Første gong siste juni

 

Sommeren med alle sine lommar av inntrykk. Når ein retteleg kan ta den inn. Slik plutseleg.

 

Eg har ferie.

Endeleg har eg ferie.

Det var liksom tanken skolla gjennom meg som bårer i ettermiddag. Da eg endeleg set punktum ei veke og tre dagar på overtid. No har eg fjorten dagar til omtrentleg fri utflyting. Eg har skifta til feriehovudet. Det skjedde heilt plutseleg.

Da eg hadde henta yngste frå sommarjobb og vi reiste framom foreldre og besteforeldre sa eg denne setninga – eg har ferie – tre gong, om ikkje meir, over kaffikoppen.

Det kjendes fantastisk.

– Skal vi reise opp å sjå om setra.

– Skal vi bada i vatnet.

Slik sa vi til kvarandre.

Så etterpå reiste vi opp. For første gongen i år låste vi opp låsen til bua.

Trur furua utanføre setra har vokse seg større gjennom vinteren.

Etterpå tok vi turen bort til vatnet. Det spegla seg i si eiga venleik.

Yngste syntes varmen ikkje var så varm.

Eigentleg.

Nede var den 22 grader, medan det viste seg den ikkje var meir enn 15 oppå fjellet. Så det hadde ho rett i.

Vi fann ut at meir eller mindre lett og tung jogging bortover sandstranda gjorde noko med denne varmen. Med andre ord fortset vi trenden vi starta i haust, men utan øvingane med løft og bøy i den kalde sanden.

Her er frå den gong da.

Men ein kan kanskje ikkje kalla noko ein trend som skjer med ti månadars mellomrom, to gong.

Men vi fekk  bada også for første gong i år. Og ja da, det var kaldt…….. men kanskje ikkje så kald…….på ein måte.

Etterpå reiste vi ned med ein god kjensle i kroppen. Til supe av nyvaksne grønsaker.

Dette skal vi gjera meir sa vi. Og greier vi det, kan vi nok kalle det ein trend også.

Så frametter har vi planer i fleng om reker og kvitvin, på puben for å eta, kanskje rekk vi overnatting på setra ein av dagane, tur ned til sjøen for sol og bading, fjelltur rund det vatnet vi bada i i dag med pølser og pinnebrød for å tenne bål……ja…….vi kan seia planer er lette og bera.

Men……eg har ferie……..det vil seia FERIE.

To veker mest til ende.

Og i august har eg tre veker, så dette vert så bra så.

 

Kva er det mest sommarlege du kan gjera?

 

 

Fekk berre lyst

Skal eg skriva eit innlegg i dag tenkte eg, kva skal eg skriva om….

Det er så mykje å skriva om, men kjende eg ikkje var i humør verken til å ta fram noko om liv og lære eller mitt daglege, og fantasien til oppdikt har eg nettopp bruka.

Musikk tenkte eg – det er det lenge sidan eg har hatt noko om. Skal eg gå i det historiske arkivet med minner om levd liv….... Ink Lipps og forelskelse…….

Nei, følte ikkje heilt for det heller.

Gjekk inn på youtube og starta å høyre på opptak som mi mellomste har lagt inn. Ho har fått eit speleoppdrag om nokre veker, og spekulerte på kva for songar ho skal ta.

Eg fann eit opptak frå fire år attende. Nettopp ferdig med musikklinja. Ho skriv om kjensler.

 

Ungane mine har eit svært godt forhold til kvarandre. Jentene ser på kvarandre som bestevenner. Her er ein song mellomste skreiv til yngste for tre år sidan.

zNwRFvnpWwI

 

Til slutt vil eg ta med ein der dei begge syng. Sommer og litt slik tullesong…… De elsker å tøyse. Overmotet og det unge. Den er også lagt inn for tre år sidan.

