Persilleriet

Tidlegare i veka var eg i Trondheim på sjukehuset. Da kom eg over Persilleriet.

 

På bordet kom dette, ein vegetarrett. Godt smakte det, og utruleg mett vart eg.

Vi skulle møtast etter alle hadde gjort sitt. Så der i den vesle spiseplassen møttest vi; to sett søstre. Mi søster og mine to jenter.

Ei riktig kosleleg stund.

Dei hadde også fermatert drikke. Gjæra, grøn te.

Så er du på St. Olav og skal eta vil eg absolutt tilrå Perselleriet. Det ligg i Bevegelsessenteret.

 

 

Tann og lekjar

I dag skulle eg setja ei tann på stift. Stressa la eg meg ned med stive musklar.

-For no skulle eg prøva noko nytt. Eg visste verken kva eg gjekk til eller kostnadane.

I dag skulle tanna festast i den tanna som var slipa til. Ikkje kom dei til å setja bedøving fekk eg vite.

Stiv som ein pinne låg eg der og venta på smertene og til slutt kostnadene.

No gjekk alt smertefritt. Både jobben og rekninga. Det meste av den hadde eg betalt ved første vitjing.

I kveld kan eg hake ut dette.

Det neste på proggrammet er St. Olav. Vil tru vegen over fjellet ikkje er isa. Etter sjukehuset skal eg treffe begge jentene mine og mellomste søster. Eg vil også tru eg vil møte sonen så vidt. Så morgondagen vil verta ein fin dag.

Trur den dagen eg grudde meg mest til den veka her, var dagen som er over. Og den gjekk da som smurt den.

Eigentleg er det dumt å bruka energi på å grue seg……

 

 

Berre kveld

Det er mørkt utanføre vindauga. Mørkt og kaldt. Ein søndagskveld er i ferd med å passere.

 

Ei ny veke står klar for berre og passera. Eg er sliten av den før den er i gong. Det er så mange avtalar og så mykje farting. Og ein skal vinna så mykje meir. Tannlege i morgon, Trondheim og sjukehus på tirsdag, Kristiansund på onsdag, møte på torsdag før biblioteket. Eg skal også arbeida, ja onsdagen er arbeid. Men kontoret, kontoret, når skal eg dit, for oppgåvane som også må løysast. Og temperaturen viser mest berre eit siffer i heile veka. Plutseleg vil tala væra blå. Eg skal pakke ned sommarkleda. Ta fram dei for kalde dagar. Sjølv om eg eigentelg ikkje vil. Eg er ikkje mentalt forberedt.

Samtidig vil eg ha vekta ned.  Forsøke kva som fungerer bedtre. Proteiner, fermentert mat, økologisk, trening og traving i eit surr av periodisk faste og andre, kanskje sunne, påhitt.

Heldigvis har eg klart solhelsinga to morgonar no, etter at kroppen spora av og viste gamle taktar med at den ingentig fekk til. Den er på rett spor igjen. Men hovudet mitt er ikkje glad for søndagskvelden, mørket, regnet og den kalde temperaturen.

Og så var helga litt slik både og, sjølv om eg var på vitjing i går og hadde gjester i dag.

Det er berre det at den regna vekk. På ein måte.

Eg får nyta mitt glas med varmt vatn, skru opp humøret og sjå på ljoset attom mørket.

Ha ei fin veke.

Den vert heilt sikkert det. Når den først er igong.

 

 

Om å vinna i lotto

“Det gjev meg håp” sa yngste, da ho kom bortover perrongen å såg mora tok avskjed.

 

For yngste synest det er vanskeleg å finna prinsen. Det er liksom berre froskar som ikkje ein gong er interessant å testa ut om kan væra noko anna. Ho er berre 21 år og langt unna 60 år, forsto ho der.

Plutseleg.

Og det ga håp.

Mora hadde vent seg til å væra fullt og heilt seg sjølv, med heile breie og lange seg. Ho trong ikkje nokon annan, om ikkje han der på den kvite hesten kom. Noko ho trudde lite på.

Og skulle ho væra ærleg, ville ho heller vinna ein klekkeleg sum i lotto. For da var det mykje som kunne utrettast.

Ho hadde prøvd, etter skilsmisse og slikt. Utan at det freista ut over den tida det tok å finna ut at det var feil.

Draumen om mannen i eins liv pakkar ein kanskje aldri ned. Men den var slik passe urealistisk.

Trudde ho.

 

Men ein dag kom han gåande.

Noko ho først ikkje forsto. Men så gjekk det opp for henne. 

Det liksom hegla med parallellar. Da hendene møttest bobla det under huden, av ein hudlaus energi, som boblar i champagne.

