Tenk det

Forvirra sit eg her. Forstå det den som kan at det går an…..

I gårkveld var det eit forrykande vêr. Eg måtte berge inn boffen da haggelskot vart sendt mot jorda…..altså haggel som i snø

Litt seinare dundrar det laus med lyn og dunder og brak. Så boffen spring frenetisk i rund i stova og skal skremma vekk alt.

Det neste som hender er at det vert heilt mørkt. Etter nokre blinkar.

Da krype eg likegodt til køys. Halv ti om kvelden. Ikkje noko å sitja opp etter da.

 

Der får eg ei natt -.

Vakne periodar og aktive draumar i ein skikkeleg lapskaus. Og det verste, eg søv fram til halv ellev!!!

I DAG!

Det er jammen greitt eg avspaserar for tida, men måte på -.

No får eg rista av meg natta, finna fornufta, lufta og springa etter dagen.

 

Ha ein vaken onsdag alle som ein.

 

 

Telefonen

Eg presenterte meg inn i mobilen. Det var eit ukjend nummer det vart ringt frå. Så tenkte det var best. Å seia namnet sitt, heile namnet.

 

Han i andre enden presenterte seg også.

Eg forsto med det same. Det var seljaren som ringte.

Bileseljaren -.

 

Etterpå sat eg att med vala.

Alt var opp til meg. Eg kunne få bilen reparert eller eg kunne få ein ny bil. Mitt val. Eg skulle få låna bil om ein par dagar.

 

Men korleis skal eg kunne ta dette valet?

Helst har eg ynskt meg nokon som er synsk, som har fortalt meg kva som er lurast og best å gjera.

Eg får finna fram til nokon som veit meir om bil enn meg, helst opp til fleire.

 

Skal eg ta på å leita etter ein ny brukabil, og finn ein som høver ynskja mine?

Eller skal eg seia at dei kan gå på jobben med reperasjon, som vil seia å skifte motor?

 

Som igjen vil seia ein kostnad ikkje slik frykteleg langt unna verdien av bilen. Eg forsto det slik at dei dekka alt.

 

Dei snakka om meg fortalte han, seljaren. Om uflaksen, for dette kom uventa. Noko som ikkje skulle skjedd. Men som av og til kan skje likevel.

 

Ja, ja…..slik vart det.

Eg gle meg til at det skal balanserast av…….for da må det skje noko som er like utruleg på den sida som har med flaks å gjera…….

 

Men først må eg ta eit val med bilen.

 

Og så var det vaskemaskin. Har leita på nett, hatt ein tørn i gårkveld.

Ein vert passivisert når det skjer så mykje som går i stykke som det har gjort no, som er så viktig, men eg har reine klede enno.

 

Og no har den skumle, men også etterlengta telefonen ringt.

No veit eg litt meir.

Eg må berre gjera eit val….

.

 

 

Den fillete boka

I går var det først søndag i advent. Ein dag med lange tradisjonar. Heilt frå eg var lita.

 

Kvelden var komen. Yngste, som ikkje har førelesning i dag, tok ikkje bussen attende i gårkveld. Vi skulle ha adventsstund. Det kan hende dei var med i fjor eller året før det, ho, eller nokon av dei andre. Men stundene frå barndomen er det mange år sidan.

“Så tenner vi eit ljos i kveld…”.

Eg valte å føra denne tradisjonen vidare. Frå min barndom, som ikkje alltid hadde like heldige utfall. For det kunne henda det vart SÅ seriøst at det ikkje gjekk å væra alvorsam. Og mor, som var ei seriøs dame, syntest ikkje tre knisande småjenter var spesielt artig. Da kunne det hende stunda fekk ein brå slutt og songboka vart lukka og lagt på hylla.

Ei slik stund skulle væra koseleg, så om den var så full av forventningar at den av og til slo krøll på seg, tok eg likevel stafettpinnen med meg vidare.

Vi tok fram bøker og leita fram songar. Den første søndagen skulle den ikkje vera heilt overjul. Forventningar og progresjon var viktig. Slik som det var det da eg var lita.

 

I gårkveld tok eg fram den songboka som vart aller mest bruka.

“Den store barnesangboka”.

Den var sunge, beint ut, i filler. Den vart sunge ut av, ikkje berre adventstida, men bortimot kvar kveld frå førstemann var bitteliten og vidare framover i mange år. Det vart lenge i teneste for ei enkel bok.

Eg var glad for at yngste ville væra med på dette stunte og stunda. Og det vart på ingen måte kleint.

Men da barndomens minne vart bretta ut med bladsider med bilete og slik omtrentlege tonar, vart jenta stille –.

Eg såg at dette vart sterkt.