IyvWe8vVx3U

 

Musikk er noko de fleste av oss ikkje klarer oss utan. Ho synest det er vanskeleg å veta kva ho skal bli…….  Men ho er så mykje slik ho er. Ønske om musikk har vore så sterkt. Så sårbart. Året som kjem har ho bestemt seg  for å jobbe i butikk. Ikkje enkelt desse vala. Da kan det vera riktig å steppe litt til sides så tid og tankar kan samarbeide.

Men først er det sommar og det gjer godt både for kropp og skjel. For oss alle. Med og utan musikk.

Ha ein riktig fin dag.

 

 

 

Intet nytt under solen

Alt er så likt seg sjølv at eg trur eg heng denne dagen snart frå meg.

 

Vi har bruka opp enda ein dag denne sommaren. Her var den grå med litt sol på.

Eg avslutta dagen i går tullete og starta dagen dag på same vis. Det er av og til ein skjønar at eigentleg skulle ein kanskje vore avskilta. For når ein greier skikkeleg å svi potetene og etterpå kotelettane til middag, slik at lukta heng i huset til dagen etter. Da blir ein ikkje direkte happy over kva ein presterer. Og da eg greier å skru på varmvatnet i dag tidleg, gå frå det for å oppdaga at det trefte ei panne i kummen på eit slikt vis at vatnet renn over og utover benken. Og ikkje berre den eine benken, men den andre som er vinkelrett på. Og vatnet rann vidare ned på golvet i ein foss…… Ja, da veit ein ikkje kva ein skal seia.

 

Så eg sa ingenting. Eg tørka berre opp og sannsynleg sukka eg tungt nokre gong.

 

Så var eg framom kontorpulten min før ein legetime. Ein time eg har set ut i månadar. Legar likar eg ikkje gå til. Men av og til ein berre. Attende i morgon for blodprøvar. Men no vil eg ha ferien min. Snart.

Etter dette og ditt og datt måtte eg få bilen i fart. Kjøre fjord og fjell for å henta yngste som kom heim att i kveld. Skal vi ta sol sa eg, og det var ho med på. Vi vil fargelegge oss friske til bryllaupet om litt over ei og ei halv veke. Det er ikkje nok sol på himmelen til det. Men aller først kjøpte vi oss sushi og sette oss ned på ei kaie der vi såg fisken spratt. Ja, ja……….

Så bila vi attende over fjellet og til fjorden.

Her har eg gjort noko jobbegreier og noko bloggegreier og slik er dagen mest over. Men enno skal eg presse litt tid ut av den. Sjølv om eg er heilt tom og spekulerer på kva eg eigentleg spekulerer på…………

Er kanskje bitte lite granne lei av alt gamalt nytt, alt som er sagt og alt som er skreve. Trur denne ferien blir bra når eg berre får trødd den i gong.

 

Er det fleire som har problem med å få starta ferien?

 

Dei tre orda og bøtteballetten

 

“Eg vonar den dagen kjem at eg kan sjå deg i augo og seia dei tre orda sa han.

 

Ho let seg enno ein gong bli fanga. Enda ein gong.

Han hadde starta å gå forbi butikken ho arbeidde i. Først såg ho han på andre sida, på fortauet. Han kika rett fram og gjekk målbevisst forbi, med korte skritt. Ho såg han fleire gong der. Han var på tur heim frå arbeid. Ein dag kom han forbi på fortauet utanføre butikken.

Ho kjende motviljug at pulsen steig.

Fleire dagar etter kvarandre gjekk han der.

Kva held han på med hadde ho tenkt.

 

Etter den gongen ho fatta mistanken om at han ikkje var ærleg som ho trudde gjekk noko sundt. Han skulle reisa bort og hadde ikkje tid til å møta henne.

“Eg må møte mor mi og søster mi” hadde han sagt.

Var dei vitigare enn henne hadde ho tenkt. Og så sa ho at dette ikkje kunne fortsetja. For da hadde ho fleire veker kjend på at ho vart set til sides.

