slik eg opplevde det. No er han ute med ein serie på NRK. Den heiter «URO». Han snakkar om å høyra på dei vi er ueinige med. Og greie å respektera den ueininga.

I intervjuet i dag kjem han inn på at det er også nokre område han også har problem med. Kort summert handlar dei om der det ikke finnes respekt. Men det å høyra på kvarandre sine synspunkt er viktig seier han, for å finne dei gode løysningane.

Om det handlar om miljø eller menneske.

I dag kjem tårene fram i augekroken av slik tale. Eg vart i haust så oppteke av dette med å høyra etter kva folk eigentleg sa. Ikkje ta korte slutninger og mistolke.

Orda, orda er litt vaklande. Vi kan ha nokre små nyanser korleis vi tolkar ord, dette kan gje grunnlag for å tru at vi ikkje er samd på grunn av tolkningsforskjell. Vi er så flinke til og dikte og tru vi veit kva andre meiner.

Eg veit. Eg kan væra slik sjølv. Trur eg veit så inderleg godt.

Eg driv og øver meg. Øver meg på kva vart eigentleg sagt. Når eg sit der såra fordi eg følte meg angrepen.

Vart eg eigentleg det?

Dette synest eg er så interessant. Prøva å høyra litt betre etter. Det å klatra ned frå pidestall perfekt gjev utruleg fridom. Når ein sluttar å døma andre gjev ein samtidig seg sjølv fridomen attende. 

Eg synest respekt, ærlegheit og å være utan frykt (til ein viss grad) er tre gode eigenskapar eg likar.

Men det er ikkje sikkert du som les har den same tolkninga av orda. Så det å finna ei felles tolkningsplattform er viktig, og i neste omgang må ein høyra etter kva som vert sagt, ikkje det ein trur.

 

Synest du denne tematikken er interessant?

 

Eg er litt oppslukt. Og i dag er eg i tillegg ømhjarta og vemodig. For innimellom må ein være det også. 

 

 

Dag på vranga

 

Denne dagen må roast ned, tenkte eg i sta. For den er litt slik utenom kontroll. 

 

Eg vakna til den i lutter glede. Med berre ein ting slik ordentleg på programmet.

Ringe NAF.

Akkurat det kunne eg vente litt med, greit å sjekke om bilen kunne køyrast opp likevel.

Så eg starta å rydde. Laga meg grøn grønkåldrikke, sette på ein vask.

Slikt.

Etter ei stund peip maskina for å fortelle den var ferdig.

Men eg fekk ikkje opp døra! 

Fram med bruksanvisning; barnesikring sto på, fann eg fram til. Eg hadde nok kome borti på skjermen. Men kor eg trykte ville den ikkje opp.

Så leita eg vidare. Skru opp, sto det. Og det er da eg kjem til kort, for akkurat no har eg ikkje kraft i fingrane og ikkje kan eg gå ned på kne.

Tang, tenker eg. Men den ligg ikkje der den skal, så lengre er eg ikkje kome med den saka-.

Da får eg sjekke tilstanden ute, tek på meg regnklær og tek med boffen.

Såg fort at her måtte hjelp til. Tenkte å ta bilete av ståa, for bloggen, men gløymde det. For ringe frå vedbua, for det pissregnar.

Inn i bua – boiiing – eg klaskar panna inn i ein bjelke. 

Da kom det eit høgt og tydeleg «søren» ut av munnen. Altså min munn. Og med det konstanterer eg at eg hadde overlevd. Berre litt hovudpine.

Får ringt, får lagt ved oppi posar. Da startar boffen å bjeffe. For nokon er ute og går på ein veg. Så må ut å ta ein alvorsprat med han. Han er aldri med inn i boda.

Da eg kjem inn att for å fortsetta, er nokre pallar vorte såpass våte av regn som har kome seg inn mellom sprinklane, at eg er på veg til å detta. Men får mobilisert den eine foten slik at eg vert ståande. Det rykker så i knefesta, så når bergingsbilen er på plass litt etter, hinkar eg som ei gammel kjerring. Og det er eg no ikkje.

