Siste juni

 

Ein sommarmånad er oppbruka, men enno er det to att.

 

Dagen i dag er vakker. Trur den finaste hittil i sommar. Så varm at skygga er god å væra i halv ti på morgonen i singlet og shorts. Det er siste feriedagen min i denne omgong.

Denne ferieveka mi har vore ei uroleg veke. Men det å kunne gå ut glasdørene frå eit helseføretak i går, ferdig med ein skikkeleg ubehageleg undersøking, kunne atter eta og vite at alt var bra. DET var godt!

 

Eg hadde ein draum om ei roleg veke, der eg hadde meg i fokus. Der Fitbit klokka mi fekk vera mi leiarstjerne. Den dirrar på handa mi; gå 120 steg seier den, opp og hopp osv. Den melder når eg er for inaktiv.


 

Men slik vart det ikkje.

 

Og noko køyring  vert det nok i dag også. Yngste er heime, ho har fått mange småjobbar her og der, så da blir det køyring på ho mor. Eg synest det er viktig ho har sommarjobb. Så er det foreldra mine, dei må i butikk. Men kanskje nokon andre køyrer dei i dag.

 

Men sola skin frå knallblå himmel. Det er sommar. Det er siste juni. Og livet er herleg.


Ønsker deg en riktig fin dag.

 

 

 

Siste juni

 

Ein sommarmånad er oppbruka, men enno er det to att.

 

Dagen i dag er vakker. Trur den finaste hittil i sommar. Så varm at skygga er god å væra i halv ti på morgonen i singlet og shorts. Det er siste feriedagen min i denne omgong.

Denne ferieveka mi har vore ei uroleg veke. Men det å kunne gå ut glasdørene frå eit helseføretak i går, ferdig med ein skikkeleg ubehageleg undersøking, kunne atter eta og vite at alt var bra. DET var godt!

 

Eg hadde ein draum om ei roleg veke, der eg hadde meg i fokus. Der Fitbit klokka mi fekk vera mi leiarstjerne. Den dirrar på handa mi; gå 120 steg seier den, opp og hopp osv. Den melder når eg er for inaktiv.


 

Men slik vart det ikkje.

 

Og noko køyring  vert det nok i dag også. Yngste er heime, ho har fått mange småjobbar her og der, så da blir det køyring på ho mor. Eg synest det er viktig ho har sommarjobb. Så er det foreldra mine, dei må i butikk. Men kanskje nokon andre køyrer dei i dag.

 

Men sola skin frå knallblå himmel. Det er sommar. Det er siste juni. Og livet er herleg.


Ønsker deg en riktig fin dag.

 

 

 

Tarmar, ferie og langt gras

 

Sola skein på oss i dag. Varmt i sola med knallblå nordavindsjø. Likevel leika solglitre på båretoppane.

 

I kveld sit eg her med raudt ansikt og andre raude område på kroppen. Ikkje visste eg at sola tok så godt den stunda eg sat ute på terrassen og ikkje sola meg.

 

Eg har hatt nokre travle dagar med å gjera i stand til sommaropning på museet. I tillegg startar eg med ferie, så det var nokså mykje koordinering føråt for å få dette til. Berre ei veke ferie i denne omgong, resten tek eg seinare.

 

Da ferien starta var eg rimeleg ute av fokus.

 

Fokuset er ein gjengongar. Eller manko av det.

Eg fortalte om den delte plenklipparen. Men graset er for langt til å bruka ei slik innretning.

Likevel, kva er det eg ikkje har……

I går vart det innkjøpt riktig blanding av olje og bensin, for eg trudde kanskje det kunne være litt lite igjen. Eg måtte så klart ta i bruk kantkipparen.

Akkurat ja, men kvar var denne kantklipparen…..?

 

Her har det vore leiteaksjonar, opp til fleire gong på dei same områda.

Og når bruka eg den sist?

Var det i fjor eller året før?

 

Skal ikkje seia meir om å ha fokus, men eg har nok alt for mykje plass og alt for dårleg husk.

 

Så her sit eg og drikk……

 

Nei, nei, eg har ikkje slått meg på flaska.

Så ille er det likevel ikkje.

Men eg skal drikka nokså mange liter blank veske i dei næraste timane no. Eg kunne drikka te, kaffi, buljong, mineralvatn og vatn, men det sto ikkje noko om at det kunne være alkohol i dei blanke veskene eg måtte få i meg.

I morgon skal eg få eit heilt “filmteam” på vitjing i unevelege delar.

 

Noko må ein vel finna på i ferien.

 

Så dei neste timane må eg være i nærleiken av toalett. Noko som vil verta utfordrande fordi eg ikkje har innlagt slikt i bilen min, men ein skal ikkje problematisere.

Og så tenkjer eg på i morgonkveld, viss på at eg overlever. Da kan eg atter eta normalt og så kan eg kryssa av på lista av kva som ikkje feilar meg.

 

Eigentleg vonar eg dei finn ein liten slange, slik som på bilen da den starta å få problem i motbakkane, som berre måtte festast og så gjekk bilen som eit olja lyn.