“Trudde ikkje det var slik det skulle enda” sa han.

“Så han trudde det skulle enda da” sa ei venninne ho fortalte det til tørt.

Det vart stille. Det var over. Sorga hadde vore sterk og ram. Ho hadde registrert at han fekk fleire kvinnelege vener på facebook i tida etter. Stygge, eldre kvinner.

 

Ein dag hadde han ringt.

“Eg kan ikkje gløyma deg “sa han. “Det er deg eg vil ha.”

“Enn dei andre kvinnene” hadde ho spurt.

Det er ingenting hadde han sagt. Det er ingen andre. Det er berre deg eg tenkjer på.

Ho fann ut at ho ville prøva ein gong til. Dei snakka saman nokre gong på telefonen. Ho ville foreslå at dei måtte treffast. Så langt kom ho ikkje. Han slutta å ringe og han tok ikkje telefonen.

Ho hadde sendt han ei melding der ho spurte om kva han heldt på med. Det kom ikkje noko svar.

Det hadde faktisk ikkje gått så inn på henne denne andre gongen. Ho hadde tenkt at det var nok bra å få ut dei siste kjenslene for han. Han var ikkje til å lite på.

 

Ein dag såg han inn i butikken og vinka. Ho vart så perpleks at ho ikkje responderte. Ho såg etter han neste dag, det var ein fredag, men da kom han ikkje.

På måndag gjekk han igjen forbi. Og han vinka.

Ho løfta handa nølande.

Ho såg han forsvann ut av synsvidda. Litt framoverlut. Litt stutte skritt. Men det var smilet, det breie smilet som fanga henne. Og augo. Dei var brune og fløyelsmjuke.

Ei veke gjekk. Han kom forbi kvar dag. Han vinka og ho vinka attende. Da dei var midt i andre veka av dette ritualet tenkte ho at dette fekk væra nok. Ville han noko måtte ho få det klart.

Så på onsdag gjekk ho ut av butikken.

“God dag” sa ho da han kom.

“Du vinkar og vinkar” spurte ho, “men kvifor gjer du det?”

“Ja, eg vinkar og vinkar, for da ser eg at du er der.”

“Kvifor gjer du det da”, ville ho veta.

“Fordi eg ikkje kan gløyma deg, ingen er som deg. Har du funnet nokon andre” spurte han i same andedrag.

“Nei”, sa ho enkelt. “Du fekk i gong såpass sterke kjensler i meg at det ikkje berre var å gå vidare. Enn du da?”

“Eg vil vera ærleg mot deg”, sa han. “Eg har møtt ei, men eg har ikkje like sterke kjensler for henne som eg hadde for deg. Eg kan berre ikkje gløyma deg. Kan vi ha kontakt?”

Ho såg på han, dei mjuke augo.

Skulle ho opna opp for han enno ein gong. Kva hadde ho å tapa?

“Ja, vi kan ha det” sa ho.

“Eg kan ikkje lova deg noko” sa han. “Men eg vonar at eg kan sjå deg i augo og seia dei tre orda. Eg vil berre bli betre kjend med deg. Eg trur vi kan få det så fint saman.”

Ho såg etter han da han gjekk bort frå henne. Ein sjanse til. Men sjansen var litt slik blodfattig og fargelaus.

Da helga kom såg ho han hadde fått tre nye vener på facebook. Tre damer i satt alder. Ikkje direkte vakre.

Over helga kom han ikkje forbi. Dei hadde snakka saman kvar dag på telefonen til og med søndag. Men på måndag vart det stille frå han. Ikkje såg ho han og ikkje høyrde ho noko.

Den eine dama sende han eit hjarta på facebook. Nokon hadde lika det, men det var ikkje han.

Så vart det stille, ikkje skjedde det noko meir på facebook, ikkje gjekk han forbi og ikkje ringde han.  Ho var ferdig med å ringe han. Med å sende meldingar.