Og ho skjøna ho var forelska. Han møtte henne med eit godt, vakkert smil.

Han hadde også tenkt han heller ville vinna i lotto. Og dei skjøna at dette var enno vansklelegare enn å vinna i lotto.

Å finna kvarandre.

Dei sto på perrongen og tok eit varmt farvel da yngste kom å såg mor si. Og fekk håp.

Ho skjøna ho hadde mange år på seg for å finna kjærleiken. For den kan godt dukke opp også etter ein har fylt 60 år. Enno så utruleg det enn er.

Det kan skje, for kjærleik har ingen alder!

 

Borte, borte

Det er berre å akseptera. Sjølv om det er svært vanskeleg.

Eg hadde eit håp. Eit nokså godt eit også, faktisk.

No må eg pakke det ned. Enn så vanskeleg det er.

I juni da eg kom heim frå reisa mi i Spania og oppdaga at datamaskina mi var borte, var eg oppgjeve. Tenkte eg måtte klara meg utan til eg fekk henta den. Lærte meg å blogge på mobil. Det er greit å kunna.

På hittegodskontoret på Gardemoen hadde dei funne ein data same dagen som eg mista min. Rekna med som sikkert at det måtte være min.

Tida gjekk, utan at eg hadde ærend eller nokon kunne reise framom kontoret for avgløymde ting. Ikkje før no da eg kom heim frå Danmark.

Eg labba på meg gnagsår i vandringane over avstandane. Men endeleg sto eg framom skranken til hittegodsen.

Endeleg!

Gledde meg til å sjå min kjære, gamle pc att. Det er ein acer hadde dei sagt, eg meinte eg hadde ein HP. Men er ein forvirra, så er ein forvirra.

Eg fekk lagt pc’n framom meg. Den dei hadde funne gjengløymd den dagen eg mista min.

Eg såg det med ein gong. Det var ikkje min pc!!!

Og det var det.

Ikkje kunne eg trylla, og ikkje kunne dei.

Eg var komen fram til punktom’et.

Eg greidde å snu, koma meg gjennom sikkerheitskontrollen for å reisa vidare. Og med det same tok eg ikkje inn omfanget. Med at eg hadde bilete attende til 2012 liggande der.

No trur eg at eg har lagt bileta inn på ein ekstern harddisk fram til denne våren. Men alle bileta frå Spaniaturen. Alle dokument.

Men verda må gå viare, inga anna råd. Får håpe det ikkje dukkar skikkeleg dårlege overraskningar opp av dette. Eg må greie å kasta det attom meg.

For den er nok borte, borte.

 

 

Retur med krøll

Returen på mi reise gjekk ikkje like smurt som reisa ned til Danmark. 

 

No har eg hatt ei lita veke i Danmark. Ei fin og fantastisk veke. Det har vore sommar. Trur aldri eg har solbrent meg i september.

Vakna tidleg i grålysninga i dag.

Ljoset hadde starta å vise fram dei enorme viddane på. Danmark flateste øy.

Turen starta ned taxi og forsette med tog frå Nakskov. Ein stille og idyllisk by ved kysten.

Så vart det skifte i Nykøbing, men det viste seg at toget til Kastrup var innstilt.

Det neste som gjekk, hadde ikke god nok margin for tidsplanlegginga mi. Så eg fekk ikkje flyet mitt. Slikt kjennes uverkeleg. Og er nokså kjedeleg. Men – det vart ny billett.

Så no venter eg på avgang på Gardemoen. Det vart fly heilt til Trondheim, og ikkje tog frå Gardemoen, som var den opp opprinnelege plana. Litt fattigare. Men med svært fine opplevingar i minneboka mi. 

Den løyndomsfulle hagen

Den løyndomsfulle hagen av Frances H. Burnett er ei bok. Eg har funnet min løyndomsfulle hage.

Etter ei reise i langstrakte landskap, var eg der. 

I den løyndomsfulle hagen innrama av Mirabella. I det som vart min løyndomsfulle hage.

Ein Budda sit kvilande midt i hagen.

Der eple

 og druer veks.

Sammen med tomater og blomster, og mykje, mykje meir.

Georginer i alle fargar, og roser som strekjer seg opp mot himmelen der fleire ørn svinga seg.

-Eta druer i solveggen.

Medan ei sky villkatte har lagt si elsk på oss og vi på den, og ikkje minst maten den får servert. Den legg seg så nærme den tør, med ein trillerund, matfylt mage.

Slik kan ein sjå forbausa rundt seg. For slik kan også verda væra. Når dagen er bedtre enn ein draum. Attom tre av Mirabella. I ein løyndomsfull hage.

