Om å gå seg bort

 

Eg er heime og har gått meg bort. I mi eiga stue, i min eigen stol.

 

I kveld skal eg skriva om slikt eg har gjort og slikt eg tenkte å gjera. Berre enkelt frå dagen.

Tenkte eg.

Men eg måtte ha ein illustrasjon, og dei snappane eg tok i regnværet var ikkje medreknande.

Kanskje eg skal vise lista mi, tenkte eg. Dermed screena eg skjermbilete. Og så var det gjort.

“Sette det inn i teikneprogrammet” sa sonen.

Eg fann ikkje noko teikneprogram. Så frå da av gjekk eg meg heilt vill i mi eiga maskin. Med lasting og lossing og av å eigentleg ikkje forstå kva eg heldt på med.

No har eg gjeve opp……får berre illustrera med snappane frå tidlegare i dag. Ikkje visa mi fiiiiiine liste. Ei liste eg har laga der eg skriv inn kva eg skal gjera, når det bør være gjort og kryssa ut etter det er utført. Den vart så fin at eg trur eg skal bytta ut dei handskrivne listene der eg gjer slikt ein må.

 

Da eg vakna i dag skulle eg til Trondheim. Eg vakna til ein brøytebil i tempo gjennom morgonstilla. Og eg skjøna vegane ikkje var snøfrie lengre.

Så over ein solid frukost med yngste fortel eg det, at eg ikkje dreg – men eg skal køyra ho til bussen. Og at vi får utsetja mor og jente dagen til fuglane fyller lufta med song og vegane er heilt utan snø.

Begge jentene forsto og aksepterte, så med det reiste yngste vidare i vinterferien sin……..og mellomste kjem heim i helga, og i påska møtest vi alle tre…..og kanskje før. Så dette gjekk bra, sjølv om det er koseleg å væra saman.

På Øra vart eg sitjande og venta på søster for ein kaffikopp. Men det tok tid, så da eg skulle til å køyra heim att fordi eg hadde venta lenge nok, kom ho.

Medan eg venta sendte eg altså nokre snappar….og her er dei…


Er du ein snappar????
 

Eg sluttar

Eg vil slutta for å kan starta. For å gje plass må eg slutta. Eg kan ikkje starta med noko før eg har slutta med noko anna……..

 

Eg fann det ut her om dagen. Eg sat i bil. Når ein køyrer bil kan ein finna ut mykje.

“Eg sluttar” tenkte eg.

Det er alltid enklare å slutta, i alle fall når ein ikkje er avhengig av det ein skal slutta med.

Noko eg har tenkt lenge på er tida eg brukar på data, den har eg gjort litt med……slutta å bruka så mykje tid.  Men eg må slutta å sitja så lenge oppe. Og så må eg slutta med å ete så mykje. Eg må og slutta med å være så lite ute.

Ein heil mengde lista eg opp der i bilen av det eg ville slutta med. Og etter eg hadde slutta med alt dette, da fekk eg plass til å start med nye ting.

Eit nokså sjølvsagt og enkelt reknestykke.

Så da får eg berre slutta med alt eg ikkje har godt av. For det er enklare å slutta å gå enn å starta. Da passiviserer ein berre det ein ikkje vil ha. Gjer det uønska inaktivt.

Eg vil ikkje sitja så lenge i ein stol………nei da sluttar eg berre å sitja så lenge. Og når eg sluttar med det kan eg starta med noko nytt. Kanskje eg kan starte med å leike meg med fargane.

Eg vil ikkje ha så mykje rot rundt meg. Da sluttar eg berre med det.

Enkelt……ikkje sant?

At eg ikkje har kome på dette før……….

 

 

Universelt

Musikk er eit språk. Eit viktig språk som ligg tett opp til følelsane.

 


Mi mellomste har hjarta sitt i musikken. Det å synga, spele og få dele musikken ho lagar gje henne mykje. Energi seier ho, og latter, glede, men også speglar den sorg. Musikken har ein evne til å foreine folk på tvers av alder, nasjonalitet og språk seier ho vidare.

Ho har sendt inn ein av songane som ho skreiv da ho var på Jomfruland for nokre år sidan. Ved vasskanten dukka denne songen opp. Ho har sendt den inn til ein konkurranse som TV2 arrangerer, dei som får mest framsyningar går vidare i konkurransen.

 

Om du klikker deg på biletet under får ho ei framsyning  til (tek nokre sekund):

 

Her er same songen framført på ein konsert da ho budde og gjekk på folkehøgskole i Seljord. Det er eit mobilopptak frå opptreden. Eg er så glad i dette mobilopptaket. .

Opptak frå Seljord.

 

 

Håper du likte opptaka og at det gjekk greitt å få dei opp..

 

 

Ha ein riktig fin søndag, morsdag, valentinsdag og dag med musikk du er glad i.

 

 

Snø og sno, vind og sol

 

Det er lyd av tidleg vår. Mildt har det vore, fuglane har fått meir lyd. I dag gjekk regn over til snø att. Vegane vart atter kvite og glatte. Sola skal ha klatra fjellet, men skyene har skjult det underet.

 

Dagane mine fyk så det ikkje er måte på. Liksom ein ikkje veit om det er att eller fram. Eg veit ikkje om det er eg som har vorte sterkare eller andre svakare.

Eg er framleis sliten.

