Berre den gamle hunden

Ein dag metta av inntrykk. Ein slik dag ein spekulerer på om det er like greitt å gå frå konsepta tvert liksom -.

 

Stilt seg opp å vræla, eller hoppa eller noko anna…...berre gått heilt frå konsepta.

Heilt!

Tenkte på det i dag da eg gjekk gatelangs. Enn om eg berre har gjort det.

Men det er alltid noko som har større grunn, meir utfordringar.

 

Eg skulle vore inn på kontroll for auga, og brillene har vorte litt haveges kan ein seia.

Men med jula i vente tenkte eg at det var like greitt å vente med briller til nyåret. Alle utgifter treng eg ikkje ta no. Tenkte eg…..

Det var da skredet med utgifter starta. Før tanken på jul var tenkt ferdig…..

Time til tannlekje fekk eg og, men den får eg og utsetja for akkurat no er det meste usikkert -.

 

I dag skulle eg veg å reparere bilen. Eg sit der i fleire timar, frykteleg spent på korleis dette vert. Da det har gått fire timar kjem ein og ber meg verta med inn på eit kontor.

Av og til er det som hovudet ikkje heilt er med på det det får å høyra.

Men kort fortalt var alt mykje verre enn kva dei først trudde. Det viser seg motoren må skiftast. Så akkurat i skrivande stund veit eg ikkje kva som skjer, men det reknast på kostnadar. Så må forhandlar og verkstad kome fram til eit resultat før det vert lagt fram for meg.

Og det er eg spent på. Fælt spent.

Frå mi side er det ein reklamasjon. Det er fem månader sidan eg kjøpe bilen som eg grov langt nok ned i lommane til banken da eg kjøpte. For eg ville ha ein bil som heldt lenge……

Men eg reknar med at vi alle vert taparar i denne situasjonen. Både selgar og eg.

 

Vaskemaskin vart det ikkje sett meir på.

 

Eg fekk rota med meg noko av det eg hadde i bilen før eg GJEKK frå verkstaden. Nokså fortumla og forvirra.

Korleis skal eg løysa kvardagen min er det som tek mest plass oppi hovudet da eg går derifra.

 

For her eg bor går det to bussar, dvs. fire når ein reknar med skulebussar. Til saman begge vegane. Og eg køyrer mykje i kvardagen min, i morgon er det møte halv eit og ferdig på jobb klokka 18.00, og det går ein buss innover der eg bor fem minuttar før dagen er ferdig.

Og attende til tannlækjaren på fredag, dit eg ha bil. På fredagskveld skulle eg henta mellomste som kjem med buss ein halv time kjøring herifrå, og på laurdag skulle eg køyra henne att og fram på jobb. Slik kan eg fortsetja……...men no i kveld har eg løyst problematikken ut den veka her.

For det er det ein må gjera, finne løysningane.

Så sjølv om eg vurderte om eg skulle klikke da eg langa ut bortetter gata da eg gjekk ut frå verkstaden, dette vert lite i samanlikning med det andre opplever.

 

Dei timane eg sat og venta kom eg i snakk med fleire.

Til slutt høyrer eg det klikkar bortover golvet frå ein stokk og ein eldre mann med hund kjem bortover mot sitjegruppa der eg sit. Eg trur først han er blind og at det er ein førarhund.

Det er eit heilt spesielt forhold mellom den gamle mannen og hunden.

Det er og ein gamal hund ser eg. Det viser seg at mannen ikkje er blind. Da eg kommenterar at dei virkar svært tette band mellom hunden og mannen, får eg ei historie som set meg svært ut.

Hunden er det han har att seier han.

Han fortel at sonen døyde da han var 18 år. Så startar han å fortelje om kona……..så vart han stille -.

Han tok så fram eit lommetørkle og tok eitt snyt i det.

Lenge sit han utan å seia noko. Før eg får vite at ho døyde da ho var 42.

Hunden var dottera som ått, ho gjekk bort for to år sidan.

 

Eg spurte om han hadde søsken, men også alle dei var gått bort.

Han hadde berre den gamle hunden igjen.

 

Bilproblema og nokre praktiske problem vert berre bagatellar.

Men at denne dagen har kravd, det har den.