For det var rart å opna fortida slik.

Ho ville gjerne at eg song….

Og alt vart riktig fint, vart og koseleg. Akkurat slik det skulle væra. For av og til er det fint å ta ei reise attende gjennom ei fillete bok. Både for den unge og den eldre.

 

Mellom mørke

Vi kom oss så vidt ut mellom mørke i dag. Og mørkare vil det værta i tre veker enno -.

 

– Men ein tur ut i eit ljos som forsvinn mest før det har vorte ljost, var godt. Det var friskt og det hadde kome eit melisdryss over jordene.


Vi ville sjå om vi såg nokre brukbare juletre for høgtida framom.

Mørket som heldt på å vende attende gjorde at bileta vart uklåre. Men som stemning legg eg dei inn….

Vi måtte opp den bratte bakken. Opp den bakken her planta far og eldstemann tre for mange år sidan.

Dei er ikkje så lette å sjå trea på bileta her….. Men vi fann nokre som vil høve. Vi likar breie -, foreldra min smale – og søster mi små tre. Vi brukar furu alle, sjølv om det også var planta gran. Fleire av grantrea hadde skikkeleg juletreform.

Ljoset på denne tida av året er så fint. Når temperaturen er så god som i dag kjenner ein på lykka av å være ute.

Det vart ikkje så lang ein tur, yngste fekk våte bein i joggeskoa. Alt regnet dei siste dagne hadde laga vått og sleipt underlag.

 

Etterpå tok eit varmt hus imot oss og omslutta oss -.

Der eksamenslesing og laging av middag og slikt står på programmet no. Før vi skal tenne det første adventsljoset seinare. Så da spørs det om vi kremtar oss til med å synga nokre songar eller vel ein cd.

 

Har du tradisjonar første søndag i advent?

 

 

Å væra i vêret

 

Ein høyrer suset utanfor husveggene. Mest som eit dønn. Det er vêr. Mykje vêr.

 

Det bles og regnar. Eg les om leirras, jordras og stengte vegar. Så slik er det tid for no.

Eg finn fram stjerna, den sjuarma ljosestaken og adventstaken.

Ein treng ljos.

Mørket kjem tidleg.

Der er berre å fyra og tenne ljos.

Rakk ein tur ut mellom regnelingane. Fekk inn fleire sekkar med ved.

Yngste har vore på mørkloftet etter varme klede. Dyra ligg slengt utover golv og i sofaen.

Dette er Miranda. Sjefskatta.

No sit yngste å les, eksamen er ikkje så langt unna. Ho skal lesa eit par timar til.

På omnen står to gryter; i den eine pinnekjøt, i den andre karamellar. Vi skal kose oss inne i varmen medan det huskestuar utanfor. For det er viktig å finna kosen, uansett årstid, situasjon og gjeremål.

 

Ynskjer deg ein riktig fin laurdagskveld.

 

 

Ein dag og eit innhald

Taxi, kontor, bibliotek, pause med matbit, basseng og heim att…..slik har rammeverket på dagen min vore.


 

Så no har eg fri mest ei veke. Eller, eg tek fri i seks dagar. Da er eg omtrentelg  à jour. Hadde alt for mange timar for mykje av slikt ein gjer.

Det passa bra no. Billaus som eg er.

I dag tok eg telefonen, eg hadde ikkje høyrt noko denne veka som er gått.

Stemmen på andre sida sa at dei hadde nettopp snakka om dette, og at dei heldt på å gjæra klar ein bil eg skulle få låna.

Eg vart så glad at eg jubla slik at tårane kom.

–  Men eg skulle få ein telefon frå dei for å høra nærare sa den trivelege mannen.

Etter ei stund fekk eg denne telefonen. Frå ein annan ein.

Neei……… bil visste han ikkje noko om, men eg skulle få snakka med seljaren, så den vidare forhandling ville verta med han.

Etter det har eg ikkje høyrt noko.

Så no er eg like langt og like kort.

 

Etterpå var eg med i varmebasseng saman med ei kjempehyggeleg dame. To gong basseng den veka her. Herleg.

 

Etterpå vart eg henta.

Ikkje alltid like godt å væra avhengig av andre. Når det vert ulike oppfatningar og dårleg stemning. Da kan eit godt humør gå over til dårleg. Og da er det best å ikkje opna munnen, ikkje seie noko. For subjektive diskusjonar er ikkje anna enn det. Og å krangla er lite produktivt…

Men det var godt med mat etter eg kom heim. Hadde nedfrose frittata……altså ein bondeomelett.

 

I morgon skal eg få sitja på med for å få handla og i morgonkveld kjem yngste heim.