Når den vesle slangen er festa slår fokuset til, eg kan spretta og hoppe som ei kvige om våren og eg blir tynn som ein sytråd.

Det blir noko det!

 

 

 

Sommaren i regn

Når alt går godt. Likevel og til tross for alt. Da er det berre å taka innover seg at det er bra.

 

Det regner på Nordmøre.

Det bles også.

Ikkje er det varmt heller.

Men likevel er det sommar.

Sommaren er fin uansett.

Eg kom heim frå dagens utfordringar. Dei hadde gått over til historia.

Dei gjekk også bra.

Til slutt. Utfordringane.

Etter at skrivaren gjorde seg skikkeleg vanskeleg. Faktisk to skrivarar slo seg på vrangsida.

Etter det tok eg fram gamle kunster, slikt eg er ferdig med. Men eg nådde fram. Akkurat i tide.

Og det gjekk bra. Både det og det. No er det berre ei halv veke til sommaren kan starta. Og programmet er omtrentleg ferdig.

 

Da er det godt etter enda dåd berre å verte sittande. I bilen.

Berre å sjå.

At sommaren er vakker.

Også i regn.

 

Jau, det går an

Vi forstår stort sett våre eigne erfaringar og dei som kan samanliknas. Ut av det kan det verta mang ei historie, både god og dårleg.

 

“Korleis går slikt an”, sa mannen i butikken.

“Nei, forstå det den som kan” sa eg.

 

Av og til er det best å ikkje forklare. Har eg forstått det utan mi eiga erfaring……

 

Eg spurte om det fantest skruar, skruar til ein plenklipper eg kjøpte for nokre år sidan. For klipperen og handtak sto kvar på kvar sin plass. Behaldaren sto ein tredje plass. Men skruane som høyrde til var ikkje på nokon av desse stadane.

Det høyrest unekteleg rart ut.

Ein plenklippar liksom….

 

Eg kunne også fortalt om ein høgtrykkspylar som det var enno fleire år sidan eg kjøpte. Eg veit kor den står, men eg har aldri pakka den ut. Og det kjem ikkje av at eg ikkje treng å spyla noko.

 

Det kjem av at hovudet stoppa å virke slik eg hadde vore vant til. Det fungerte for dårleg til det meste, lenge.

 

I fjor skulle eg ta fram plenklipparen for å bruka den, det var da eg først oppdaga at den var meir enn stykkevis og delt.

 

I år krumma eg nakken og gjekk på igjen. Jentene mine vart og aktivisert. For vi er fleire i dette huset som ryddar. Dei fann stengene, men ikkje skruane.

 

I dag prøva eg ei lett leiting. Nei, ingen skruer i skuffene på vaskerommet.

 

Seinare fann eg ut at eg måtte ta vekk nokre bringebærgreiner og tok opp skuffa der eg har noko hageutstyr i ein kjøpmannsdisk i vindfanget.

 

Da såg eg det……

Eller dei………

Skruane og manualen til plenklipperen kjøpt for tre år sidan…….trur eg det var da.

 

Gleda er stor og graset er langt.

Og eg har håpet både i lengda og bredda for både det eine og det andre -.

 

Ønske alle ein nydeleg laurdag.

 

 

Før no

 

Dei har gått så fort desse åra. Og det har ingenting å seia. For det er akkurat slik det skal være.

 

Og slik fortset det. Med alt som er bra og alt som ikkje er bra.

Kjenner eg ikkje har lyst til å tenkja. Ikkje dagen i dag. For mange gjekk ikkje vegen lengre enn til i dag.

Ein gong følte eg meg gamal fordi eg nærma meg slutten av tjue åra.


foto:jane
 

Det gjekk over det og. Var i grunn ikkje ille.

Var verre å skulle fylle fire ti år. Halvveges tenkte eg da.

 

Men eg har det tørt og varmt med alle mine.

Mett er eg og.

Kanskje eg skal laga meg ei skattekiste der eg kan samla gleda i.

Sjå på alt eg har fått.

Og så enkelt berre seia takk!

 

 

 

Pizza i sol og pizza i regn

 

Det kan høyrast ut som eg et mykje pizza, men kan ikkje seia det eigentleg. Dette er berre ei lita gjenforteljing som går i ring på ein måte.

 

Med pizza framom og attom.

For i sol og vind på søndagen spurte eg jentene, som var med heim etter turen til Trondheim:

“Skal vi gå ut å eta?”

Ingenting om pizza her.

Vi var einige om å ta med besteforeldra også.  Det sa dei ikkje noko på. Så vi køyrde ut i sol og vind og sette oss ute på den lokale puben.

Med utsikt rett i sjøen.

Og så gjekk vi for pizza alle, utanom mellomste, som bestilte pasta carbonara .

Der i sol og vind.

 

I dag regner det. Kaldt og surt. Da eg gjekk gjennom graset vart eg skikkeleg våt.

“Kva skal vi ha til middag” spurte eg før eg drog i dag tidleg.

 

I ettermiddag skal mellomste reise, sjølv om friveka har att nokre dagar. Men ho skal noko i morgon.