Likevel, er heldig som har så mange i rundt meg.

 

 

Sommaren som vart haust

 

Lette dagar med sol og forelsking møter hausten. Det kalde og våte som ingen ende vil ta -.

 

Ho berre sto der. Regnet sila ned. Regndråpane følgde hårstråa som ein bekk. Det draup stritt ned i ansiktet frå den lange panneluggen. Regndråpane blanda seg meg tårane. Tida hadde forsvunne. Ho visste ikkje kor lenge ho hadde stått slik.

 

For to månader sidan var sommaren enno her. Britt Hege hadde teke bussen til stranda. 

Aleine.

Ho la handkleet litt keitete utover. Følte alle dei andre folka såg på ho. At ho var der utan nokon andre. Uvant, men også godt.

Ho hadde lagt seg fort ned og starta å lesa i boka ho tok med. “Hele livet på en dag” av Alyson Richman. Ho var snart oppslukt av krafta og kjenslene i boka.

Etter ei god stund løfta ho augo opp frå boksidene.

Ser utover den glitrande sjøen. Enn å kunne ha slike kjensler for eit anna menneske tenkjer ho.

Opp frå sjøen kjem ein mann, ein fantastisk flott mann. Vatnet som droplar seg over dei brune musklane, dei breie skuldrene, det ljose, våte håret som han stryk bakover med venstrehanda.

Britt Hege vert sett heilt ut. Dette var noko av det vakraste ho hadde sett.

 

På bussen heim ser ho han køyrer forbi i ein gul sportsbil. Han har med seg ein annan mann, dei snakkar saman og denne guden av ein mann ler med kvite tenner av noko den andre seier.

 

På fredag har ho avtalt å gå ut med Mette og Kathrine. Det er ein varm augustkveld og dei tømmer ei flaske kvitvin før dei er på tur til sentrum. Først set dei seg på ein uterestaurant.

Dei må ta selfie av seg, eit bilde av tre brune, smilande jenter blir lagt ut på Instagram.

Sedvanlege Tommy møter opp, og som elles flørter han iherdig med Kathrine. Når skal han forstå ho ikkje er interessert?

Da dei skal gå vidare kjem Knut Anders. Han vil ha dei med seg til ein brun pub like ved der dei hadde tenkt seg. I staden prøver dei å overtale han til å verta med på King Arthur, ein skikkelig bra stad.

“Eg har avtalt å møte ein slektning frå Stavanger der” seier han.

 

Det viser seg det er fullt på King Arthur og at dei ikkje kjem inn.

“Da går vi på puben” seier Mette, ho er nok meir oppteke av Knut Anders enn ho sjølv veit.

Så dei bestemmer seg for å gå på den brune puben Den Siste Sjørøver.

Det kringlar slepent blues frå nokre musikarar i eit hjørne. Stemninga er laidback, men likevel full av lyd.

Musikken, stemmene frå dei i lokalet…..

Ved bardisken står det fullt av menneskjer. Men dei får auga på Knut Anders, og banar seg veg fram dit han står saman med to til.

Ein med ljost hår snur seg og kikar rett på Britt Hege, og ho får eit lite sjokk. Det er Guden frå stranda.

Ho registrerer at han ser mykje på henne når han snakkar.  Og ikkje hadde ho lagt merke til at Stavangersk er så fin ei dialekt før.

Han skal starta å studere her i byen seier han, og det får fram ein intens kjensle hos Britt Hege.

Neste dag må ho tidleg opp, derfor må ho bryta opp før det vert alt for seint. Likevel dryger ho enno ei stund etter ho har sagt at ho må gå.

Det er fælt å gå i frå noko så vakkert.  Men da ho endeleg greier å lausriva seg kjem han etter henne.

Frank heiter han. Frank Devle. 

Han tek ho lett i armen å seier “kan eg få treffa deg att?”

Så stryk han henne lett over kinnet og gjev henne ein papirlapp.

Ho mest sjanglar ut av puben, dette var det mest fantastiske som hadde hendt henne på det ho kunne huske.

På lappen står det; ring meg, eit mobilnummer og  – Frank.

 

Kor lenge skulle ho venta -, ho let det gå eit døgn før ho trykkjer inn namnet hans med skjelvande fingre og bankande hjarta. Ho la han inn på telefonen med ein gong ho kom heim.

