Før i tida var sjøvegen den vegen som vart mest brukt om ein bodde ved kysten.
Her eg bor hadde dei ein kyrkjebåt. For det var viktig å koma seg dit. Til kyrkja.
Orginalen hamna på museum, men nokre iherdig sjeler fekk laga ein kopi. Det er eit lag som tek ansvar,er med på kapproing og andre arrangement.
Da eg var i Spania og kjende kroppen vart meir på lag, var det noko av det eg tenkte eg ville være med på da eg kom heim. Tidlegare var hender og resten av kroppen nokså ubrukeleg til slikt.
Men så er det noko med tida, det passa aldri. I kveld såg eg den skulle roast til naustet sitt for å plasserast. Og endeleg kunne eg.
No sit eg her med såre hender og vakre bilete for mitt indre.
Under roinga, som tok omtrentleg ein time, var det lite tid til å fotografere. Da vi var framme vart den drege opp og vaska.
Så moro
så kjekt da att ildsjeler har laget en så fin kopi og att den er i bruk,kan tenke meg att dette var kjekt å være med på ja,så får du heller pleie hendene litt i dag
Så artig, og så flott at noen tar vare på slike tradisjoner. Sikkert en opplevelse å få delta på.
Margrethe: Ja, det var det :).
fruensvilje.blogg .no: Handa gror, så det går bra. Men får satse på flere turer neste år :))).
GTduA: Veldig fin opplevelse :)).