Så alt i alt er det ikkje så verst likevel. Ein månad før julekvelden.

 

 

Slik att og fram…….

Litt lettare forvirring i seine kveldstimar er heilt på plass. Ein har noko å finna på da……..

 

Er no att og fram like langt?

For etter bruken av både Fram og AtB i dag, undrast eg -. Går det ikkje fram når det går frå a til b. Kva om ein da går attende…….eller meir presist, køyrer………attende, er ikkje det det same som fram, for det er fram………berre andre vegen…..

Dette tenkjer eg på medan eg et middag som har steikt seg rå etter ein time i omnen. Det var lenge før stadiet hadde nådd al dente.

Men laksen var akseptabel, så da fekk det  våga seg at tyggemusklane fekk jobba intenst med grønsakene. Det gjekk ikkje utover smaken, heller tvert om.

 

I dag har eg køyrd frå  a til b med Fram og attende køyrde eg med Atb for å koma fram. To busselskap over same distanse. Eg trur eigentleg det tok same tid også. Men betalinga var ikkje den same. Med Fram betalte eg  44 kroner, medan med Atb betale eg 70……..på eksakt same distanse. Derfor spekulerer eg på om det ikkje er like langt att og fram, ikkje om ein køyrer AtB og Fram i alle fall.


 

Det var kanskje ein tanke betre stolar i bussen til AtB.

 

Men eg kom fram og det er viktigaste, både att og fram. Om eg bruka Fram den eine vegen og AtB den andre.

Og middag var godt etter enda dag, sjølv om den var i overkant rå. Eg hadde i alle fall råd til buss begge vegar. Og det er eg glad for.

 

Men kva trur du, er fram og attende like langt eller er fram litt kortare enn frå a til b?

 

Kanskje ikkje så ille

I kveld er eg fryktleg sliten. Så i kveld skal eg klara å leggje meg i det som heiter rett tid. Eg trur på det.

 

Det  tek på å ha så lite på stell. Der ein er avhengig av andre og må vera glad for all hjelp. Misforstå meg ikkje, eg er glad for hjelpa eg får.

Dagen i dag har vore tettpakka av både hjelp og folk. Frå eg starta i bassenget i dag tidleg til no.

To maskinvaskar har eg fått tatt. Hengte kleda opp da eg kom heim i kveld.

Eg få kjøpt meg ei vaskemaskin, det er for tungvindt å ikkje ha. Men gjett kor glad eg vil vara når den atter er i hus.

Ikkje har eg høyrd noko meir korleis det går meg bilen heller.

I morgon skal eg atter ta skulebussen. Vurderte om eg skulle ta den eine rutebussen, men den går forbi her eg bor i sekstida om morgonen. Vert i tidlegaste laget.

Kan ta den einest rutebussen andre vegen, i staden for skulebussen, den går frå sentrum litt før seks i om kvelden. Vi får sjå i morgon……

Tenk kor godt det vil vera når eg atter har vaskemaskin og bil. Dette som ein tek som sjølvsagt i kvardagen.

 

Det meste virkar…..straumen, vatnet…….både varmt og kaldt, eg kan dusja og eg kan lage meg mat. Eg har ved i omnen. Mobilen virke. Dei aller næraste er friske…….

Slik kan eg fortsetja i det uendelege.

No har eg ete panettone med brun ost. Eg skal straks leggja meg i ei seng.

 

Sov godt du som akkurat er inne å les no.

 

 

Når det er vaska

I kveld er eg så glad fordi eg har reint kjøleskåp. Det er skikkeleg godt.

 

Vurderte om eg skulle ta bilete frå skåpet. glad var eg fordi eg har gjort det. Det har stått på lista mi ei stund. Kom over at nokon skreiv at skulle ein rydda i heimen var kjøleskåpet ein lur stad å starta.

No kan eg stryka det frå lista saman med eit par ting til.

Eg måtte. Mellomste kom heim med gjest.

For når ein står i fare for å skjemma ut jenta, slekta både langt utover………kanskje så langt som til femmenningar……..og i fleire slektsledd………da ein gjera noko -.

Når ein må har ein ikkje noko val.

Og resultatet er reint kjøleskåp og ei triveleg helg.

Ei kort og triveleg helg. Ei helg med prat utover natta.

I dag for dei. Både tobeinte og firbeinte sørgja bitte lite grann.

Skal væra slik.

Så køyrde dei nedover vegen og attende til liva sine.

Eg baud opp ho som bor i kjellaren på kaffi. Eg chatta litt i aust og vest. Så tok eg eit par telefonar og plutseleg var kvelden gått.

No bør eg leggja meg, i morgon må eg ta skulebussen.

 

Har helga di vore fin?