Heilt tørr i munnen ringer ho. Tunga kjennes stor og tjukk.

Det ringer ein gong, det ringer to gongar…..så høyrer ho eit lite klikk……men så ringer det likevel ein gong til. Ho vurderar om ho skal leggja på, da ho høyrer han svare……ho stotrar namnet sitt.

– Eller, det kjennes som ho stotrar. At ei tunge kan bli så tørr.

“Heeyy” seier han med trykk “såå kjekt”.

Dei snakkar ikkje så lenge, men avtalar å møtast. Mest ei veke fram i tid. Han er i gong med å installere seg seier han. Har det litt travelt.

 

Det er torsdagskveld og månaden har bikka september. Ho sit på bussen, skal møta han. Det kriblar frå topp til tå. Ho er både kvalm og kaldsveiter. Det iler til i magen i eitt sett. Prøver å puste, prøver å roa seg ned. Enn å ha ein så kraftig reaksjon, ho kjenner da ikkje fyren………Mannen.

Så står dei overfor kvarandre. Ho gløder, men ho kjenner andletet er stivt.

Han tek ho i begge hendene, ser ho inn i augo og seier at det var fint ho kunne kome.

Dei startar å gå bortover vegen attmed elva. Godt å kunne gå, snakka og gå. Vart meir avslappa kjende ho.

Han skal starta på statsvitskap fortel han.

Ho har ein pause seier ho, er litt usikker på kva ho skal verta, kva ho skal satsa på. Han seier at han synest det er lurt.

Da dei kjem fram til ei skogkrull stoppar han opp, løfte haka hennar med pekefingeren sin og seier: “du er søt”.

 

Etterpå, da ho sit på bussen heim, brenn ho. Gong på gong går ho gjennom spaserturen saman med han. Ho kjenner ho lever. Lever sterkt.

 

Dei hadde avtalt å gå på kino.

Dei møtest ein eller to gong i veka framover.

Han snakkar mest, han stryk ho over armen, han puffar bort i ho, knyt kanskje skjerfet ho må til å bruka, litt tettare.

Ikkje før den fredagen.

 

Dei skulle ut å eta. Ho insisterte på at ho ville være med på å dela. Det ga han seg på med ein gong.

Han er litt stillare enn elles denne kvelden.

Etterpå blir han med opp til henne.

For første gong.

Ho kjenner med heile seg at ho ønskjer noko må skje -.

 

Det har vorte stille mellom dei.

Nusket, kattungen hennar, er den som får full fokus frå begge. Pusen er avledaren i ei spent stemning. Dei sit på golvet å leikar med den. Begge sit på golvet, dei leikar intenst med kattungen.

Kattungen er mjuk og søt og trygg…

“Eg må gå” seier han og reiser seg brått opp. Ho kjenner på at ho vert frykteleg skuffa.

Britt Hege reiser seg også opp og dei vert ståande rett overfor kvarandre.

Plutseleg legg han armane rundt henne, og ansiktet er der, munnen treffer hennar. Ho opnar munnen, gjev han tunga si. Endeleg, dei kyssar. Ho er borte frå denne verda. Han er fantastisk god å kyssa.

Så slepp han henne like brått som det starta og er ute av døra.

Borte.

Ho hikstar til, ho er borte frå tid og rom. Konturane hennar er utviska.

Endeleg har dei kyssa.

Er dei eigentleg kjærastar?

 

Det går nokre dagar før ho sender han ei melding.

“Kva skjer” spør ho.

Ho får svar attende om at det går bra, om dei kan møtest neste veke -.

Det stikk ein liten skuffelse i ho, at ho må venta så lenge.

Avtalen vert at dei skal møtast der dei møttest først. Ved elva.

 

Det har vorte kaldt, ho knyt skjerfet godt om halsen. Utanfor bussvindauga fyk det blad, dei dett frå trea, det bles og det regnar.

 

Ho møter han og dei går bortover stigen. I skinet frå lyktane ser ho kor regnet dett tett. Dei stoppar på vegen, like ved dei trea.

Det er så mykje ho må spørja om.