Han la nok fram drøymer andre stadar. Ho hugsa kva han fortalte ein gong. Om at ei frå eit tidlegare forhold skreiv til han og ville ha han attende.

Heldt han henne varm også. Med å fortelja at han ikkje gløymde henne…….

Var det måten han underheldt seg. Ha ein flokk gamle, stygge kjerringar å helda småvarm med å lova dei tre ord, dei tre orda…

Ho såg seg i spegelen, høyrde ho til ein slik bøtteballet?

Det var ein forskrekkeleg tanke. Kanskje dei tre orda var “di gamle røy”?

Ho klukklo da ho tenkte den tanken da ho låste butikken for dagen.

Samstundes kjende ho at ho var heilt fri for fløyelsbrune augo, bredt smil, subbande skritt og lut nakke.

Måte på, tenkte ho.

Det var som ein frisk vind blas nedover gata og tok tak i tørkleet. Ho skjøna ho tok steget ut av flokken som var heldt slik passe varm. Ho kjende ho hadde vorte kald.

Faktum var at ho verken var så gamal eller stygg, tenkte ho, samstundes som ho retta seg opp i ryggen og knytte tørkleet betre på.

 

 

Mamma miiiiiaaaaa

Eg kan tre eit kjede med utrop, som hujaaaaaa, himmel og heeeeeerleg……

Her eg sit. Endeleg sit eg her i fanget til min grøne stol. Eg er kjempeglad og overlukkeleg. For eg er i gjennom. Eg har utført. No kan eg vifte med tærne og sprute vatn på bilane som køyrer forbi. Om eg vil.

Eg har ferie. Eller eg har så godt som omtrentleg ferie. For eg må bruka enno ein dag……eller litt av ein dag før eg er heilt i mål.

Men i kveld kan eg klappa meg på skuldra. Eg har stått i en serie av tidlege morgonar og å utføre. Noko har vore i privat regi. I går var eg i Trondheim. Om knappe to veker skal eg i bryllaup. I går sto klede på programmet. Eg fann meg fort ein kjole. Veit kva eg likar og kva eg ikkje likar. Men da eg skulle finna meg sko orka eg ikkje meir. Starta å kaldsveitta og bli skikkeleg elendig. Trur eg er allergisk for butikkar.

Mellomste søster berga meg og oss. Med mat og hus nede ved sjøen. Vi hadde det riktig triveleg, hadde det eine latterutbrote etter det andre. Eg var så sliten at eg snakka frykteleg skeivt.

Yngste vart att hos mellomste og så køyrde vi heim.

Til dagen i dag. Der eg vakna først klokka fire, så før fem og da klokka var litt over seks ga eg opp. Eg sto opp og kom meg i gong. Med å bæra og frakte og styre. Alt gjekk bra. Det kom folk, folk opplevde det positivt, så det vart ei solskinshistorie i det lette regnet. Det å setje seg inn i bilen etter utført dåd var berre så herleg. Og siste etappe, etter kontoret……da crusa eg gjennom regnet, med musikk og sol i mitt indre. Og inne i hovudet song det; eg har ferie, eg har ferie.

 

Kva eg skal gjera?

Neeii, det er ikkje så viktig – eg skal berre gjera det eg vil. Eller mest det eg vil. Og eg skal hengje skuldrene akkurat der dei skal henge. For eg skal skikkeleg, skikkeleg, skikkeleg kosa meg.

 

 

Elden er eva

Tenna eit bål. Sjå flammane danse. Kjenne varmen og vite alt du treng akkurat da.

 

Data’n er så trasig treig, men eg hamrar inn eit innlegg. Eg vil måla eit bilete av midtsommaren.

I gårkveld kjende eg på roa, gleda og varmen, av flammen. Kjende lukta av kokt kaffi over bål. Av det vakre i å sitje under eit pledd med regn i lufta midnattes tid og ha det bra.  Høyre fuglane sin song i det grøne bladverket og humlenes surr. Være der og høyre til.

