Påska, livet og andre viderverdigheiter

Påska i år er straks over. Sammen med snart fire månader av 2019.

 

Og tida går.

År for år.

Eg er ikkje så medelsom om dagen. Det skjer ein del utan at eg kan seia det forandrar så mykje.

Påska har vore feira på heimebane, med ungane. Vi fann ein song som var frå gamle dagar. Den fekk oss opp nokre hakk til eit hyperhysterisk nivå, ellers var vi flate og late. 

Her er songen.

 

 

Husker du den kanskje ikkje, trur den var på nokre hit.lister på 70-tallet, så det krev nokre år på baken å huska den.

 

Det var litt tur og litt kortspeling.

Og noko leiting etter påskeegg.

 

 

Vitjing hos foreldra/besteforelder og punktering av dekk. 

I går ba eg likegodt eksen på middag, og så tok han med seg gjengen attende til liva sine.

 

Så dagen i dag har vore stille med musikk. Med hagearbeid og heilt usosialt.

I morgon startar kvardagen. Den trur eg vil få bein å gå på. Er eg redd.

 

Så kvifor har eg vore så fråværande her…….

Og til det kan eg nok gje fleire svar. Litt slik essensiell krise. Berre ei lita ei.

 

No kjem noko sjudomssnakk, Slik at du er advart.

St. Olav i Trondheim vart til slutt einig med meg om at det ikkje var bra at eg gjekk med eit opphovna, raudt auge. Og at det nok kom frå den biologiske medisinen. Så eg skulle slutta med den, og så skulle vegen videre diskuterast.

Det tok på tida.

Og da ramla egentleg berre eg-, eller kroppen min noko saman. Den vart vond og energien forsvann.

Etter noko mas, greidde eg å få svar onsdag før skjærtorsdag. Så da var eg atter i gong og fekk set ei sprøyte med noko som heiter  Humira.

Det skal eg ta kvar fjortande dag. Det vart nokså raskt litt bedtre, men etter det har eg vore i ei slags bakevje.

No må eg få til struktur og strengt regime. Om ikkje er eg berre å gje opp.

 

Fekk og brev frå systemet.

Frå 1. mai er eg 50% uføretrygda. Og eg synest ikkje det er det minste artig. Sjølv om det ikkje var noko anna alternativ, og at eg berre må væra glad for at det gjekk i orden. Så er det ikkje det minste artig på ein prikk-.

Gammel, gråhåra og uføretrygda og i sekstiåra……..fy f…

Slik var det.

Det var slik det vart.

 

Men eg er ikkje død enno.

Berre litt slik essensiell…..

 

Så eg har lyst til å farge håret og kjøpe dyre kremer mot aldring, trening og mat og heile pakka.

 

 

Det som er bra er at det er ein fantastisk vår. Der er det jubel frå ende til anna.

Det er vår med glitter og fanfare!!

Fuglane syng så ein mest mistar retningssansen.

 

No er eg i gong med min neste epoke, med unevnelege planar. Unevneleg for at eg ikkje har dei på plass.

Men eg trur eg må i gong med eit strengt regime. For å få til noko av det eg ikkje veit kva er.

 

Riktig fine vårdagar til akkurat deg som las i gjennom dette.

 

 

Tidleg morgon, tidleg kveld

 

Så er kvelden her. Med ljoseblå, høg vårhimmel som lovar.

 

 

Men eg må finne senga og søvnen. Det siste er lettare enn det første. I gårkveld og i morgost var det på same viset. Tidleg i seng og tidleg opp.

Møter.

Både her og der.

I morgon tek det eit par timar på hjul.

I kveld drikk eg rosente og snakkar med folk. På messanger.

Etter jobb i dag vitja eg foreldra mine. Eg måtte finna på noko å eta, før kaffikoppen. Eg kjøpte meg røkt laks, lompe, ruccolasalat og vårløk. Det funka som middag.

I det siste har eg mest kjeda meg og kjent på rastlausheit. Det er så bra og eg vert så glad. For eg trur det handlar om energi.

Så tenkjer eg på mykje eg vil skriva om. Slik som gamle minne som dukkar opp, samtalar og slikt som går i stykker. Og det kunne godt væra at det handla om det same, men det gjer det ikkje.

Men no må eg….

Eg må legga meg.

God natt.

Jordbær, blåbær, graut og vatn med lime

 

 

Enno er dagen åpen, men den er likevel lagt. Programmet er klart.

 

 

Eg sit her med ein sein frukost.

Eg er ferdig med mi kom-inn-i-kroppen tid, solhelsinga som eg auka dobbelt opp i går, og ei anna øving eg varierar dag for dag, vaska dunputer (ja, eg veit det er søndag, for dei som er nøye på slikt…),

No sit eg her med grauten av havregryn og rug, koka på vatn og mandelmjølk, dynga ned av blåbær og jorbær. Kaffi på kanna og lime i vassglaset.

 

Og ja, eg likar det når eg har ein slik start på dagen. Kjemisk fri for stress og med ein kontrollert innfallsmetode.

Men om ein par timar er eg på hjul, for å henta og levere. Yngste skulle ha ein discman til filminnspeling, som skal leverast, mor og far skal væra med attende. For vi er bedt til velslesyster som bor i ned under. 

Ho har fødselsdag i dag.

Så må eg hugsa å ta med varane eg handla til foreldra mine.

 

Men enno kan eg sitja her, høyra på musikk og eiga tida.

 

Dagen i dag

Enno ein fredag. Fri dag. Dagen er både god og trist.

 

Men vil berre skriva om det som er godt. Om sola og om våren. Eg har mange planer for dagen. Slik som vasking av klær og rydding av hus, rydde terrasse og plante litt. Drikke kaffe i solveggen og kanskje ta solhelsing ute i sola. Det er ein jubel av kva som er mogleg.

Så først må eg nok finna bremsene på dagen. For at den ikkje skal fyka bort før den har starta.

Veka har som vanleg hatt ein del innhald. Så tida her inne har vore sporadisk.

No vil eg ut i sola for å ta solhelsinga. Den helsinga gjer underverk slik at kroppen vert meir smidig.

I kveld skal eg på årsmøte om hjort, rådyr og elg.

Korleis er din dag?