 

 

Når lyden forsvinn

Av og til vil eg ha det stilt.  Andre gong må eg ha lyd. Dette er godt og kunne regulera som ein vil, det meste av tida  

Når du slår på Megaboomen og ingenting skjer. Da er det krise.

Kva eg snakkar om?

Om lyd. Om musikk. Og om radio. Eg har denne dingsen. Fekk den i gåve hos ungane. Ei ny verd åpna seg.

Mobilen + Megaboom = sant.

Eg elska kombinasjonen. Det er ein trådlaus høgtalar. Som eg dreg med meg.

Ut.

Inn.

På badet.

Til og med i bilen. Den gje meg det eg vil ha på Spotify. Nyheite og Nitimen.

Alt eg vil.

Musikk til yoga og romantiske middager. You name it.

I dag. I dag vart det ikkje magi. Ingen kontakt mellom dings og dangs. Bluetoothen snappa ikkje noko opp.

Eg måtte gjera yogaøvingane til ein spiss mobiltelefon lyd. Ikkje fekk eg opp nyheiter.

Heilt dødt. Berre klokka mi var aktivert. Fitbiten.

Dingser.

Denne moderne verda. Eg elskar også den.

Mobilen min har eg ei sterk kjensle til. Berre det virke.

Derimot vert frustrasjon tilsvarande når det sviktar. Som i dag.

Da eg kom heim på jobb var alt like utan håp. Eg fann fram det eg hadde av ledningar. For sonen min sa «aux-kobling», men noko slikt i begge endar hadde eg ikkje.

Det er da eg oppdagar det. Ein liten prikk av ein opphøgning, ved på-og-av knappen. Som ei lita vorte som aldri vart noko av. Eg trykjer. Det seier «bommelrommeltrom», og eit bittelite ljos startar å blinke. Så eg grip telefonen.

«Er det liv?»

Der dukkar dette vakre synet opp.

Av kontakt.

Eg legg meg attende i stolen, nyt jazzen som kjem ut av høgtalarane. Og så skriv eg eit innlegg. 

 

Ein pust av sommar

Så er helga over. Den var berre heilt utruleg storverges. Ein pust av sommar. 

 

-Måndag i regn, eg kan sjå attende på ei heilt utruleg helg i september. Temperaturar med mange og 20 grader.

-Starta dagen i det grøne graset med solhelsinga. Snu kroppen mot sola og berre strekke seg så langt opp mot den blå himmelen ein fekk til, før ein bøyde kroppen fram og hang den ned og så la  seg ned i graset i ein strekk oppover.

Vi var to. Yngste var også med. Og kva naboane skjønte er ikkje interessant.

Vi kosa oss ute i sola med maten etterpå.

Laurdagen skulle fyllast med alt mogleg.

Det går som kjent ikkje an. Det vert berre stress. Derfor hoppa vi over utekinoen, sjøl om eg trur det vil ha vore ein fantastisk oppleving. Vi prioriterte besteforeldra. Trur det var best.

I går måtte yngste reise tidleg. Ho hadde ein avtale i byen. Eg var bedt på middag. Og hadde ein triveleg ettermiddag på ei hytte med utsyn.

I møte med søskenbarn, partnarane, veslesøster mi og foreldra mine.

Vel heime henta eg fram kløppere og fekk gått over graset nedenfor huset. Den sesongen er kanskje over no.

Slik gjekk ei helg i sol fort over til ein måndag i regn.

I dag har eg fri. Skal vaske klede og planleggja å pakka ein koffert. For snart skal eg ut på ei reise. 

 

Ein fredag å nyte

For ein fantastisk fin morgon å vakna til. Lange solstrålar strekkjer seg mot meg. 

 

Og eg har fri. Første arbeidsveka mi er over.

I går etter arbeid, etter og ha handla med mor, etter middag, etter og ha vore sosial, drog eg på bassengtrening. Så vekas aktivitetsnivå vart bra. No veit eg at neste veke ikkje kan verta like bra, i og med både kollisjon med møte og reise.

Men i dag skin sola og det er lova gode temperaturar.

I heile helga er det gode meldingar. Skikkeleg godt er det.

Og i dag kjem yngste heim. Det er lenge sidan ungane har vore heime. Så det vert skikkeleg triveleg å få yngsteberta heim. Eg foreslo utekino i morgonkveld, ho foreslo konsert.

Vi får sjå.

No durar ei vaskemaskin, eg vil rydda og vaske litt. Være mykje ute. Kose meg med fridag, fredag og sol.

Ynskjer alle ein fantastisk dag.