Tidlegare på dagen var det bytur. Eg fann ut i fjor at eg ville gå for ei bålpanne.

Ikkje grill.

Bålpanne var tingen. Men så var den utseld i går. Likevel, det vart- eg fekk kjøpa den dei hadde til utstilling. Som vart plassert på den rotete verandaen.

Det vart seint før det vart mat, men det smaka å sitja seint på kveld.

Ute.

Eta medan små regnbyger kom og gjekk. Vi sat tørt under framspringe av taket.

Himmelen og sjøen, det rosa og det turkise. Ein sat i eit vakkert bilete.

Med lydane.

Med roa.

Med det å berre vera til og ikkje skulle noko anna.

I dag er ein ny dag. Eg har ein sein start for alt som skal skje, men det viktigaste reiskapen i dag er eit klårt hovud. I dag er nest siste dag før to veker med ferie. Og før ein sommarsesong startar med slikt ein held på med. Ein motsetning og ei øving å sy det i hop. Så eg må straks i veg på min veg vidare inn i framtida. 

Og snart er det fri og ferie og eg gle meg.

Mitt viltvoksande rike

 

Det summar i sommaren, det duftar og det spreie seg alt som veks.

Nokre dagar er det ekstra godt å koma heim. Betre enn andre dagar. Berre verta sitjande i bilen å kjenne ein er heime. Heime i det overgrodde riket.

Da eg gjekk ut av bilen vart eg møtt av varm luft, sommarlukt og ein gauk som gol iherdig. Eg tok vegen oppver, mellom jordet og bringbærkjerra. Det var eit surrium. Alle lydane. Fuglar, bier og humler.

Inni i bringbærkjerra var det travelt, surra og summa så det mest bikka over til øyredøyvande. Små kvite flygara letta som i skyer da eg gjekk oppover.

Ved inngangen til “hagen” blomstra det som fekk blomstra i krukka på steinen. Men den var mest skjult av alt det andre som også fekk veksa opp og fram.

Og så låg huset der og kvilte i eg sjølv. Syrinen stakk opp av alt som veks, sjølv om hjorten prøvde å lage den om til mat i vinter. Boffen sat der og logra frenetisk med halen. Nokre lange turar og ei med lange bein hadde gjort underverk, han heldt seg på plass. Den ferske oppjusteringa på å ikkje stikka av satt såpass at han ikkje sprang meg i møte, berre ein hale som piska.

Og så var eg inne berre for å oppdaga at salaten eg hadde kjøpt ikkje gjekk an å bruka. Og den var såpass viktig at det vart ein ny runde i butikken. Vi tok og høgde for at det var Jonsok neste dag.

Altså i dag. Men no sit eg på overtid, på baken min med data’n i fanget. I dag er det tut og køyr. Innom kontoret, få sendt noko annonsering, samla dei siste trådane før helga, køyre foreldre til byen, kontroll og klede. Og så ein gong i kveldinga væra heime igjen. Kanskje med ny bålpanne, for å tenne opp i og for å feira midtsommar.

Ha en riktig fin midtsommardag.

Det grøne og det rosa

Så har enno ein dag trilla over himmelen. Ein dag utan dei store faktene.

 

I går starta dagen gul. Eg var innvendig sur og overhovud ikkje kul.

Dagen enda grøn, som ei god løn. For dagen vart betre, og da vi fann den nye kick’en som smakar pære og kaktus ……. da slo vi på stortromma. Og eg vart søt…….innvendig.

I dag hadde eg funne ut at eg skulle tinga meg tid hos slike som skal finne ut når det meste skrantar. Men i dag orka eg ikkje. Så da får det verta ein annan dag.