Dei står overfor kvarandre. Han ser på henne medan hendene heng ned langs sida. Ho kjenner kor ho gled seg til å kjenne armane rundt seg igjen, men ho får seg ikkje til å taka det første skrittet.

“Vi passar ikkje saman” seier han plutseleg.

“Du finn vel vegen attende til busstoppen, eg går no vidare utan deg.”

Og så går han.

 

Ho er i sjokk, skikkeleg i sjokk. Ho fekk ikkje sagt noko.

Ho sit fast i jorda ho står på. Musklane har stoppa å virka.

Og regnet siler.

Siler.

Ned over heile kroppen. Ho kjenner ikkje at ho vert våt. Ho kjenner berre denne intense smerta inni seg, som det finaste av alt vart øydelagt.

 

Britt Hege kom seg heim på eit eller anna viset. Sikkert med bussen.

 

Litt seinare greier ho å ringe folk, fortel kva som har skjedd. Ho får attende mykje sympati. Det er ei fattig trøst, men likevel ei trøst.

 

Ho ringer også Knut Anders. Må få vita meir. Kven er eigentleg Frank…….

 

“Frank……..” seier han og dveler litt..

“han får kanskje det meste for lett”, seier han etter ei stund.

“Men han får ikkje til det som foreldra vil.”

 

“Kva er det da?” spør Britt Hege.

 

“Jau, det er at han finn seg ei jente som passar inn i familien deira, med utsjåande, utdanning og kultivering” seier han lett ironisk.

“Og riktig danning”.

“Men det vil nok aldri skje”, seier han.

 

“For Frank bryr seg for mykje om gutar.”

 

 

Fest er best når vi er mange

 

Nokre gong får ein seg både overrasking og gode opplevingar på ein og same gong.

 

Eg er for å henta mat til feiring av foreldra mine sin vaksne bryllaupsdag. Dei har bestilt mat frå det lokale firmaet Øyvilt. Må ile til med opplysning av all skryt i dette innlegget tek eg på mi kappe og det er oppriktig meint. Med så lesarar som eg har på ein vanleg dag, er det liten vits å bruka bloggen min til reklame.

Så når eg seier at hjortekjøtet i brun saus vi hadde tinga både var mørt og riktig godt, så var det det.

“Ser foreldra dine ikkje har meldt seg på eldrefesta” seier ho som har ansvaret for maten.

Eg vert fortalt og forklart, og eg seier eg skal høyra med dei. For festen er meint for å løfta og gleda dei som er komen slik til i alder der ikkje fullt så mykje skjer lengre.

Da eg seinare legg det fram for foreldra mine og fortel at dei kan ha med seg følgje seier dei ja. Dei hadde ikkje motteke nokon invitasjon får eg vita. Eg snakkar med fleire som ikkje hadde fått. For eg kunne ta med meg to til i bilen når eg først for.

Likevel blir det berre foreldra mine eg tek med meg.

Festa var i går.

Da vi køyrer seier mor at ho gler seg ikkje akkurat. Og eg seier som sant er, at eg har godt kunne tenkt meg kvelden heime i mitt eige selskap. Men eg håpar dei vil ha glede av det. Og mange gong blir ting likast når ein har minst forventningar seier eg snusfornuftig…….. og håpefull…

Da vi er framme er det fullt av bilar, og ei vakt stengjer vegen. Eg trur eg mest vart litt skarp, for eg tenkte eg skulle køyre foreldra mine fram til døra – slik at dei slapp å gå så langt. For far er skikkeleg dårleg til beins.

Frå no av går det slag i slag med positive opplevingar.

“Du kan parkera nedanfor, da er det berre å gå rett inn” seier vakta.

Så slepp foreldra mine gå trappane legg han til.

Enno er eg litt skarp og spør etter garderoben, må vi opp til der den er -. Som fortsett betyr trapper.

“Nei, det er ordna med garderobe i salen like innanfor døra” seier vakta.

Så eg får parkert, gjev far arma mi.

Vi vert losa fram da vi kjem innom dørene. Nye hjelparar står klare for å visa oss kor vi kan sitja.

 

Vi får plass like framom scena, og redselen om for høgt lydnivå vert gjort til skamme. 