Men – bilen er oppe. Det er også døra på vaskemaskina.  No. Trur at eg skal ta kvelden med ro. Har ikkje lyst på meir uhell og tull. Synest eg har bruka opp mykje for langt inn i det nye året no.

 

Har laurdagen din vore  fin og ein riktig koseleg kosedag? 

 

 

Grått og vått, mest vakkert

Så grått at det mest var vakkert,var dagen. Fredagen. Den første i år. 

 

Eg vakna med dyna på golvet. Seinare enn tenkt. Altså, ikkje at dyna var i golvet.

Men slik vert resultatet når dagen føråt vart avslutta for seint.

Dagen var godt planlagt. Jobb, telefon til legekontoret for å få time på dagen, og vart det time, hente far. Uansett skulle eg handla for dei.

Så eg hadde nokre timar ved kontorpulten, fekk ete lunsj og ønska kollegaer god helg.

Så henta eg far med god margin kva tida var, men legen hadde enda betre tid – så han sto og venta oss. Konsultasjonen gjekk fint, handleturen gjekk bra.

Etter kaffi hos foreldra mine, gjekk turen heim. Da var det mørkt.

Det var fredag og fri. Eg planla henting av ved i mørket med mobil (lommelykt) og bil.

På det tidspunktet var eg nok oppbruka og nokså sliten. Så eg kjøyrde like godt utom vegen.

Eg tok ut veden, låste bilen og gjekk inn.

Får ringe bergingsbil i morgen.

Så no sit eg slakt i ein stol og er overglad for helg etter ei halv arbeidveke.

God helg. 

Det som er nytt

 

Eit nytt år. Blanke ark. Mot lyset og mot berre velstand.

 

Det er eit nytt år. 

Og nye år er bra. Om dei ikkje gjekk så forbaska fort.

Og fortare og fortare går dei.

Rekk mest ikkje henge opp ein kallender før den må ned att.

Eg har spekulert på om det kan hjelpe å kjeda seg. Men eg veit ikkje riktig korleis eg skal få det til. Eg har for dårleg evne til det. Hugsar eg kunne kjeda meg som barn. Da gjekk tida langsomt.

Men det er godt og taka eit overblikk over dagane og livet. Korleis ein lever og kva for val ein vel. For ein har alltid desse vala.

Greit å sjå dei, sjå kva dei fører til.

Og vil ein dette og kva vil ein ikkje ha?

Eit nytt år er greit til slike spørsmål.

 

No er sjansen forskrekkeleg stor for at alt vil væra som det var. I stor grad.

Og er det så ille?

Om det er det, da må ein kanskje gjera noko.

I dag var eg innom mor og far. Vi snakka om kva som skulle vore gjort og kva som står på vent. Det er helsa som har eit stort fokus. Og eg kan verta overmanna av avtalar og køyring. I dag tok eg fram mobilen og skreiv eit notat, da har eg i alle fall ei slags oversikt. Ei plan. Det kan væra greit, tenkte eg – så no må eg berre hugsa å sjå på det eg skreiv. For å kunne haka ut.

Det kan væra greit for eit nytt år. Meir oversikt over to do.

Kvardagen har starta. Julematen er ikkje fortært. Framtida er ikkje heilt klar. Og det skal den heller ikkje væra!

Men alt blir.

Slik etter kvart.

 

Her på nordvestlandet er det regn som plaskar ned, det er eit mørke ute, sjølv om sola har snudd. Enno vil det gå godt over ein månad for sola treffer stoveveggen. Men eg trur det er viktig å leva kvar dag, med eller utan sol.

For plutseleg står eit nytt år å bankar på. Da er dette året også borte.

Vi må leva heilt, helst heile tida.

Ha ein riktig levande torsdagskveld!