I dag køyrde eg frå sekken min med mobil og nøklar i. Den sto igjen i butikken der eg hadde handla. Hovudet hadde tatt ferie etter dagen. Vel heime tok eg ut varene og sakna sekken. Da var det berre å setja seg inn i bilen for å køyra dei 20 minuttane turen tek attende på glatte vegar. Sekken sto i handlevogna med innhald intakt.

Slikt kan skje.

Likevel. Eg held på å “vaknar”. I takt med sola som stig og vår i emning. Akkurat som eg ikkje finn meg i tull lengre. Eg held på å gje meg plass etter årevis med knebling. Knebling av meg sjølv. Og eg skjønar det ikkje er rart at det vart som det vart. Greitt å verta forstått av seg sjølv.

Men når eg no kjenner eg greier å vera tydlegare overfor dei i rundt meg, har behovet minka for å bruka orda mine her på det som har vore innestengt. Ikkje i den tydinga at eg vil stoppe å skriva blogg.

Eg er svært glad for det som skjer, mest som eg berre må kviskra……..for eg redd for at meistringa eg kjenner på skal gå over.

No er det for meg helg. Eg har bruka akkurat det 18 timane og 45 minutta på slikt eg skal. I morgon har eg fri. Eg må i veg å kjøpa hundefor, kanskje unne meg raudvin til helga….. og så skal eg gjera ein innsats for ein reinare heim. Skal også ha ein oppfølgingssamtale for det er ni månader sidan eg var på rehabilitering på Muritunet. Og så kjem mellomste heim og da skal vi starte helga med å kosa oss med fredagen.


Gje du deg nok plass i dagen din?

Kveld i stua

 

Helga kom og gjekk, og så er berre plutselig søndagskvelden her. Det gjekk så fort, så fort.

 

Det er ikkje uvanleg, det er det vanlege. Full fart gjennom dagane.

Helga har vore fin og roleg. To dagar i heimen er godt. Yngsteberta kom heim lang og svai på fredagen. Eg plukka ho opp ved bussen og området var fullt av bilar i sludd, som var ute i same ærendet med å hente sine.

På dette området er det også kjeldesortering av glas og metall. Så eg fekk tømd  ei bøtte med slikt før ho kom.

Vi har hatt ei triveleg helg. Ho har arbeidd ein del med skulesaker. Norsk, realisme og naturrealisme. Eg las novella Karens jul av Amalie Skram til henne, som er ein av tekstene ho skal i gjennom. Eg synest den mest er verre enn Piken med svovelstikkene, denne historien av H.C. Andersen…..eg greier ikkje lesa utan eg hamnar i gråten.

Plagsamt eigentleg.

Hugsar eg las frå Juleoriatoret av Göran Tunström til han eg var gift med ein gong, eg ville at han skulle verta glad i bøker. Eg las med innleving og patos da mora, i starten, syklar nedover vegen og det forferdelege hender. Eg las meg inn i hulkinga, for berre å oppdaga at han eg las for hadde sovna.

Ho eg las for i dag starta å gråte fordi eg gråt……sa ho. Eg hugsar eldstemann gråt da eg song om Tordivelen og flua…….da tordivelen slo flua på kinn. Likeeins da Karius og Baktus hamna på fåten langt til havs.

Slik kan det verta når innlevinga er stor nok både hos mottakar og sendar.

 

I går steikte eg bollar, tjuvstarta i går kveld.

På dagen var eg ute å henta ris som eg plasserte fargerike fjør i. Her eg bor sel ikkje Sanitetskvinnene dette riset lengre……..trur eg.

Sist veke auka eg slikt ein skal med 10%, så eg er oppe i 50. Kjenner eg gleder meg til morgondagen fordi det gjekk så bra i veka som var. Og det er godt.

Etter ein ti..ja kanskje bort i tjue år, er eg på rett veg. Det er ein god tanke det.

 

Kva er din gode tanke i kveld?

 

Fridag i februar

 

Våt, kvit og ufyseleg legg dagen fri framom meg. Fin dag og væra inne i.


Om dagane no er eg inne i meg sjølv. Eg har liksom nok med å være der. Har ikkje så mange ord å dela. Men dagane har vorte lysare og lengre. Eg eig ein større kjensle av meistring. Det er godt.

Eg eig og ei bekymring. Det er ikkje bra.

Eg gje meg plass til å væra der eg er. Med det som er bra og det som ikkje er bra. Og så mykje meir er ikkje å seia.

Eg har tenkt eg skal skrive om bruken av ord og utsegn, om syndrom og det “normale” og det som fell utanfor. Av og til har eg lange avhandlingar i hovudet mitt om dette eg vil skriva……men så går det slik halvveges i gløymeboka. Dei gode orda eg tenkjer er ikkje der når eg skal produsera ei historie eller ei sak. Og da ender eg opp med å skriva om mine kjensler akkurat der og da. Og når eg har skreve om dette temaet mange nok gong er det ikkje fleire ord att, dei er bruka opp.

Og så vert det berre stille frå meg i bloggverda.

Men eg er her og kjemper min kamp med livet. Slik vi alle gjer.

 

I helga er yngste heime. Ho har mykje skulestoff å gjera. Eg skal bake fastelavnsbollar, for i helga er det fastelavn.

 

Kos er viktig inn i mellom.