Lyden er behageleg, og faren min som ikkje har øyra på parti, berre til pynt, ler godt av det han høyrer. Men så er vi så heldig her i kommunen at vi har eit firma i bygda som er fantastisk både på lyd og lys.

Så kjem konferansieren for kvelden opp.

Han tek med seg folka frå første stund. Han leikar seg med ord, humoren kjem fossande som frå eit overflødighorn. Så dreg han fram eit trekkspel og tar publikum med på ei reise frå etter krigen, barnetimen og ynskjekonserten og framover til 70-talet. Han briljerer med kunnskap, historier og musikk. Namnet på karen er Odd Arne Halaas. Eit namn å merka seg. Ein fyr som eg vil seia gjorde jobben sin svært, svært godt. Den store salen vart full av latter og varme.

Dei som hadde stått for programmet hadde ikkje gått i noko felle med å tenke gamalt og traurig.

Opp på scena kjem to Bjørnar; Bjørn Alterhaug……

…..saman med Bjørn Sjögren.

Sistnemnte stemte også opp ei sag.

Desse profesjonelle musikarane serverte musikk som trefte hjarte. Det gjekk frå klassisk til jazz.

Etter dei kom tre gutar som har spela lenge til tross for den unge alderen. Bankers heiter bandet, rockabillygutane har konsentrert seg om rock frå 50 og 60 talet.

“Eg kjende musikken kom opp gjennom golvet” sa mor. Ho som aldri likte rock fekk lyst til å dansa.

Valet av underhaldning var heilt fantastisk. Maten, kakene……..alt.

Det gjekk folk rundt i salen for å høyra om folk trong hjelp til å henta maten. Det einaste som vart litt dumt var at tallerkenane vart for lette og bestikket for smått og lett for dei som hadde mista førlegheita i fingrane.

Faren min greidde å tømme mesteparten av supa nedover seg da den eine handa la seg på kanten av supetallerken. Men da var folk på pletten for å hjelpe. Heldigvis er det ikkje alle eldre som mister kjenslene i hender og føter.

Da den gråhåra gjengen duva ut med stokkar og rullatorer og også mange greitt gåande, virka dei glade og oppløfta. Eg trur dei hadde hatt ein svært fin kveld. Heilt etter intensjonane hos både dei som arrangerte og dei som overlet ein godt slump pengar til eit minnefond som kommunen skulle disponera for å gje eit løft til dei eldre. To menneskjer, utan barn, som var glade i å kunne dela tid med andre.

Etter som eg høyrde hadde dei nok likt ein slik kveld om dei hadde levd.

 

Blomster og vakre ord avslutta kvelden. Timane hadde gått fort.

“Dette angra eg ikkje på”, sa mor på turen heim.

 

Og ho som var med som følgje og berre øvde seg på ein kveld i pensjonistanes rekkje ni år for tidleg, ho hadde også ein storveges kveld. Musikken slo ei stund ut sperringane i tårekanalane. Slik passe plagsamt i ein stor sal full av menneskje. Men det var ikkje sikkert eg var den einaste….

 

 

 

Vatnet, straumen, draumen som forsvann og vi

 

Eg høyrer på radioen på veg inn til sentrum. Nyheitene fortel endeleg om noko anna enn det Amerikanske presidentvalet.

 

Det blir snakka om straumprisane som vil stiga fordi det har vore lite nedbør i det siste.

 

Eg er på tur til biblioteket. I kveld kjem det ein forfattar på vitjing som skal fortelja om den siste boka si. Den er i krimsjangeren, men sjølv om eg ikkje les krimbøker gler eg meg til foredraget og ser fram til det.

 

Hogne Hongset skal fortelja om den siste boka si; Mafiela.


 

I omtalen står det at boka er ein fiktiv spenningsroman, fortalt på eit bakteppe av historiske fakta. Den handlar om korleis kyniske kraftdirektørar ønskjer å gjera seg rike på vårt energibehov gjennom å drive kraftprisane kunstig opp.

 

Det er eit lite knippe menneskjer som kjem. Blant dei som møter opp er ei dame på godt over 90, hovudet virkar svært godt, men kroppen er skrøpeleg. Ho møter i god tid og får lånt bøker før foredraget og snakka litt med oss som er der. Ho fortel blant anna at etter husleige, heimehjelp og medisinen er betalt har ho mest ikkje pengar att til mat.