Eg hangla meg gjennom dagen og fekk utført slik ein skal utføra. Fekk dosert oppgåver over eit par som skal ha slikt som å gjera i sommar. Heilt til eg vart skikkeleg lei av meg sjølv. Sa det til dei. Stakkars  sa eg, som må høyra så lenge på meg. Til og med eg sjølv kjeda meg.

På tur heim var eg framom foreldra. Der henta eg mi yngste etter eg vart servert kaffi og vaflar.

Da vi skal køyra kom far ut på verandaen og vifta med ei saks.

“Ta med roser heim” sa han.

Så det gjorde vi. Vi vinka til dei to som sto på verandaen da vi køyrde, og fløyta dei obligatoriske to støyta i hornet.

Rosene er set i vase. Det luktar sommar.  Vi to i huset tek ei stille stund kvar for oss før vi avsluttar dagen før natta.

 

 

Sur som ein sitron

 

Hit, og ikkje dit eller der. Berre hit, i den grøne stolen i den grøne verda…….

 

Det er dagen som har ført meg hit. Akkurat her eg sit.

Dagen har labba tung av stad. Som ein elefant med gjørme på. Som ein gedigen elefant med eit tjukt lag…..med gjørme på. Eg sit og ser på den grå verda, den med sideklaffar og tunnelsyn. Eg veit ikkje ein gong om eg ynskjer meg ei anna verd. Eg har vore her for lenge. I denne eg ikkje høyrer heime i.

Eg har ete for mykje sitron, trur eg. Eg er sur. Ikkje så mykje utanpå som inni.

Dei strålande gule fruktene. Kanskje eg ikkje skal gje dei skulda, trur ikkje noko så vakkert kan gjera slikt.

Min første feriedag er over. Den feriedagen eg narra meg sjølv for. Ferieveka eg narra meg sjølv for.

Den vert neste veke. Da får eg ikkje narra meg sjølv meir. For eg har ikkje godt av det. Det er ikkje fint å narra seg sjølv. Å tru det er det eg .

Eg held på å rota meg inn i den gamle verda med dei gamle syndene. Der eg ikkje hadde plass. Den verda må eg ikkje gje plass.
 

Eg får kravla meg opp. Drikka meir sitron slik at den gule farga fyller kvar celle. Det må bli bra.

Det det.

 

Eit friminutt

Som den vêrpoeten eg er kan eg fortelja om lågt skydekke i driv sidt bortover fjellsida.

 

Heime igjen.

Etter fleire dagar borte.

Dette var logikk.

Den logiske grunnen var flytting.

Av yngste. Som er ferdig med eit kapitel.

Eg sit her som eit vrak.

Og det seier meg noko. Dette går ikkje lengre.

Så har eg funne ut det.

Eg vil berre ikkje ha det slik, så no bli det bestilling av time og eg skal ikkje sitja der å være så flink.

I gårkveld var det godt  og krype saman i kvar sin stol, med god mat og eld i omnen. Enno står tinga i bilane. Fullt av kassar og posar, seng og ting og tang som skal plasserast over sommaren. Søster mi stilte også med kassavogna si som til og med har heis, dit gjekk dei store tinga. Så da slapp eg å henta hengaren, sjølv om hengarfeste vart montert i min nye bil medan eg var der. For ute regnar det, så ein madrass i ein hengar har ikkje vore noko lurt.

Det er stille. Ho med avslutta kapitel søv enno. Ho som veit mindre enn dei fleste av oss om framtida anna enn at ho kjem til å bo i Trondheim, slik det er i den alderen.

– Saman med søster og to jenter til er plana. Dei har ikkje funne bustad enno. Da den er på plass vert det ny frakt med ting og tang.

I dag er det søndag med fuglekvitter i regnet. Ein dag utan avtale. Den eine som var forsvann, til stor lette. Men med rydding og plassering på programmet. Om kroppen er med.

Men enno nyt eg berre magen sin tomme rulling, regnet og roa i heimen.