Trening og plommer

Midtveis i veka kjem onsdag. Eg er halvveges ut i første arbeidsveke. 

 

Kan ikkje skryta på meg høgt arbeidstempo. I dag vart dagen heller kort. For på onsdager er det eit tilbod om sirkeltrening i hall. Eg hadde pakka bagen og møtte opp. Vi var ikkje så mange, men det hadde ingenting å seia for musklane. Dei kjente godt både utfall og innfall. Det gjorde fantastisk godt.

Og medan vi er inne på trening; vurderer bassengtrening i morgon. Det er ikkje ille start, roing ein dag, sirkeltrening neste og bassengtrening til slutt.

Men eg må da få kjøpt meg ny badedrakt. No får eg ikkje vore med på sirkeltrening dei neste to onsdagane.

I går fekk eg telefon frå ein nabo som hadde så mykje plommer. Vi vart einige om at eg kunne koma å plukka i dag. Så etter å ha koka meg grønnkålsupe, tok eg med meg ei bøtte og labba over ekra og nedover vegen.

Bøtta vart full. No er den atter tom.

Plommene står og kokar. Det skal verta plommesyltetøy.

Hausten er svært fin den. Min haust er ekstra fin. 

 

Ein kyrkjebåt

Før i tida var sjøvegen den vegen som vart mest brukt om ein bodde ved kysten. 

 

Her eg bor hadde dei ein kyrkjebåt. For det var viktig å koma seg dit. Til kyrkja.

Orginalen hamna på museum, men nokre iherdig sjeler fekk laga ein kopi. Det er eit lag som tek ansvar,er med på kapproing og andre arrangement.

Da eg var i Spania og kjende kroppen vart meir på lag, var det noko av det eg tenkte eg ville være med på da eg kom heim. Tidlegare var hender og resten av kroppen nokså ubrukeleg til slikt.

Men så er det noko med tida, det passa aldri. I kveld såg eg den skulle roast til naustet sitt for å plasserast. Og endeleg kunne eg.

No sit eg her med såre hender og vakre bilete for mitt indre.

Under roinga, som tok omtrentleg ein time, var det lite tid til å fotografere. Da vi var framme vart den drege opp og vaska.

Eg er glad for eg fekk ned med denne turen, og kanskje kan eg vera meir aktiv neste år. Det er så fint å væra ute på sjøen. Fin trening er det også. 

Den lette gleda

Det har skjedd og det skjer. Noko som gjer meg ufatteleg glad. 

 

Først vil eg seia det er mykje som gjer meg glad. Men akkurat dette, dette som har vore tyngande i mange år, dette som gjorde alt meir krevjande og som eg inn i mellom tok ein kamp i mot. Men eg vann aldri kampen.

Eg snakkar om den tyngda som ei vekt viser deg. På eit år gikk eg frå å være tynn til tjukk. At det var eit sjokk kan eg underskriva på.

I og med at det var mykje sorg på den tida, det meste gjekk gale – ikkje minst det å miste barna eg gjekk med. Og som nok var orsaken til at kroppen slo seg på vranga.

Innimellom fikk eg bort opp i mot ti kilo, men dei kom sørgeleg fort attende. I fjor haust, etter diagnosering av kva som har vore eit anna problem i fleire år, gjekk eg på enno ein gong. Etter at kroppen ha starta å laga så mykje problem med alle desse betennelsane og eg måtte til med denne medisinen eg ikkje på nokon måte lika.

No skal det seiast at det eg putter inn i kroppen har hjelpt, smerte og betennelsar er stort sett borte.

Men i fjor haust gjekk eg på enno ein gong. Ikkje diett, berre mykje meir bevisst kva eg åt. Kutta mest heilt halvfabrikata, plutseleg var det mange hyller i butikken som ikkje eksisterte. Gikk drastisk ned på sukker og andre raffinerte produkt. Prøvde å kjøpe økologiske grønnsaker og frukt. Beveging sto også på programmet. Men det var ikkje så enkelt, i og med  at det tek tid å finne fram til riktig dose av medisin og i perioder var eg fortsatt sett ut av spel pga. inflammasjon.

Men eg fekk kroppen til å minka, vekta gjekk i hovedsak ned men med nokre humpar opp. Da eg reiste til Spania i vår på helseopphald, var vekta på tur opp att. Men i løpet av dei fire vekene gikk eg vel ned like mange kilo.

Da eg var der snakka eg med ein som fortalte om perodisk faste. Eg tente spontant på dette og ville prøva da eg kom heim att. Etter nokre veker heime i Norge, der det hadde vore for folksomt å starta opp, starta eg.

Eg et ikkje før etter klokka tolv og ikkje etter klokka 20.00, som hovedregel. Ikkje meir hokuspokus.

Dette høvde meg supert.

Alt med mat vart mykje enklare. Mykje mindre sjanse til frotsing.

Her for ei stund sidan viste det seg at vekta hadde minka over 20 kilo.

Enno vil eg minst ti ned, men likevel, det gje ein fantastisk glede og ha nådd hit.

No tenkjer eg å gå for eit snev av diett ei lita stund. Den ein tek inn minimalt karbohydrater, mykje protein og noko fett. Så da kutter eg brød og mjøl for denne perioden. For å sjå korleis kroppen responderer på det. Og denne gongen veit eg at eg klarar det. Etter 28 skal eg lukkast. No går eg ikkje attende til den vekta eg hadde i ungdommen. Her er frå da eg er passert tredve, eit par år før alt forandrar seg drastisk. Eg held på å pakkar ned Oslolivet mitt.

Men at eg er komen hit eg er, måtte berre dela det. Og dette gje meg ei stor glede, at eg får attende ein kropp som er enklare å ta med seg. No skal eg ta solhelsing, ein yogaøving eg ikkje har klart på fleire år pga. vondtar. No har eg gjort den ei lita stund, berre fordi eg klarer det.

Så eg er glad, kjenner eg er heldig og nyt at det også kan væra slik.

Du må ha ein nydeleg søndag. 

 

Siste og første

Siste dag av sommaren og første dagen av hausten. August over og september har starta. 

 

Kjenner at det er eit kjølegare drag i lufta. Men såg at morgondagen både skulle ha sol og temperatur.

I dag er det litt meire skyet. Ein god dag å pusle i. Skulle ha kløpt plenen for siste gong i denne omgong.

Men kanskje eg også skal ta meg ein tur. Med boffen i skogen.

Det er så godt med slike åpne dagar.

Siste sommerdagen feira eldste søskenbarnet mitt dagen sin. Hadde ein triveleg ettermiddag. Først med pizza på puben.

Etterpå var det kaffi heime hos henne og familien. Det vart mykje latter og snakk.

Slikt er riktig triveleg. Ein fin slutt på ein fantastisk sommar. Ein heilt utruleg, fantastisk sommar.

No er eg klar for hausten.