Forvirra sit eg her. Forstå det den som kan at det går an…..
I gårkveld var det eit forrykande vêr. Eg måtte berge inn boffen da haggelskot vart sendt mot jorda…..altså haggel som i snø…
Litt seinare dundrar det laus med lyn og dunder og brak. Så boffen spring frenetisk i rund i stova og skal skremma vekk alt.
Det neste som hender er at det vert heilt mørkt. Etter nokre blinkar.
Da krype eg likegodt til køys. Halv ti om kvelden. Ikkje noko å sitja opp etter da.
Der får eg ei natt -.
Vakne periodar og aktive draumar i ein skikkeleg lapskaus. Og det verste, eg søv fram til halv ellev!!!
I DAG!
Det er jammen greitt eg avspaserar for tida, men måte på -.
No får eg rista av meg natta, finna fornufta, lufta og springa etter dagen.
Ha ein vaken onsdag alle som ein.