 

Da forfattaren startar å snakka er publikum fanga. Vi blir ført inn i starten av historia.

I frå det går han over til å snakke om bakteppet for boka. Om kraftbransjen -, om det vi blir fortalt og det som skjer attom dei “stengte” dørene.

– Om ein kraftindustri som etter kvart vart privatisert, der det å tene mest mogleg pengar var det som vart viktigast. Noko som ikkje på nokon måte er ulovleg. I dag er økonomane  i fleirtal og ingeniørane mest borte.

Det er måten det skjer på, der vi, forbrukarene, vert loge for. Vi vert servert historier om lange tørkeperiodar og at det er så kaldt, derfor straumprisane går opp.

Dette er ikkje tilfelle seier Hongset.

 

Han har jobba i oljesektoren i tjue år.

Oljen vil ikkje vera noko som vi i framtida ser på som ein vektleggande industri i Noreg. Vatnet derimot, og kraftindustrien vil være det, seier han. Det er ein fornybar resurs som har betydning langt over oljen.

 

På starten av nittenhundretalet og utover, vart kraftutbygginga viktig. Fabrikkar og samfunn vart bygd opp rundt der krafta kunne takast ut i frå. Først var det industrien som fekk straum, etter kvart fekk dei private hushalningane straum også.

På slutten av åttitallet fortel han om ein statssekretær i finansdepartementet og seinare fiskeriminister, før han vart Hydro-leder, så olje- og energiminister og etter det gjekk attende  til Hydro…..

Og om lovar som vart forandra og konsekvensane av det. Det at Staten fekk mindre styring.

 

Det er mykje snakk i media om røyrleidningar som skal føre straum ut i verden om dagen. Det vert sagt at dette er viktig for miljøet. Men eigentleg handlar det om forteneste, for gevinsten miljømessig er forsvinnande liten. For å selja kraft til land der kraftindustrien har mykje høgare pris presser prisen her i landet opp også. Det er samanheng mellom dei omtala høgare straumprisane vi som forbrukarar må betala og det som skjer ute i Europa.

Det er søkt om å leggja leidningar til Storbritannia der kullprisane er så høge at prisen her i Noreg også vil stiga mykje. 

I tillegg er drifta som er dreven med å tappe og stengje vassdraga svært lite miljøvennleg for det går ut over biologien.  Før skjedde dette i takt med årstidene, noko som ikkje gjekk så hardt ut over naturen. No handlar det om å selja når prisene er som høgst, derfor opnar og stengjes slusane i takt med dette. Den store auren er i ferd med å forsvinna frå vassdrag som produserar kraft. Det er kritisk for bestanden.

Dei forventa auka prisstigningane er også katastrofale for kraftkrevjande industri, noko som vil føra til at den industrien ikkje vil klara seg over tid og produksjonen vil flytta seg til andre land. Kina var nemd som eit eksempel. Der har dei ein annan miljøprofil seier Hongset, bland anna med bruken av køl. I tillegg veit vi kva som skjer med nedlagte arbeidsplassar og folket……

Kritikken er ikkje den at industrien vil tena pengar, men at vi forbrukarar blir loge for seier han opp til fleire gong gjennom foredraget.

 

Vi protesterer ikkje på at straumen vår aukar eit par hundrelappar i året. Dei fleste av oss protesterar heller ikkje om den aukar opp til fem tusen i året -.

Vi forstår at nedbøren kan vi ikkje gjera noko med……

Av og til kan vi kanskje tenkja……men har det ikkje regna mykje i haust da……?

 

Hogne Hongset avsluttar med å lese ferdig første kapitel i boka si. Slik at til og med eg, som ikkje les krim, får lyst til å lesa denne.


 

Folk er engasjerte i etterkant.  Hongset inviterar folk til facebookside der han er i gong med å prøva å få folk til å forstå kva somskjer. – Og til å være med å laga motstand mot det som skjer.

Vil du vitja sida er den HER.