Heldigvis har eg yngste att.

 

Vi vart alle tre einig om pizza.

Vårpizza, sjølv om sommaren er i gong.

 

Den er vegetabilsk. Og god. Men må bruke koriander i staden for basilikum. For i dag hadde dei ikkje fersk basilikum på butikken. Men det gjer nok same nytta.


Og det gjorde det!!

 

 

Gjennom linsa

 

Resultatet av mange timars arbeid fikk vi sett på fredagen. Og eg fryda meg.

 

Yngste var ferdig med første året på universitetet.

Det er film som er faget.

Filmane til både første bachelor, bachelor og master skulle visast fram. Visninga var lagt til Nova, ein kino iTrondheim, gode stolar og nyting på høgt plan.

Eg er glad i film.

Det var hovudsakeleg kortfilmar og nokre lengre. Ein dokumenter og ein musikkvideo.

Det som var gjennomgåande i mest alle visningane var katastrofe, våpen og fantasi som sjanger.

Ein såg utviklinga i dei tekniske grepa etter kor langt dei var komne i filmstudiet. Og den som masterstudentane viste var ei perle av ei film. Dei brukte svart komedie og hadde eit herleg persongalleri.  Og filmen fekk massiv applaus.

Det var også ein av dei i første som hausta god applaus og det var filmen som gruppa til mi yngste hadde. Ein film om å bli gamal og ikkje prioritert, men likevel med ein optimistisk snert.

Den fekk tårane fram. Og smilet.

 

Elles kosa eg meg med presentasjonane, over ungdom som det vistes syntest det var ekkelt og presentera filmane sine. Dei var ikkje full av glatt sjølvsikkerheit. Det vart så menneskeleg.

Etter kvart vil dei nok veksa inn å meistra fokuset. Trur eg.

 

Yngste var i strålande humør da vi tok turen bort til Svarlamon.

Ein idyll i Trondheim langt unna den materielle jakten på det “perfekte”. Mellomste bøyer seg ned for å få sikt der vi kjem litt etter.

I bakgårder med vasken til tørk.

Der fargane rådde.

 

Eg tek sjansen

 

Er eg endeleg i gong med noko spanande, noko som riv og slit i spaningskjenslene når du les dette?

 

Nei!

Svaret er kort og konsist.

Alt er ved det same.

Om likevel ikkje heilt. Sommaren kom i går. Med fønvind over 20 grader. Gras som bukta seg glitrande oppover og bortover jordene.

Ein skulle hatt fri og flagra bortover med vinden.

Løvetanna blomstra av før eg rakk å hausta ein blome.

Men det er herlig. Kjenne duftene som møter ein i luftlommene. Av søt blomsterduft.

 

Elles er alt ved de same.

Eg tok berre sjansen på å skriva nok eit innlegg på pc’n som plutseleg kan slå seg av. Men eg skal forsøka å huska på og ta med meg datan morgon. Og andre ting som er greitt og ha og ikkje gløyma.

 

I dag gøymde eg att ladaren til mobilen.

Så eg får nok ein mobilfri dag i morgon, fordi eg skal ikkje dit eg la den att.

 

 

Ein dag og ein til

 

Slik går det. Framover og vidare. Med alle krumspring av lite og mykje.

 

Ein tysdagskveld i juni kan eg stadfesta dette. Framover og av og til sidelengs.

Eg har hatt ein handlingsmetta vår full av ingenting.

“Kor kjedeleg eg lever” tenkte eg her om dagen.

Den tanken gjorde meg glad. Det måtte bety meir energi.

 

Elles vassar eg i ting to do.

Smått om senn skjer slikt som skal skje; slik som vaskemaskin, EU-kontroll, tannlege……men så kan det henda det skjer meir-.

For eksempel datamaskin –.

Plutseleg for nokre veker sidan var den svart både utanpå og inni.

 

Den dagen eg skulle ta bilen med til EU-kontroll tok eg også med meg maskina. Fann ut eg måtte vaske den. Før eg fór prøva eg nok ein gong å slå den på. Og så virka den!

Trur ikkje det hadde med vaskinga å gjera, men den vart straks meir innbydande.

 

Men eg tok den med meg til byen, hadde fleire ærend. Berre for å oppdaga da eg kom til byen at bankkortet låg att i regnjakka…….som hang på ein knagg heime.

Det hadde regna dagen før. Så da eg var ute for å fylle drivstoff la eg kortet i lomma. Det måtte eg hugsa på var tanken.

Og det gjorde eg altså ikkje. Så eg fór heim med uforretta sak…….eller saker.


 

No dristar eg meg til å skriva eit innlegg i spent forvissing om at maskin kan bli heilsvart att. Det står noko om batteri når eg slår den på.

Det er batteriet som har dårleg energi.

 

Men eg får prøva og gje eit livsteikn frå det nordre møre.

Eg lever, eg kavar, eg ler og eg ser. For slik er det.

Og ein vakker dag har eg alt på stell……og da kan det hende eg i alle fall syns det er kjedeleg.