 

Den gamle dama går ut i mørket med rullatoren sin. Eg følgjar henne over vegen og ser ho gå inn døra til det dyre husværet sitt. Ho er nok sliten. Som minstepensjonist må ho væra med på å hjelpa kraftindustrien til å verta enda rikare. Slik at direktørar som går av kan ta med seg 90 millionar inn i sin alderdom.

Men står vi mange nok saman kan stemmen få kraft.

 

 

 

Bit for bit

At ein ikkje kan eta ein heil elefant fasinerar meg. Og gjev ein viktig lærdom om tilnærming til kva enn det er -.

Yngste møter på frustrasjon om dagen. Ikkje berre, berre overgongen frå vidaregåande til å studera. Ho opplev både skrivevegring og seier ho skuffar seg sjølv. Så ambisjonane og det å slappe av akkurat passe, harmonerer ikkje.

I hega var fokuset Psyco av Hitchcock. Og eg skjønar at for ein nittenåring kan denne fimen frå seksti talet i svart kvitt verta litt overkill. Ein klassiker, ja, men det er ein utvikling på dei filmatiske grepa gjennom desse 50 åra. Og det er det ho lære. Ho hell på å skal byggja den tunge grunnmuren.

Så eg har snakka, sett film og leita på nettet for å hjelpe…….eg har ikkje sagt at “dette har du valgt, så ti stille med sukka dine“.

Eg har eg sakt “du må ta det bit for bit!

“Om setningane ikkje sit perfekt, skriv, du kan gå over å korrigere skrivemåten, men få opp grovrisset – reisverket.”

Slik har eg snakka.

 

Bit for bit for bit for bit for bil for vaskemaskin……..

–  For no er det min tur til å praktisera det eg forkynner.

Det er ei kjent sak at ei ulykke sjeldan kjem i leine. Ting og hendingar kjem ofte i bolkar.

Eg skreiv i går at eg ikkje skulle seia noko meir om bilen…….i dag har den fått kvila i ordets riktige betyding. Innbiller meg det er bra for den….og for meg. Så ikkje meir å seia om det.

 

I helga var jentene i aksjon her. Dei hjelpte til med å henta, løfta og dra på to vaskemaskinar for tanta, for den som ho hadde lånt frå meg var kaputt. Den fekk eg reparert etter eg kjøpte meg ny for seks år sidan. Det viste seg at den som var hennar og som har stått lagra i fjøset ikkje hadde tålt lagringa. Så nedunder har det vore vaskemaskinkrise.

Kan tru eg kjende på kor godt det var at alt slikt var i orden oppe hos meg!

På fredag kjende eg ein svak eim av elektrisk lukt, var å klappa på varmtvatnsbehaldaren før eg fauk vidare, med tanken om at det er mykje ein kan innbille seg.

Da eg skal setja på ein vask i dag ser eg displayet er svart, ikkje noko ljos, som om livet er sløkt for ei maskin. Eg sjekkar det som må sjekkast. Støpsel, sikringar og slikt utan at det skjer noko.

Tenker nok også at slikt kan ikkje skje…….ikkje no……bilen……. utan å bruka energi på å verta skikkeleg fortvila. For det er nærliggande å ta i bruk den teknikken først……..full frustrasjon.

 

Det er da eg tenkjer det; No er det min tur……min tur til å ta det bit for bit.

Eg får ringt butikken maskina var kjøpt, får ringt merket nasjonalt og til slutt reparatør lokalt.

Ja…..

I morgon får eg svar om det lønar seg med reperasjon. Men eg har ikkje dei store forhåpningane.

Eg har allereie vore på nettet og sett litt på maskinar.

 

Passar dette no?

Nei!

Slik sett passer det aldri.

Men det hjelper ikkje at eg bær meg og sytar. Eg får i staden bruka energien på å finne løysningane.

Det blir bra igjen.  Det blir det.

Men først må eg løyse bit for bit…..før det kan bli det.

 

Går verda di på skinner eller er du i ein av bolkane der det er motbakke og mykje å snubla i?

 

 

Måndag etter søndag

Måndagen er snart slutt. Første dagen i veka er snart over. Ute er det fleire minus, inne fyrar eg.

 

Og så høyrer eg på musikk. Har lyden rett inn i øra, rett frå Spotify.

Det er godt å berre forsvinna inn i musikken. Finne ny musikk eg aldri har høyrt før.

 

Tidlegare i kveld følgde eg ei dotter ut i mørket. Ho skulle ta bussen.

I gårkveld gjorde vi to det same, da var det og ei dotter som reiste. I helga var begge heime. Dei kom på torsdagskvelden, så vi har hatt ei oval helg saman. Eg sa til dei at eg kjenner meg heldig, heldig som har det så fint saman med dei.

 

På fredag fekk eg eit problem eg tenkte var utviska frå kvardagen i laaaaang tid framover.

Bilen!!!!

Bilen eg kjøpte i juni kom seg mest ikkje opp bakkane. I dag fekk eg vete om noko som heiter nødmodus. Når det er ein feil i bilen. Neste onsdag skal den på verkstad, og eg velje ikkje være så fokusert på dette. Måtte berre skriva det likevel.

Så i kveld er det godt berre å sitja her.

Ikkje tenkje, berre flyta i musikken.

Ikkje tenkje, berre væra i den varme stova medan dei gamle stjernene sender ljos frå mange århundre attende, oppe på den skyfrie himmelen.

 

Eg er her saman med meg sjølv. I varierte lydbilete.

 

Dette er Waldruna med Odal.

 

Har du høyrt dei?

 

 

Om tid og feiring

 

– For tid er noko flyktig om det er frå dag til dag, eller det tek mange år i jafset…..

 

I går starta eg å skriva om ein dag for seksti år sidan, og været da. I går var det litt betre, men det regna. I går for seksti år sidan regna og blas det, skikkeleg blas. Og i helga feira vi denne dagen som var seksti år sidan i går.

Det vil seia, det er no akkurat ei veke sidan. Sidan feiringa. For tida går så fort, og avsporing til noko anna er så lett. Så sjølv om eg vil skiva, vil fortelja og kunne dansa med orda………så går tida frå meg.

Og det eg skreiv på  forsvann.

 

Så da får eg i dag – som er ein dag tidlegare i veka – skriva om dagen som vart feira i helga.

(Og blir du litt forvirra her, så ikkje bry deg om det….det handlar berre tida som fer så fort, at ein og kvar kan verta forvirra).

 

Altså sist helg.

Dagen som var 60 år sidan 3. november. For da var det så mange år sidan mor og far gifta seg i 1956.


 

“Vi bør mest feira” sa mellomste syster mi.

Da var det ikkje mange veker att.

Eg hadde tenkt det same.

 

Enn om dei også fekk seg ein tur og at vi tok feiringa i Trondheim.

Vi vart einige om at dei hadde nok like stor glede om vi tok det heime hos henne, at det å gå ut kunne fort krevja for mykje. Og vi gjekk for helga før-, for da kom eldste dotter hennar, som også er det eldste barnebarnet, heim.

Etterpå viste det seg at det nestyngste barnebarnet også skulle heim denne helga. Så slik vart det at alle dei seks barnebarna kunne være med å feira.

Og nokre hadde med seg kjærastane sine. Så sist søndag var vi tretten benka rundt bordet. Det talet gjekk heilt fint.

Det var ein skikkeleg koseleg dag og kveld. Praten summa frå første stund. Da folk sat ved bordet høyrdest det mest ut som lyden i eit samfunnshus fullt av snakande menneske.


 

Alle -, om dei var født eller ført inn i familien på kjæreikens store venger, snakka, lo og treivs.

 

Slikt er så bra. Ei skikkeleg vitamininnsprøyting i haustmørket. For mørket kom også denne kvelden. Og det aldrande “brudeparet” heldt ut. Dei stråla i skinet frå talgljosa.

Etter kvart måtte folk reisa-. Slik er det med tida….sjølv om ein feirar. Og at dressen til far hang att heime, det har ingenting å seia, at kvelden var feira utan slips.

Men vi, – eg, vi hadde senger oppreid.

 

Neste morgon kosa vi oss med frukost før vegen gjekk viare inni framtida.

 

Ei framtid eg ikkje kunne rydde meg nok tid i. Ikkje før i kveld. Med å skriva om tid og feiring.

 

Riktig fin kveld til deg som les, og ikkje gje opp variarande produksjon av orda 🙂 <3